11. jan. 2013

Den problematiske hundeavlen

NRK sende ein dokumentar om avl på rasehundar og alle problema mange av desse rasane blir avla fram med. Auger som sprett ut av skallen om du tek dei i nakkeskinnet, auger som er for store i forhold til augeloka slik at augeloket kun dekker deler av auget og hunden blir blind i ei stripe midt i synet fordi auget tørkar inn. Mange eigarar ønsker ikkje å få gjort noko med dette augeproblemet, sjølv om augeloka kan syast inn på sidene slik at dei dekker heile auget. Og kvifor ønsker dei å heller ha ein hund som er plaga av auga enn å fikse problemet? Jo, fordi om ein reparerer problemet på hunden, mister den sitt rasesærpreg. Dette er ikkje etisk dyrehald.

Det er uetisk av oppdrettar, og det er uetisk av mange hundeeigarar som held desse rasehundane. Begge partar må ta sin del av ansvaret sidan dei driv opp etterspurnaden etter rasar med sjukelege, framavla trekk.

Sjå dokumentaren her.

Hunderasar med kroniske augebetennelsar, kroniske pusteproblem. Alt på grunn av menneskelege krav til korleis hunden skal sjå ut. Rygg, hofteplager. Korleis kan ein eigentleg ønske seg slike hundar? Jo, fordi utsjånad betyr meir enn at hunden har eit godt liv.

Tenk over kva hunderase du skaffar deg om du skal skaffe deg hund. Det er ikkje nødvendig å velge ein hund med store helseplager som du veit den vil slite med heile livet. For ikkje å snakke om dei store utgiftene til dyrlege som fleire av desse hundane kjem til å skaffe deg. Mange er storforbrukarar av veterinær.

Sjå også Food Inc, om den ekstreme industrialiseringa av amerikansk landbruk. Du trur det ikkje før du ser det. Det same gjeld i grunn rasehundavlen.

Les om mine opplevingar då eg arbeidde på ein farm i USA. Bestialsk landbruk, augevitneskildringar av fabrikkproduksjon av melkekyr. Ein etikk som er fullstendig på avveie.


Watch Food Inc HD 720p in Activism & Non-Profit  |  View More Free Videos Online at Veoh.com