31. okt. 2012

Skap nynorsk leselyst med hest i undervisninga


Elise og mysteriet med dei døde hestane er landets einaste hestebok på nynorsk. Det har eg tenkt på mange gonger. Hestejenter les jo masse bøker om hest. Men alle hestebøker er på bokmål.

Tips til lærarar som underviser i nynorsk som sidemål:

Kvifor ikkje bruke ei hestebok som nynorsk i undervisningen av elevar med nynorsk som sidemål? 

Mange lærarar strevar med å lære elevane sine nynorsk som sidemål. Kvifor ikkje lære dei nynorsk med ei hestebok? Det er langt meir lystbetont å lese om noko ein er interessert i, enn å lese om Ivar Aasen, eller ein eller anna roman ein på død og liv må gjennom.

Elise er innkjøpt som klasssett ved nokre skular no, og eg meiner, ja sjølvsagt meiner eg det, det er jo eg som har skrive boka, men at ein må gripe fatt i dei muligheter som finst for å få elevane til å lese. Og då gjerne også lese nynorsk. Og gjerne om hestar.

Elise er først og fremst ei spenningsbok, men det er også ei hestebok, og ei nynorskbok. Og hest på nynorsk kan skape leselyst, også for bokmålselevar.

Har fått tilbakemeldingar frå ungar med bokmål som hovedmål som seier at boka er veldig lett å lese, og at nynorsk ikkje er vanskeleg i det heile.

Det kan kanskje skuldast at eg ba om ein korrektur og språkvask som var "enkel", og bokmålsnær. Manus er ribba for ord og uttrykk som er uforståelege for ein bokmålselev. Dessutan følger det den nye nynorsknorma. Manus er skrive på ein enkel nynorsk som for meg føles naturleg, og som også er veldig lett å lese, sjølv for ein bokmålselev.

Hest på nynorsk kan skape leselyst. Det er ikkje vitsi å snakke om kor vanskeleg nynorsk er, og at det er problematisk å lære elevane språket. Bruk heller dei muligheter som finst. Dette er ein mulighet.