27. sep. 2012

Fjørfereklame fordekt som barneskulepensum: om mat- og landbruksbøker for barn. Pensum eller propaganda?

Bør fjørfenæringa få innpass i barneskulen med sitt eige undervisningsmateriale? Og kven kan kvalitetssikre bøker om landbruk mynta på barn når forskarar i veterinærmedisin ikkje klarer det? 

Eg har skrive om tre bøker om mat og landbruk for barn i siste utgave av tidsskriftet PROSA.

Les heile artikkelen her.


Les kronikken i Dagsavisen om fjørfreklamen fordekt som pensum

Desse bøkene er omtalt i PROSA-artikkele. Den i midten er fjørfenæringas eige pensum.




26. sep. 2012

Den nye Dalsfjordbrua ser slik ut!

Fredag morgon klokka 08.10 er det reportasje frå Bygstad på God Morgon Norge. Bygstad vann avstemninga om Sogn og Fjordanes vakraste stad. Då TV2 var på besøk, tok eg meg ein tur i båt ut Dalsfjorden frå Bygstad til Dale og såg på brua som dei skal bygge over fjorden. Nokon må jo sjekke at den står støtt og ikkje veltar uti fjorden, så eg tok altså på meg denne jobben.


Slik ser det ut om ein ser den frå Dale.



Her er brustolpen på Dalesida.


Og her er den andre sida. Du ser tunnellen går inn i fjellet bak der.


Her ser vi brua frå Dalesida igjen, med fundamentet og alt.



Rimelig høge brutårn!



Laukelandsfossen over, og brutårnet på andre sida under.


Begge brutårna sett med Dale i bakgrunnen.


Det heng mykje kunst rundt i fylket på stader som ikkje er museum

KUNSTsf2012 Tour har på si reise i Sogn og Fjordane oppdaga ei rekke kunstverk som heng på heilt andre stader enn eit museum. Blant anna på Sunnfjord Hotell, Førdehuset og i rådhuset i Førde.

Sjå meir kunst i bloggposten til KUNSTsf2012 Tour, og les om kvar du kan finne den.


Torsheim-biletet over er frå Førdehuset, og biletet under er frå Sunnfjord Hotell.

Lørdag signerer eg bøker på bokhandlane i Førde!

Lørdag klokka 12-14 signerer eg bøker på bokhandelen på Handelshuset i Førde.

Klokka 14-16 same dag signerer eg bøker på bokhandelen i første etasje på Førde Torg!

Det blir mulighet til å stille spørsmål om dyr sidan eg er dyrlege!


Les meir om boka her.


Brenning av høner og andre fakta for barn - artikkel

Bør fjørfenæringa få innpass i barneskulen med sitt eige undervisningsmateriale? Og kven kan kvalitetssikre bøker om landbruk mynta på barn når forskarar i veterinærmedisin ikkje klarer det? 

Eg har skrive om tre bøker om mat og landbruk for barn i siste utgave av tidsskriftet PROSA.

Les heile artikkelen her.

Desse bøkene er omtalt:




24. sep. 2012

Fjørfereklame fordekt 
som undervisning

Opplysningskontoret for egg og kjøtt serverer reklame­materiale frå fjørfenæringa som undervisningsopplegg i barneskulen. 



Fjørfelaget påstod etter nyttår at bur no er forbode i Norge. Det var ein bløff. Det kom ikkje noko burforbod i Norge ved nyttår, men krav om ein ny type bur omtalt som «miljøinnredning». Det same kravet kom for øvrig også i EU. Miljøinnredning er eit nyord lansert i anledning av den nye burtypen, og i Fjørfelaget ville dei ha valuta for millionane det hadde kosta å bygge om. Dei gjekk til media og sa at bur no er forbode. Nyheita spreidde seg som eld i tørt gras. Bløffen var vellukka.

Les også: Du har blitt lurt. Bur for høns er ikkje forbode i Norge

Den stolte hane er i dag mellom aktørane som på sine nettsider serverer oss historia om at dei ikkje lenger sel egg frå burhøns. Men ifølge Rune hos Den stolte hane, kjem tretti prosent av egga den dag i dag frå miljøinnredningar, altså bur. Men fjørfenæringa stoppar ikkje med bløffing av vaksne forbrukarar. I samarbeid med Opplysningskontoret for egg og kjøtt serverer dei norske barneskuleelevar sitt eige fjørfepensum.

