19. feb. 2013

Har du lurt på kor ekte historiene i Elise-bøkene faktisk er? Dei er faktisk veldig ekte.


Eg gleder meg! Det blir spenningsbok. Bok to om Elise legg seg, frå starten av, to spenningshakk over bok ein. Testlesarane meiner den er ganske nifs, men ikkje for nifs. Litt nifst må det trass alt vere når Elise er i praksis!




Kilder til historier, miljø og bakteppe i Elise og mysteriet med dei døde hestane:

Bakom synger skogene, Trygve Gulbranssen
Gøsta Berlings saga, Selma Lagerlöf
Mannen som lytter til hester, Monty Roberts

Dette er hytta eg budde i. Og hytta der Elise og Kalle bur
Case frå praksis er henta frå Jämtland i nord-Sverige. Alle er autentiske og medisinsk korrekt attgitt.

Hesten Anton er beskriven ned på detaljnivå korrekt, med diagnoser, symptomer og behandling, dag til dag. Han var min pasient, og eg brukte journalen hans då eg skreiv boka for å attgi den korrekt, men hesten er i boka flytta til eit anna miljø som på ingen måte minner om dei glimrande eigarane som tok seg av "den verkelege Anton". Alle pasientar i boka og alle eigarar som er nytta som inspirasjon, er grundig maskert og  ikkje mogelege å spore opp. Berre eg veit kven dei er. Eg har trass alt taushetsplikt. Anton er då i verkelegheita heller ingen hingst på fem år, men eg kan avsløre at den verkelege Anton var ein av dei mest mystiske hestepasientane ved ein stor hesteklinikk det året. Han vart nemleg send dit då han fekk att synet på dag tre. Det vert ikkje Anton i boka. Anton i boka er nemleg ikkje forsikra, noko den verkelege Anton var. Så kan du spekulere på om Anton i verkelegheita eigentleg var ein hingst, og kva slags rase han eigentleg var. Eg kan iallefall avsløre at han hadde nokre fantastiske eigarar som passa han dag og natt då han vart sjuk med ein diagnose så sjeldan at berre få dyrlegar opplever den i løpet av livet. 

Tordenbygda er i grove trekk bygda Hackås ved Storsjøen i Jämtland. Eg har sjølv budd i hytta Kalle og Elise bur i, og like nedanfor ligg kyrkja og prestegarden.

Kyrkja i boka er så og sei historisk autentisk, og basert på Hackås k:a i Hackås. Den har ein viking under golvet og veggmåleri som er vaska fram ved bruk av svampar og melk.


Karakterane er basert på karikaturar av ulike dyreeigartypar eg har møtt i praksis

Krimplottet er inspirert av historier i Mannen som lytter til hester, Monty Roberts

Historiene i boka er alle autentiske dyrlegepraksishistorier, fortalt til meg av kollegaer eller opplevd av meg sjølv.
Eliseboka er sterkt inspirert av Bakom synger skogene

Den dramatiske slutten var eg med på sjølv ei natt i 2010, og den er autentisk attgitt.

Ivanhestane finst. Eg har berre døpt om den russiske rasen Akhal-Teke, verdas eldste hesterase. Dei har pels som blinkar og glitrar, og ser ut som om dei glir over bakken når dei travar. Difor er også Andrey i boka naturleg nok ein russar.

Så trudde du det var masse oppspinn og overdrivingar i Elise-boka? Da tok du feil;) Verkelegheita overgår som kjent den mest fantastiske fantasi!

Elise og mysteriet med dei døde hestane er no ute i pocket og kan bestillast hos HaugenBok. Eller kjøpast i din bokbutikk. Dei bestiller den inn om den ikkje er inne.

Kilder til historier, anekdoter og fakta i bok to om Elise, Elise og mysteriet på hesteklinikken, høsten 2013.

Trollskogen hesteklinikk er konstruert utifrå hesteklinikken på Norges Veterinærhøgskule.

Miljøet rundt er henta frå Trollelgen av Mikkjel Fønhus.
Hovudcase frå praksis er bygd på hendingar på Viksdalen i Gaular, Sunnfjord.
Bicase er frå praksis i Ørebro i Sverige, og eit har eg stjelt frå ei avis.
Karakterane er bygd over karakterar eg har møtt i praksis.
Kalle er, som i bok ein, bygd over ein veterinærkollega som køyrer praksis ein stad nær deg.Kattane i boka tilhøyrer ei venninne av meg. Dei heiter også i verkelegheita Alfred og Oscar. Hestespesialistane er bygd på ekte hestespesialistar. Særleg Hulda med alt sitt temperament.

