8. sep. 2013

Keisaren er naken: norsk landbrukspolitisk retorikk


Ein bygger ikkje landbruk på retorikk.

Av veterinær, journalist og forfattar Anne Viken. Klikk på bileta så blir dei store og leselege.


Lat oss ta ein rask kikk på utviklinga i landbruket sidan 2005. I denne perioden er det fjerna 18 000 årsverk frå landbruket og lagt ned 8330 gardar. Nedgang i kornareal er på 285 633 dekar og reduksjonen i dekar fulldyrka areal er på 456 219 dekar. Dette har ikkje skjedd på tross av, men på grunn av, landbrukspolitikken. Tala kan ikkje bortforklarast. 


Fakta: Nedbygging av kornareal dei siste åtte åra er rekordhøg i norsk samanheng. Fem tusen fotballbaner med korn har forsvunne kvart år sidan 2005.


I det same tidsrommet har kraftfôrimporten auka med 108 prosent, og matkornimporten stige med 72,9 prosent. I klartekst: Norge bygger ned eigne kornareal, på same tid som vi importerer stadig meir kraftfôringrediensar og matkorn. I 2012 importerte vi, ifølge Statens Landbruksforvaltning, 697 869 tonn kraftfôr til Norge, meir enn dobbelt så mykje som i 2005. Dette utgjer om lag halvparten av alt kraftfôr som vert fôra til norske husdyr, og kurven er stigande. 


På same tid proklamerer ein at norsk mat skal produserast på norske ressursar. 


Avstanden mellom retorikk og fakta er stor, og den er aukande.


Det importerte kraftfôret vert rekna inn i norsk sjølvforsyningsgrad. Dette betyr i praksis at vi kan doble kraftfôrimporten utan at dette slår ut på sjølvforsyningsgraden, slik den vert utrekna i dag.

Dette er eit paradoks. Kvifor? Fordi den dagen kraftfôrtilgangen frå den internasjonale marknaden sviktar, vil det slå beina under store deler av norsk husdyrproduksjon. Vi vil få problem med å skaffe nok mat til husdyrproduksjonen, noko som går utover produksjon både av kjøt, egg og melk. Dette i seg sjølv er god nok grunn til å ta det importerte kraftfôret ut av sjølvforsyningsreknestykket. 



Lat meg illustrere: Slakteoksar står ofte på ein diett på nær seksti prosent kraftfôr. Kyr står på ein diett på mellom førti og femti prosent kraftfôr. Kylling, kalkun, verpehøns og gris baserer seg på så og sei hundre prosent kraftfôr. Utan importert kraftfôr vil desse næringane, slik dei blir drivne idag, bli køyrde i grøfta. Tal frå Tine viser at norske kyr i 2012 henta kun ti prosent av det årlege matinntaket frå beite. Talet er synkande. Storfenæringane vert likevel omtalt som grasbaserte. Vi veit alle kva som prydar norske melkekartongar: beitande kyr. Men beite er berre ti prosent av sanninga. 


Ein snakkar om kor viktig det er å oppretthalde norske kulturlandskap, på same tid som ein senker kraftfôrprisen. Kva vert resultatet? Det vert billegare å fôre med kraftfôr enn å nytte grasressursar og bevare kulturlandskap. Kraftfôrprisen er politisk styrt. Spriket mellom retorikk og verkemiddelbruk er enormt.


Spørsmål: kvifor vel ein verkemiddel som tilsynelatande verkar i motsetning til målet om å produsere norsk på norske ressursar og å oppretthalde norske kulturlandskap? Å sette traktorhjul på ein bil vil som kjent ikkje føre deg framover.

Noko av forklaringa kan ligge her:

Avisa Dagens Næringsliv konfronterte for nokre år sidan dåverande departementsråd Landbruksdepartementet, Per Harald Grue, med at antalet gardsbruk sank, at arealer gjekk ut av produksjon og at bondeinntekta ble stadig dårlegare sammenlikna med andre grupper. Dagens Næringsliv ville vite korleis denne utviklinga stemte overeins med dei vedtekne måla i landbrukspoltikkken. Grue svarte:“Måloppnåelsen i landbrukspolitikken har vært meget god. Faktisk har vi truffet med innertier både for sysselsetting og effektivitetsutvikling”. 




Skal vi tolke sitatet bokstavleg har målet for landbrukspolitikken slettes ikkje vore å oppretthalde norsk matproduksjon på norske arealressurser, men å bygge ned det norske landbruket. Dette kan ein utfrå all tilgjengeleg statistikk kjapt fastslå at ein har lukkast med. 


Spriket mellom fakta og retorikk aukar dermed ytterlegare. Det hadde i grunn vore rart om målet var bevaring, når ein vel verkemiddel som fører til nedbygging. Det hadde vore rart om målet var beitebruk, når ein vel verkemiddel som fører til stadig synkande beitebruk, og det hadde også vore rart om målet var ein høg norsk kornproduksjon, når ein vel verkemiddel som på åtte år har bygd ned fem tusen fotballbaner årleg med norsk kornareal. Å påstå at ein har bygd eit slott, når alle ser at ein har bygd ei brakke, er då også vanskeleg å maskere. Likevel forsøker ein seg. Det er også vanskeleg å tru at det er mogeleg å velge strategiar som så til dei grader fører til andre mål (nedbygging, brakklegging, import) enn påståtte (satsing, bruk av norske ressursar, vern om 
kulturlandskap). 
Tal over andel av matinntaket som kjem frå beite.



Her ein stad, i spriket mellom faktisk mål, og uttalt mål, ligg eit par hundar begravd. Mest sannsynleg er verkemiddel valgt nøyaktig for å gi oss den statestikken vi ser i dag, det er berre godt, offentleg, retorisk maskert. Spriket mellom retoriske mål og faktiske resultat er for stor til å vere tilfeldig. 


Bondelaget skriv under tittelen “Klar tale frå Høyre og Frps kandidater: vil ikke satse på norsk mat”.
 

Spørsmål: Er den rekordstore nedbygginga siste åtte åra for satsing å rekne? Skal vi sette talas klare tale opp mot skremseler om at blå regjering vert enda verre, kan vi tippe på at Bondelaget står i valget mellom pest og kolera: nedbygging eller litt kjappare nedbygging. Det er ingen grunn til å tru at dagens nedbygging vil stoppe opp med ei ny rødgrøn regjering. Norge bevegar seg i same takt som Sverige, Finland, Island og Danmark: nedbygging og effektivisering. Det er ein trend i vår tid. Spørsmålet er kor raskt trenden skal akselerere. Det er eit valg av tempo, ikkje eit valg av utviklingsretning, vi står overfor 9.september. 
noko å tenke over


Uansett valgresultat: Ein må bestemme seg for kva ein vil, og velge verkemiddel som fører til målet. Etterpå må ein klart og tydeleg forklare kva målet faktisk er. Per dags dato framstår landbrukspolitikken som eit tåkete retorisk spel utan haldepunkt verken i fakta eller statestikk. 

Ein bygger som kjent ikkje hus på leirjord. Like lite bygger ein landbruk på retorikk. Å føre velgarane bak lyset fører berre til at landbrukspolitikken framstår som lite truverdig.

Underteikna er politisk uavhengig.

  
 Lese meir om bøkene mine?