Gå til hovedinnhold

Rekka av gullkjolekledde og kjedepynta ordførarar under delfinalane i Melodi Grand Prix er biletet av indianarane som trur glasperler er ekte.


Perler for indianarar

Trykt i kortversjon i Bergens Tidende 30.januar 2012 

Les også mitt essay om markedsføring av Sogn og Fjordane. Den store imagestrabasen, ein analyse av fylkets marknadsføringstiltak.

I helga var det MGP delfinale i Florø. Ein skikkeleg lokal folkefest. Finansiert, ikkje av berre NRK, men av Sogn og Fjordane fylkeskommune med 600 000 kroner, samt Flora kommune med 400 000. Det er tredje år på rad at fylkeskommunen går inn med støtte til arrangering av lokal delfinale. Første året med 900 000 og andre året med 750 000. No i år altså 600 000. Sogn og Fjordane er den einaste fylkeskommunen som bevilgar pengar til arrangering av ein delfinale. 
Pengane er i år henta frå eit såkalla bufferfond, sparekontoen for fylkeskommunen. Det er ikkje svimlande summar det er snakk om. Dette er begrunninga for løyvinga som er problematisk.

Ei viktig forklaring på kvifor dei bevilgar pengar frå fylkeskommunen, er nemleg at delfinalen visstnok gir markedsføringsverdi for heile Sogn og Fjordane. Ja, du las riktig. 


Forslaget om løyving av midlane vart fremma av Frp, H og Ap, og vedteke på fylkestinget i juni 2012. Stemmer du mot, er du kjip og nekter folk ein flott fest, men det fjerner ikkje det faktum at begrunninga for bevilgningane ikkje held vatn.

Lat meg gjere eit par ting heilt klart. Eg har ingenting imot MGP eller folkefestar, men det er problematisk at fylkeskommunen bidreg med finansiering med begrunninga marknadsføringsverdi for Sogn og Fjordane.

Lat oss kikke på MGP i Florø

På første benk under delfinalen sit ei rekke ordførarar, deriblant fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap), oppstasja med ordførerkjeder og glitterkjole. Vi ser det kvart år, bilete av ordførarar som står der på rekke og rad og trur dei får reklameverdi i beste sendetid, sjølv om knapt ein einaste sjåar bryr seg om kvar delfinalen vert sendt ifrå.

Det er litt småflaut, for å sitere ein fylkespolitikar. På skjermen pratar ein oppglødd ordførar om markedsføringsverdi, og viser for heile Norges MGP-sjåande befolkning at han er heilt på viddene. I beste fall greier ein få fram at vi har eit akutt behov for pr-folk til fylket.

Det er altså høgst usikkert om reklameeffekten er den dei hadde tenkt seg.

Det lyser nemleg i tillegg til folkefest, dessverre desperasjon av arrangementet. Ein enkel måte å unngå desperasjonsassosiasjonane på, hadde vore å kalle delfinalen for det den er, ein folkefest, og la det vere med det. Tidlegare fylkesordførar Nils R Sandal begrunna også pengebevilgning til delfinalen med, ja du gjetta rett, reklameverdi for fylket. Forklaringa blir brukt kvart år. Reklameverdi er ofte eit synonym til desperasjon når det kjem til distriktsmarknadsføring, og desperasjonen vedvarer i dette tilfellet tydelegvis.

2.november 2010 kunne vi lese dette på leiarplass i Sogn Avis:

«Fylkestinget for ungdom serverte i helga krass kritikk mot at Sogn og Fjordane fylkeskommune skal bidra med 900.000 kroner til og gjennomføra ein delfinale i MGP. Hovudårsaka til kritikken frå ungdomstinget er at fylkestinget i det same budsjett, etter alle solemerke må kutta 1,5 millionar kroner i kulturbudsjettet.» Det var i Sandals tid.

At ungdomen står utan tilstrekkelege kulturtilbod medan godt vaksne politikarar kneler på fjernsyn, er ein merkeleg realitet. I bakgrunnen kan vi høyre statistisk sentralbyrås tellemaskin gå for fulle muggar: folketalet i Sogn og Fjordane rører seg knapt. Vi er på same tid godt klar over kva det er som trekk folk til bygda. Det er jobbtilbod som avgjer. Desperasjon framstår derimot som avskrekkande, og å fallby seg har ofte motsatt effekt. Dette er godt dokumentert, blant anna av Nordlandsforskning.

