31. aug. 2012

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels.

­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk.
­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose! 


 Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk.


Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 000 svenske kroner, ein halvtam halv pris. I tillegg slepp han inn to store flokkar av turistar kvar dag i sommarhalvåret.



Temmer elgkalvar med flaske

-­ Er det nokon som vil smake elgmjølk?
Häggmark held opp eit stort glas med mjølk og eit glas med teskeier. Folk trenger seg på. Elgmjølk inneheld seksten sytten prosent feitt. Det smakar søtt.
­ - Er det nokon som vil mate elgkalvar?


 Häggmark har to store plastflasker med mjølk i hendene. Kalvane vert tatt frå kua når dei er ti dagar gamle. Slik blir dei tamme og ein unngår at mora drep dei når ho jagar dei frå seg ved eittårsalder. I innhegninga slepp ikkje kalvane unna mora på same måte som ute i det fri, og eit par kalvar har blitt slått ihjel. Dette vågar ikkje Häggmark risikere. Difor tek han dei frå.

­ Kalvar som går med mora blir heller ikkje så tamme. Difor bur dei i ein eigen hage og vert flaskemata. Etterkvart går dei over på ein diett beståande av potet og reinpellets, og vert slept inn til flokken som åringar.
Av og til søv Häggmark ilag med kalvane med melk på termos. Då sug dei på øyret hans heile natta. Slik blir dei tamme nok til å takle turistane.

­ - Ville elgar er farlege som fy, seier Häggmark.
Kvar dag melkar han elgkyrne, to liter om morgon og to liter om kvelden. Melkeøkta sluttar når elgkua er lei og går sin veg.

Parar seg med villelg

Mate elgkalvar er sjeldan kost, og fleire hender stikk i veret på spørsmålet om flaskemating. To utvalgte får kvar si flaske i handa, og den store massen av turistar begynner marsjen mot innhegningane der elgane held til.

­ Ikkje lat kalvane suge på fingrane, roper Häggmark før turistane svermar inn i gjerdet til kalvane, tek dei på øyra og kjenner på pelsen. Elgpels er kjempemjuk, og små elgkalvar på seks veker har eit hav av tålmod med klappande turistar.


­ No er det nok! Ut av kalvehagen, kommanderer Häggmark og turistane traskar motvilleg vidare nedover vegen til innhegninga der dei store elgane går.

Gjerda er høge nettinggjerder, og elgoksane bak er faretruande svære. Dei går på eit inngjerda område på eit par hundre mål. Det grensar mot skogen, og av og til, utpå hausten, bryt ein elgokse frå skogen inn i gjerdet for å slost om elgkyrne. Vinn han, følger elgkua med oksen ut i skogen, men dei kjem alltid tilbake med eit lykksaleg smil om mulen. Slik får tamelgflokken tilført nye gener frå den ville elgbestanden i Jämtland.
­ Av og til får Moosegarden tilført morlause kalvar av politiet etter at mora er påkøyrd, seier han.
Skilt med elg står tett i tett langs vegane i Jämtland, og sjølv lokalbefolkninga køyrer forsiktig på kveldstid i frykt for å få ein elgokse gjennom frontruta. Men elgane i Moosegarden er for det meste avla fram her i gjerdet.

­ - Eg avlar på mentalitet. Dyra må vere sterke, snille, vennlege og stabile, seier Häggmark, og stoppar turistane.

Kyss ein elgokse!

­- Før vi går inn til dei store elgane må vi lære å prate som ein elg, roper han.
­ - AAAAAAAAAAAAA, roper Häggmark og turistflokken gjentek.
- ­ When they are feeling a little hot in september: OOHHG, OOHHGG, roper Häggmark og forsøker herme etter elgens paringslyd.


Det høyrest noko vilt ut, men Häggmark har bestemt seg for at det skal vere kjekt å oppleve elg. Han vil lage show. Å besøke Moosegarden skal ikkje vere som eit kjedeleg museumsbesøk.
Elgflokken i gjerdet kjem bort til fôringshekken for å helse på turistane med ein gong. Dei får potetrestar og neper, og let seg fotografere frå alle vinklar. Elgoksen Bosse ligg heilt stille på graset, og Häggmark oppmuntrar turistane til å kysse han på nasen. Bosse let seg villeg kysse og klappe, og prosedyren frå kalvegjerdet gjentek seg. Folk dreg han i horna, tar på øyra, undersøker pelsen hans nøye og blir imponert over kor mykje oljeaktig feitt det er i elgpelsen. Dei tek han på klauvene og på nasen, men Bosse ligg roleg under heile seansen.

­ Han luktar sau, utbryt ein turist, og det stemmer ganske bra.

