7. apr. 2012

Tabloidmediene jagar lesarar over i nisjemedier


Ved å vere populistiske og overflatiske, jagar tabloidene høgt utdanna lesarar over i nisjemedier og halvoffentligheter.

Vi treng ei sosialt inkluderande offentlighet, og det er ingen grunn til å tru at dette inneber ein vulgær og uinformert debatt i eit land med eit så høgt utdanningsnivå som Norge, står det i innleiinga til antologien Demokratiet før og nå som kom ut i august.
Tar vi eit kjapt blikk på dagens medieoffentlighet, ser vi at påstanden er naiv. Eit eksempel på ei sak som har skapt myke liv i pressa siste vekene er saka om Trond Giskes sjåfør som køyrde i 140 kilometer i timen i 100-sona.

Utdanning polariserer

Eg er ikkje ein av dei som påstår at alt var betre før, og fekk, då eg kritiserte Dagbladets Tjostolv Moland-framside «Se hvor syk han er» på Ikveld på NRK2, høyre at eg var «for ung til å vite korleis ting var før». Men ein treng verken bli eldre eller samanlikne bakover for å sjå at det sirkulerer ei mengde banale nyhendesaker i dag.
På samt tid er eit faktum at det norske folk, og ergo også journalistar, har høgare utdanningsnivå enn før. Det underlige er at dette ikkje avspeglar seg i nyhendebildet. Kanskje avspeglar det seg i opplagstala. Nisjemedier aukar, medan dei landsdekkande tabloidene går ned. Utdanningsnivået speglar seg uansett i den politiske høgre-venstre polariseringa i Danmark. (Eit liknande studie er ikkje utført i Norge).

Utdanningskløft

I «The Education Cleavage: The Socio-Structural Foundations of Culture Wars» (Utdanningskløfta: det sosiostruktruelle grunnlaget for kulturkrigar) peikar den danske professoren Rune Stubhager ved Universitetet i Aarhus, på korleis grupper med høg versus grupper med låg utdanning i Danmark identifiserar seg med andre som tilhøyrer same gruppe og utdanningssjikt. Samtidig opplever dei konflikt med grupper med eit anna utdanningsnivå.
På kvar si side av utdanningskløfta ser ein at folk med høg versus folk med låg utdanning inntar motsatte posisjonar i typisk kulturkrigsaker, som immigrasjon. Dei med låg utdanning plasserer seg på høgre fløy, og dei med høg på venstre. Stubhager peikar på at ei utdanningskløft er i ferd med å erstatte dei forvitrande klasseskillelinjene.

Høgt og lågt utdanna lesarar

Denne utdanningskløfta kan tenkast å spegle seg i ei todeling av medias høgt- og lågt utdanna lesarar og lyttarar. Ei vulgariseringa av tabloidmediene i stadig meir forenkla og populistisk retning bidreg til å dyrke fram ei deling eller polarisering av offentligheten der «elitane» (eg liker ikkje ordet «elite», men det er illustrerande for poenget) forlet tabloidmediene og lagar seg eigne heil- og halvoffentligheter der dei kan bruke dei orda dei ønsker og snakke så lenge dei vil.

Dette gir ei deling i offentligheter, og i sin tur deling av lesarane. Til nisjemedier som Klassekampen, Morgenbladet og Dagens Næringsliv, debattmøter og tenketankar flyktar «elitane» med høgare utdanning som ikkje er så opptatt av kosereportasjer om Jenny Skavlan sleikar is av Maria Skappel.

Her kan dei lese saker og debattere med kvarandre i fred, medan «folk flest» blir «underhaldne» med saker av typen «Giskes sjåfør» i vekesvis gjennom tabloidmediene utan ein gong å kjenne til kvar elitane held seg, om ein ser bort frå at dei held seg i bilbakseter. Slik held ein folk med sirkus og brød (bygger opp under politikarhat: fæle politikarar som hevar seg over lova, samt følelsen av avstand: politikarar gjer som dei vil medan vi må følge lova), og grev i grøfta mellom «elitar» og «folk».

Stubhager viser at dei med lite utdanning i større grad enn dei med høg utdanning var skeptiske til den andre gruppa. Jo mindre ein kan identifisere seg med dei som sit på makta, jo større blir mistrua, og jo større blir avstanden og følelsen av «oss» og «dei».

Trash versus nisje

Demokratiets oppgave er å fordele makt til dei som ikkje har det, men ved å servere trash til «folk flest» og nisje og nettverk til «makteliten», står ein i fare for å utvikle og underbygge sterke «klasseskiller» blant lesarane. Polariseringa av samfunnet aukar, ikkje som klasseskiller men som «intellektuelle utdanningsskiller». Og ironisk nok: bak både trash og nisje står dei høgt utdanna.

Trashmediene serverer trash om Giskes sjåfør, medan dei chattar med Giskes venner på twitter. Dei bryr seg ikkje om fartsbøter. Dei byter sjåfør.