2. feb. 2012

Skal eg dumpe nynorsk som skiftspråk, Kristin Halvorsen?

   Er det dette Kristin Halvorsen ønsker seg, eller er det berre ein utilsikta praktisk konsekvens av hennar utspel om å tone ned fokus på sidemål i skulen?

Lat oss ta det openbare først. Eg som nynorskbrukar er ikkje interessert i å publisere på eit språk folk ikkje beherskar. Eg er ikkje interessert i å nytte eit språk folk ikkje treng lære seg.
    For meg er ikkje språket eit mål i seg sjølv. Det er eit middel for kommunikasjon. Skal ein formidle må ein ha eit språk som fungerer.

Om no fokuset på nynorsk skal tonast ned i skulen, må ein tenke seg godt om. Skal ein gi ut bøker på nynorsk, på eit språk som er nedprioritert, for dei spesielt interesserte og som folk ikkje vil/ treng bruke tid på å lære seg?
    Er dette interessant for meg å bruke eit slikt språk i det lange løp?

Kvifor er det slik at ein forlagsredaktør eg prata med, anbefalte meg bokmål? Desse anbefalingane vil nok neppe bli sjeldnare om nynorskkompetansen i skulen skal svekkast. Senka kompetanse vil i sin tur føre til senka bruk.
    Er det dette Halvorsen ønsker seg, eller ser ho berre ikkje konsekvensane av eigne forslag? Konsekvensane av nedprioritering av nynorsk i skulen, vil gjere språket også mindre attraktivt å nytte for oss som har nynorsk som hovedmål. Glømte ho å tenke på det, eller?

Trur Halvorsen virkelig, at vi som nynorskbrukarar skal stille opp og halde fram å kommunisere på nynorsk, om dette språket ikkje lenger er noko ein prioriterer? Skal vi vere kulturhistorias vaktarar og idealistar? Nei, dei fleste av oss er ikkje språkidealistar. Vi er kvardagsbrukarar. Språk er ikkje eit mål, men eit middel.

Innhaldet i det eg skriv er det same om eg skriv nynorsk eller bokmål. Så fortell meg, Kristin Halvorsen, er middelet levedyktig eller tenker du ta det vekk?
    Eg skriv og eg treng eit redskap, eit språk som er i bruk, også i framtida. Vil eg ha det, Kristin Halvorsen? Innbiller du deg virkelig at nynorsk vil vere interessant som kommunikasjonsmiddel om folk flest ikkje innehar kompetanse på språket?

Men det er ikkje berre Halvorsen som er eit problem for nynorsken.

Lat oss kikke på litt mytene.
    Nynorsk som eit kunstspråk.
    Å snakke om nynorsk som eit kunstspråk aukar avstanden til språket, og gjer det desto vanskelegare å forstå kvifor ein skal lære seg eit språk som vert sett på som eit kunstspråk, altså eit språk for spesielt interesserte. Det er ikkje eit kunstspråk, eller myten om eit kunstspråk den jevne språkbrukar forheld seg til. Dei forheld seg til å svare på epostar, skrive dokument eller sms.

Nynorsk skal vere eit bruksspråk. Skal nynorsk forbli eit bruksspråk, må ein lære det, men etterkvart begynner nynorsk å bli så vrangt at det vanskeleg let seg gjere å lære for ein vanleg språkbrukar. Det let seg iallefall ikkje bruke så lett.

Ordlista som eit problem.

Mange av mine venner frå Sunnfjord har gått over til bokmål. Kvifor? Fordi dei ikkje beherskar nynorsk. Dei aner ikkje kva ord som er lov og kva ord som ikkje er lov. Dei kan ikkje bøye verb, ikkje substantiv, det er vanskeleg å vite korleis ein skal skrive for å vere konsekvent, og dette er ikkje fordi dei er dumme eller ignorante.
    Den jevne språkbrukar sit ikkje bøyd over ordlista, og å nytte ordlista er dessutan lite hensiktsmessig. Som Klaus Myrvoll påpeiker i kronikken «2012-nynorsken vert ikkje lettare», er kaoset totalt.
    Som ein kamerat seier det: «Eg skriv nynorsk på sms privat, men bokmål når eg sender ut epostar til kollegaer. I ei mediebedrift er det faktisk ganske pinleg å sende ut ein mail full av skrivefeil. Difor vel eg bokmål.»

Eg kjenner journalistar som skriv nynorsk når dei har god tid og bokmål når dei har dårleg tid. Kvifor? Fordi det er ikkje lett å vite kva ord som er lov og kva ord som ikkje er lov.
    Etterkvart må ein kanskje vurdere å skrive bokmål fordi folk ikkje forstår kva som står der ellers.

Til jul fekk eg bibelen på nynors. Då eg slo opp, var den skrive med a-ending på verb. A-ending på verb? Kva er det slags «moderne språkdrakt»? Fjernt lig det frå dei fleste nynorskbrukarar, og iallefall fjernt er det frå ein bokmålsbrukar.

Eg skriv nynorsk, og eg vel dei orda eg føler passar meg. Om dei er lov eller ikkje, i ein korrekt nynorskmal, tek eg ikkje hensyn til. Skulle eg tatt hensyn til dette, betyr det timar med oppslag i ordbøker. Tid eg ikkje har.

Men desse praktiske problema blir ikkje lytta til. Her skal vi prakkast på nynorsk i alle slags former og variantar, til ein i jungelen av tiltak for å forbetre nynorsken, endar opp med å gjere den ubrukeleg som anna enn, ja nettopp, kunstspråk for den spesielt interesserte.

Dei som forvaltar nynorsken, er så langt frå nynorskbrukarane at det er skremmande. Saman med Kristin Halvorsen er dei ein trussel mot språket. Intet mindre. Antageleg meir.