6. mar. 2012

Holdningar som problem i husdyrproduksjon.

Ein del mennesker som held dyr, slår desse dyra. Ein del mennesker som jobbar i slakteri, slår også dyra. Dei overdriv bruken av strømførande jageredskaper og dei skrik og bråkar.

Dette er eit haldningsproblem.

Mykje mishald av husdyr skuldast dårlege haldningar hos bonden. Han bryr seg ikkje. Mange av funna i rapporten om fjørfe som vart lagt fram av Mattilsynet for ei tid sidan, skuldast dårlege haldningar hos fjørfebøndene. Ikkje dårleg økonomi.

Uforsvarlege transportar som transporterer kyllingar fram til slakteri, er godkjent av Mattilsynet. Kva slags haldningar har Mattilsynet som godkjenner desse dyretransportane, der kyllingar frys ihjel på vegen til slakteriet? Og kva slags haldningar har Nortura som held fram med å bruke bilane? Og kva slags haldningar har sjåføren som køyrer den?

Økonomi blir ofte trekt fram som ein forklaringsfaktor, men dårleg økonomi er langt frå alltid forklaringa når pelsdyr sit i skitne bur eller kyllingar er mishaldne. Det er haldningar det går på oftast.

Denne filmen er eit eksempel på dårlege haldningar. Personalet slår dyra umotivert. Det er ein ganske stygg film, og den er frå England, men dette foregår også i Norge.

Ein gong eg var på slaktehus, kasta ansatte sauer/ lam gjennom lufta frå høgt til lågt punkt. Enkelte sauer vart transportert opp ned opp til bedøving og avliving. Det var ingen økonomiske drivkrefter bak desse handlingane. Det var dårlege haldningar. Det høyrer med til historia at mennene koste seg medan dei kasta sauer. Dei lo høgt.

Dagens strek

Trykk på bileta så blir dei store.