Gå til hovedinnhold

Det er ingen, som med kompetanse i hand, kan hevde at rev eller kanin i bur er godt dyrehald. Påstanden speglar kun haldningane til avsendar, ikkje kompetansebasert argumentasjon.


Viktigheita av gode haldningar

Trykt i Nationen som gjestekommentar 26.februar 2013. Anne Viken er veterinær. Følg meg på Twitter eller Facebook. Interessert i dyrevelferd? Abonner på denne bloggen i høgre marg.

Kanin leikar i papphus. Lett å lage.
Tirsdag sist veke stod det på trykk ei sak i Dagbladet om kaninhald. Saka handla om kaninen Erling som hadde site ti åreinsam i eit lite bur. Som eit resultat av det stillesittande burlivet fekk Erling beinskjørhet, leddgikt og slitasjeforandringar i ryggen. I tillegg blei han deformert grunna manglande muskulatur. Årsaka til at saka er svært god, er at det sit mange misheldne kaninar som Erling rundt i landet. Ofte utan at eigaren veit at han driv nettopp mishald. Dei treng kunnskap for å endre haldningar til hald av kanin i bur.

Under bileta i denne posten får du tips til godt kaninhald. Takk til Marit Emilie Buseth, forfattar av Den store kaninboka, for hjelp med fakta og råd, samt foto til posten.

Tirsdag kveld var oppslaget den mest delte nyhendesaka hos Dagbladet på nett. Det sat nok mange kanineigarar heime og skotta bort på sin eigen kanin. Nokre av dei tek til seg informasjon om skikkeleg kaninhald, andre vel å riste på hovudet og kalle det idiotisk. Deira kanin har alltid site i bur, og den har pen pels, sit roleg, er tam og et maten sin. Desse dyreeigarane trur at kaninen si åtferd i buret, er åtferda til ein kanin som trivast.

Det handlar om at ein trur at åtferd utvikla som ein følge av dyras tilpasning til eit lite tilfredstillande miljø, er normal åtferd.

Kanin som lever fritt innomhus!
Lat oss sjå på kalkunar. Det er gjort forskning på kalkunar som sit meir, og bevegar seg mindre, enn kva som er normalt for ein kalkun. Merk deg at desse dyra ikkje sat meir på baken enn det bonden meinte var normalt. Når desse kalkunane så fekk smertelindrande medisinar, begynte dei å bevege seg meir. Dei brukte også kortare tid på å tilbakelegge kortare avstandar for og helse på ein partnarar av det andre kjønn. 
Av bonden vart desse rolege kalkunane oppfatta som kalkunar som treivst og kosa seg. Når ein så obduserte desse kalkunane, fann ein at dei hadde ødelagde og degenererte hofteledd. Det var altså øydelagde ledd som gjorde at dei sat mykje i ro, ikkje kos og trivsel. Så feil kan tok altså bøndene i dette forskningsprosjektet, og like feil tek kanineigarar som påstår kaninane deira har det fint i små bur. Burtilpassa åtferd vert oppfatta som trivselsåtferd.

Vi kjenner også til argumentasjonen frå pelsdyrnæringa. Næringa viser stadig fram pene, heile revar i media sjølv om det er lenge sidan ein gjekk bort frå å vurdere god dyrevelferd utfrå antal sår. 

Kanin kan bruke dokasse, nett som ein katt!
Likevel: når vi veit at kaninar kan springe opp mot førtifem kilometer i timen, er det absurd å tenke på at dei sit i små bur. Vi veit at kaninar er veldig sosiale. Likevel blir mange kaninar haldne ein og ein. Dei vert fora med gulrøter og epler fordi eigaren har sett søte kaninar ete gulrot i Disney-filmar. For verkelege kaninar er gulrøter og frukt derimot direkte helseskadeleg.


Nøkkelen til betre dyrehald, er betra haldningar, og betre haldningar kan skapast gjennom auka kompetanse. Det er ingen, som med kompetanse i hand, kan heve at rev eller kanin i bur er godt dyrehald. Dei kan kun hevde det på bakgrunn av haldningar: det er ok med dyr i bur. 

Kanin som går fritt liker å gnage på ting du gir den.
Saker som kaninen Erling er viktige saker å løfte fram fordi dei kan skape kunnskap rundt godt stell. På sikt vil auka kunnskap kanskje føre til mindre hald av kanin i bur, på same måte som mediepresset mot pelsnæringa vil sikre oss eit pelsdyrfritt land innan få år. Vi lever i eit kompetansesamfunn. Det må få konsekvensar, også for gårsdagens burdyrehald.
Glad kanin som får lov å vere kanin. Merk: sklisikre tepper

 







Lese meir om skikkelig og bra kaninhald?

Besøk Marit Emilie Buseth sin blogg om kanin.

Alle foto i bloggposten: Marit Emilie Buseth.

Anbefal denne bloggen via Google +, spre den via Facebook. Abonner på min blogg om du vil følge med på bloggpostar om dyrevelferd. Knapp for abonnement finn du i bloggens høgre marg. Følg meg på Twitter.

Glad i dyr? Då liker du heilt sikkert mi bok frå dyrlegepraksis!

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys