28. feb. 2013

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt.


Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande.

Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam

Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam
Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang frå vestkanten, der altså. Samt mange fordommar mot bygda og mykje sminke, lag på lag, og rikeleg med lebestift. Folka i Framdalen var derimot lite sminka. Dei var trauste, litt naive bygdetampar med krøll i panneluggen som neppe har vore lenger enn til Sogndal og knapt kunne ha brukt ein lypsyl utan bruksanvisning. Ein var trekkspelmann, ein bonde og dei trauste bygdedamene galne etter far til Lise som sjølvsagt vart hakka på for å prate ein miks av Frogner og dialekt. Ein knotar der altså.              
                 
Det var det rikeleg av stereotypiar og oppsamla karaktertrekk i persongalleriet, og gode parodiar og bruk av stereotype skikkelsar er ikkje å forakte når det treff så godt som her.


Det var Lise som etterkvart framstod som den mest sympatiske karakteren, og definitivt den minst flate. Resten av karakterane, utanom kanskje språknerden Henrik Heggen, var i stor grad eindimensjonalt framstilt utan særleg med eigenskapar og spekter å spele på, medan Lise viste både utvikling, skiftande sinnsstemningar og fleire sider. Den klassiske innflyttaren som skal bli som bygda krever, ellers får ein passet sitt påskrive med nynorsk i store bokstavar. Ho vert påverka av det lokale miljøet, medan dei andre forblir omtrent som dei er. Når ho har endra haldningane sine til bygda, og til og med dialekten, blir ho akseptert som ein del av Framdalssamfunnet.

To karar i bygda, heimfødingen og språknerden Henrik Heggen, samt den sympatiske Sydvest Lommeheim, set seg alt første dag føre at Lise må lære seg framdalsdialekten på ein månad. Om ein månad kjem Liv Signe på besøk, og Lise må under besøket vere i stand til å snakke perfekt. Alle var sjølvsagt starstruck ein månad før ministeren kom, som seg hør og bør på bygda, og når ho først kom, sa ho høgt og tydeleg “Dette har du ikkje greie på”, og “eg har jobba dag og natt”, og ja, de kjenner resten. Navarsete spurde dessutan Lise om kanskje ho kunne bli ein framtidig Sp-leiar. Ho spurde ingen av dei trauste bygdetypane. Godt valg der altså. Den som kjenner både bygd og by står sterkare, sjølv i Sp.

Lommeheim og Heggen  planlegg korleis Lise skal lære seg Framdalsdialekt.

Men før Navarsetes besøk, kjørte det i gang ein heidundrande parodi på stereotypen av ein dedikert lingvist som pirka og hakka på alle dialektfeil han kunne finne hos Lise. Fullstendig utan å vere i nærleiken av realitetsorientering rundt språkbruk, og utelatande teoretisk og akademisk motivert. Stykket blir av SoFt omtalt som musikalsk komedie, men det kan også lett omtalast som satire.

Han snakte i framandord og vendingar om vokalar og tungebruk, og det var nett som å høyre dei mest krakilske målfolka, eller språkpietistane og lokale heltane, snakke. Du skal ikkje skrive bokmål i Sogn og Fjordane! (Eg tolka det som at Framdalen ligg i Sogn og Fjordane). Du har å tilpasse deg det lokale. Her er det ikkje rom for bokmål, IKKJE EIN GONG I EIT KOMMUNESTYREREFERAT! Og skriv du nynorsk og er så kjip å skrive litt bokmål, så får du juling, for vi eig deg, til dommedag og vel så det. Denne haldninga vart iallefall grundig parodiert. Godt gjenkjennelig for underteikna som har vorte piska gjennom eit par språkdebattar av moralistiske nynorskingar som er meir opptekne av moral enn av språket, gitt retorikken. Derimot hadde denne språkpiskaren ikkje resten av bygdefolket i Framdalen med seg. Han var i ein språkklasse for seg.

Heggen og Lise. Alle foto Olav Reiakvam.

Bunadane dei brukte i framsyninga var ein slags miks av luer med horn på, rosa glitterstash og fargerike skjørt i god sirkusstil. Dei sat på frå og med scena der Navarsete besøkte dalen, og kostymeskiftet og besøket, representerte også eit vendepunkt i handlinga. Frå at Lise var del av eit slags språkopplæringseksperiment (sjå biletet til venstre), til at Lise var ein del av lokalsamfunnet, både akseptert av bygdefolket og sjølv ønskte å vere der (sjå biletet under). Alle vart dei litt meir fargerike etter at den perfekt framdalssnakkande frognerfrøkena Lise vart ein del av gjengen.

Lise i Framdalsbunad. Foto Olav Reiakvam
Einaste store bristen var overlevering av sjekken med pengar mot slutten. Det vart rart å gi den store sjekken til Mållaget, det kom ganske uventa då ikkje Mållaget, men Språkrådet, var med i handlinga. Det var altså ikkje bygd opp til handlingsmessig, og det ødela også inntrykket av gjennomarbeidd satire, eller humor. Kva som helst hadde i grunn vore meir artig og lattervekkande. God sak, greit nok, men stykket tok, då sjekken vart overlevert, ei brå vending frå humor til platt. Det var eit lite kledeleg innslag i eit til då svært godt gjennomført storyboard, og i tillegg til at det var eit openbart sjangerbrot. Stykket hadde stått seg betre om sjekken vart gitt for eksempel til oppussing til far til Lise sitt hus eller kva som helst. Å gi det til Mållaget ga, sidan overleveringa på ingen måte var bygd opp til, ein underleg bismak av direkte nynorskreklame, litt som eit reklameavbrot i eit tv-innslag. Oppsetninga er då også ein del av språkåret 2013, men sjekken var eit sjangermessig mageplask. Der gjekk det i overtydelegheitsfella.

Songen på slutten handla om at “vi skal vere som vi er”, og var også i overkant overtydeleg. Toleranse for kvarandre, og kvarandre sine eigenskapar, etter først å ha vore gjennom ein tørketrommel av kulturkrasj der den eine har tilpassa seg lokalmiljøet. Lise var jo på slutten fullstendig transformert, i starten motvilleg men etterkvart i tråd med eigen vilje. Det kan også diskuterast kor tolerante framdalingane eigentleg var. Hadde Lise forblitt som ho var, hadde ho nok fått store problem med å leve i Framdalen.

Vel og bra, men denne songen vart litt barne-tv aktig med preg av pedagogikk retta mot publikum: Happy ending, med eit snev av “du tok feil av bygda, vi er ikkje så trauste som du trur”-moral. Det hadde vi nemleg alt skjønt, og då er det ikkje nødvendig å banke det inn i ein heil song som ikkje består av anna enn klisjear. Klisjear er ikkje alltid god satire, eller komedie.

Totalt sett er dette eit stykke vel verdt å få med seg, til trass for enkelte bristar mot slutten. Det er verkeleg artig teater. Folk frå distriktet kjenner sine eigne sider, og maktar parodiere seg sjølv med stil. Eg kosa meg skikkeleg. 

Sjekk omtalen av stykket hos SoFt

Alle foto i posten er pressefoto frå SoFt, gjengitt med løyve.

 

















Glad i bygda? Då liker du heilt sikkert mi bok frå ekte bygdemiljø!

27. feb. 2013

Det er ingen, som med kompetanse i hand, kan hevde at rev eller kanin i bur er godt dyrehald. Påstanden speglar kun haldningane til avsendar, ikkje kompetansebasert argumentasjon.


Viktigheita av gode haldningar

Trykt i Nationen som gjestekommentar 26.februar 2013. Anne Viken er veterinær. Følg meg på Twitter eller Facebook. Interessert i dyrevelferd? Abonner på denne bloggen i høgre marg.

Kanin leikar i papphus. Lett å lage.
Tirsdag sist veke stod det på trykk ei sak i Dagbladet om kaninhald. Saka handla om kaninen Erling som hadde site ti åreinsam i eit lite bur. Som eit resultat av det stillesittande burlivet fekk Erling beinskjørhet, leddgikt og slitasjeforandringar i ryggen. I tillegg blei han deformert grunna manglande muskulatur. Årsaka til at saka er svært god, er at det sit mange misheldne kaninar som Erling rundt i landet. Ofte utan at eigaren veit at han driv nettopp mishald. Dei treng kunnskap for å endre haldningar til hald av kanin i bur.