Undervisningsheftet «Pål sine høner», utgitt av Opplysningskontoret for egg og kjøtt, har, ifølge kontoret sjølv, vore eit tilbod til 3. trinn i grunnskulen sidan skuleåret 1999-2000, og vert jevnt over nytta av åtti prosent av desse. Dessverre treng ein ikkje leite lenge før ein treff på den første påstanden lausriven frå virkeligheten.

Fleip: «Hver høne/hane (stryk det som ikke passer, red.anm) legger egg i litt over ett år. Så slaktes de og blir til hønsekjøtt som vi kan spise.»

Men Opplysningskontoret gir seg ikkje med dette. I lærarrettleiinga skriv dei: «På denne måten får vi ikke bare en effektiv eggproduksjon. Vi sikres også det beste kjøttet, fordi unge høner har kjøtt av høy kvalitet, som er magert og lett fordøyelig.»

Fakta: Verpehøner vert ikkje slakta. Dei vert gassa. Og dei vert heller ikkje spist, dei vert brende i forbrenningsanlegg som spesialavfall. «Ved avliving av et større antall dyr benyttes gassing med blåsyre eller CO2.» Og: «Døde og avlivede dyr er definert som animalsk høyrisikoavfall i det offentlige regelverket. Høyrisikoavfall skal ifølge dette regelverket behandles i godkjente steriliserings- eller forbrenningsanlegg.» (Kilde: Fagsenteret for fjørfe).

Les også om motstanden mot at kyr skal få kome ut sommarstid. Kronikk Dagbladet.

Heftet heitest å vere eit tverrfagleg undervisningsopplegg for 3.trinn basert på Kunnskapsløftet. Det utgir seg altså for å vere fagleg. Eg foreslår difor at Opplysningskontoret tek inn denne setninga i undervisningsheftet: «Eksempel på gassar som kan brukast til avliving av verpehøns er blåsyre (cyanidgass), kullmonoksid (CO) og CO2. Naturfagoppgåve: Diskuter desse gassanes eigenskapar.»

Dette ville ha vore ei open og ærleg tilnærming til tematikken. Men «Pål sine høner» legg ikkje opp til kritisk refleksjon. Det legg opp til å skape positive assosiasjonar rundt eggproduksjon i tråd med

Opplysningskontoret si oppgave: Auke norsk eggkonsum. Det er eit reklamemateriale presentert som undervisningsmateriale for ungar. Men også retta mot lærarar. Lærarar kan få gratis egg tilsendt i posten, eller om dei evaluerer opplegget, vinne ei gratis helg i Oslo med besøk hos Opplysningskontoret. Opplysningskontoret betaler for vikar og dekker alle utgifter.

Den eine forfattaren er fjørfebonde Hans Christian Kihl som blant anna har styreverv i Bondelaget og fagutvalgsmedlem hos Nortura på CV-en. Den andre, Marlene Furnes Bagley, sit i arbeidsutvalget for Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund, og har arbeidd for Fagsenteret for fjørfe. Den tredje, veterinær Liv Kjærnet, tidligare styremedlem i Norsk Fjørfelag og medlem av World’s Poultry Science Association (WPSA).

Forfattarane påstår vidare at vi aldri har hatt problem med salmonella i norsk eggproduksjon, sjølv om denne bakterien blir påvist i norske fjørfebesetningar så og sei kvart einaste år. Lærarvegleiinga påstår at «salmonella er eit stort problem i utlandet», utan å definere nærmare kva «utlandet» er.

Sverige er for eksempel, på same vis som Norge, definert som salmonella-fri sone, men retorikken i heftet legg opp til god, gamaldags branding av Norge som best i verda og mat frå utlandet som farleg. Det er ei avleggs og fordomsfull tilnærming i eit hefte som gir seg ut for å vere seriøst undervisningsmateriale mynta på ungar født inn i ei global cyberspace-verd.

Og reklamematerialet «Pål sine høner» får altså norske barneskular presentert som «undervisningsmateriale». Den må tidleg bløffast som ukritisk forbrukar skal bli.

