Gå til hovedinnhold

Anne Viken held eit høgt litterært nivå i forfattardebuten

skriv Haugen Bok.

Endeleg ei hestebok som er basert på ein verkeleg veterinærpraksis! Forfattar Anne Viken er sjølv veterinær og held eit høgt litterært nivå i forfattardebuten. Boka fengslar lesaren frå første side med levande skildringar, sprelsk språk, mykje humor, stort alvor og sitrande spenning, fletta saman med brei og interessant veterinærkunnskap. Vi tilrår boka på det aller varmaste - for både små og store lesarar. #anbefalt Les meir her.

Les også omtalen av boka i helgas Firda.

Book ein veterinærtime for rideleir eller rideskular inkludert bok.

I oktober held eg også ein veterinærtime for deltakarane på rideleir hos Fosseheimen Naturpark på Viksdalen. I veterinærtimen skal eg forklare litt om korleis ein hest fungerer, teikne på hesten og demonstrere blant anna sårstell og bøyeprøve på hest. Altså hands on-hest for hesteinteresserte. Alle som deltek på rideleiren får eit eksemplar av boka med seg heim.

Det går an å booke meg for liknande oppdrag på epost viken.anne att gmail.com . Eg kan også ta føre meg andre dyr enn hest. Om nokon vil ha tilbod på bøker dei kan kjøpe inn til liknande arrangement, last ned tilbodet her. Det blir gitt 40 % rabatt på innkjøp av bøker til denne typen arrangement.


Reklameplakaten for distributørar er klar. Dei som ønsker å reklamere for boka, for eksempel i forbindelse med eit arrangemang, kan bestille den gratis hos k.helgoy@samlaget.no . Slik ser den ut:


Der finst også ein give away- plakat som kan hengast på veggen. Den er utan reklame og kan bestillast på same epostadresse.

 

Så gjer som Oddvar Torsheim. Skaff deg ei bok! Eg signerer og svarer på veterinærspørsmål på bokhandelen på Handelshuset 29.september, og deltar med lesing og signering på julemarknaden på Skjerjehamn 10. og 11.november. Slik ser mine signaturar ut. Klikk

 

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys