29. jan. 2013

Rekka av gullkjolekledde og kjedepynta ordførarar under delfinalane i Melodi Grand Prix er biletet av indianarane som trur glasperler er ekte.


Perler for indianarar

Trykt i kortversjon i Bergens Tidende 30.januar 2012 

Les også mitt essay om markedsføring av Sogn og Fjordane. Den store imagestrabasen, ein analyse av fylkets marknadsføringstiltak.

I helga var det MGP delfinale i Florø. Ein skikkeleg lokal folkefest. Finansiert, ikkje av berre NRK, men av Sogn og Fjordane fylkeskommune med 600 000 kroner, samt Flora kommune med 400 000. Det er tredje år på rad at fylkeskommunen går inn med støtte til arrangering av lokal delfinale. Første året med 900 000 og andre året med 750 000. No i år altså 600 000. Sogn og Fjordane er den einaste fylkeskommunen som bevilgar pengar til arrangering av ein delfinale. 
Pengane er i år henta frå eit såkalla bufferfond, sparekontoen for fylkeskommunen. Det er ikkje svimlande summar det er snakk om. Dette er begrunninga for løyvinga som er problematisk.

Ei viktig forklaring på kvifor dei bevilgar pengar frå fylkeskommunen, er nemleg at delfinalen visstnok gir markedsføringsverdi for heile Sogn og Fjordane. Ja, du las riktig. 


Forslaget om løyving av midlane vart fremma av Frp, H og Ap, og vedteke på fylkestinget i juni 2012. Stemmer du mot, er du kjip og nekter folk ein flott fest, men det fjerner ikkje det faktum at begrunninga for bevilgningane ikkje held vatn.

Lat meg gjere eit par ting heilt klart. Eg har ingenting imot MGP eller folkefestar, men det er problematisk at fylkeskommunen bidreg med finansiering med begrunninga marknadsføringsverdi for Sogn og Fjordane.

Lat oss kikke på MGP i Florø

På første benk under delfinalen sit ei rekke ordførarar, deriblant fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap), oppstasja med ordførerkjeder og glitterkjole. Vi ser det kvart år, bilete av ordførarar som står der på rekke og rad og trur dei får reklameverdi i beste sendetid, sjølv om knapt ein einaste sjåar bryr seg om kvar delfinalen vert sendt ifrå.

Det er litt småflaut, for å sitere ein fylkespolitikar. På skjermen pratar ein oppglødd ordførar om markedsføringsverdi, og viser for heile Norges MGP-sjåande befolkning at han er heilt på viddene. I beste fall greier ein få fram at vi har eit akutt behov for pr-folk til fylket.

Det er altså høgst usikkert om reklameeffekten er den dei hadde tenkt seg.

Det lyser nemleg i tillegg til folkefest, dessverre desperasjon av arrangementet. Ein enkel måte å unngå desperasjonsassosiasjonane på, hadde vore å kalle delfinalen for det den er, ein folkefest, og la det vere med det. Tidlegare fylkesordførar Nils R Sandal begrunna også pengebevilgning til delfinalen med, ja du gjetta rett, reklameverdi for fylket. Forklaringa blir brukt kvart år. Reklameverdi er ofte eit synonym til desperasjon når det kjem til distriktsmarknadsføring, og desperasjonen vedvarer i dette tilfellet tydelegvis.

2.november 2010 kunne vi lese dette på leiarplass i Sogn Avis:

«Fylkestinget for ungdom serverte i helga krass kritikk mot at Sogn og Fjordane fylkeskommune skal bidra med 900.000 kroner til og gjennomføra ein delfinale i MGP. Hovudårsaka til kritikken frå ungdomstinget er at fylkestinget i det same budsjett, etter alle solemerke må kutta 1,5 millionar kroner i kulturbudsjettet.» Det var i Sandals tid.

At ungdomen står utan tilstrekkelege kulturtilbod medan godt vaksne politikarar kneler på fjernsyn, er ein merkeleg realitet. I bakgrunnen kan vi høyre statistisk sentralbyrås tellemaskin gå for fulle muggar: folketalet i Sogn og Fjordane rører seg knapt. Vi er på same tid godt klar over kva det er som trekk folk til bygda. Det er jobbtilbod som avgjer. Desperasjon framstår derimot som avskrekkande, og å fallby seg har ofte motsatt effekt. Dette er godt dokumentert, blant anna av Nordlandsforskning.

Handlar i vilden sky

Snakket om reklameverdi er også det snakket ein tyr til kvar gong ein vil bruke pengar på noko som ellers vanskeleg kan forsvarast, td. Tall Ships’ Races i Måløy. Reklameverdien er ein påstand som i høve MGP-delfinalen i tillegg til å vere eit symptom på at ein forvekslar desperasjon med reklameverdi, eit symptom på at kompetanse ikkje ligg til grunn for bevilgninga, men rein synsing. Det er faktisk sånn at ein lurer på om fylkeskommunen faktisk tuller med oss. Eventuelt har dei lurt seg sjølv trill rundt. Desse to forklaringane er nærliggande utifrå markedsføringsargumentet. Dei kan faktisk ikkje meine det seriøst?

Lat meg stille eit spørsmål: kven hugsar kvar delfinalane vart arrangert ifjor?

Men sjølv om ein er desperat, bør ein prøve og halde på eit snev av sjølvrespekt. For kven skal ellers ha det, om ikkje dei folkevalgte på vegne av folket. Å sjå folkevalde dresse seg som klovnar og knegår ein delfinale i MGP fordi dei faktisk innbiller seg at dette er markedsføring, bidreg ikkje til auka sjølvfølelse på vegne av Sogn og Fjordane då desperasjonen ligg tjukt utover reklameretorikken. Rekka av gullkjolekledde og kjedepynta ordførarar er biletet av indianararane som trur glasperler er ekte. Alle som har kunnskap om amerikansk kolonihistorie forstår denne metaforen.

Dei kan heller bruke ein forklaringsfaktor som funkar: folkefest for folk flest. Dette ville også ha vore i tråd med sittande regjerings kulturpolitikk der ei av målsetningane er at kulturen skal tilgjengeliggjerast for alle, men dette skal uansett ikkje finansierast av fylkeskommunen. Sogn og Fjordane er den einaste fylkeskommunen i landet som bidreg med finansiering til ein delfinale i MGP. Mulig fylket har eit desperat behov for kompetanse i fylkeskommunen.

Fylkeskommunens finansiering av delfinalen i MGP og ordføraranes knefall er ei fatalistisk form for vulgarisme. Fatalisme er det motsette av å ta kontroll. Vulgær betyr ukultivert og simpelt, det motsette av kompetent.

Singnaleffekten er ikkje til å misforstå. Bodskapen som smell ut over det ganske land er denne: bygda er full av naive tullingar. På bygda er folk naive, og har rett og slett ikkje kompetanse nok til å forstå at å sponse ein delfinale i Florø for å skaffe reklame for heile Sogn og Fjordane, i beste fall er ein fantasi.

Reklameverdi? Ja, om ein ønsker bygge opp under fordommar mot bygde-Norge, og framstille seg sjølv som desperat og ute av synk med kva MGP faktisk er for noko. Ja, då er fylkeskommunens finansiering av delfinalen i MGP definitivt verdt pengane og kanossagangen med naive utspel om markedsføringsverdi på nasjonalt tv.

Lat oss sleppe og sjå denne gullrekka igjen. Markedsføring er ikkje rocket science, og der finst hjelp å få. 

----- respons på innlegget----


Det er tydelig at SFJ er delt i synet på delfinalen i MGP. Har sjelden fått så mange positive tilbakemeldingar på ein artikkel på lange tider!!!

Fekk også litt tilbakemeldingar frå dagleg leiar av den private arrangøren HippHopp Flora som mottar den omtalte støtta frå fylkeskommunen. Klikk på biletet under. Reinspikka personsjikane vart retta mot underteikna, signert Per Øyvind Helle, dagleg leiar/ marknadssjef i HippHopp Flora, arrangøren av MGP-delfinalen i Florø 2013, i ein offentleg Facebook-status. Les og tenk sjæl.

Profilen er by the way offentlig så den som vil kan lese den på Facebook. Klikk og les. Branding FTW.


28. jan. 2013

Jublar for glasperler - ordførarane stasjar seg for MGP i Florø

I helga var det MGP delfinale i Florø. Såkalla folkefest. Finansiert, ikkje av berre NRK, men av Sogn og Fjordane fylkeskommune med 600 000 kroner, samt Flora med 400 000. Det er tredje år på rad at fylkeskommunen går inn med støtte til arrangering av lokal delfinale. Første året med 900 000 og andre året med 750 000. No i år altså 600 000. På same tid kuttar dei i kulturbudsjetta og har særs dårlege kulturtilbod til ungdom.

Les også: min analyse av Sogn og Fjordanes marknadsføringstiltak

Lat meg gjere eit par ting heilt klar: At private aktørar går inn og finansierier delfinalen, er derimot heilt topp. Eg har ingenting imot MGP, men eg har noko imot at fylkeskommunen bidreg med finansiering, samt begrunningane dei nyttar for å forsvare sitt økonomiske bidrag.

Les også om korleis Sogn og Fjordane kan unngå taparstempelet, kronikk i Bergens Tidende, 2010.

På første benk under delfinalen sat ei rekke ordførarar, deriblant fylkesordførar Åshild Kjelsnes, med ordførerkjeder og glitterkjolar.

Det er eit absurd show å følge med på, korleis fylkeskommunen går ned i kneståande i gullkjolane sine for å få lov å ha ein lokal delfinale dei attpåtil må betale for. For det er slik det framstår. Dei framstiller seg som om dei trur at glasperler er gull.

Dei kaller det reklame for Sogn og Fjordane, men eg er usikker på om reklameeffekten er den dei hadde tenkt seg. Å framstille bygda som ein stad der ein går i kneståande for å få arrangere ein delfinale er ikkje direkte imagefremmande.

Det lyser ikkje folkefest, men desperasjon av arrangementet om ein ser på begrunningane frå fylkeskommunen. Tidlegare fylkesordførar Nils R Sandal begrunna ein pengebevilgning til MGP delfinale med reklameverdi.

Snakket om reklameverdi, er lyden av desperasjon.

Snakket om reklameverdi er også det snakket ein tyr til kvar gong ein vil bruke pengar på noko som ellers vanskeleg kan forsvarast. Reklameverdien er ein påstand som ikkje kan etterprøvast, og det fremste symptom på desperasjonen som rår i Sogn og Fjordane. Det er også eit symptom på inkompetansen når det kjem til kunnskap om markandsføring. Og reklameverdi er umogeleg å etterprøve. Reklameverdi er utfrå desse kriteria ikkje haldbart som begrunning for ei bevilning på i år 600 000. Men sjølv om ein er desperat, bør ein prøve å halde på eit snev av sjølvrespekt.

Det er ikkje sjølvrespekt å kle seg i gull for ein delfinale i MGP finansiert utfrå begrunningar om "reklameverdi". Det er kompetalseløst.

Dei bør kaste argumentet om reklameverdi på båten, og heller bruke den einaste forklaringsfaktoren som kan brukast: folkefest for folk flest. Dette ville også ha vore i tråd med sittande regjerings kulturpolitikk der ei av målsetningane er at kulturen skal tilgjengeliggjerast for alle.

Om dei verkeleg trur på sitt eige argument om reklameverdi, manglar dei openbart kompetanse om kva som gir reklameverdi. Ergo manglar ein også kompetansen til å bevilge pengar til eit slikt arrangment som ein delfinale i MGP.

Rekka av gullkjolekledde og kjedepynta ordførarar er biletet av indianararane som trur glasperler er ekte. Alle som har kunnskap om amerikansk kolonihistorie forstår denne metaforen.

Ei fin rekke klovnar. Nokre ordførarar ville ikkje sitte der, det kan vi forstå. Dei er trass alt politikarar og bør ha litt sjølvrespekt. For kven skal ellers ha det, om ikkje dei folkevalgte på vegne av folket? Å sjå folkevalgte dresse seg som klovnar, bidreg ikkje til auka sjølvfølelse på vegne av Sogn og Fjordane. Det bidreg derimot til å prente inn desperasjonen og fatalismen: vi har ikkje kontroll, vi gjer kva som helst, vi er gislane som forsøker å få nokon til å sjå oss. Sjå oss! Vi fallbyr oss!

Dei framstiller seg som bygdevulgaristar, tydelegvis utan å vite om det sjølv, dei som sit der. Og denne mangelen i innsikt i kva det er dei faktisk foretar seg, er urovekkande. Kva blir det neste? Den som handlar i desperasjon, handlar som kjent ofte utan rasjonelle begrunningar. Dette er MGP eit symptom på. Ein lagar seg forklaringar som ein så trur på sjølv: reklameverdi.

Men til skilnad frå den tids indianarar, burde fylkeskommunen vite skilnaden på fake og real, glasperler og reell verdi.

Og har ein ikkje snev av sjølvrespekt? Nei, og det er det som er problemet. Ein har for låg sjølvtillit og fallbyr seg, sjølv om dei sjølv må betale for kaka. Etterpå stiller ein i gull. Det er episk.

Signaleffekten av gullrekka under MGP er tydeleg. Under delfinalen av MGP framstår den såkalla lokale politiske eliten som indianarar som har fått kasta glasperler til seg, og i takknemlighet stiller i sin finaste stas. Dei framstiller bygde-Norge som ein vulgær arena der ein trur at glasperler har verdi, der ein er så inkompetente at ein trur at MGP delfinale gir reklameverdi verdt mange hundre tusen. Desperasjon.

Lat meg stille eit spørsmål: kven hugsar kvar delfinalane vart arrangert ifjor?

Fylkeskommunensn finansiering av delfinalen i MGP er ei fatalistisk form for bygdevulgarisme. Fatalisme er det motsette av å ta kontroll. Vulgær betyr ukultivert og simpelt, det motsette av kompetent. Sjeldan kjem Sogn og Fjordanes mindreverdskjensle og desperasjon tydelegare fram enn under MGP delfinalen i Florø.

Singnaleffekten er ikkje til å misforstå.

Reklameverdi? Ja, om ein ønsker bygge opp under fordommar mot bygde-Norge. Då er fylkeskommunens finansiering av delfinalen i MGP definitivt verdt pengane.

16. jan. 2013

Diggbart!!

Nytt år, nytt opplag av ELise og mysteriet med dei døde hestane.


Intervju i Bergens Tidende 15.januar 2012 om medie- og synlighetsstrategi. Les heile intervjuet her.

Og knallgod omtale på Bibliotekarens blogg. Utdrag: Elise havnar sjølvsagt i livsfare og det går heldigvis (og naturlegvis!) bra til slutt, men det er på hengande håret. Det som eg likar aller aller best er at det ikkje er sentimentalt og klissete. Av og til  døyr dyra, faktisk. Det brutalt - og sånn er jo livet.  Historia er litt vill og utruleg, men settingen er på eit vis realistisk.  Me møter folk som tek godt vare på dyra sine og folk som ikkje bryr seg og som aldri skulle hatt lov til å ha dyr. Og me lærer mykje om dyresjukdomar! Boka er diggbar. Og viss du er ute etter ei spenningsbok og du i tillegg likar hestar - då trur eg at denne er perfekt! 300 sider med deilig ungdomsbok!

15. jan. 2013

Sjølvhjelpsbøker kan vege opp for manglande forstand. Gode bøker gjer deg klok

Før jul tenkte eg at i 2011 skal eg bli eit betre menneske. Så kva skal ein stakkar gjere. I ein artikkel på Aftenpostens kultursider las eg at eg kan bli egoist, ja ein kunne enda til få lokka fram sin indre psykopat om ein les for mykje sjølvhjelpsbøker. Egoist er eg frå før, psykopat treng eg ikkje bli. Eg vurderte risikoen som ikkje verdt å ta, og på veg bort frå sjølvhjelpshyllene ramla eg over Edvard Hoem.

Trykt i Klassekampen som signert-spalte, januar 2011

Hoem er ein mann med mykje hår og mykje stemme som skriv mangt og mangfaldig. Blant anna boka «Ave Eva». Så kva lærte eg av «Ave Eva»? Eg lærte at ikkje bør rømme frå kjærast og barn utan å sei frå, samt at
odelsretten er ei last som kan øydeleggje liv. Neste bok ut var «The Glass Castle» av Jeannette Walls. Her las eg at foreldre ikkje bør bruke pengane sine på alkohol når dei har fire ungar som treng mat, samt at ein ikkje skal køyre lastebil i mange timar med eit spedbarn laust liggjande bakpå lasteplanet. Då kan spedbarnet skyte deg når det vert vakse. Eg lærte også at du kan kome godt utav det sjølv om foreldra dine er borderlines.

Neste bok ut var «Arlington Park» av Rachel Cusk. Den fører eit fi nt, lyrisk språk innanfor flinke, litterære rammer. Denne boka beskriv kvinner som truleg vil vende seg til sjølvhjelpslitteraturen for å bøte på sine miserable firkantliv, medan det dei eigentleg har behov for, er litt realitetsorientering. Boka handlar om kvinner som bur i ein forstad til London. Alle er gift, har ungar og mann, og ingen av dei får gjort det dei sjølv vil her i livet. Dei kjedar seg. Regnet fell. Dei innser at dei har gift seg med ein illusjon, dei reiser på handlesenter, ét stivstrigla middag hos kvarandre, drikk seg fulle på rødvin og lever eit elles gørrkjedeleg korrekt middelkasseforstadsliv.

Les også: Sjokkert over eventyr. Er Synnøve Solbakken høgreekstremt? Kommentar frå Bergens Tidende.

Dei meiner sikkert også at Bjørnstjerne Bjørnson er gått ut på dato. Og kva er så skilnaden på «Arne» av
Bjørnson og Arlington Park av Rachel Cusk? Jo, skilnaden er at Cusk beskriv det som er vanleg å beskrive om traurige, keisame, til dels heimeverande kvinners liv anno 2000-talet. Bjørnson skriv om dei same kvinnene hundre og femti år tilbake. Cusk skriv i eit lyrisk språk om ein type liv som gir oss behov for sjølvhjelpsbøker: du har eit gigantisk indre potensial som må realiserast, og fordi det ikkje kjem til uttrykk: du er verken professor eller forfattar, er du misnøgd og lir. Bjørnson beskriv i «Arne», ofte vulgært og på rim, det traurige livet for ei ambisjonslaus plasskvinne på attenhundretalets norske bondeland. Ho blir gravid, spelemannen vil ikkje ha henne. Han blir invalid og må bu i lag med henne likevel, han slår henne og hatar
henne, drikk og ber seg, ho lir og gret og syng og gjer husarbeidet og tek seg av sonen Arne. Replikkar fell som replikkar enno fell, mannen dør som menn ofte gjer medan sonen veks opp til å bli ein grepa kar. Han giftar seg med dotter til kvinna far hans sveik.

Rachel Cusks kvinner er tungt nedsylta i sjølvrealiseringas trege teori. Den gjer dei ulukkelege. Dei treng å lese litt Trygve Gulbranssen. I «Og bakom synger skogene» og triologien om folket på Bjørnstad kan vi
lære at pengemakt tyngjer, at ein skal fokusere på å nå eigne mål heller enn å huse tankar om hemn, ikkje drepe din neste om han dansar med dama di på fest og ikkje late deg leie vill av kvinner med vonde tankar i sinnet. Ein må fokusere på kva ein sjølv kan få til ut frå det ein har fått utdelt, og gjennom dette utføre gode gjerningar. Ein skal ikkje misunne sin neste, låne pengar til døgeniktar eller bortforklare eigen tilkortkommenheit. Visdommen er evig om enn er den banal.

Å lese bøker om fordums forgagne tider der evne til rett handling avgjer død og liv er like god lektyre som Arlington Parks kjeie kvinner som i politisk korrekte former prøver livets trange kjolar på sitt tapte potensialets fasong. Banaliteten i direkte skildringar og levd liv inneheld visdom og vett tilsynelatande
undervurdert i vår tid der mange let til å tru at teori, tal og sjølvhjelpsbøker kan vege opp for manglande
forstand og dumme feilval. Kanskje er for mykje tillit fl ytta frå praksis til teori.

Folkevett og praktisk handling vil heller ikkje, om genetikken din er i orden, føre deg på sporet av din indre psykopat. Vi er dels det vi lærer, dels er vi tru mot vår natur. Kan hende bør vi, i det nye året, bli mindre tru mot teori i praksis. Kanskje blir vi då litt lukkelegare.

Anne Viken,

11. jan. 2013

Den problematiske hundeavlen

NRK sende ein dokumentar om avl på rasehundar og alle problema mange av desse rasane blir avla fram med. Auger som sprett ut av skallen om du tek dei i nakkeskinnet, auger som er for store i forhold til augeloka slik at augeloket kun dekker deler av auget og hunden blir blind i ei stripe midt i synet fordi auget tørkar inn. Mange eigarar ønsker ikkje å få gjort noko med dette augeproblemet, sjølv om augeloka kan syast inn på sidene slik at dei dekker heile auget. Og kvifor ønsker dei å heller ha ein hund som er plaga av auga enn å fikse problemet? Jo, fordi om ein reparerer problemet på hunden, mister den sitt rasesærpreg. Dette er ikkje etisk dyrehald.

Det er uetisk av oppdrettar, og det er uetisk av mange hundeeigarar som held desse rasehundane. Begge partar må ta sin del av ansvaret sidan dei driv opp etterspurnaden etter rasar med sjukelege, framavla trekk.

Sjå dokumentaren her.

Hunderasar med kroniske augebetennelsar, kroniske pusteproblem. Alt på grunn av menneskelege krav til korleis hunden skal sjå ut. Rygg, hofteplager. Korleis kan ein eigentleg ønske seg slike hundar? Jo, fordi utsjånad betyr meir enn at hunden har eit godt liv.

Tenk over kva hunderase du skaffar deg om du skal skaffe deg hund. Det er ikkje nødvendig å velge ein hund med store helseplager som du veit den vil slite med heile livet. For ikkje å snakke om dei store utgiftene til dyrlege som fleire av desse hundane kjem til å skaffe deg. Mange er storforbrukarar av veterinær.

Sjå også Food Inc, om den ekstreme industrialiseringa av amerikansk landbruk. Du trur det ikkje før du ser det. Det same gjeld i grunn rasehundavlen.

Les om mine opplevingar då eg arbeidde på ein farm i USA. Bestialsk landbruk, augevitneskildringar av fabrikkproduksjon av melkekyr. Ein etikk som er fullstendig på avveie.


Watch Food Inc HD 720p in Activism & Non-Profit  |  View More Free Videos Online at Veoh.com

9. jan. 2013

Kardemommeby er visstnok skadeleg for barn. Eg tek det hakket vidare og er sjølvsagt djupt sjokkert.

Vi har visst eit problem i barnelitteraturen.

Det er lettare sjokkerande for ein stakkar som vaks opp på åtti og nittitalet å følge debatten om kva som er skadeleg eller ikkje for totusentalets barn.


Kommentaren er trykt i Bergens Tidende 14.januar 2012

Eg melder meg herved på i debatten "Kardemommeby er skadelig for barn" og tek den eit hakk vidare sidan det trass alt er ei rekke eventyr vi etterkvart må ta “eit oppgjer med”. Eg nemner i fleng.

Vi har Selma Lagerløfs fullstendig uansvarlege Nils Holgersson som sette seg på ei gås utan sikkerhetssele og flaug over halve Sverige. At han overlevde, er berre flaks, og gud forby at nokon ungar i vår generasjon skulle finne på det same.
    Og kven tenker på gåsa? Kva meinte den om å bli brukt på denne måten? Å late ei einsleg gås flyge rundt på denne måten strir på alle måtar med gjess sitt flokkinstinkt. Det har antakeleg også klødd når Nils Holgersson sat på ryggen hennar. Kanskje var det tungt også. Gjjess er trass alt ikkje ridedyr. Historia oppfordrar på alle måtar til uansvarleg flygeadferd og dyreplageri.

Vi har prinsessa som kyssa ein frosk. Kysser ein froskar, må ein nær vatn, og kjem ein nær vatn kan ein falle uti. Desse froskekyssande eventyra kan i beste fall føre til fleire drukningsulukker. Og kva veit vel vi om korvidt froskar eigentleg likar å bli kyssa, eller om dei føler det som eit overgrep? Kan eventyret føre til overgrep mot og mishandling av frosk? Froskar er skjøre dyr som ikkje tåler å bli handtert altfor hardt.

For ikkje å snakke om den lovbrytaren av ei prinsesse som gifte seg med Kvitebjørn Kong Valemon. Det er, om ein skal følge norsk lov, ikkje lov å ha seksuell omgang med dyr. Eg viser til Dyrevelferdsloven paragraf 14c. Og kva slags førebilete er denne prinsessa for småjenter i prinsessekjolar? Eit dårleg, openbart.

Vi må også ta føre oss Smørbukk. Han skiftar, i likheit med mange andre eventyrfigurar, aldri klede, og går i den same gensaren dag ut og dag inn, for ikkje å snakke om i årevis. Ein bør i det minste legge inn nokre scener der Smørbukk dusjar og vaskar gensaren, eventuelt byter genser og viser publikum at han har fleire like gensarar i skapet. Ellers kan han framstå som eit uhygienisk førebilete for barn, og vi vil trass ikkje fostre opp ein generasjon stinkande ungar i mariusgensar. Der går visse grenser.

Vidare må vi ta eit oppgjer med Askeladden. Så mykje som han sit i grua, må han til slutt få kols. Og kva skal han få så mange pene damer etter, han som ikkje jobbar? Askeladden kan faktisk føre til meir naving. Og kva med dette at han skjer hol i sekken sin når han kappet med trollet? Tenk om nokon ungar prøver å gjere det same for å få plass til meir graut. Dessutan lurer han trollet til å skjere hol i sin mage også. Han beint fram lurer det dumme trollet til å ta livet av seg sjølv. Og vi kan også, om vi skal vere nøyaktige her, spørre oss om det er korrekt å stigmatisere troll som dumme, all den tid ingen nokonsinne har fått tak på eit troll og teke seg tid til å dokumentere påstanden. I mellomtida kan vi kanskje kutte ut desse eventyra om troll. Veit vi at dei finst, liksom?

Naturvitenskapen har trass alt teke nokre steg framover sidan Asbjørnsen og Moe tusla rundt på vegane, dusja sjelden og sikkert drakk for mykje øl. Drog med seg farlege sjukdomar frå hus til hus gjorde dei nok også. Kanskje kneip dei bondekonene i baken. Her er det mange oppgjer vi må ta.

Bjørnstjerne Bjørsons Synnøve Solbakken er høgreekstremt voldsepos med skadeleg moral: dei mest voldelege gutta med flest knivstikk får dei penaste damene. Galskap, liksom. Ut av skulen med det.

Skal denne “alt er skadelig-trenden” halde fram, blir vår tids barnefortellingar og eventyr om personar utan kjønn og meiningar som sit fastspent med setebelte på eit sterilt golv utan å ta på kvarandre medan dei et salat med plastskei. Kniv og gaffel kan trass alt brukast som våpen. Skei kan brukast som sprettert, men så lenge karakterane kun et salatblad, går det antakeleg bra til slutt.

Legg til slutt til at eg sjølvsagt er sjokkert. Djupt sjokkert. Nokon må ta eit oppgjer, og det antageleg raskt. Kva dei må ta eit oppgjer med, er for dei fleste etterkvart openbart.

Anne Viken
journalist og barnebokforfattar

5. jan. 2013

3. jan. 2013

Food Inc - sjå filmen gratis.

Som ei dame i Food Inc seier: ho har dårleg samvit for å gi maten til ungane sine. Det har eg også tenkt på. Korleis kan folk med godt samvit servere ungane sine slik mat? Folk flest er etterkvart klar over produksjonsforholda, også i Norge.  


Når forbrukar går på butikken og handlar, stemmer han på produkt. Vel han industrikylling, stemmer han på dårleg dyrevelferd og tvilsame produksjonsforhold. Produkt som får mange stemmer, vil ein halde fram å tilby.

Store delar av forbrukarsegmentet i dag er så godt opplyste at dei kan ansvarleggjerast for kva produkt dei vel å kjøpe.

Vi har same problemstilling i Norge som det filmen viser: industrien ønsker ikkje å informere forbruker om produksjonsforhold. Det er eit fint gardin mellom forbruker og industri. Dette består av reklame og storytelling. Vi produserer ikkje mat slik idag som vi gjorde før industrilandbruket, men det er dei same bileta og imaget som blir nytta om bønder og produksjonsformer: natur, beite.

Sjå filmen. Her er det ein bonde som har baller tli å stå fram og fortelle om realiteten i kyllingproduksjon, og denne er ikkje mykje annleis i Norge. Kyllingane klarer knapt gå. Mange dør. Antibiotika i maten. Det er samme opplegget som vi har i Norge.


Watch Food Inc HD 720p in Activism & Non-Profit  |  View More Free Videos Online at Veoh.com