13. aug. 2013

Fjelltur med ny bok!




Elise og mysteriet på hesteklinikken er ute i butikkane. Kva er då betre enn å ta boka med på fjelltur? Boka har trass alt fokus på natur, folk og fe. Og naturen set rette rammer for innhaldet. Her er Elise på toppen av varden på Lisjehesten, Storehesten i bakgrunnen.




Elise på toppen av varden på Lisjehesten.


For den som ikkje har vore på Lisjehesten, vil eg anbefale ein tur. Det er Sunnfjords flottaste naturperle. Varden på Lisjehesten i bakgrunnen.


Oppe på Lisjehesten er eit fantastisk vatn. Her kan ein bade og grille.


På veg opp og ned må ein klatre elva. Det er ikkje så skummelt som det ser ut til, og dessutan er her eit godt festa tau ein kan halde seg fast i. Lat deg ikkje skremme av litt vatn. Berre ta det roleg.




På veg opp og ned frå Lisjehesten, går ein forbi vatnet under. Det er ein fin plass å bade, vatnet blir raskt varmt og der er fullt av rumpetroll og andre dyr ein kan studere. Her står Elise på land og er usikker på om ho tåler eit bad.


Turen både opp og ned går via Yndestadstølen. Her tek ein seg ein kvil og ein matbit. Storehesten i bakgrunnen.


No er boka i butikken. Eg gleder meg til å høyre kva de tenker!