Gå til hovedinnhold

Skal bønder få behandle sjuke dyr sjølv?

Onsdag 24.juli gjekk debatten på NRK Sogn og Fjordane om korvidt norske bønder skal få tilgang til å behandle sjuke dyr utan at veterinær har vore på staden og stilt ein diagnose. Problemstillinga har vaka i kulissene lenge, og det er ei problemstilling som er verdt å diskutere. Som veterinær har eg arbeidd i Sverige i praksisområder med såkalt delegert behandling for gris og kjøtfe, det vil sei eigenbehandling, og eg vil fortelle litt om korleis dette fungerte. 


Ordninga fungerer slik: bønder som er med på ordninga har tilgang til å behandle enkelte diagnoser på dyra sine sjølv, utan å kontakte veterinær og varsle om at dyret er sjukt. Bonden får også hente ut legemiddel, men kun visse preparat og kun til visse avgrensa diagnoser. Veterinæren kjem med nokre vekers mellomrom, tre til seks, litt avhengig av sjukdomsbilete og tilhøve på garden, ut til garden for å sjå over besetningen og gå gjennom medisinbruken. Alt må nøye loggførast. Det er fortrinnsvis dei større gardane som nyttar seg av denne ordninga då det kostar å delta. Veterinæren går over i ei slags rådgivarrolle i større grad enn ei behandlarrolle, og det er tidkrevande arbeid å følge opp desse besetningane. Det vil for mindre bruk vil lønne seg å hente ut dyrlege ved enkelttilfeller heller enn å betale for eit opplegg knytt til delegert behandling. 

Det er også gjennomført eit pilotprosjekt med delegert behandling på melkekyr i Sverige. Prosjektet hadde namnet Vila og enkeltgardar frå ulike distrikt deltok. Gardane fekk ein kontaktveterinær som lærde opp bøndene, blant anna ved bruk av flytskjema der du kan følge eit pilsystem frå punkt til punkt for å avgjere korvidt kua eller kalven skal ha medisinsk behandling, sprøytesetting, melkeprøvetaking, samt kva behandling som skal settast inn. Det er eit begrensa register av diagnosar som inngår, blant anna jurbetennelse.

Resultata av Vila-prosjektet har vore gode, men vi må ta høgde for konteksten prosjektet er utført i. Bruka som deltok var i mitt distrikt dei beste bruka, samt at svenske bønder er store med eit snitt på 66 melkekyr og oftast fulltidsbønder. Dei har også to til fire månaders beitekrav, medan Norge framleis har lov å halde kyr i lausdrift inne året rundt. 

Og resultata frå Vila-prosjektet i svensk kontekst er klare. Antibiotikabruken i svenske melkekyrbesetningar som deltok har ikkje stige og veterinærar har rapportert om betre innsikt i besetningane enn dei hadde då bøndene ringde ut veterinær til enkeltkasus. Noko kan skuldast at bonden no har ein fast kontaktveterinær med oversikt som også fungerer som rådgivar, samt at dette er høgt motiverte brukarar, ikkje folk som er ute etter å spare ein hundrelapp her og ein der. For desse er dyrehelse bissniss.

Det kan vere at eit opplegg med eigenbehandling i Norge må utviklast på ein heilt annan måte enn i Sverige, og at vårt fylkes gardar er så små at grunnlaget for liknande system ikkje er tilstades, men grunnpilaren må vere den same: kompetansebasert, godt gjennomført og testa. Motivasjonen kan ikkje vere einsidig basert på økonomisk innsparing, men på at det også er anna å hente ved å endre på veterinær-bonde-samarbeidet, gjennom kvalitetsheving. 

Eg har på den eine sida då personleg ingen problem med å sjå at ein dyktig bonde eksempelvis kan få tilgang til å behandle leddbetennelse på lam eller mastitt på sau utan at veterinær har stilt diagnosen, men rammene må vere lagt for ein forsvarleg og gjennomsiktig praksis då feildiagnostisering og feilmedisinering ikkje førekjem, samt at all medisinering kan etterprøvast. Ei slik ordning bør vere svært godt gjennomtenkt slik Erling Sande (Sp) påpeika hos NRK, og ein må ha klare mål for kva ein ønsker å oppnå. Utelatande økonomisk innsparing er ikkje nødvendigvis ei god målsetning då feilbehandling og behandling i unøden, eksempelvis ved jurbetennelse på kyr, fort kostar meir enn det smakar når mange liter må gå i sluken. Om dette gjentek seg på fleire kasus, vil innsparing på veterinærutgifter forsvinne med melka i sluken. Resistensproblematikk og korrekt medisinbruk må også takast omsyn til.

Denne saka har mange sider. Landbruket treng veterinærar, og det er ytra bekymring for at det kan bli eit problem å rekruttere veterinærar til mindre attraktive distrikt om dei mistar for mange arbeidsoppgåver og desse ikkje vert erstatta. Mindre jobb vil gi rom for færre veterinærar, store vaktdistrikt og enda lenger reiseavstandar. Distrikta blir ikkje attraktive å jobbe i. Ein kan få lenger ventetid ved akutte tilstandar som ideelt sett treng rask hjelp. Det rammar dyrevelferden og bøndene sjølv. Det kan bli bønder i utkantane som alt i dag har lange reisetider for dyrlege som risikerer å betale prisen om veterinæranes vilkår vert for dårlege, ikkje bøndene i strøk med høg dyretettleik.

Til slutt kan i sitt stille sinn lure på: forlangar Bondelagets leiar at også elektrikaren skal late bøndene sette inn elektriske anlegg i fjøsane sine sjølv? Eller er det kun dyrs helse som skal rasjonaliserast på? Det siste er eit tankekors for norsk landbruk som ønsker å plassere seg i verdstoppen på dyrehelse og dyrevelferd.

Anne Viken, veterinær

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys