Gå til hovedinnhold

Ei reise i kunstformidling og vrangvilje


Kunstmusea i Sogn og Fjordane har i fleire år hatt søkkande publikumstal. KUNSTsf2012 Tour la ut på vegen og tok pulsen på kunstformidlinga i Sogn og Fjordane.

Kronikk i Bergens Tidende 14.november 2012 av KUNSTsf2012 Tour.

Sjå våre YouTube-episodar om kunst. 

Oppspark. Nittitre millionar kroner er brukt på det nye kunstmuseet som vart opna i Førde 8. september 2012. Bygget og beløpet er knapt diskutert i media, og museet skaut for mange opp av bakken like fort som julekvelden kom på kjerringa. NRK melde om 1100 besøkjande under opninga, men opninga av signalbygget i Førde vart oversett av alle nasjonale medium. I 2011 var det berre 858 besøkjande ved museet.

KUNSTsf2012 Tour er kalla opp etter opningsutstillinga, KUNSTsf2012, og er ei sjølvfinansiert reise til ulike museum, kulturpersonlegdomar og kulturinstitusjonar i Sogn og Fjordane. Vi (Anne Viken og Frank Willy Djuvik) ønskte å undersøkje formidlinga av kunst i Sogn og Fjordane.


Dei siste åra har besøkstala ved musea i Sogn og Fjordane stupt. Det skjer samtidig som resten av landets museum opplever at stadig fleire tek turen innom. Sogn og Fjordane ramlar også nedover på Norsk kulturindeks. I 2012 låg Sogn og Fjordane på 11. plass av 19 mulege, som var tre plassar ned frå året før.

I fylket finst der seks institusjonar under paraplynemninga Kunstmuseet i Sogn og Fjordane: Kunstsenteret i Førde, Kunstmuseet i Førde, Sogn Kunstsenter, Astruptunet, Eikaasgalleriet og Anders Svor museum. Nettsidene deira ber preg av at dei ikkje er oppdaterte på fleire år.

Nokre dagar etter opninga prøvde vi å finne informasjon om utstillingane på det nye museet på nettet. På nettsida til kunstmuseet i Førde låg der bilete av ein flyer som var for liten til at den var lesbar. Den var heller ikkje klikkbar. Verken utstillingane eller kunstnarane bak var presenterte. Vi måtte ty til google for å finne informasjon om kunstnarane bak utstillingane. 

Bilete fann vi ikkje, utover dei som var i flyeren. Flaks for oss var vi allereie på museet, så vi kunne rusle opp og ta utstillingane i augnesyn. Men kva om vi hadde budd i Sogndal? Hadde vi køyrt dei 105 kilometerane til Førde for å sjå ei utstilling vi ikkje visste noko om? Kva om vi kom frå Sandane? Derifrå er det 88,5 kilometer til Førde.


Til skilnad kan det nemnast at då Bergen Kunstmuseum sette opp si nye faste Astruputstilling, laga dei langt betre nettsider, samt ein eigen Astrup-app for Iphone. På websidene deira kan du sjå fleire titals verk av Nikolai Astrup, lese om forsking knytt til arbeidet hans, og lese om Jølster.

Alle har høyrt om Astrup i Sogn og Fjordane, men er det godt nok å vite at tunet finst? Ikkje om vi ser på dei dramatisk stupande besøkstala. Heller ikkje turistane oppsøkjer tunet. ”Eg kan ikkje svare på kvifor bussane ikkje kjem til Astruptunet, vi er ikkje ei reiselivsbedrift", sa direktør ved Kunstmuseet i Sogn og Fjordane, Morten Johan Svendsen, då han blei utfordra av reiselivssjefen i Sunnfjord.
Sidan 2008 har besøkstala for Astruptunet gått berre ein veg: nedover. I 2011 skrapa museet ned på totalt 3744 besøkjande. 

"Kulturinstitusjonane i fylket skal vere i tet på digitale tilbod", står det i Kulturstrategi 2008–2011 for Sogn og Fjordane fylkeskommune. Men når vi klikkar oss inn på Sogn Kunstsenter, må vi igjen ty til Google for å finne kunst laga av Lærdalskunstnaren Hans Gjesme. Dette trass i at Lærdal kommune har forplikta seg til å syte for at samlinga vart fagmessig ramma inn og at samlinga vart gjort tilgjengeleg og kjent for publikum.

Heller ikkje på nettsidene til Eikaasgalleriet i Jølster finn vi anna enn eit amatørfoto av museet sett frå baksida. Klikkar vi på "komande utstillingar" på Sogn og Fjordane kunstmuseum si heimeside, finn vi i skrivande stund (24. oktober), programmet for januar-september 2012.

Besøksnedgangen dei seinaste åra er likevel publikum sin feil, ikkje musea, om vi skal tru museumsdirektør Svendsen. 11. mai uttalte direktør Svendsen til NRK Sogn og Fjordane at: "Skulle vi gå for mykje folk, måtte vi berre lage arrangement med Tone Damli, men det er ikkje vår jobb."
Kva med å halde oppe? Då vi vitja Eikaas-galleriet, var det stengt – midt i opningstida. Ingen lapp hang på døra, ingen var å få tak i. Berre pøsregn og ein tom parkeringsplass. Skuffa drog vi vidare til Astruptunet. Her prøvde vi å kjøpe oss årskort for kunstmusea i Sogn og Fjordane.

Dette var enklare sagt enn gjort. Listene for påskriving av nye medlemmer var ikkje å oppdrive bak disken, og dei to som stod der, visste ikkje kva arrangement som inngjekk i prisen. Dette var i midten av september, men vi er framleis ikkje registrert på lista for elektroniske nyhendebrev.

Kven er då publikum? Det veit ikkje musea i Sogn og Fjordane. I ein vrimmel av strategiplanar og målsetjingar som alle peiker på kor viktig det er at ein skal få fleire til å nytte seg av tilbodet, har ein late vere å gjere det mest grunnleggjande av alt, å finne ut kven som er brukarar og kven som ikkje er det.


Musea feilar også i møte med media, og skaper eit bilete av seg sjølv som likegyldige og lukka i møte med publikum. Dei økonomiske prioriteringane er også uklare. 18. oktober sende vi ei rekke spørsmål om tema til Harry Mowatt, styreleiar i musea i Sogn og Fjordane, men har pr. dags dato ikkje fått svar.
I boka KUNSTSF2012, som vart utgitt i samband med opninga av kunstmuseet i Førde, er publikum utelate frå museumsdirektør Svendsen si gratulasjonshelsing. Lite tyder også på at dei ønskjer publikum.

21. september opna ei utstilling med fotograf Jens Hauge på kunstmuseet i Førde, men på heimesida låg det ein minimal, klikkbar link til Hauge si heimeside. Der står ikkje eit ord om kunstnaren, ingenting om kva bilete som kjem til Førde. Over linken ligg ein ikkje-klikkbar flyer.
Det er freistande å sitere Solveig Lømos helsing i boka. Lønmo er kunsthistorikar og kurator for opningsutstillinga KUNSTsf2012, og ho skriv: ""Her i området kan man flytte fjell uten at noen legger merke til det", bemerket Geir Hjetland da jeg var på kuratorbesøk på Kvamsøy. Jeg tror han siktet til alt fra nasjonal presse og kunstnermiljøene i hovedstaden, til sviktende lokal interesse for kunst".
Å skulde på publikum for sviktande oppmøte, blir berre dumt når ein ser korleis musea ikkje kommuniserer utanfor veggene. Det er musea som sviktar publikum, ikkje omvendt.
Artikkelen er redigert versjon av KUNSTsf2012 Tour med Anne Viken og Frank Willy Djuvik, leiar i Sogn og Fjordane FrP, i Syn og Segn, ute denne veka. Følg også turen på KUNSTsf2012 web-TV på Youtube.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb