20. mai 2013

Anne Viken taler 17.mai 2013 i Bygstad



Gratulerer med dagen og takk for invitasjonen! Det er ei ære. Det er flott å tale her i Bygstad, under Storehestens massive veggar.

Du kan lese heile talen i denne bloggposten, eller sjå den på videoen under. Videoen tar 20 minutt.

Anne Viken taler 17.mai 2013 i Bygstad from anne viken on Vimeo.
 


Når vi ser rundt oss, er det ikkje så grønt som vi skulle ønska det var i mai, men sjølv om bøane ligg gule og brune etter ein kald vinter finst der liv innimellom. Når ein ser utover bøane vil vi finne eit og anna grønt strå. Det er nesten som å sjå Sogn og Fjordane frå lufta. Ein ser for det meste natur, fjell og fjordar, men ser ein nøye etter oppdagar ein folka som bur her, langt inne mellom fjordar og under bratte fjellveggar. Her har vi klamra oss fast i uminnelege tider.

På Kleppe, foto John Ole Kleppe
Heilt frå steinalderen, då kysten var skogkledd og folk budde i steinholer, gjennom tida som del av Holmedal prestegjeld, seinare Indre Holmedal, til vi i 1911 skifta namn til Gaular prestegjeld. Og her er vi i dag. Bygstad har vore handelsstad med tønnefabrikkar og båttrafikk. Folk kom syklande og køyrande frå Viksdalen med hest og kjerre ned i Vikja for å kjøpe og selge. Dei overnatta gjerne, og drog heim igjen neste dag.

Sidan den tid har Bygstad si rolle i samfunnet forandra seg.


Tidene har forandra seg. Vårt fokus på naturen vi lever i er også endra. 

Før var kvar dag ein kamp med naturkreftene, mot regn og kulde som ødela avlingar. Gaulværeingen har lært seg å arbeide når sola skin, for ein veit aldri når regnet kjem og gjer det vanskeleg å kome seg ut på åkrane. No avheng færre av oss enn før av landbruket, men landbruket vert framleis ramma når naturkreftene set inn, som vinteren legg markene aude.

Slåtten på Ytre Hjelmeland
 I vår tid er det særleg nokre større samfunnsomveltningar som treff oss her. Mykje av landbruket er nedlagt, og antal gardar i drift har blitt redusert. Landbruk er ikkje lenger ein hovudleveveg for folket, men ein leveveg for nokre av oss. Men landbruket er framleis den næringa her i Bygstad som i størst grad avheng av naturkreftene. Naturen er også ei stor utfordring for reseten av oss når vegar rasar på fjorden, eller det går steinsprang som tek liv.

Vi har eit stort fokus på natur her i fylket. Natur er ein stor ressurs, både for landbruk, fiske og energiproduksjon, men den største ressursen vi har her er folk. Utan folk er vi ikkje i stand til å dra nytte av naturen rundt oss. Naturen har sjølvsagt eigenverdi, men bruksverdien avheng av menneska.

Sjå på Storehesten Opp. Eit fantastisk tiltak som spelar på det moderne mennesket sin bruk av natur. Som samlar store folkemengder for å gå opp på eit av Norges mest spektakulære fjell. Det er ein utruleg jobb Helge Kårstad og co har gjort for å få dette til. Slike tiltak har ein verdi som ikkje berre kan målast i kroner og øre, men i opplevingar og historier. 

havets festbord
Vi har Åmot operagard. Utan den spektakulære naturen og låven som kulisser hadde Åmot vore ei ordinær og vanleg operascene. Kikk på Tønna nede i Vikja. Ein nedlagt tønnefabrikk som har blitt til pub med fjordutsikt og havets festbord. Naturen er vår merkevare, men den blir inga god historie utan folk. Vi kan ikkje leve av naturen aleine. Vi må fylle den med innhald.

Lokale møteplassar er viktig. Tønna er viktig for mange, Nysna gard for andre. Det er miljøet på Tønna som skaper historia. Det er Nina Hjelmeland sine steinovnsbakte brød, og Erik Njøsen sitt entusiastiske keramikksalg som gjev Nysna gard eigenart og verdi som møteplass.

Sosiale møteplassar er viktige. Sosiale møteplassar med eigenart, gir gode historier og opplevingar vi kan ta med oss i kvardagen.

Her vil eg sitere Håvamål: «Mennesket er menneskets glede». Så enkelt kan det seiast. Og så klokt.
-
Naturen er ein ressurs, og tidvis blir fokuset på natur større enn fokuset på menneska som bur her. Vi er hovedressursen. Størstedelen av den norske nasjonalformua, 84,4 prosent, består av oss og vår framtidige og noverande arbeidsinnsats.

Eg vil difor snakke om mennesket og verdien av gode lokalsamfunn som nøkkel til utvikling.
-
Vårt velferdssamfunn går frå å vere  eit industrisamfunn til eit kompetanse og idesamfunn som bygger på mennesket som sin fremste kapital og ressurs. Berebjelkane, premissleverandørane og innsatsfaktoren vil vere det kompetansesterke mennesket.

17.mai 2013
Så korleis skape gode og tydelege lokalsamfunn for nasjonalformuas største ressurs? Gjennom samarbeid, kunnskapdeling og rom. Rom for enkeltmennesket. Gode lokalsamfunn vert ikkje skapt av menneske som ønsker å halde andre i sjakk, men av menneske som lar andre utvikle seg sjølv og sine idear. Gode lokalsamfunn vert ikkje skapt av baksnakking og misunnelse, men av framsnakking, beundring og samarbeid. Gode lokalsamfunn dyrkar sine suksesshistorier, og bidrar til å skape fleire.


Nordahl Grieg sa det klokt: «Frihet og liv er ett, så enkelt, så uunnværlig som menneskets andedrett».

Frihet er viktig. 

Det er ikkje lenger slik som det var i tida for Åmot gards opera La Traviata som blir oppsett i august, at sosial kontroll av dei som bur i bygda, skaper eit sikkert og forutsigbart samfunn.

Storehesten og Lisjehesten sett frå Reset.
I våre tider er det motsett. I våre tider er det rom for enkeltmennesket og toleranse som skapar utsikter til ei god framtid. Ved å la mennesket få frihet til å leve slik det ønsker. Ved å la enkeltmennesket satse på sine idear. Eg har alt nevnt fleire av ideane som er realisert i Bygstad siste åra. Heiar vi på desse, heiar vi også fram fleire og skaper eit miljø for skapartrong og ideutvikling. Ideutvikling er kapital.

Samfunn som dyrkar frihet og idear er gode lokalsamfunn og attraktive bustader.

Ein trend i vår tid er at folk flyttar til byane. Nokre snakkar om at denne trenden vil snu, om korvidt dette skjer kan verken de eller eg spå, men ein ting er sikkert, og det er at endringar skjer raskt. Det som blir ansett som ein visjon i dag, kan vere realitet i morgon.

Vi kjenner alle fotogiganten Kodak. Kodak var store på papirfotografi og film, men dei var skråsikre på sin eigen teknologi og sine eigne oppfatningar. Dei ville ikkje ta innover seg den digitale kamerateknologien, og la digitalkamera i ei skuff. No er Kodak konkurs.

Kodak tok ikkje innover seg endringane, dei gjekk over ende. 

Løysingane på utfordringane dagens distrikts-Norge står overfor, som sentraliseringskrefter og nedgang i landbruket, kan kome frå ein stad vi aldri hadde tenkt oss. Det kan vere vi må legge hovuda i bløyt ein runde til.

Eg skal ta eit eksempel på uventa løysingar.

For ei tid tilbake stod verdas veksande byar overfor eit problem som syntes heilt uløyselig. Altfor mange menneske skulle hit og dit, trafikken blei for stor for gatene og det blei trafikkork. Trafikken skapte store forureningsproblem og produksjonen av drivstoff gjekk utover produksjonen av mat. I tillegg kom alle trafikkulykkene som tok stadig fleire liv, og lemlesta enda fleire. Ein internasjonal byplanleggingskonferanse i New York blei avbroten etter tre dagar istadenfor dei planlagte ti fordi delegatane meinte det uansett var håplaust å kome fram til løysingar. Året var 1898 og transportmiddelet som skapte så store problemer, var hest.

