31. des. 2012

Det blir servert dårleg etikk på mange festbord rundt jul og nyttår

Når ein veit korleis produksjonen går føre seg, er det vanskeleg å forstå korleis kalkun kan kallast festmat. Bryr folk seg eigentleg?

Kronikken er trykt i Bergens Tidende.


* Folk veit nok om fjørfehald til å vite kva dei serverer når dei serverer kalkun. Å servere kalkun, er å bevisst nytte eit produkt ein veit har sitt utspring i betenkelege produksjonforhold.
* Ein skulle legge litt energi i å servere gjestane sine festmat. Det er trass alt berre jul og nyttår ein gong i året. Spander på gjestene dine skikkelig mat neste gong. Det er dårleg stil å servere gjestane halt mat frå dyr med dårleg helse



Hos mange står kalkun på festmenyen.

På sine nettsider skriv Nortura dette: «- fra råvarer til merkevarer. Norges ledende aktør innen kjøtt og egg. Vi leverer landets fremste merkevarer. Nortura er en garantist for at forbrukeren får et mangfold av kvalitetsprodukter med likeverdige tilbud i hele landet».

Merk deg «landets fremste merkevare». Slagord og biletbruk er heftig nytta for å skape historier om produkta dei ønskjer å selgje deg, men slagorda i marknadsføringa av norske fjørfe kunne vel knapt vore lengre frå røynda.

Det folk vil ha: Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) sa på eit møte i Småbrukarlaget tidleg i november, at det er avgjerande for landbruket å levere det forbrukarane vil ha: «Vi er heilt avhengig av å ha eit godt forhold til forbrukarane. Forbrukarane vil ikkje finne seg i at vi politikarar skal bestemme kva folk skal ha på tallerkenen», sa Brekk til landsmøteutsendingane. (Nationen 5. november 2011). Brekk snakka vidare om at legitimiteten til bøndene avheng av at ein leverer det forbrukarane etterspør.

Spørsmål: Vil norsk fjørfe behalde sin legitimitet om forbrukarane visste meir om korleis produksjonen går føre seg? Er fjørfeproduksjonen slik den går føre seg i dag, det forbrukarane vil ha?

Fakta: Fjørfe i Norge er ikkje friske dyr som ville sprunge rundt på tunet med kyllingar om dei fekk lov. Det er dyr som er avla opp for eit liv på betong.

Kalkunar: greier ikkje pare seg naturleg fordi dei er for feite. I naturen utan evne til formeiring, og med store, unaturlege kroppar, ville dei effektivt utrydda seg sjølv. Grunna overvekt slit dei med hofteleddsproblem. Det er difor kalkunar i fangenskap verkar svært rolege. Dei har for vondt til å røre seg.
«Kalkunar sliter med halthet og sirkulasjonsforstyrrelser. Helseproblemene skyldes den hurtige veksten, som nesten er fordoblet i løpet av de siste 25 år. Verken hjerte-/karsystemet eller skjelett- og seneapparatet utvikles proporsjonalt med kroppsstørrelse og -tyngde. Ein periode på 1990-tallet oppsto omfattende problemer med at kalkunenes hud revnet på grunn av forets sammensetning. Det benyttes kunstig inseminasjon, da fuglene ikke er i stand til å pare seg naturlig». (Kilde St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd).

Spørsmål: Korleis kan ein kalle kalkun produsert på denne måten for festmat?
Reklamen: «Prior har produkter av kylling, kalkun og egg. Med den nye visjonen ‘Gjør livet lysere’ tilbyr vi deg sunn og trygg mat som vil gi forbrukerne gode matopplevelser, og være tilpasset den moderne forbruker. Prior skal gjøre livet enda lysere på alle norske fest- og kjøkkenbord». (Prior, www.nortura.no)

Industrielle verpehøns. Verpehøns kan ikkje lenger ruge. Rugeeigenskapen er bortavla fordi høner som ruger, tar ein verpepause, ergo må eigenskapen bort. Å ta verpepause er uøkonomisk i ein industri der eitt egg skal leggast kvar dag, året rundt. Hønene sit fjørlause i bur, eller oppvarma hallar, ingen av alternativa særleg hensiktsmessige med tanke på dyrevelferd.

Om dyrevelferd skriv Nortura: «gjennom mange år har (det) vært stort fokus på dyrehelse i Norge. Både gjennom avlsarbeid og annet forskningsarbeid, samt aktiv deltagelse og ønske om forbedring ute hos produsentene.»

Broilerkyllingar: toler ikkje fri mattilgang, evne til matregulering er øydelagd gjennom avl. Ein har avla fram dyr som berre toler å ete førti prosent av det dei hadde sett til livs om dei fekk fri tilgang til mat. Grunna matrestriksjonane går dei konstant svoltne. Det er desse kyllingane som skal, ifølge Prior, «lyse opp» ditt middagsbord.

Etterlysing: bevisste forbrukarar. Men ein høyrer sjeldan frå forbrukarane. Forteljingane om norsk fjørfeproduksjon si fortreffelegheit er vel det nærmaste ein kjem indoktrinering. Der finst ulike forklaringar: Forbrukarane føler seg makteslause, dei trur på historiene om fjørfenæringa eller dei bryr seg ikkje.
Eventuelt manglar dei informasjon. Det er så vasstette skott mellom næringar og forbrukar at ein nesten må vere dyrlege for å få innsikt i kva som går føre seg.

Problem: Det er vanskeleg for forbrukar å stille krav når forbrukar ikkje får tilgang til informasjon om kva som skjer i næringane.

Fakta: Prognosene for 2011 viser at cirka halvparten av kraftfôret vi nyttar i Norge i år, vil vere importert. Totalt 900. 000 tonn. (Kilde: SLF og NILF). Norge beslaglegg 2,5 millionar dekar mark utanfor Noregs grenser for produksjon av kraftfôr. Kraftfôrproduksjonen er driven av, og prisane haldne nede, ved bruk av sosial dumping.


Fjørfenæringa baserer seg eine og aleine på kraftfôr som mat. Kvitt kjøt som kjem frå kraftfôretande fjørfe er ikkje betre for helsa di enn raudt. Det er kvitt kjøt frå fjørfe på naturleg grasdiett som er helsefremjande, men dette forskingsfunnet er for mange ein godt bevart hemmelegheit. Kanskje ikkje utan grunn all den tid eit krav om grasbasert fjørfeproduksjon ville slå beina under næringa slik den er i dag.
I den framlagde landbruksmeldinga ser det ut til at fjørfenæringa vil halde fram som den stevnar. Sidan forbrukaren etterspør fjørfe, vil det bli det dei får. Under dekke av at utgiftene må haldast nede, vil produksjonsforholda forbli som dei er.

Etterpå vil forbrukaren få skulda. Fjørfenæringa produserer trass alt berre det folk vil ha. Metodane dei brukar, eller etikken, er i følge næringa gode nok. Men vi er etter kvart ganske mange som ikkje ønskjer å ete søppelkjøt frå sjuke dyr på nyttårsafta.

Spørsmålet eg stiller meg er dette: Kan norske industrikalkunar kallast for festmat? Eg hadde aldri servert slik mat til eit festmåltid.

Og så til forbruker, eit lite piskeslag:

Mange er opptekne av hunden sin. Den skal ha det bra. Men dei er ikkje så opptekne av at dyra dei et ved høgtidene skal ha hatt eit godt liv. Dette har sitt utspring i anten ignorans eller kompetanseløyse. Eit av to. Der finst få andre forklaringar, og ingen av dei stiller konsumenten i eit godt lys. Folk veit nok om fjørfehald til å vite kva dei serverer når dei serverer kalkun. Å servere kalkun, er å bevisst nytte eit produkt ein veit har sitt utspring i betenkelege produksjonforhold.

Ein skulle legge litt energi i å servere gjestane sine festmat. Det er trass alt berre jul og nyttår ein gong i året. Spander på gjestene dine skikkelig mat neste gong. Det er dårleg stil å servere gjestane halt mat frå dyr med dårleg helse;) Billeg er det også. Altfor billeg til å matche eit festbord.

Tenk på dyrevelferd i 2013. Velg bort fjørfe. Einaste kalkun som kan anbefalast med tanke på dyrevelferd, er meg bekjent Homlagarden.

Fakta Kalkun

Kalkunar for kjøttproduksjon vert importerte som daggamle foreldredyr frå Storbritannia. Desse legg rugeegg som i andre generasjon blir slaktekalkunar.

Kalkunar vert produserte anten som porsjonskalkun (julekalkun) eller foredlingskalkun som vert skorne ned og gir opphav til ulike kjøtprodukt (kalkunfilet, pålegg, pølser etc.)
kilde: dyrevelferd.no

20. des. 2012

ANNE VIKENS DEBUTBOK I NYTT OPPLAG

Førsteopplaget på 3000 av Anne Vikens debutbok Elise og mysteriet med dei døde hestane er snart utselt. 

 Boka kjem i nytt opplag over nyttår.

På tide å trekke i kjole og ta seg ein fest!

 Ønsker alle lesarar ei god jul !


17. des. 2012

Årets beste tips

ÅRETS BESTE TIPS til hestejenter og dyrlegespirar er boka Elise og mysteriet med dei døde hestane, skriv HaugenBok. Forfattar Anne Viken er sjølv dyrlege, og boka byr på store dosar med spenning, vitskap, humor og sjølvsagt, HEST. 

No til MAKS RABATT! Bestill i dag - få boka i morgon! SJÅ HER: #julegavetips


Det er ganske gøy med slike anbefalingar frå bokbutikkar ein veit har lese boka frå perm til perm, og som anbefaler den utfrå ei kvalitetsvurdering. 

15. des. 2012

KUNSTsf2012 Tour - alle youtube-episodane samla. Eit sosialemedier prosjekt

KunstSF2012 Tour er eit prosjekt som set fokus på kunst i Sogn og Fjordane ved bruk av sosiale medier: youtube, facebook, blogg og twitter. Det er eit prosjekt som tek i bruk sosiale medier for å nå ut til publikum.

Sogn og Fjordane er eit fylke der nye ting av mange i fastgrodde posisjonar blir sett på som rett og slett fæle greier, og dette har vi merka litt til. Eg synest det er eit interessant feltstudie å observere kor liten kunnskap mange forvaltarar tillet seg å ha. På same tid finst her ei masse folk som tenker nytt og innovativt, utan å jamre seg over lågt folketal og andre bortforklaringar ein raskt kan gripe til. Det har vore interessant for meg, etter mange år i Oslo, å erfare kor ekstremt tung og inngrodd materie som finst i Sogn og Fjordane, og kva uprofesjonelle haldningar som er til media hos folk i posisjonar ein hadde venta seg kunne slikt. Dette var nye opplevingar etter nokre år som journalist i Oslobaserte medier. Lokalmediene har nok ingen lett jobb med slikt materie, alltid.

På same tid som det er svært interessant å kome i kontakt med alle dei som faktisk tenker nytt og kritisk, for desse finst der mange av, innimellom dei stive gubbane. Eg må sei det har vore ei interessant erfaring. Ein får bekrefta mange fordommar, dessverre, men blir også kjend med svært spennande og kreative menneske, samt lærer mykje nytt. Eg anser det, reint personleg, som eit sosiologisk feltstudie i tillegg til ei reise i kunst og vrangvilje.

Prosjektet er også oppsummert som eit essay i siste utgave i Syn og Segn. Essayet vart trykt i forkorta utgaver som kronikk i Bergens Tidende, Klassekampen, Sogn Avis og Firda.

Her kan du sjå alle våre youtube-snuttar i kronologisk rekkefølge. Vi takkar for følge og ønsker god jul!

Teaser



Kva er kunst?



Vevringutstillinga



Intervju med Stig Eikaas



Media si rolle



Eikaas og Viken i fri dressur



Vi takkar for følge;) Og ønsker alle ei god jul.

12. des. 2012

Matbutikkar: betre bokformidlarar enn bokbutikkane

Eg tek ikkje sjansen på å utelatande overlate mi barnebok, Elise og dei døde hestane, til bokbutikkar. Bokbutikkane gjer ofte ein dårleg promoteringsjobb, og har eit stort fokus på bestselgarar. Difor har eg solgt boka til ei rekke matbutikkar.

Boka er sjølvsagt også i bokbutikkar, samt innkjøpt av bibliotekas innkjøpsordning. Dessutan av haugenbok.no utropt til årets beste hestebok.


Enkelte bokhandlarar, samt Haugenbok.no, har vore svært flinke til å vise fram Elise-boka med anbefalingar og kampanjer. Men ikkje alle lesarar går innom ein bokbutikk så ofte, og ikkje alle bokbutikkar er særleg gode på å selge bøker. Det er blant anna eit problem at bokbutikkar i bokmålsområder, som trass alt er mesteparten av Norge, ikkje promoterer nynorske barnebøker. Eg starta difor personleg innsalg til matbutikkar, og responsen var veldig positiv. Elise-boka har lenge vore å få kjøpt ved kassa på ei rekke Spar, Bunnpris-butikkar og Coop Xtra. Eg ønsker at folk skal vite om boka, og skal dei vite om den, må dei informerast. Folk flest trålar ikkje bokhandlarar dagleg. Matbutikkane er proffe salgskanalar, og tek dei inn eit produkt, vil dei få det solgt. Dessutan når dei ut til publikum.