Litteratur til Elise og mysteriet på hesteklinikken

Trollelgen, Mikkjel Fønhus
Villdyret våkner, Jack London
Svarteboka, Tor Åge Bringsvær
Dyrekommunikasjon, Sissel Grana.
Veterinærmedisinens historie, Weiert Velle
Synske hjelparar i hundre år, Oddbjørn Myklebust
På talefot med hunden, Turid Rugaas
Pleasurable Kingdom, Jonathan Balcombe

Held du kaninen din i eit lite bur? Gratulerer! Du kan smykke deg med tittelen "dyreplagar"!


Burdyr? Nei. Foto: Marit E Buseth
Kaninen Erling (10) fikk beinskjørhet, leddgikt, slitasjeforandringer i ryggen og ble deformert på grunn av manglende muskulatur. Ti år i bur... 


Les denne gode artikkelen i Dagbladet om kva som skjer med kaninen.

Kva slags mennesker er det som held dyr på denne måten? Ein kan spørre seg. Du kjenner sikkert nokon. Vanlege folk som ikkje bryr seg, og som ikkje burde hatt dyr fordi dei mangler kompetanse og interesse.

Dette er klare brot på lov om dyrevelferd. Dyreplageri er ikkje lov i Norge. Men paradoksalt nok, i Norge kan kven som helst halde dyr, og det er ingen tvil, når ein har vore ute i felten og sett på dyrehaldet, at kven som helst ikkje er kvalifisert. Kanin er eit av dei mest mishaldne kjæledyra vi har, ofte verre enn pels. Mange kaninar sit eit heilt liv i eit knøttlite bur aleine. Dei kan leve opp til tolv år.

Kaninen er eit dyr som kan springe opp mot 45 km/ timen, og er svært sosiale. Det seier seg sjølv at desse dyra ikkje passar i små bur aleine. Hald av kanin i små bur er ikkje noko betre dyrehald enn industriell kyllingproduksjon. Det er antakeleg like stort omfang av dårleg dyrehald i private hushaldningar med kjæledyr som det er i industrilandbruket, men mange dyreeigarar ønsker ikkje ta til seg informasjon om skikkeleg dyrehald. Dei har så liten kunnskap at dei ikkje ønsker lytte til korleis dei kan betre sitt dyrehald. Dei trur at ein kanin, så lenge den sit pent, er lykkeleg. Det er vanskeleg å tru, men ja, slik er mange dyreeigarar.

Vanskeleg å halde oversikt over kven som har desse kjæledyra er det også då dei ikkje er registrert og kan kjøpast i ein dyrebutikk like lett som du kjøper ei avis. Dei kjem ofte sjeldan til veterinær, fordi ingen bryr seg eller skjønar at dei treng hjelp, og når dei skjønar det, er det ofte for seint. Kaninar som kjem til dyrlege er ofte så dårlege at løpet er kjørt. Dei har blitt vanskjøtta, fått feil mat og site i bur i mange år. Dei har eigarar som aldri skulle ha hatt kanin.

Mange trur at kanin skal ha gulrot, men gulrot for kanin er like ille som chips og brus for oss. Dei skal heller ikkje ha epler. Dei skal ha gras, høy og urter, og der finst kaninfor. 

Mange trur det held å la kaninen hoppe rundt nokre minutt eller halvtime per dag. Dette er feil. Dei skal helst gå lause heile døgnet. Og dei skal vere fleire ilag. Å halde einsam kanin er ikkje riktig hald av kanin. 

Av og til kan ein lure litt på folk sitt skjønn. Forstår dei verkeleg ikkje at kanin og andre dyr ikkje skal haldast på slike måtar? Ein kan jo begynne å lure av og til. Enkelte meiner visst at kanin er til for oss, og difor kan vi behandle den nett som vi vil. Fordi vi eig den og har betalt den. Enkelte har horrible syn på dyr. Eit dyr er eit levande vesen, ikkje ein ting. 

For å gjere det heilt enkelt for til og med den minst kompetente dyrehaldar: hadde du likt å sitte i bur heile livet? Svaret gir seg sjølv, og dyr er ikkje ulike oss på denne måten, sjølv om dei er andre artar enn oss. Dette er så enkelt å forstå, men mange verkar benekte det. Kanskje orkar dei ikkje, eller vil ikkje, ta innover seg at dei er dyreplagarar. Kanskje gir dei faktisk katten.

Der finst gode naboar som tek seg av kaninar som vener og bekjente held på denne måten, og det er faktisk lov å gripe inn og sei frå om du kjenner til folk som misheld kaninar. Dei er ofte så kunnskapslause at dei ikkje er klar over det sjølv. Dette er folk som ikkje bør ha dyr. Og det er lov å gi beskjed. I følge Lov om dyrevelferd er du pliktig. Det er verken uhøflig eller kjipt, det er å vise ansvar.

Lære meir? Eg har laga ein faktavideo om hald av glad kanin ved hjelp av Marit Emilie Buseth som er intervjua i Dagbladets artikkel.

Fakta om hald av ein glad kanin from anne viken on Vimeo.