Det var hestemøkk og hestekadavar over alt. Når hestane døde, blei dei ofte liggande der, fordi den døde hesten måtte bekreftast av ein offentlig person for å få forsikringa utbetalt. Ein venta gjerne til heile kadaveret var råte fordi då var det lettare å dele opp og fjerne.

Problema såg ut til å vere uløyselige.

Så kom hjelpa, heilt uforutsett, i form av ein innretning som vi idag kallar for bil. At bilen skulle bli løysinga på hesteutfordringa, var det ingen som tenkte på berre få år før. 

Det kan også vere lurt å lytte til gode råd når ein skal finne ut av framtida, altså kan det ofte lønne seg å tenke utradisjonelt.

Men ikkje alle løysingar er gode, og ikkje alle råd er bra. For eksempel meiner National Geographic at det er eit godt poeng at vi har minst mulig folk her på Vestlandet, all den tid området då blir best mulig konservert for framtidige generasjonar.

I dag er vi globale. Verda er under eit. Vi må ta med oss verda og forsøke å forstå vår eiga rolle oppi alt.

Eg er svært spent på kva som vil vere vår rolle framover.

Ei rolle vi ikkje må velge er offerrolla: stakkars oss, oversett av makta i Oslo med vegar fulle av hol. Eg trur heller ikkje vi skal velge National Geographic-rolla. Ingen av desse rollene er eigna for å skape vekst. Dei er ikkje eigna for å skape utvikling.

Distrikts-Norge må vise fram kva ein er og har, ikkje kva ein manglar og korleis ein føler seg forbigått. Ein må heller ikkje redusere seg sjølv til turistområder og nasjonalromantiske utstillingslokale. Ei heller til konservatorar over gårsdagens idear og tankegang. Vi må ha historia med oss, men ikkje vere arrogante. Det er ikkje alle lokalsamfunn som kjem til å bli med inn i framtida, og vi her i Bygstad ønsker å vere med. Difor avheng vi av aktørar som vågar å tenke nytt, som vågar å satse.

Så korleis skape og behalde framtidsretta bygder?

Vi må satse på trivsel og gode lokalsamfunn. Vi treng gode møtestader og vi treng eit ope og inkluderande samfunn for alle. Vi treng samfunn som dyrkar dei gode ideane og som vågar å satse, og samfunn som maktar å heie nytenkning fram.

Det hjelp ikkje kor mange innslag vi får på National Geographics om vi ikkje har gode lokalsamfunn, og dette er det vi som skaper sjølv. Vi er vår eigen viktigaste ressurs, også her i Bygstad.

 
Innanfor landbruket ser vi trendar i rask endring. I første omgang ser vi ei utvikling mot større bruk innanfor landbruket i Norge.

På same tid har volumproduksjon og skala tippa ei rekke store gardar over konkursens rand over heile det europeiske kontinentet. Eit einsidig fokus på volum har ført prisane på landbruksvarer nedover, og inntektene til bøndene mot botn. 

Denne utviklinga var vanskeleg å forutsjå då ei aukande urbanisering av Vesten førte til ei industrialisering av det gamle familiebruket. Eit eksempel på at framtida er vanskeleg å spå. Det er difor mange som ser med skepsis på satsing på større skala i norsk landbruk idag. Vi følger ei oppskrift som har blitt undergangen for så mange. Er det framtidsretta?
-
Det går med store deler av det kontinentale storskala landbruket som det gjekk med Kodak. I restane av Kodak har den digitale fototeknologien teke over, og i ruinane av ein del av det konkursramma og økonomisk tungt ramma industrilandbruket veks det no opp alternative produksjonsformer.

Dette er produksjonformer som er drivne fram av forbrukaretterspørsel etter kvalitet. Det går i aukande grad mot småskala produksjon og kvalitetsprodukt, vekk frå industri. Desse europeiske trendane er verdt å merke seg.

Storehesten og Lisjehesten, ved Trollingsvatnet, Indre Hjelmelandsstølen
Trendane er lett å le av og blåse vekk, men eg trur vi skal ta det på alvor.
Forbrukarsegmentet som krev nye produksjonsformer er eit sterkt segment. Dei vil bli sterkare, og kan ikkje avskrivast. Dei kan bli for storskalalandbruket som digitalkamera vart for Kodak.
Hugs, tidene forandrar seg fort. Dei kan raskt snu til vår fordel.

Det er i desse trendane vår sjanse ligg. Det er denne trenden som kan vere nøkkelen til overlevelse for landbruket her i Sunnfjord i framtida. 

Vi har den reine naturen, vi har dei fine beitemarkene. Vi har det som den kravstore framtidsretta forbrukar etterspør og som er nøkkelfaktorar for det landbruket som no veks fram på kontinentet i skuggen av industrilandbruket. Rein natur og beiteressursar. Det er denne forbrukaren som kan bli framtidas premissleverandør.


Vi kan ikkje halde fram med det konsumet og den livsstilen vi har idag, sa Eva Joly då ho nyleg besøkte Oslo. Ho har rett.


Eit godt lokalsamfunn og ein berekraftig matproduksjon. Ikkje baksnakking og misunnelse, ikkje enda meir nedlegging av gardar. 

Trollingsvatnet under heikanten
Katrine Aspaas seier det ganske godt i boka si Raushetens tid: Nå utforskar vi nye måter å være menneske og medmenneske på. Vi er på vei mot en vennligere tidsalder. Samfunnet bygger i aukande grad på tillit, raushet og openhet. Mennesket står i sentrum, i vitenskapen, i nærlingslivet, i politikken og i privatlivet. 

Og mennesket treng mat.

Professor i sosialmedisin Per Fuggeli er ein markant samfunnsdebattant og fekk nett Fritt Ords mest høgthengande pris. Han er ein mann som tek ytringsfriheten på alvor, og pålegg oss alle eit ytringsansvar. Men skal vi ha ytringsansvar, må vi ha lokalsamfunn som framelskar ytringsfrihet og modige medmenneske. 
Nokon vil blåse i denne tankegangen og kalle den naiv. Ja, kanskje det, men naivitet er hard valuta. Som professor Nils Christie så treffande seier det:

Du er så naiv, sier mange til meg. Synest du det, tusen takk, svarer Nils Christie glad. 

Han tek det som eit kompliment å verte kalla naiv. Då vert folk litt forvirra. Men å vere naiv er det motsette av å vere forutinntatt og fordommsfull. 

Våre største vitenskapsmenn har vore opne for nye tankar. Våre beste grundarar har tenkt nytt.


Katrine Aspaas kaller det menneskesamfunnet, samfunnet som blir utvikla av dei som vågar å dele. Av dei som samarbeider, og av dei som er tolerante og nysgjerrige. Av dei som vågar å sei si meining, og av dei som vågar å lytte. 

Framtida tilhøyrer dei som tenker sjølv, slik den alltid har gjort. Det er ikkje dei som bremsar utviklinga som blir omtalt i historiebøkene. Det er ikkje dei som baksnakkar og saboterer, som misunner og hindrar nytenkning.

Mennesket lever ikkje av natur aleine, og dette er årsaka til at natur ikkje er særleg godt eigna til å trekke til seg nye innbyggarar, bortsett frå dei hardbarka friluftsfolka. Det som tiltrekk seg andre menneske, er menneske og opne samfunn.

Eg gjentek Håvamål. «Mennesket er menneskets glede». 

«Kommuen – det er oss», sa ei kvinne i Værøyposten på spørsmål om kva kommunen burde gjere i ei sak.
Takk for meg! Foto Nils Henrik Kvamme
Norske distrikt står i ein unik posisjon i europeisk samanheng. Denne posisjonen må vi bruke. Denne posisjonen må vi sette pris på. Vi har stort potensiale for å produsere framtidas mat, og skal vi klare dette, må vi tenke nytt. Vi må våge å satse og våge å sei frå. Men for å klare dette, må vi ha gode lokalsamfunn med høgde for nytenkning og rom for det handlande mennesket.

Vi lever så tett innpå naturen, langt tettare enn folk i byar, og vi er stolte over vår flotte natur. Det har vi god grunn til, men vår hovedressurs er likevel menneska som bur her, sjølv om dei er vanskelegare å få auge på frå lufta.

Gode lokalsamfunn er stader der menneske har frihet. Eit menneske med frihet vil skape gode idear. Idear skapar framtida.

Gode Bygstadfolk. Eg vil ønske dykk ein fortsatt fin dag. Takk for meg.