2. nov. 2012

Nynorsk er kjempelett, seier bokmålselevar som har lese Elise og mysteriet med dei døde hestane

No er det over to månader sidan barneboka kom ut, og det eg synest er ekstra gøy, er tilbakemeldingane frå lesarar i bokmålsområder.

Idag fekk eg ein epost frå ein bestefar som fortel at barnebarnet, som er bokmålselev og ingen lesehest, har lese boka i ein fei, blitt kjempebegeistra, skrive om den i sidemål og fått 5! Det er kjempemoro.

Andre tilbakemeldingar går på at nynorsken i Elise og mysteriet med dei døde hestane er veldig enkel. For å dra eit direkte sitat: "Men nynorsk er jo ikkje det minste vanskelig!!" Sitat, bokmålsbarn.

Så nynorsk er ikkje det minste vanskeleg, om ein får ei bok ein liker på eit lett språk. For språket i Elise-boka er eit enkelt språk, uten vanskelege ord og vendingar, ribba for det ein måtte tenke på som arkaiske vendingar. Det er plain, enkel, rett fram nynorsk slik eg liker å ha den sjølv.

Så kom igjen, bokmålsfolk og lærarar som underviser i sidemål. Elise og mysteriet med dei døde hestane er lett å lese, sjølv om den er på nynorsk! Og det er ei spenningsbok. Veldig spennande, om ein skal tru lesarane, både ungar og vaksne.

Vi har også eit program for skuleelvar. Der viser eg bilete frå dyrlegepraksis og fortel, i kombi med å snakke om boka og lese. Sidan eg er både dyrlege og forfattar kan eg snakke om begge deler!

Biletet viser meg på boksignering i Førde. Det blir ei signering til i Førde fram mot jul i desember, ein av dei to siste lørdagane før jul.


Her viser eg og pratar om høner for publikum på Fosseheimen Naturpark på Viksdalen. Og les frå boka. Dette skal vi gjenta på Skjerjehamn sin julemarknad 10.-11.november. Kom kom! Samt på Fosseheimen søndag 9.desember på julemarknad.


Her er frå Nynorske Litteraturdagar i år. Der viste eg foto frå dyrlegepraksis, las og fortalde for ungar og vaksne. Dette foto er oppstilt i ettertid. Same program skal vi køyre for skuleklassar framover. Boka er innkjøpt som klassesett, blant anna, og det er veldig gøy at fleire skular nyttar den i høgtlesing.


Og boka har også faktisk solgt. Sel den stort meir no, er det snart utsolgt førsteopplag! Les sak i Firda. Og det er ein bra ting. Les les! og send meg gjerne ein epost. Eg synest det er kjempegøy med ris og ros frå publikum viken.anne att gmail.com Lærarar kan også ta kontakt om dei ønsker meir informasjon!