17. jul. 2013

Då har Elise og mysteriet på hesteklinikken kome frå trykken!!

Mange snakkar om at å gi ut si første bok er ein grand happening, men eg er faktisk meir begeistra for tanken på å sleppe bok to om Elise, Elise og mysteriet på hesteklinikken, enn eg var for bok ein. Og det trur eg er fordi eg har kome ein del lenger i utviklinga av meg sjølv som forfattar. Bok to var ikkje så vanskeleg å skrive. Bok ein var tidvis eit lite mareritt å få ferdig, medan bok to berre gjekk av seg sjølv. Eg tar plottbygginga fleire hakk vidare frå bok ein. Dessutan: eg berre digger det omslaget. Det er kanonfint. Øystein Vidnes er mannen bak.

Det tok litt tid å få ferdig omslaget, vi gjekk ganske mange rundar med det, men då det først førelåg i den versjonen de her ser, var eg strålande nøgd. Det er Elise. Omslaget til bok ein ser eg i ettertid at kunne ha vore ei aning mindre dunkelt og mørkt.

No er eg særdeles spent på kva publikum vil sei om Elise og mysteriet på hesteklinikken. Bok ein vart svært godt motteken, har fått utruleg mange tilbakemeldingar frå publikum, og den siste meldinga av boka tok heilt av. Det er ingen selvfølge. Mange bøker blir både oversett og slakta, og eg var bra nervøs då eg fekk vite i fjor haust at boka skulle meldast av Hans Jakob Reite på radio. Det gjekk heldigvis bra. Eg ventar no i spenning på kva dei meiner om bok to! Så langt er det kun far min som har lese manuset, utanom redaktør, konsulent, korrekturlesar og språkvaskar. Om du les, gi meg gjerne ein lyd. Eg set stor pris på tilbakemeldingar, og jo før jo betre! Om det ventar meg ein kalddusj, så vil eg ha den jo før jo heller.

Dette skjer i bok to: 

Onkel Kalle har fått seg arbeid som veterinær på Trollskogen hesteklinikk, og Elise er lykkeleg over å få vere med han på jobb. Men i den gamle veterinærbustaden skjer det uforklarlege ting, og ute i praksis har Kalle alvorleg trøbbel med å gjere pasientane friske. Gamle Ylva påstår at ein spøkelsesdyrlege går gjennom gangane, og Elise forstår etter kvart at hesteklinikken skjuler langt meir enn sjuke hestar. Dessutan får Elise ei ny venninne, Karin, som de også vil få møte i bok tre som eg no sit og skriv på.

Bøkene er for 10 + og du treng ikkje ha lese bok ein for å lese bok to. Bøkene er sjølvstendige.

Det hadde sjølvsagt vore tøft å fått boka inn på topplista til haugenbok.no! Så vil du ha spennande sommarlektyre? Bestill den idag!!

"Nyskapande hestebokserie med skikkeleg driv!" er forlagets beskjed til verda. Den omtalen kan eg like;)


Boka, eller begge bøkene, kan også bestillast direkte frå forlaget.

No er eg spent gitt!!

Så? Kor lenge skal eg haldast på pinebenken før eg får vite kva publikum tenker? Jo kortare jo betre!!

Om du vil hjelpe til å spre bodskapen om at boka no er komen frå trykk, del gjerne vidare denne bloggposten eller direktelinkar til forlagets omtale av boka. Nynorske barnebøker vert i mindre grad framheva i bokmålsområder, og ein treng den drahjelp ein kan få for å presentere den for publikum.




Frå arkivet rundt lanseringen av bok ein om Elise. Om du vil lese meir om bøkene kan du trykke på etiketten med boktitlane under denne bloggposten. Trykk gjerne liker eller del den så posten sprer seg. Tusen takk!