Lanolin og papir frå elg

Av feittet i elgpelsen lagar Häggmark lanolin. Lanolinlaginga starta med at to gamle damer kom opp og klappa elgane. To dagar seinare ringde damene og sa at sprekker og eksem på hendene var blitt borte. Dei kom tilbake, tok på elgane igjen, og resultatet lot ikkje vente på seg. Sprukne hender vart heile og fine.
­ Så begynte vi å dra ei plastskrape over elgryggen, seier Häggmark.


Slik samla han inn feittet frå elgpelsen og laga laonlinolje.

­ Lanolinen dryp vi på økologiske såper og sel dei. Eg veit ikkje om nokon andre som gjer dette.
Tilfeldighetene slutta ikkje der. Ein dag drakk Häggmark øl med ein fetter som er papirforskar. 

­ Han sa at elgskit om vinteren er som rein cellulose fordi elgens vinterdiett består av bark. Eg eksperimenterte på kjøkkenet med stavmiksar, elgmøkk, vatn og hemmelege vekstar. Etterkvart vart det papir ut av miksen.
No sel han papir frå elgmøkk som er hundre prosent gjenvinnbart.

­ Eg trur eg var elg i mitt forje liv, seier han og roper ut at elgoksar særleg set pris på asiatiske kvinner.
Den asiatiske kvinna ler og klappar elgoksen som feier horna langs gjerdet og går beint fram utan å ta hensyn til at det står ein norsk, kvinneleg turist midt i vegen. Flaks at elghorn framleis er dekt av mjuk bast i juli.

Anne Viken (tekst og foto) Trykt i Nationen i august 2012

Faktaboks: Moosegarden

-- Ligg i Orrviken ved Østersund i Jämtland, Sverige.
-- Verdas einaste produsent av papir frå elgmøkk.
-- Opent for turistar i sommarhalvåret med visningar klokka 11 og 14 kvar dag.

30. aug. 2012

Vil du bli hemmelig agent?


Ligaen har alt fleire agentar og alle jobber undercover slik ekte agentar ofte gjer. Eg søker no etter fleire hemmelige agentar som kan hjelpe meg å selge boka om ELISE.

Trykk på denne linken. Klikk så på det nederste vedlegget, print det ut, ta det med og legg det att ein stad eller tretten.


Les bokomtale av Elise hos NRK.

Kjøp boka hos Haugen Bok og få den rett i postkassen.

PS med lita skrift: Den som legg ut flest ark, kan vinne ein svært hemmelig agentpremie om dei gir meg lyd på min superhemmelige epost. PS2: Du finn eposten i høgre marg.

27. aug. 2012

Ulv, bjørn og svarte hestar

Norsk Barneblad eksisterer framleis, og i siste nummeret kan du lese eit intervju med meg om spøkelser, ulv, bjørn og svarte hestar (s 12 og 13) og ein omtale av "Elise og mysteriet med dei døde hestane" (s 22).

Last ned heile PDFen her!



Og kvifor ikkje bli abonnent? #skulestart #nynorsk


Boksignering hos Fosseheimen Naturpark på Viksdalen



Skinn, mørke og stearinlys satte stemningen for Elise og mysteriet med dei døde hestane. 



Folk sat rundt langbord. Sjekk lysestakane på borda og sjekk veggen bak. Veggen er ein diger vedstabel!

Eg signerer bøker.
 

 med teikningar. Alle er forskjellige og folk kan velge figur sjølv.



Vi solgte mange! Karina hos Fosseheimen Naturpark har fleire så her går an å kjøpe også utover høsten og fram mot jul. Sjekk ut nettsida deira.


Masse kaker og kaffe og middagsmat frå Eldalstunet



Det er kjempefint tillaga lokale der. Og igår var der ca 300 besøkande.


Oppned stålbøtter fungerte som lamper i taket. Stilig.


Eine veggen i lokalet. Sjå til høgre, heile den veggen er av stabla ved.


og bar.


Takk til Karina Hetle Solheim for ein del av foto i bloggen.

Boka vart utsolgt frå nettbutikken, men er no inne igjen så den kan bestillast her hos Haugen Bok.

25. aug. 2012

NRK om Elise og mysteriet med dei døde hestane

Bygdesosiologi og dyrevelferd står sentralt i bygdeveterinæren sin kvardag. Typane og klasseskilja på bygda vert teikna i klåre bilete.