Under bileta i denne posten får du tips til godt kaninhald. Takk til Marit Emilie Buseth, forfattar av Den store kaninboka, for hjelp med fakta og råd, samt foto til posten.

Tirsdag kveld var oppslaget den mest delte nyhendesaka hos Dagbladet på nett. Det sat nok mange kanineigarar heime og skotta bort på sin eigen kanin. Nokre av dei tek til seg informasjon om skikkeleg kaninhald, andre vel å riste på hovudet og kalle det idiotisk. Deira kanin har alltid site i bur, og den har pen pels, sit roleg, er tam og et maten sin. Desse dyreeigarane trur at kaninen si åtferd i buret, er åtferda til ein kanin som trivast.

Det handlar om at ein trur at åtferd utvikla som ein følge av dyras tilpasning til eit lite tilfredstillande miljø, er normal åtferd.

Kanin som lever fritt innomhus!
Lat oss sjå på kalkunar. Det er gjort forskning på kalkunar som sit meir, og bevegar seg mindre, enn kva som er normalt for ein kalkun. Merk deg at desse dyra ikkje sat meir på baken enn det bonden meinte var normalt. Når desse kalkunane så fekk smertelindrande medisinar, begynte dei å bevege seg meir. Dei brukte også kortare tid på å tilbakelegge kortare avstandar for og helse på ein partnarar av det andre kjønn. 
Av bonden vart desse rolege kalkunane oppfatta som kalkunar som treivst og kosa seg. Når ein så obduserte desse kalkunane, fann ein at dei hadde ødelagde og degenererte hofteledd. Det var altså øydelagde ledd som gjorde at dei sat mykje i ro, ikkje kos og trivsel. Så feil kan tok altså bøndene i dette forskningsprosjektet, og like feil tek kanineigarar som påstår kaninane deira har det fint i små bur. Burtilpassa åtferd vert oppfatta som trivselsåtferd.

Vi kjenner også til argumentasjonen frå pelsdyrnæringa. Næringa viser stadig fram pene, heile revar i media sjølv om det er lenge sidan ein gjekk bort frå å vurdere god dyrevelferd utfrå antal sår. 

Kanin kan bruke dokasse, nett som ein katt!
Likevel: når vi veit at kaninar kan springe opp mot førtifem kilometer i timen, er det absurd å tenke på at dei sit i små bur. Vi veit at kaninar er veldig sosiale. Likevel blir mange kaninar haldne ein og ein. Dei vert fora med gulrøter og epler fordi eigaren har sett søte kaninar ete gulrot i Disney-filmar. For verkelege kaninar er gulrøter og frukt derimot direkte helseskadeleg.


Nøkkelen til betre dyrehald, er betra haldningar, og betre haldningar kan skapast gjennom auka kompetanse. Det er ingen, som med kompetanse i hand, kan heve at rev eller kanin i bur er godt dyrehald. Dei kan kun hevde det på bakgrunn av haldningar: det er ok med dyr i bur. 

Kanin som går fritt liker å gnage på ting du gir den.
Saker som kaninen Erling er viktige saker å løfte fram fordi dei kan skape kunnskap rundt godt stell. På sikt vil auka kunnskap kanskje føre til mindre hald av kanin i bur, på same måte som mediepresset mot pelsnæringa vil sikre oss eit pelsdyrfritt land innan få år. Vi lever i eit kompetansesamfunn. Det må få konsekvensar, også for gårsdagens burdyrehald.
Glad kanin som får lov å vere kanin. Merk: sklisikre tepper

 







Lese meir om skikkelig og bra kaninhald?

Besøk Marit Emilie Buseth sin blogg om kanin.

Alle foto i bloggposten: Marit Emilie Buseth.

Anbefal denne bloggen via Google +, spre den via Facebook. Abonner på min blogg om du vil følge med på bloggpostar om dyrevelferd. Knapp for abonnement finn du i bloggens høgre marg. Følg meg på Twitter.

Glad i dyr? Då liker du heilt sikkert mi bok frå dyrlegepraksis!

25. feb. 2013

Les kapittel 1 og 2 i Elise og mysteriet med dei døde hestane


Foto: Karina Hetle Solheim, Fosseheimen Naturpark
Trykk her og les!


19. feb. 2013

Har du lurt på kor ekte historiene i Elise-bøkene faktisk er? Dei er faktisk veldig ekte.


Eg gleder meg! Det blir spenningsbok. Bok to om Elise legg seg, frå starten av, to spenningshakk over bok ein. Testlesarane meiner den er ganske nifs, men ikkje for nifs. Litt nifst må det trass alt vere når Elise er i praksis!




Kilder til historier, miljø og bakteppe i Elise og mysteriet med dei døde hestane:

Bakom synger skogene, Trygve Gulbranssen
Gøsta Berlings saga, Selma Lagerlöf
Mannen som lytter til hester, Monty Roberts

Dette er hytta eg budde i. Og hytta der Elise og Kalle bur
Case frå praksis er henta frå Jämtland i nord-Sverige. Alle er autentiske og medisinsk korrekt attgitt.

Hesten Anton er beskriven ned på detaljnivå korrekt, med diagnoser, symptomer og behandling, dag til dag. Han var min pasient, og eg brukte journalen hans då eg skreiv boka for å attgi den korrekt, men hesten er i boka flytta til eit anna miljø som på ingen måte minner om dei glimrande eigarane som tok seg av "den verkelege Anton". Alle pasientar i boka og alle eigarar som er nytta som inspirasjon, er grundig maskert og  ikkje mogelege å spore opp. Berre eg veit kven dei er. Eg har trass alt taushetsplikt. Anton er då i verkelegheita heller ingen hingst på fem år, men eg kan avsløre at den verkelege Anton var ein av dei mest mystiske hestepasientane ved ein stor hesteklinikk det året. Han vart nemleg send dit då han fekk att synet på dag tre. Det vert ikkje Anton i boka. Anton i boka er nemleg ikkje forsikra, noko den verkelege Anton var. Så kan du spekulere på om Anton i verkelegheita eigentleg var ein hingst, og kva slags rase han eigentleg var. Eg kan iallefall avsløre at han hadde nokre fantastiske eigarar som passa han dag og natt då han vart sjuk med ein diagnose så sjeldan at berre få dyrlegar opplever den i løpet av livet. 

Tordenbygda er i grove trekk bygda Hackås ved Storsjøen i Jämtland. Eg har sjølv budd i hytta Kalle og Elise bur i, og like nedanfor ligg kyrkja og prestegarden.

Kyrkja i boka er så og sei historisk autentisk, og basert på Hackås k:a i Hackås. Den har ein viking under golvet og veggmåleri som er vaska fram ved bruk av svampar og melk.


Karakterane er basert på karikaturar av ulike dyreeigartypar eg har møtt i praksis

Krimplottet er inspirert av historier i Mannen som lytter til hester, Monty Roberts

Historiene i boka er alle autentiske dyrlegepraksishistorier, fortalt til meg av kollegaer eller opplevd av meg sjølv.
Eliseboka er sterkt inspirert av Bakom synger skogene

Den dramatiske slutten var eg med på sjølv ei natt i 2010, og den er autentisk attgitt.

Ivanhestane finst. Eg har berre døpt om den russiske rasen Akhal-Teke, verdas eldste hesterase. Dei har pels som blinkar og glitrar, og ser ut som om dei glir over bakken når dei travar. Difor er også Andrey i boka naturleg nok ein russar.

Så trudde du det var masse oppspinn og overdrivingar i Elise-boka? Da tok du feil;) Verkelegheita overgår som kjent den mest fantastiske fantasi!

Elise og mysteriet med dei døde hestane er no ute i pocket og kan bestillast hos HaugenBok. Eller kjøpast i din bokbutikk. Dei bestiller den inn om den ikkje er inne.

Kilder til historier, anekdoter og fakta i bok to om Elise, Elise og mysteriet på hesteklinikken, høsten 2013.

Trollskogen hesteklinikk er konstruert utifrå hesteklinikken på Norges Veterinærhøgskule.

Miljøet rundt er henta frå Trollelgen av Mikkjel Fønhus.
Hovudcase frå praksis er bygd på hendingar på Viksdalen i Gaular, Sunnfjord.
Bicase er frå praksis i Ørebro i Sverige, og eit har eg stjelt frå ei avis.
Karakterane er bygd over karakterar eg har møtt i praksis.
Kalle er, som i bok ein, bygd over ein veterinærkollega som køyrer praksis ein stad nær deg.Kattane i boka tilhøyrer ei venninne av meg. Dei heiter også i verkelegheita Alfred og Oscar. Hestespesialistane er bygd på ekte hestespesialistar. Særleg Hulda med alt sitt temperament.

Litteratur til Elise og mysteriet på hesteklinikken

Trollelgen, Mikkjel Fønhus
Villdyret våkner, Jack London
Svarteboka, Tor Åge Bringsvær
Dyrekommunikasjon, Sissel Grana.
Veterinærmedisinens historie, Weiert Velle
Synske hjelparar i hundre år, Oddbjørn Myklebust
På talefot med hunden, Turid Rugaas
Pleasurable Kingdom, Jonathan Balcombe

Held du kaninen din i eit lite bur? Gratulerer! Du kan smykke deg med tittelen "dyreplagar"!


Burdyr? Nei. Foto: Marit E Buseth
Kaninen Erling (10) fikk beinskjørhet, leddgikt, slitasjeforandringer i ryggen og ble deformert på grunn av manglende muskulatur. Ti år i bur... 


Les denne gode artikkelen i Dagbladet om kva som skjer med kaninen.

Kva slags mennesker er det som held dyr på denne måten? Ein kan spørre seg. Du kjenner sikkert nokon. Vanlege folk som ikkje bryr seg, og som ikkje burde hatt dyr fordi dei mangler kompetanse og interesse.

Dette er klare brot på lov om dyrevelferd. Dyreplageri er ikkje lov i Norge. Men paradoksalt nok, i Norge kan kven som helst halde dyr, og det er ingen tvil, når ein har vore ute i felten og sett på dyrehaldet, at kven som helst ikkje er kvalifisert. Kanin er eit av dei mest mishaldne kjæledyra vi har, ofte verre enn pels. Mange kaninar sit eit heilt liv i eit knøttlite bur aleine. Dei kan leve opp til tolv år.

Kaninen er eit dyr som kan springe opp mot 45 km/ timen, og er svært sosiale. Det seier seg sjølv at desse dyra ikkje passar i små bur aleine. Hald av kanin i små bur er ikkje noko betre dyrehald enn industriell kyllingproduksjon. Det er antakeleg like stort omfang av dårleg dyrehald i private hushaldningar med kjæledyr som det er i industrilandbruket, men mange dyreeigarar ønsker ikkje ta til seg informasjon om skikkeleg dyrehald. Dei har så liten kunnskap at dei ikkje ønsker lytte til korleis dei kan betre sitt dyrehald. Dei trur at ein kanin, så lenge den sit pent, er lykkeleg. Det er vanskeleg å tru, men ja, slik er mange dyreeigarar.

Vanskeleg å halde oversikt over kven som har desse kjæledyra er det også då dei ikkje er registrert og kan kjøpast i ein dyrebutikk like lett som du kjøper ei avis. Dei kjem ofte sjeldan til veterinær, fordi ingen bryr seg eller skjønar at dei treng hjelp, og når dei skjønar det, er det ofte for seint. Kaninar som kjem til dyrlege er ofte så dårlege at løpet er kjørt. Dei har blitt vanskjøtta, fått feil mat og site i bur i mange år. Dei har eigarar som aldri skulle ha hatt kanin.

Mange trur at kanin skal ha gulrot, men gulrot for kanin er like ille som chips og brus for oss. Dei skal heller ikkje ha epler. Dei skal ha gras, høy og urter, og der finst kaninfor. 

Mange trur det held å la kaninen hoppe rundt nokre minutt eller halvtime per dag. Dette er feil. Dei skal helst gå lause heile døgnet. Og dei skal vere fleire ilag. Å halde einsam kanin er ikkje riktig hald av kanin. 

Av og til kan ein lure litt på folk sitt skjønn. Forstår dei verkeleg ikkje at kanin og andre dyr ikkje skal haldast på slike måtar? Ein kan jo begynne å lure av og til. Enkelte meiner visst at kanin er til for oss, og difor kan vi behandle den nett som vi vil. Fordi vi eig den og har betalt den. Enkelte har horrible syn på dyr. Eit dyr er eit levande vesen, ikkje ein ting. 

For å gjere det heilt enkelt for til og med den minst kompetente dyrehaldar: hadde du likt å sitte i bur heile livet? Svaret gir seg sjølv, og dyr er ikkje ulike oss på denne måten, sjølv om dei er andre artar enn oss. Dette er så enkelt å forstå, men mange verkar benekte det. Kanskje orkar dei ikkje, eller vil ikkje, ta innover seg at dei er dyreplagarar. Kanskje gir dei faktisk katten.

Der finst gode naboar som tek seg av kaninar som vener og bekjente held på denne måten, og det er faktisk lov å gripe inn og sei frå om du kjenner til folk som misheld kaninar. Dei er ofte så kunnskapslause at dei ikkje er klar over det sjølv. Dette er folk som ikkje bør ha dyr. Og det er lov å gi beskjed. I følge Lov om dyrevelferd er du pliktig. Det er verken uhøflig eller kjipt, det er å vise ansvar.

Lære meir? Eg har laga ein faktavideo om hald av glad kanin ved hjelp av Marit Emilie Buseth som er intervjua i Dagbladets artikkel.

Fakta om hald av ein glad kanin from anne viken on Vimeo.


5. feb. 2013

Senterpartiets tilnærming til dyrevelferd er eit gufs frå fortida.

Senterpartiets tilnærming til dyrevelferd er eit gufs frå fortida.

Den kompetansebaserte banehalvdelen av landbrukspolitikken er open. 

Les artikkelen hos VG+

Haldningane partiet frontar, er haldningar frå ei tid då dyrevelferd vart ansett å vere ein disiplin for dyrevernarar, ikkje ein fagdisiplin tungt underbygd med forskning. For Senterpartiet er landbruksdyr eit virkemiddel til å nå distriktspolitiske målsetningar om folk og fe over heile landet, og på distriktspolitikkens alter ofres hensyn til norske landbruksdyrs ve og vel, samt hensynet til kvalitet i produksjon. Dette ser vi i sak etter sak. Framfor å bygge på dagens kompetanse, bygger Senterpartiet politik og tiltak på gårsdagens myter og ideologi.

Artikkelen er trykt i VG 12.februar 2013

Det viser seg i sak etter sak.

Senterpartiet har delteke i å nedkjempe norske kyrs rett til utegang. Norske kyr i lausdriftsfjøs skulle etter forskrifta frå 1.januar 2013 hatt krav på åtte vekers utegang. No er forslaget sabotert, og krav om utegang utsett. Norske bønder med kyr i lausdrift kan halde fram med å halde kyr inne året rundt. Takk til Senterpartiet som har trossa alle faglege råd, trossa kompetansen vi har på at kyrs helse stig ved mosjon og tilgang til utegang, og plassert Norge langt bak land det er naturleg å samanlikne seg med.

Når eg, som har arbeidd som dyrlege i Sverige, fortel svenske bønder at norske bønder får halde kyr inne året rundt, vert dei rysta. Dei er ikkje dei einaste, men Norge har ikkje kome særleg langt når det kjem til haldningar rundt hald av landbruksdyr. Vi har enno ikkje forstått samanhengen mellom god dyrevelferd og god økonomi. Godt stell av landbruksdyr er bissniss, men det har ikkje blitt bissniss i Norge enda. God dyrevelferd er ein nøkkel til inntjening og økonomi i landbruket, men dette blir ikkje vektlagt i Senterpartiets politikk. Her blir dyrevelferd framleis ansett som tøv og tullprat frå akademikarar, og ein lener seg på eigne mytiske forestillingar om kva som er kvalitet og god velferd.. I andre land sit dette i ryggmargen. Dit har ikkje Norge kome, mykje takk til Senterpartiets dominerande posisjon i bekjempelsen av kvalitet i norsk landbruk. På distriktspolitikkens alter, hald kyrne inne, underslå økonomien i landbruket.

