6. jun. 2012

To romanar: fantastisk klokskap og statusjagande ektepar

Tilbaka til henne. Sara Lövestam, Piratforlaget. 

Kort sagt fantastisk bra bok som gjerne skulle ha vore tre gonger så lang, sjølv om den alt er på 580 sider. Kom ut på svensk i slutten av mars og skriven av Sara Lövestam, ein ung svensk forfattar det er verdt å følge med på. Dette er ein slik roman det går lang, lang tid mellom kvar gong du kjem over. Eit skikkelig litterært funn.

Handlinga vekslar mellom notid og perioden 1906-1919, mellom vår tids Hanna og den tids Signe, skulefrøken i Tierpe utanfor Stockholm. Det er fascinerande og truverdige skjebnesskildringar, ingen happy ending, men real life ending. Livet smerter oss, men vi kan leve vidare likevel. Det som gjer sterkast inntrykk er relasjonane og korleis relasjonar blir oppløyste og ødelagt, erstatta av nye. Relasjonar som ein kanskje trudde skulle vare evig, som går i knas og mister sin relevans, men som likevel kan prege eit heilt liv, sjølv etter at dei er over.



Jag skulle aldrig ljua för dig, Moa Herngren, Wahlström Widstrand, mars 2012.

Dette er ein litt mindre fascinerande roman, men den er bra likevel. Boka handlar om ei kvinne som er gift, har tre barn og ein mann. Ho har ein vellukka fasade og strekker seg langt for å framstå som den perfekte mor og kone. Dette framstår som det ultimat kjedelige livet, og det tek då også knekken på vår hovedperson som sakte går til grunne personleg for så å realisere seg att etter skillsmissa. Ho gjer ei rekke idiotiske ting, men har ikkje vett og forstand til å sjå det sjølv. Sjølvinnsikt burde delast ut gratis på alle gatehjørner for å unngå at folk lever livet sitt på #dettaviset.

Litt sånn klassisk: ekteskapet og ungane, pluss den perfekte fasaden, er eigentleg eit mareritt. Eller litt sånn: boka gir fingern til den perfekte fasaden, skreller den inn til beinet, ler og seier: patetisk. Kva er poenget med fasaden eigentleg? Er folk, slik som vår hovedpersonn her, så tette i pappen at dei bygger statusen sin på fasade, inntekt og rolla som perfekt mor? Ja, mange gjer nok det sjølv om desse for meg er ukjent mark.

Det er noko stakkarsleg over dette ekteparet. Han med sin påtagne raddisstil: miljø og klima, redde verden, som er dårleg gjennomført, ikkje i nærheten av ein ekte raddis. Eventuelt er han meint å vere ein wanna be, eventuelt kjenner ikkje forfattaren til denne typen folk. Vår hovedperson, på si side, sit med si barnslege tru på at ho kan greie absolutt alt på ein gong. Det er eit høgt utdanna, men lite refektert ektepar vi møter her. Utan sjølvinnsikt for fem øre, utan evne til å kommunisere og utan evne til å ta grep om eigne liv. Er dette normalt? Da er det i alle tilfeller ikkje rart vi har mange skilsmisser i #dettalandet. Dette er iallefall ei bok som til fulle viser fram eit patetisk karriereektepar som sjølv i godt vaksen alder framleis er heilt ute av touch med virkeligheten og eigne liv. Ikkje alle er kloke, og denne måten å leve på, er vansinne, som ein seier på svensk. A good bad read.