22. okt. 2012

Hos Karina bur slottskaninar, bestemorhøner og pensjonerte sofagrisar.

I Fosseheimen Naturpark på Viksdalen i Sogn og Fjordane bur det hestar, lama, høner, kalkunar, hundar, grisar og kanin. Det er Karina og Ståle Hetle som driv garden. Alle som vil kan kome og helse på dyra når dei har open gard i helgene. Karina tek seg av mange dyr som andre ikkje vil eller kan ha lenger.

Grisen som måtte lære og bli gris.

Eit av desse dyra er den kanadiske grisen Pomba. Pomba er ein liten svart gris på snart to år. Han har vore hos Karina i nesten eit år. Før Pomba kom til Karina var han husgris.

Artikkelen er trykt i siste utgåve av Norsk Barneblad.


Då Pomba var åtte veker, flytta han inn i leiligheten til ei dame som ikkje ville ha hund, men gris. Pomba vart storbygris, sov på sofaen og var ein ekte stovegris. Dama var veldig oppteken av at Pomba ikkje skulle bli svinaktig feit, så ho gav han lite mat. Pomba var alltid svolten, og fordi Pomba var svolten, laga han leven. Han leita etter mat i søpla og blei etterkvart ganske slitsom å ha i hus. 

Ein dag drog dama på ferie og far hennar passa Pomba. Det gjekk ikkje så bra. Ein dag kom far hennar til Fosseheimen på besøk til Karina. Han vart så begeistra at han spurde Karina om ho kunne adoptere Pomba. Etter å ha tenkt seg godt om, sa Karina ja. Pomba kom til gards, men fordi Pomba hadde vore sofagris sidan han var liten, skjønte han ikkje at han var gris. Pomba fekk sjokk då han såg dei to andre grisane på garden, skreik høgt og sprang beint gjennom gjerdet. Etterpå sprang han rett inn i huset og la seg i sofaen.
Då forstod Karina at Pomba måtte lære å bli gris. Karina stengde alle grisene sine inne i eit grisehus, og Pomba skreik så høgt at naboane ringde og trudde han var sjuk. Ein kveld sneik Karina seg inn og såg ned ei luke i taket over grisehuset. Då såg ho at Pomba sov oppå dei to andre grisene på ekte grisevis. Då skjønte Karina at Pomba hadde lært at han var gris. Etter dette fekk Pomba gå ute på beite ilag med dei andre grisene. No lever han eit ekte griseliv med eige grisehus.


Vil du lese meir om dei andre dyra på Fosseheimen, les siste nummer av Norsk Barneblad. Det er forresten ein glimrande julegaveide! Veldig bra barneblad på nynorsk, og eg skriv mange saker for dei i tida framover. Det er kjekt, for da eg var liten, las eg alltid Norsk Barneblad sjølv!