Trygve Slagsvold Vedum har trassa faglege råd og ekspertise, og no får norske kyllingbønder halde 36 kg kylling per kvadratmeter, kontra tidlegare 34. “Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) mener de nye kyllingreglene er et fremskritt for dyrevelferden.” Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås har undersøkt hva forskningen sier om så fullstappede kyllinghaller: «Ved dyretetthet på over 33 kg/m² finner man en ytterligere reduksjon i drikking, eting, ståing, vertikale vingeslag, kroppspleie, hakking og krafsing i strø, og en redusert evne til å gå som reflekterer en økning i halthet», heter det i rapporten fra Ås.” (vg.no, 9.desember 2012).

No instruerer Slagsvold Vedum Mattilsynet til å gå inn for at elefantar skal vere lov på sirkus, sjølv om Mattilsynet og anna fagleg ekspertise er einige om at sirkuselefantanes dyrevelferd ikkje er godt nok ivaretatt. “Det er ikkje godt nok for landbruksministeren”, skriv nationen.no 5.februar 2013, og vidare: “som har presset Mattilsynet til å komme med et nytt forslag. Dette minner om pelsdyrdebatten, der Senterpartiet så langt har klart å tvinge gjennom en fortsatt drift av norske pelsdyrfarmer selv om det er flertall både i regjeringen og i Stortinget for det motsatte”.

I sak etter sak har Senterpartiet nedkjempa fagmiljøa, faglige råd og faglege vurderingar til fordel for ideologi og distriktspolitikk. Pariet frontar eit syn som ikkje høyrer heime i år 2013, og på ingen måte matchar vår tids kompetanse og tilgang på fagleg ekspertise innanfor matproduksjon og dyrehald. Kva treng vi eigentleg kompetanse etter, når vi har Senterpartiet? Fagmiljøa når ikkje gjennom, norsk dyrevelferd er på hælane og vi kan på ingen måte, så lenge Senterpartiet får lov å halde fram, flagge oss i verdstoppen på hald av landbruksdyr.

Senterpartiet er eit parti for den som gir ein god dag i dyrevelferd og kompetanse, som køyrer hardt på ideologi og distriktspolitiske målsetningar utan auge for kvalitet. Det er på tide at andre politiske parti grip inn og tar opp tråden. Der finst kompetanse, der finst tunge fagmiljø og arenaen for å spele på den kompetansebaserte banehalvdelen av landbrukspolitikken er open. Der finst per dags dato ingen spelarar. Dette er ein lett match og ein open plass i terrenget. Nokon må gripe sjansen før Senterpartiet køyrer norsk landbrukspolitisk forvaltning tilbake til syttitalet.

Anne Viken, veterinær

3. feb. 2013

Nesten som å lese Trygve Gulbranssen: boktips



Britt Karin Larsens fire bøker om folket på Finnskogen er det nærmaste eg har kome ein nolevande forfattar som er på høgde med Trygve Gulbranssens natur-, villdyr- og folkelivsskildringar. Dette er ein pageturner av ein historisk roman med sterke skildringar av leveforhold, natur, villdyr og eit komplekst sett av mellommenneskelege relasjonar.


Profetene i Evighetsfjorden er ein slik roman ein må bli imponert over, både skildringane av Københamn seint 1700-tal, men også av livet på Grønland. Også denne romanen inneheld svært gode person- og relasjonsskildringar som er berande for historia, særleg i første delen, der hovedpersonen, presten, befinn seg i Køben. Skildringane av det kummerlege livet i kolonitidas Grønland går gjennom marg og bein, bokstavleg talt. Det er ei slik bok ein hugsar, men ein litt tyngre read enn Larsens triologi frå Finnskogen.



Eg liker vanlegvis ikkje fantasy, men denne taklar eg å lese. Eventyraktig fantasy med gode relasjons- og personskildringar i ein vikingtidsaktig setting. Dessutan er språket særdeles godt.