25. apr. 2013

24. apr. 2013

Alt som skjer i Elise-bøkene er basert på verkelege hendingar og research


Eg gleder meg! Det blir spenningsbok. Bok to om Elise legg seg, frå starten av, to spenningshakk over bok ein. Testlesarane meiner den er ganske nifs, men ikkje for nifs. Litt nifst må det trass alt vere når Elise er i praksis!




Kilder til historier, miljø og bakteppe i Elise og mysteriet med dei døde hestane:

Bakom synger skogene, Trygve Gulbranssen
Gøsta Berlings saga, Selma Lagerlöf
Mannen som lytter til hester, Monty Roberts

Dette er hytta eg budde i. Og hytta der Elise og Kalle bur
Case frå praksis er henta frå Jämtland i nord-Sverige. Alle er autentiske og medisinsk korrekt attgitt.

Hesten Anton er beskriven ned på detaljnivå korrekt, med diagnoser, symptomer og behandling, dag til dag. Han var min pasient, og eg brukte journalen hans då eg skreiv boka for å attgi den korrekt, men hesten er i boka flytta til eit anna miljø som på ingen måte minner om dei glimrande eigarane som tok seg av "den verkelege Anton". Alle pasientar i boka og alle eigarar som er nytta som inspirasjon, er grundig maskert og  ikkje mogelege å spore opp. Berre eg veit kven dei er. Eg har trass alt taushetsplikt. Anton er då i verkelegheita heller ingen hingst på fem år, men eg kan avsløre at den verkelege Anton var ein av dei mest mystiske hestepasientane ved ein stor hesteklinikk det året. Han vart nemleg send dit då han fekk att synet på dag tre. Det vert ikkje Anton i boka.

Anton i boka er nemleg ikkje forsikra, noko den verkelege Anton var. Så kan du spekulere på om Anton i verkelegheita eigentleg var ein hingst, og kva slags rase han eigentleg var. Eg kan iallefall avsløre at han hadde nokre fantastiske eigarar som passa han dag og natt då han vart sjuk med ein diagnose så sjeldan at berre få dyrlegar opplever den i løpet av livet.

Tordenbygda er i grove trekk bygda Hackås ved Storsjøen i Jämtland. Eg har sjølv budd i hytta Kalle og Elise bur i, og like nedanfor ligg kyrkja og prestegarden.

Kyrkja i boka er så og sei historisk autentisk, og basert på Hackås k:a i Hackås. Den har ein viking under golvet og veggmåleri som er vaska fram ved bruk av svampar og melk.


Karakterane er basert på karikaturar av ulike dyreeigartypar eg har møtt i praksis

Krimplottet er inspirert av historier i Mannen som lytter til hester, Monty Roberts

Historiene i boka er alle autentiske dyrlegepraksishistorier, fortalt til meg av kollegaer eller opplevd av meg sjølv.
Eliseboka er sterkt inspirert av Bakom synger skogene

Den dramatiske slutten var eg med på sjølv ei natt i 2010, og den er autentisk attgitt.

Ivanhestane finst. Eg har berre døpt om den russiske rasen Akhal-Teke, verdas eldste hesterase. Dei har pels som blinkar og glitrar, og ser ut som om dei glir over bakken når dei travar. Difor er også Andrey i boka naturleg nok ein russar.

Så trudde du det var masse oppspinn og overdrivingar i Elise-boka? Da tok du feil;) Verkelegheita overgår som kjent den mest fantastiske fantasi!


Elise og mysteriet med dei døde hestane er no ute i pocket og kan bestillast hos HaugenBok. Eller kjøpast i din bokbutikk. Dei bestiller den inn om den ikkje er inne.

Kilder til historier, anekdoter og fakta i bok to om Elise, Elise og mysteriet på hesteklinikken, høsten 2013.

Trollskogen hesteklinikk er konstruert utifrå hesteklinikken på Norges Veterinærhøgskule.

Miljøet rundt er henta frå Trollelgen av Mikkjel Fønhus.
Hovudcase frå praksis er bygd på hendingar på Viksdalen i Gaular, Sunnfjord.
Bicase er frå praksis i Ørebro i Sverige, og eit har eg stjelt frå ei avis.
Karakterane er bygd over karakterar eg har møtt i praksis.
Kalle er, som i bok ein, bygd over ein veterinærkollega som køyrer praksis ein stad nær deg.Kattane i boka tilhøyrer ei venninne av meg. Dei heiter også i verkelegheita Alfred og Oscar. Hestespesialistane er bygd på ekte hestespesialistar. Særleg Hulda med alt sitt temperament.



