14. jun. 2012

Bløff om burhøns


Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur.

”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider).

Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012.

Den stolte hane bløffar også om bur.


Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura vil nemleg også ha seg frabedt at nokon kallar eit bur for eit bur. I august 2008 skriv Nortura artikkelen «Burhøner – snart en saga blott!» medropeteikn på sine websider.



Her seier informasjonsdirektør i Nortura, Nina Sundquist: «- Fra 1. januar 2012 vil ingen norske høner legge egg i de gamle, nakne og tradisjonelle burene. Å bruke bur-benevnelse gir derfor gale assosiasjoner mens miljøinnredninger er en mer dekkende betegnelse som forbrukerinformasjon.»



Men vi treng ikkje forhalde oss til Nortura og Fjørfelagets nytale. Klikkar ein seg inn på nettsida til Fjørfesystemer, kan ein sjå heile biletseriar av bura som visstnok ikkje er bur. Igjen skal ein slite rimeleg tungt med svekka syn for å tru på at dette ikkje er bur. Eg har på min blogg tilbode meg å betale ein synssjekk forleiar i fjørfelaget David Koht-Norbye.



Lat oss gå litt tilbake i historia. I 2007 anbefalte Mattilsynet at ein ikkje gjekk inn for forbod mot såkalla tradisjonelle bur i Norge. Kven var det som jubla då? Jo, du gjetta rett. Det var Norsk Fjørfelag: – Mattilsynets konklusjon er en viktig seier for fornuften og for næringen, sa David Koht-Norbye, nyvalgt leder iNorsk Fjørfelag til Nationen.



Fornuften til Koht-Norbye tilsa altså at tradisjonelle bur var det beste for norske fjørfe. Den same fjørfeleiaren gjekk i 2012 ut og sa dette: «– Moderne produksjonsformer som miljøinnredning og frittgående systemer, gjør dyrevelferden for norske høns betraktelig bedre enn den var med de gamle, nakne burene». (Kilde:Animalias nettside).



Det har altså gått opp eit motvillig lys for Koht-Norbye. Først tilsa fornuften at gamle, nakne bur var best, no seier den same leiaren at dei nye bura er betraktleg betre. På same tid er han sinna fordi næringen har investert ei bråte med pengar, og fordi folk framleis ser at bur er bur. Kanskje ikkje så rart. Næringa har no investert millionar av kroner i ombygging, og framleis omtaler Rema 1000 bur som bur. Poenget for Fjørfelaget er altså ikkje auka dyrevelferd, men at dei vil ha noko att for investeringane i form av eit betra omdøme. Når dei har brukt masse pengar, ønsker dei seg at vi forbrukarar skal klappe og vere med på spøken om at bur ikkje er bur. Beklager, men i år 2012 vi god tilgang til både briller og kontaktlinser.



Fjørfenæringa har eit omdømeproblem. Dei har behov for å profilere seg positivt. Eit av desse grepa er å bløffe forbrukarane. Takknemleg nok har næringa sjølv lagt ut videoar og bilete som solid dokumenterer at bur framleis er i bruk for verpehøns i Norge.