4. jun. 2012

Den stolte hane bløffer om bur

Den stolte hane påstår dei ikkje sel egg frå høner i bur. Dette er ein bløff.



Kikk på bura, som Den stolte hane omtaler som "ikkje eit bur":



Jepp, som du ser er dette ein real forbrukerbløff frå Den stolte hane si side.


For fleire fotos av bur som visstnok ikkje er bur, klikk her.

Kikk også på videoer av bura og bedøm sjølv om Den stolte hane bløffer oss om bur eller ei.

Cardinal Foods, som eig Den stolte hane, skriv i sin årsrapport for 2009: "Vi er godt tilpasset morgendagens krav til produksjon og som eksempel har våre produsenter av egg allerede tilpasset seg forbudet mot burhøns som vil komme i 2012."

Nei, kjære Cardinal Foods. Det er ikkje eit forbod mot burhøns, men eit forbod mot den gamle typen bur som har tredt i kraft. De bløffer forbruker. Lat oss sjekke kva Mattilsynet seier om saken: "Forbud mot bruk av tradisjonelle bur til verpehøns fra 1. januar 2012". Dei seier ingenting om forbod mot bur. Det er det Den stolte hane som har funne på sjølv i si jakt på forbrukarens gunst. Det er rett og slett ein bløff.

Egg frå Den stolte hane kjem også frå høns i bur.