Litteratur til Elise og mysteriet på hesteklinikken

Trollelgen, Mikkjel Fønhus
Villdyret våkner, Jack London
Svarteboka, Tor Åge Bringsvær
Dyrekommunikasjon, Sissel Grana.
Veterinærmedisinens historie, Weiert Velle
Synske hjelparar i hundre år, Oddbjørn Myklebust
På talefot med hunden, Turid Rugaas
Pleasurable Kingdom, Jonathan Balcombe






16. apr. 2013

Ny Elise-bok: Elise og mysteriet på hesteklinikken, kjem høsten 2013!


"Onkel Kalle har fått seg arbeid som veterinær på Trollskogen hesteklinikk, og Elise er lykkeleg over å få vere med han på jobb. Men i den gamle veterinærbustaden skjer det uforklarlege ting, og ute i praksis har Kalle seriøst trøbbel med å gjere pasientane friske. Gamle Ylva påstår at ein spøkelsesdyrlege går gjennom gangane, og Elise forstår etterkvart at hesteklinikken skjuler langt meir enn sjuke hestar."

Anne Viken er dyrlege. Ho har tidlegare skrive Elise og mysteriet med dei døde hestane.

Elise og mysteriet på hesteklinikken er ein frittståande oppfølgar i spenningshesteserien om Elise."

Slik ser bok to om Elise ut. Den kjem til høsten 2013 og coveret er laga av Øystein Vidnes.

Om du vil sjå alle utkasta som vart laga før det endelege coveret vart klart, kan du klikke her.

Samlaget 2013.

Elise og mysteriet med dei døde hestane kan bestillast her.

10. apr. 2013

Plastskrot på havet drep sjøfugl

Kvart år vert det plukka mange titals tonn søppel frå viker og bukter på Værlandet. Søpla kjem frå privatpersonar, oljeindustri og fiskeri. Du finn alt frå plastposar til støvlar og flasker. Sjøfugl som et plast går ein pinefull død i møte. På bileta brenn vi drivved og materiale, pallar og plankar. Nokre fulle i spiker som dei beitande villsauene eller folk kan trakke på. Moralen er: hiv ikkje søpla di på havet. Det ser stygt ut og gjer stor skade på fugle- og dyreliv


 

5. apr. 2013

Brenning av lynghei

Brenning av lynhei gir fine sauebeiter. Gamal næringsfattig lyng brenn vekk og ny næringsrik veks opp og vert til gode villsaubeiter. Brenninga de ser bilete av er på Værlandet i Sogn og Fjordane. Ein brenn avgrensa områder, gjerne med naturlege avgrensingar som bergveggar og sund. Brannen er kontrollert.

Lynghei er eit kulturlandskap skapt av beitedyr og brenning. Om ein ikkje brenn og beitar vil skog vekse opp og lyngheia bli overgrodd. På grunn av nedgang i antal beitedyr har mykje lynghei forsvunne og blitt erstatta av skog.

Lese meir om villsau og sjå fleire foto frå Værlandet? Sjå dei to føregåande postane på bloggen.

4. apr. 2013

Villsauhald langs kysten

Idag var eg med ut i båt og såg til villsauer på Værlandet. Vi traff blant anna tre hjort, havørna på nært hald to gonger, oter og tjeld. Fantastisk natur og dyreliv blant øyane. Så gjekk vi i land og såg til sauene. Kaffe var med. Her er fantastiske viker med sandbotn, øyer og strender.

Litt info om villsau. Villsau er betegnelsen på sauer av rasen gammal norsk sau, Norges ursau, som lever ute heile året på kysten og beitar på lynghei. Nokre trur at slike utegangarsauer ikkje kan temmast, men det kan dei. Berre sjå bileta! Ved rett stell og handtering er dei like tamme som "vanlege sauer". Det er viktig å ta seg av og sjå til sauene sjølv om dei lever ute. Dei skal ha vaksiner og parasittbehandling, og ulla skal av. Om dei ikkje feller ulla, fleire rasar feller nemleg ulla sjølv, eller blir klipt, vert dei gåande med dobbel fell.

Villsau skal ikkje berre overlatast til seg sjølv. Dei skal ha tilsyn slik som andre sauer. Dei er ikkje levande plenklipparar ein kan ha gåande for å pleie kulturlandskapet og skal ha tilsyn.

Desse de ser bilete av her er fine sauer på Værlandet. Værlandet er definitivt på mi sommarferieliste. Med kano og kikkert!

Vite meir om villsau? Les Hilde Buers bok Villsauboka.