Sjangeren er ein slags spennings- og eventyrroman. Boka skruar seg opp frå vanleg veterinærpraksis til å vikle seg inn i blodige krimplott med overtonar frå eldgamle ritual om hesteofring. Sidan gamlepresten og kyrkjekunsten spelar inn, så kan vel ”hesteteologi” vere eit stikkord for boka som kviler på magiske ritual og eventyr. Uansett: Boka byd på ekte spenning fram mot den dramatiske slutten.

Les heile.
 

21. aug. 2012

Essay om norsk matproduksjon

Forbrukar eller bonde, supermarknadsmakt eller raudgrøn regjering? Kven skal du skulde på for dårleg utval, kyllingar som frys i hel på veg til Norturas slaktehus, saltvatn i kyllingfileten eller at det kjem blåtungevirus til Skåne?

Er spørsmålet vanskeleg, seier du? Gratulerer, rett svar. I ein informasjonsjungel prega av mytar er fakta vanskelege å få auge på for ein vanleg forbrukar.

Les mitt bokessay om norsk matproduksjon i sist nummer av PROSA.


I neste utgave av PROSA kan du lese mitt essay om bøker om landbruk, husdyr og mat for barn.

16. aug. 2012

Lansert!!!

Frå kapitteloversikta:

Kapittel 1. Blod i håret, hestar som veltar og hundar som et snus.
Kapittel 2. Presten deisar ei flaske vin i skallen på ei ku.
Kapittel 3. Elise høyrer om eit mord.
Kapittel 4. Kalle og Elise fiksar ein sjuk hest og møter ein hestehatar.
Kapittel 5. Elise ser eit syn ho seint skal gløyme og Kalle skyt med boltepistol.
Kapittel 6. Bønder som køyrer til kyrkje med slede midtsommar er galne.
Kapittel 7. Martin er ein premiedust.
Kapittel 8. Elise høyrer røvarhistorier om veterinærar i prestegarden.
Kapittel 9. Elise les om Monty Roberts og lurer på om bjørnar kan knabbe kyr.
Kapittel 10. Elise møter ein glitterhest.
Kapittel 11. Anton går i veggen og Elise overnattar i stallen.
Kapittel 12. Elise møter ein mystisk mann.
Kapittel 13. Martin går amok og påstår veterinærar er pengehaiar.
Kapittel 14. Elise stikk hol i ei ku.


Eg se no klinkande galen ut på bilete, men her er vi altså på pressekonferansen til Samlaget!!



Og da er det på tide med ein fæst!

14. aug. 2012

Lansering barnebok, eg gruer og gleder meg

No nærmar det seg med stormskritt. Folk får boka i postkassen før helga om dei har bestilt den på førehand. Torsdag klokka 11 er det pressekonferanse på Litteraturhuset for Samlagets høstliste og på kvelden er det fest på forlagets lokaler frå 17.

Min inspirasjon til boka: hestane, medisinske kasus, bygda og karakterane.

I all hovudsak er denne boka reell. Den ligg tett, tett på verkeligheita slik den artar seg i ein verkeleg veterinærpraksis. Mine eigne erfaringar som veterinær i praksis på landsbygda, og mine år som veterinærstudent ved Norges Veterinærhøgskole har vore heilt nødvendige for å skildre både medisinske kasus, livet i ein kombinert ku- og hestepraksis og møter med dyreeigarar på ein realistisk måte.

Les om boka i Dagsavisen.

Geografisk.

Tordenbygda er basert på ei verkeleg bygd der legendene og historia ligg som eit tett teppe over bygda. Det spøker i kyrkja, det knakar i kyrkjegarden og det går nokon over golvet i prestestova. I Storsjøen bur der ein sjøorm, bjørn tassar i liene saman med ulv og det er mange her som driv med trekkhundar, slik også Rakel i denne boka gjer.

Tordenkyrkja er basert på Sveriges eldste steinkyrkje. Den har ein avrettarplass, ein viking under golvet og vegen til Nidaros går dit. Etter å ha besøkt kyrkja, tok pilgrimane båten over Storsjøen.

foto

Hytta til Kalle og Elise er hytta eg sjølv budde i som veterinær. Den ligg rett ved kyrkja, pilgrimsvegen går like utanfor og avrettarplassen ser eg frå døra. I røynda er denne hytta eit stabbur frå 1700-talet utan innlagt vatn, dusj og toalett, men i boka er dette ei meir moderne feriehytte.


Karakterane.

Veterinær Kalle er ein ambisiøs og flink ung dyrlege. Du har heilt sikkert møtt ein slik. Han tenker masse, vil gjerne gjere alt rett og må, ofte med ein del frustrasjon, forhalde seg til alle slags dyreeigarar. Særleg kan dette vere krevande på hest. Andre dagar er han ein helt, nokre dagar føler han seg som ein dust, men det er slik det er å vere dyrlege. Det handlar om samspelet mellom folk og dyr, om personlige skjebnar, om liv, død, pengar og psykologi.