                                                                  ***

Les heller mi barnebok Elise og mysteriet med dei døde hestane;)

21. sep. 2012

Frøken detektiv i veterinærpraksis

Anne Viken gir den konvensjonsstyrte hestesjangeren eit friskt spark bak, skriv Dag og Tid om Elise og mysteriet med dei døde hestane.



"Anne Viken har skapt ein jordnær Frøken Detektiv, ein nysgjerrig jentunge til irritasjon for den som har noko å skjula."

19. sep. 2012

Kunstmusea i Sogn og Fjordane legg ingen ressursar i å presentere utstillingane på web for publikum. Godt nok?

Les om manglande tilgjengelighet og slurvete nettsider, ikkje oppdatert på fleire år, hos kunstmusea i Sogn og Fjordane. Sjølv ved opninga av det nye Kunstmuseet i Førde, minna websidene meir om ei privat nettside frå tidleg 2000-tal enn websida for ein profesjonell institusjon.

Er dette godt nok for publikum i Sogn og Fjordane? Slike websider hadde ein aldri sett, og aldri godteke, for Oslos kunstmseum. Kvifor må publikum ta til takke med så dårlege nettsider hos kunstmusea i SFJ? Fordi det er på bygda?


Bloggen kan lesast her.

Sjå teaseren for prosjektet KUNSTsf2012



Les sak om KUNSTsf2012 Tour hos NRK

 

Les også saka hos Aftenposten.

 



17. sep. 2012

KUNSTsf2012 Tour dag 2!


Fotos!


 Frukost hos Terje Lyngstad.



 Intervju med Førde-ordføraren i Rådhuset!


Marius og Frank utanfor Kunstmuseet i Førde!


Eg intervjuar Ingebjørg Erikstad!


 Frank intervjuar Edvin Helgheim!


Eg intervjuar Marius om kunst på Sunnfjord Hotell!


Frank intervjuar Johannes Eggen Mundal frå Fjærland på Oddvar Torsheim sin faste plass på Sunnfjord Hotell.




Posering på brua i Handelshuset i Førde.

16. sep. 2012

KUNSTsf2012 - følg Anne Viken og Frank Willy Djuvik si jakta på kunsten i Sogn og Fjordane

STUNT: Vi legg oss på veien, oppsøker kunstmuseum, kulturhistoriske museum, kultur- og kunstpersonar i fylket.

I videoklipp, bloggpostar og fotoseriar presenterer vi våre opplevingar og funn.

Følg bloggen KUNSTsf2012 Tour hos Origo på Fjordaglimt. Her blir det publisert video, blogg og fotos kvar tirsdag framover. Du finn no ein prosjektbeskrivelse samt eit fotoalbum her.

Her er teaseren for prosjektet.



Ønsker du at vi skal kome og ete frukost hos deg? Ta kontakt.

Les saka om prosjektet i Firdaposten: Skal ta pulsen på fylkeskunsten.

Klikk liker på vår Facebook-side KUNSTsf2012 tour. Her vil vi poste fotoalbum, videoar og linke til bloggpostar på vår blogg. Du er velkommen til å skrive på veggen, kome med forslag eller poste fotos og linkar eller tips til stader vi bør dra, folk vi må helse på, eller kanskje vil du haike med oss? Alt er faktisk mulig.

Slik jobbar vi!



 Frukost hos Georg Arnestad i Sogndal!


Eg intervjuar Georg i stova hans. Følg med på web-tv på vår blogg framover.



Vi ankjem dei Heibergske samlingane, også kalt Sogn Folkemuseum.




Her er vi på Astruptunet på Jølster. 



 På veg mot Førde, Førdehuset og Sunnfjord Hotell traff vi på ein del kyr.



 Førdehuset!

  

Her traff vi Liv-Judith Straume og banka på teateret i jakta på Terje Lyngstad. Men Lyngstad var der ikkje!
Heldigvis serverer han oss frukost mandag morgon klokka 07.30.


Frank slo av ein prat med desse to utanfor Sunnfjord Hotell.


Meg og Frank på Sunnfjord Hotell. Vi jaktar på kunst i alle krikar og krokar og finn det mest utrulege.

Følg jakta på kunsten på vår blogg utover hausten.
Vår hashtag på twitter er KUNSTsf2012 og våre nick på twitter er @anneviken og @fwdjuvik