7. mar. 2012

Kjære bønder. Vil de ha folkets støtte også om ti år? Om hersketeknikkar i landbruksdebatten.

Ein ting eg har tenkt på, er kor defansive mange bønder er i debatt. Det er personangrep dei bruker, og harselas, når dei skal imøtegå kritiske innspel. Dette er ein dårleg strategi. Det bør bønder tenke litt på.

Så kjære bønder. Keep your friends close, and your enemies closer. De har støtte i folket idag, vil de ha det også om ti år? Tenk over det, grundig. Debatter og ordlegg dykk så i tråd med konklusjonen de kjem fram til.

Eit argument eg stadig møter på når eg skriv om landbruk og dyrehald, er at eg har ikkje peiling på kva eg skriver om. Det hagler med personangrep, karakterestikker av meg og så og sei ingen saklege tilsvar, utenom harselas, frå bønder. Det finst nokre få bønder som greier svare meg sakleg, resten vrir seg i personangrep.

For kva kan vel eg vite om dyr? Akademiker (veterinær). Eg har trass alt ikkje vore bonde i førti år, har heller ikkje levd i førti år, og er dum som eit brød, sånn for det meste. Å vere veterinær er for dårleg. Ein må grave i jorda, helst med spade, på konkursens rand. Ein bonde forstår kvifor andre bønder har skitne kyr og ein bonde vil også vise forståelse for feil og manglar i fjørfenæringane. Stakkars fjørfeolk, dei har no så dårleg råd! Det er då ikkje rart det blir ei masse feil og manglar der, døde dyr og så vidare. Tråputeskader er berre koseleg, ja det må vi forsvare. Ja sånt ser no vi over alt. Ja det er ein vane, sånn er det. Dei som ikkje syns at litt sjuke og døde dyr er greit, som er sjuke og døde fordi vi bønder ikkje alltid gjer jobben vår, dei er patetiske dumme dyrevernarar utan vettet i behald som tjener for masse pengar og driv med uviktige ting og har tåpelege altfor lange utdanningar.

Men kjære dåke som driv desse personangrepa. Ein treng ikkje vere bonde i førti år for å vite noko om verken dyrehald eller landbruk. Ofte virker det vere nettopp ein fordel å mangle denne erfaringen då den virkar ligge som ei tett tåkesky over horisonten.

Sjekk denne linken og sjå videoen som følger med. Les også saken under videoen. Og ja, ganske riktig. Du vil finne eit sitat i teksten der bonden bortforklarer sitt dårlege dyrehald utfrå at dei som kritiserer han ikkje veit kva dei snakker om. Dei har nemlig ikkje vore bonde i tretti år, slik som han har. Difor er dei tette i pappen og totalt ute av funksjon som kan påpeike at det ikkje er bra at kyr står i ein meter rennemøkk.

Men kjære dåke. Er dette slikt bønder forsvarar? Ja, det er visst det. Så lenge det er andre enn bønder sjølv som påpeiker. Og slik kan vi halde fram.

Lat oss sjå på pelsdyrdebatten. Ingen som ikkje sjølv er pelsbonde, kan meine noko om pels. Då er vedkomande tett i pappen, dum, blond, har ingen erfaring frå gard, har ingen kompetanse, har ein agenda, er hjernevaska, lurt og burde kanskje vore avliva. Ja, slik går argumenta. Les berre her. Alle har rett til å meine noko om pels. Sjølvsagt, ei næring som mottek støtte frå den norske stat, har sin base i eit demokrati og må tåle at vi som medlemmer i dette demokratiet, litt banalt sagt, meiner noko om det dei driv med. Viss dette ikkje kan tåles, ja då må dei flytte til eit diktatur. Kanskje Kina passer godt for pels?

Så altså: lat oss ha det klart for oss: vi som ikkje har vore bonde i mange tiår, vi kan ingenting. Vi er dumme, blonde, for unge, for høgt utdanna og så vidare. Og når det er denne retorikken bønder møter folk med, så kan ein jo forstå at dei taper både sympati og støttespelarar.

Dei skal ha penga våre, støtta vår over statsbudsjettet, men meiner vi noko om det dei gjer, ja då er vi idiotar alle mann. Vi veit ingenting om kva vi snakkar om.

Men kjære dåke, ifølge den logikken så kan vi heller ikkje støtte dykk. Ei næring vi ikkje har lov å meine noko om, kan vi ikkje støtte via eit statleg, demokratisk fundert statsbudsjett.

Dette er då openbart? Så kanskje landbruket like greit kan sei frå seg statsstøtta då, om dei ikkje tåler demokratiet, om dei ikkje har anna å snakke om enn harselas og personangrep. Ja, det syns eg ikkje er så dumt i grunn. Dei må iallefall fråsei seg vår sympati. Vi idiotar som ikkje kan noko om landbruk vi har våre eigne jobbar, tjener fett og bruker masse tid, som er heilt bortkasta, på eit universitet. Så kva skal vel vi med bønder etter?

Eg er sanneleg ikkje sikker lenger. Makan til usympatiske, dårleg formulerte debattantar skal iallefall eg leite lenge etter. Men ein ting er eg sikker på: om eg sjølv når eg er dobbelt så gamal som eg er no, er halvparten så banal og fordomsfull som dei bitre, sure bøndene som harselerere med meg er, ja då håper eg noko seier ifrå.

Men eg trur ikkje faren er stor.For klokskap og innsikt er eit mål, og det bør det vere, også for bønder i sin eigen landbruksdebatt, sjølv om eg forstår at det er hardt i krisetider.

Så kjære bønder. Keep your friends close, and your enemies closer. De har støtte i folket idag, vil de ha det også om ti år? Tenk over det, grundig. Debatter så i tråd med konklusjonen de kjem fram til.