10. jun. 2012

Mitt nye image som barnebokforfattar

Jammen på tide å ta litt pressefotos for barneboka som kjem til høsten: Elise og mysteriet med dei døde hestane, basert på myter, overtru og ikkje minst: livet i ein ekte veterinærpraksis! Eg er ikkje direkte van med å posere for ein fotograf. Greit nok, har blitt intervjua diverse gonger av diverse medier og har vore eit antal gonger på Dagsnytt atten og andre program, men å stå og glise framfor kamera i mange timar er ikkje heilt min disiplin. Helst liker eg å bli tatt bilete av frå sida, som dette, men å glise direkte mot kamera, iført altfor lite klede tatt vêret i betraktning, er ikkje direkte helsefremmande, trass svært artig og kjekk fotograf. Uansett, resultatet var omtrent slik. Dette er altså mitt image som barnebokforfattar.


Foto: Tove Breistein for Samlaget. 

Og ja, eg er dønn seriøs når det kjem til å skrive barnebøker. Har studert barne- og ungdomsbøker over lang tid, med sikte på sjølv å bli barnebokforfattar, og tenker ikkje gi meg med denne boka.

Litt av poenget med å skriv barnebok er a) at det er gøy. Eg er utruleg fascinert av barnebøker og har lese ei heil bråte. b) at det trengs gode barnebøker med innhald og stories. Lesetips: nett no les eg Eld, fortsettelsen på svenske Cirkeln, på norsk: Sirkelen. Anbefales. God pageturner. Mitt poeng er at bøker skal vere tilgjengelege, gi lesaren ein good read.

Min hovedperson: Elise, tretten år. Fantastisk dame. Ein helt og ein antihelt som eg blir stadig meir begeistra for jo betre eg blei kjend med henne. Ho tørr å satse, og tørr å feile. Ein karakter som stadig framtrer meir levande med sitt mot til å prøve og feile, sitt mot til å utsette seg for uforutsette farar og utfordringar, ofte utan sjølv å vite kva ho gjer og kva konsekvensar dette kan ha. 

På sikt håper eg de får stifte bekjentskap med fleire av Elise sine erfaringar. Men først: Elise og mysteriet med dei døde hestane. Første bok frå ein ekte hesteveteriærpraksis for barn. Masse å lære, tett på real life.

Litterære inspirasjonskilder er Trygve Gulbranssens trilogi om folket på Bjørndal: Bakom synger skogene, Det blåser fra Daudingfjell og Ingen vei går utenom, samt Gøsta Berlings saga av Selma Lagerløf, pluss ei rekke ulve- og bjørnesoger frå lokale bibliotek i Sunnfjord. Og sjølvsagt: livet i ein ekte veterinærpraksis!