Handlar i vilden sky

Snakket om reklameverdi er også det snakket ein tyr til kvar gong ein vil bruke pengar på noko som ellers vanskeleg kan forsvarast, td. Tall Ships’ Races i Måløy. Reklameverdien er ein påstand som i høve MGP-delfinalen i tillegg til å vere eit symptom på at ein forvekslar desperasjon med reklameverdi, eit symptom på at kompetanse ikkje ligg til grunn for bevilgninga, men rein synsing. Det er faktisk sånn at ein lurer på om fylkeskommunen faktisk tuller med oss. Eventuelt har dei lurt seg sjølv trill rundt. Desse to forklaringane er nærliggande utifrå markedsføringsargumentet. Dei kan faktisk ikkje meine det seriøst?

Lat meg stille eit spørsmål: kven hugsar kvar delfinalane vart arrangert ifjor?

Men sjølv om ein er desperat, bør ein prøve og halde på eit snev av sjølvrespekt. For kven skal ellers ha det, om ikkje dei folkevalgte på vegne av folket. Å sjå folkevalde dresse seg som klovnar og knegår ein delfinale i MGP fordi dei faktisk innbiller seg at dette er markedsføring, bidreg ikkje til auka sjølvfølelse på vegne av Sogn og Fjordane då desperasjonen ligg tjukt utover reklameretorikken. Rekka av gullkjolekledde og kjedepynta ordførarar er biletet av indianararane som trur glasperler er ekte. Alle som har kunnskap om amerikansk kolonihistorie forstår denne metaforen.

Dei kan heller bruke ein forklaringsfaktor som funkar: folkefest for folk flest. Dette ville også ha vore i tråd med sittande regjerings kulturpolitikk der ei av målsetningane er at kulturen skal tilgjengeliggjerast for alle, men dette skal uansett ikkje finansierast av fylkeskommunen. Sogn og Fjordane er den einaste fylkeskommunen i landet som bidreg med finansiering til ein delfinale i MGP. Mulig fylket har eit desperat behov for kompetanse i fylkeskommunen.

Fylkeskommunens finansiering av delfinalen i MGP og ordføraranes knefall er ei fatalistisk form for vulgarisme. Fatalisme er det motsette av å ta kontroll. Vulgær betyr ukultivert og simpelt, det motsette av kompetent.

Singnaleffekten er ikkje til å misforstå. Bodskapen som smell ut over det ganske land er denne: bygda er full av naive tullingar. På bygda er folk naive, og har rett og slett ikkje kompetanse nok til å forstå at å sponse ein delfinale i Florø for å skaffe reklame for heile Sogn og Fjordane, i beste fall er ein fantasi.

Reklameverdi? Ja, om ein ønsker bygge opp under fordommar mot bygde-Norge, og framstille seg sjølv som desperat og ute av synk med kva MGP faktisk er for noko. Ja, då er fylkeskommunens finansiering av delfinalen i MGP definitivt verdt pengane og kanossagangen med naive utspel om markedsføringsverdi på nasjonalt tv.

Lat oss sleppe og sjå denne gullrekka igjen. Markedsføring er ikkje rocket science, og der finst hjelp å få. 

----- respons på innlegget----


Det er tydelig at SFJ er delt i synet på delfinalen i MGP. Har sjelden fått så mange positive tilbakemeldingar på ein artikkel på lange tider!!!

Fekk også litt tilbakemeldingar frå dagleg leiar av den private arrangøren HippHopp Flora som mottar den omtalte støtta frå fylkeskommunen. Klikk på biletet under. Reinspikka personsjikane vart retta mot underteikna, signert Per Øyvind Helle, dagleg leiar/ marknadssjef i HippHopp Flora, arrangøren av MGP-delfinalen i Florø 2013, i ein offentleg Facebook-status. Les og tenk sjæl.

Profilen er by the way offentlig så den som vil kan lese den på Facebook. Klikk og les. Branding FTW.


Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb