1. sep. 2013

Elise og mysteriet - promofilm for bøkene er klar og ny bok er lansert!




Hestebøker: Hest, spenning og dyrlegepraksis. Ny bokserie av Anne Viken

I denne spennande serien om Elise tar Anne Viken hesteboksjangeren til nye høgder!

Om " Elise og mysteriet på hesteklinikken "

Onkel Kalle har fått seg arbeid som veterinær på Trollskogen hesteklinikk, og Elise er lykkeleg over å få vere med han på jobb. Men i den gamle veterinærbustaden skjer det uforklarlege ting, og ute i praksis har Kalle alvorleg trøbbel med å gjere pasientane friske. Gamle Ylva påstår at ein spøkelsesdyrlege går gjennom gangane, og Elise forstår etter kvart at hesteklinikken skjuler langt meir enn sjuke hestar.

les meir om bøkene: http://www.samlaget.no/nn-no/barn%20og%20unge/9-13-aar/elise-og-mysteriet-paa-hesteklinikken/innbunden.aspx

Dei som har laga filmen:

Klipp og regi: Oddmund Haugen Fjalerfilm
Bak kamera: Jørn Nedrebø
Stemme: Anne Viken
Elise: Elisabeth Solheim Brekke
Kalle: Reiel Haugland
Kyr og fjøs: Torbjørg Grimsbø Eskeland
Hund: Rex
Kvit hest: Surprise
Svart: Dalita