Og har matbutikkane først kjøpt den inn, vil dei bli kvitt den også, så dei stiller den tydelig fram i butikken, ikkje bak ein haug andre bøker. Folk ser den, og da kjøper dei den også. Matbutikkar vil selge bøkene, og det vil eg også. 

 
Kvalitetslitteratur kan fint selgast side om side med kiosklitteratur, fårepølse og Tine melk. Det er lågterskel og svært synleg litteraturformidling. Ein av Spar-butikkane kjem aleine til å tippe FØRTI solgte bøker. Det er svært mykje for ein butikk. Og dei slår knock out på bokbutikkane i boksalg. Kvifor? Fordi dei stiller ut boka. Og denne boka er lettsolgt. Eg snakte med ein butikksjef som sa den rant ut av butikken i eit tempo han aldri har solgt bøker i før. At bokbutikkane ikkje klarer plukke opp bøker som sel, er meg ei gåte. Men vi treng dei snart ikkje lenger. På same måte som webomtaler av bøker tek over for bokanmeldarar, tek andre salgskanalar over for bokbutikkane. Eg anser ikkje dette som noko negativt. Kan ikkje bokhandlane gjere jobben sin, kan nokre andre og flinkare ta over. Bokhandlarane skal fremme litteratur, men denne jobben gjer matbutikkar og sosiale medier langt betre.


Alt handlar om å gjere boka synleg for publikum i alternative kanalar. Sosiale medier og matbutikkar har effektivt løfte denne barneboka ut av bokbutikkanes konservative hyller og ut til publikum. Å lene seg utelatande på tradisjonelle salgskanalar og best selgar-fokuserte bokhandlarar, er heilt klart ikkje eit alternativ om ein ønsker nå publikum.

Kvifor? Fordi kvart år kjem det ut rundt 1100 barnebøker på bokmål, og rundt 70 på nynorsk. Det er hard konkurranse. Då gjeld det å gjere boka si synleg. Mange forfattar gjer ingen jobb med dette. Dette er sjølvsagt opp til dei, og kvar og ein sitt valg, men enkelte meiner underleg nok det er ei synd å promotere eigne verk, og at kvalitet sel uansett, men dette er ein naiv påstand. Lesarar må vite om eit kvalitetsprodukt for å kjøpe det, og då må det promoterast. Eg har skrive ei bok, den er bra, og den vil eg selge til DEG. Sjølvsagt.

Så korleis nå gjennom?

Eg hadde og tenkt litt på korleis eg kunne nå gjennom mediemuren, ut til lesarane med ei barnebok. Skal nokon lese boka, må dei trass alt vite at den finst, og målet med å skrive ei bok, er sjølvsagt at den skal bli lesen. Barnebøker blir ofte oversett fullstendig av media. Eg var førebudd på å bli oversett.

Men som junkie på sosiale medier pusha eg boka ut på blogg, Twitter og Facebook utan å tenke meg særleg om, og to veker før boka var trykt, hadde vi fått dobbelside i Dagsavisen med fokus på heltar i barnebøker, dobbelside i Klassekampen med fokus på hestesjangeren, samt to saker på NRK. Takk til sosiale medier. Boka har, for ordens skuld, i ettertid fått ei rekke meldingar, samt fleire presseoppslag, men sosiale medier har vore grunnmuren i marknadsføringa. 


Elise i Klassekampen som hovedoppslag for haustens bøker.

Eg må sei meg ganske nøgd med både responsen frå lesarar og med gode salgstal, men bokbutikkane gir eg ikkje mange øre for. Dei burde lære seg litt marknadsføringstriks som gjer det mogeleg for dei å selge anna enn nokre få best selgarar. På dette feltet er dei ikkje så proffe. Kan ein salg, kan ein selge alt, også barnebøker av ein debutant.

Å skrive om salgsmetodane, er eit ledd i marknadsføringa av Elise og mysteriet med dei døde hestane, men det har du vel alt skjønt;)