12. jun. 2012

Bondelaget bløffar om antibiotika i kyllingfôr


Brita Skallerud frå Norges Bondelag benektar i lesarbrevet “Faktafeil om norsk matproduksjon” i Dagbladet 3.juni at norske kyllingar får antibiotika i fôret. Det er rart at 2.nestleiar i Norges Bondelag ikkje er klar over dette.


Lesarbrevet Skallerud svarte på var Det er ein grunn til at mat vert billeg, Dagbladet 22.mai 2012. Lesarbrevet til Skallerud ligg, meg bekjent, ikkje på web.


Lat oss kikke på fakta: Norske standard slaktekyllingar blant anna blir gitt Narasin i fôret. Narasin er eit ionofor-polyeter antibiotika, også omtalt som koksidiostatika. At Skallerud ikkje er klar over dette, er underleg. At ho ønsker å benekte det, er interessant. Å hevde at narasin ikkje er antibiotika er bortforklaring eller mangel på medisinsk kunnskap. Sjølv EUs vitenskapskomté for mattrygghet har vurdert det som antibiotika. 

Dette skriv komiteen:

OPINION OF THE COMMITTEE: Narasin is a polyether ionophore antibiotic."


Ein kan ta seg i å lure på om Bondelagets 2.nesteleiar virkelig er så desorientert eller om ho kort sagt ikkje kan stå inne for antibiotikabruken i norsk fjørfehald og ergo benektar denne.

Nortura skriv om Narasin-bruken på sine websider, men denne informasjonen har tydelegvis ikkje nådd Skallerud.


At Skallerud i år 2012 i sitt lesearbrev vidare påstår at antibiotikumet ikkje kan settast i samanheng med resistens, er mildt sagt underleg då resistensproblematikken er ein av dei mest openbare tema for diskusjon rundt korvidt denne typen antibiotika skal anvendast i norsk kyllingproduksjon. Ho skriv også at koksidiostatika forebygger parasittinfeksjon og virker ikkje vere klar over at Narasin også virker mot bakterier. 


Skallerud trekk også fram den gjennomsnittlege transportdødeligheten på norske kyllingtransportar, 0,16 prosent utan å oppgi kilde. Talet stemmer, ifølge rapporten Kjøttets tilstand 2011 utgitt av Animalia, men det er interessant å sjå at Bondelaget bagatelliserer det faktum at Nortura beviseleg køyrer transportar der hundrevis av kyllingar frys ihel ved å omtale mine eksempel som “ulykker”.


Nei, Skallerud. Eg forstår at det smerter deg når denne typen informasjon om det bondeeigde samvirket Nortura kjem fram i media, men det er ikkje ulykker eg omtaler. Det handlar om ein gjennomgåande dårleg standard på bilar, så lat meg forklare det heilt enkelt: Dei høge dødstala i kalde og varme periodar er konsekvensane av ein del slakteritransporter i kalde periodar av året ikkje har godt nok utstyr til å halde høge nok temperaturar i bilane, noko som resulterer i at kyllingar frys ihel. Ergo vil ein på transportar i slike periodar kome opp i fleire hundre døde kyllingar, medan ein i periodar med mindre ekstreme temperaturar, er nede i færre.


Andre deler av året er det for varmt, og viftesystema i bilane for dårlege, slik at kyllingane blir kvalt av oksygenmangel. Igjen stig dødstala. Snittdødeligheten låg ut, men tala skjuler høge toppar i periodar. Skallerud bør sette seg inn i ei rekke heilt enkle fakta, eventuelt slutte med å benkekte virkeligheten. At ho bagatelliserer denne typen fjørfetransportar og benektar antibiotikabruk,, seier oss dessverre mykje om haldningane i Bondelaget og bondesamvirka.

Dette lesarbrevet står på trykk i Dagbladet 13.juni 2012.


Anne Viken, veterinær.