Kalle er heilt ny i praksis. Sånn som han fiklar og strevar, slik fiklar og strevar også ein del nye veterinærar i sin første jobb. Nokre meir enn andre. Kalles møte med praksis som nyutdanna dyrlege, er reelt. Hans møte med dyreeigarar er også basert på mine eigne møter med dyreeigarar. Nokre er sprette sprø, andre rivande koselege. Og nokre er svært skeptiske til ein ny veterinær som har lite praksis og erfaring. Og du veit aldri korleis livet i praksis er før du har prøvd det.

Gamle-Mathias er inspirert av ein dyrlege ved Norges Veterinærhøgskule.

Presten er fri fantasi. Det same er Martin, Sofia, Jonas, far hans og dei andre karakterane, men alle deltek dei i scener eg sjølv har vore med på, eller som ligg tett på. Alle pasientane som er beskrivne, har eg sjølv opplevd.

Mine artige veterinærkollegaer som syns det er verdas artigaste jobb å vere veterinær har vore ein inspirasjon. Frå dei har eg stjåle både gode historier, erfaringar og sitat. Alle historiene og anekdotene i boka er henta frå kollegaer, historier frå dyreeigarar eller mine eigne erfaringar.

Ideen til hestane:

Ideen til hesterasen Ivanhestar fekk eg frå den russiske hesterasen Akhal-Teke, og rasebeskrivingane og historia til hestane i boka er henta frå den faktiske historia om Akhal-Teke. Det har også, for lenge sidan, eksistert religiøse kultar som ofra hestar i Norden. Ein stad i Skåne fann dei fleire tonn hesteknoklar etter religiøs ofring av hest.


Tordenhestane er inspirert av dei svarte hestane i Trygve Gulbranssens bøker om folket på Bjørdal i Bakom synger skogene, Det blåser fra Daudingfjell og Ingen vei går utenom. Gardsnamnet Bjørndal er henta derifrå. Alle andre stadnamn er henta frå Gøsta Berlings saga.



Medisinske kasus.

Dei medisinske kasusa er enkelt gjengitt, dette er trass alt ei barnebok og inga lærebok i medisin. Ein vil sikkert kunne diskutere ulike behandlingsmetodar og Kalles dømmekraft, men både kasus og behandlingar gjengitt i denne boka er rimeleg enkle og standardiserte prosedyrer.

From hesteklinikken, 2009

Og så til slutt, men ikkje minst: Elise.

Elise er ikkje verkeleg, men hennar erfaringar er verkelege. Ein må hive seg uti ting. Av og til går det på trynet, av og til går det bra. Ein treng ikkje vere supermann for å vere ein helt. Av og til treng ein berre vise guts og pågangsmot, vere modig nok til å risikere og gå på trynet, ikkje berre halde seg på den sikre sida heile tida. Ekte heltar tar sjansar heile tida. Det handlar ikkje om å vente med å gjere saker til du kan gjere dei perfekt, men om å bykse uti det og lære undervegs. Tek du feil, innrøm det. Hald så fram som du stemnar. Det har inga hensikt at alle skal like deg. Du treng heller ikkje like alle. For kvifor skal du det?

Og grensa mellom liv og død er smal. Som Elise seier, det skal så lite til for å få livet til å forsvinne.

Snille jenter kjem til himmelen, tøffe jenter kjem dit dei vil og kan bli det dei vil. Eg gleder og gruer meg til å høyre responsen frå publikum. 


12. aug. 2012

Min mastergrad i statsvitenskap om norsk nordområdepoliikk

kan lastes ned her.

Mastergraden gjennomgår norsk nordområdepolitikk frå eit lokalt perspektiv satt opp mot nasjonal retorikk og målsetningar, og finn store sprik i lokal- og nasjonal historie om nordområdene.

Det er eit kvalitativt casestudie basert på semistruktuerte intervju med cirka seksti informantar i lokalpolitikk og næringsliv i norske, svenske og finske nordområder. Prosjektet er finansiert av Nordisk Råd.

Eksamen var i juni i år. Takk til glimrande veileder Geir Hønneland ved FNI. 

From DN bilder nordområdene


From DN bilder nordområdene

Medierespons på barneboka

Respons på medieoppslag om barneboka:

"Det er så opplagt for alle som ser de at du har null selvinnsikt og du kan umulig ha noen sosial inteligens. " Trude Mostue skjeller ut Anne Viken i mailen "Person Angrep". (sitatet er ikkje korrekturlese)

"Gratulerer, Anne! Jeg blir nok nødt til å kjøpe barneboka i gave til noen - og lese den selv først! Du har et kjempepoeng i denne "lanseringsdebatten" med mostue - vi har hatt en generasjon med statusveterinærer som i liten grad har rettet seg inn mot "ordinær" stordyrpraksis. En del har retttet seg inn mot smådyrpraksis i byene - en og annen har vel også satset på karriære som "bimboveterinær"- andre igjen er plassert som desilusjonerte saksbehandlere i mattilsynet og skal med ulik forvaltningskompetanse t.o.m. føre tilsyn med de langt mer erfarne dyrlegene utover i landet - ;-) Dette er faktisk et alvorlig problem for hustdyrholdet i dette landet! Tøff jente! stå på :-)" Arne L på Facebook.

Du kan også lese fleire intervju med underteikna om barneboka.

i Klassekampen.

Dagsavisen

og Nationen

11. aug. 2012

Kva slags bilete har media skapt av veterinærane? Fotos frå ein ekte hestepraksis

Eg har skrive om dette før, og eg tek opp artikkelen om veterinærar i media igjen i forbindelse med lansering av barneboka mi Elise og mysteriet med dei døde hestane som handlar om, ja nettopp, ein veterinærpraksis.

Virkeligheten som veterinær er langt meir spennande og underhaldande enn den virkeligheten du får presentert gjennom medias underholdningsveterinærar.

Her er nokre fotos frå praksis med hest. Praksis med hest er hovedtema i mi bok. (Foto er gjengitt med tillatelse frå hestens eigar).

From hesteklinikken, 2009


Kasting av hest før CT-scanning av hovudet. Kasting foregår i ein godt polstra kasteboks.

From hesteklinikken, 2009


Hesten vert heisa opp etter beina

From hesteklinikken, 2009


og lagt på eit polstra bord

From hesteklinikken, 2009


Her ligg hesten med hovudet inne i CT-scanneren. Ein skal sjekke om den har skader i hovudet/ munnen.

From hesteklinikken, 2009


From hesteklinikken, 2009


Hesten vaknar opp i kasteboksen etter at CT-scanninga er avslutta.

From hesteklinikken, 2009


Alle foto. Anne Viken. All rights reserved.

Bok frå bygda - intervju frå Nationen i full lengde

Intervju om barneboka i Nationen kan lesast her. 

Sidan det er ganske nedkorta på trykk, kan de lese full versjon her:

Kvifor gir du ut barnebok?

Fordi eg har lyst. Eg satte meg i hovudet at eg skal skrive barnebok, og så gjorde eg det. Det var ein styrkepröve, men bok skulle det bli om så det small. Og fordi veterinärar har eit hav av fortellingar å vidareformidle. Historier om menneskeskjebnar og dyr. Desse heng tett saman. Her kjem ein del av desse historiene. 
Kva handlar boka om?

Den handlar om Elise på tretten år som er med onkel Kalle og köyrer veterinärpraksis i Tordenbygda. Tordenbygda er ei gamal bygd spekka med gamal overtru, legender og eventyr. Den er inspirert av Trygve Gulbranssens triologi om folket på Björndal: Bakom synger skogene, Det blåser fra Dauingfjell, og Ingen vei går utenom. Så begeistra er eg for Gulbranssen at eg har kalla den störste garden i boka for Björndal. Resten av stadnamna er henta frå Selma Lagerlöfs bok Gösta Berlings saga. Lagerlöf og Gulbranssen er fantastiske skildrarar av ville dyr, svarte hestar som kappköyrer med ulvar i hälane, sveper som smell så blodet sprutar og djevelen som köyrer til kyrkje midtsommars med ulveskinnspels. Eg elsker dei. Boka inneheld også gamle segner frå Sunnfjord.
Kva skil denne boka frå andre hestebøker?

Det meste. Difor er det i grunn vanskeleg å plassere den i hesteboksjangeren. Eg har ikkje med hestejenter som grin etter å ha tapt sprangridningskonkurranse med ponnien sin. Dette er ein ny sjanger, og den heiter veterinärbarnebok-sjangeren. Her tåler jenta å sjå hestepasientar bli avliva, ho kan snakke med den galne bonden og er med voksne menn som sit oppe natta lang for å vakte over ein sjuk hest. Ein må gjere det som er nödvendig, men når er det nok? Ho greier på same tid vise engasjement på ein måte som inneber både omtanke og realisme. Eg synest det er på tide at denne sjangeren kjem på marknaden.
Veterinär er trass alt eit stormande populärt studie å söke seg til, og etter å ha lese denne boka kan ungane tenke seg om ein gong til: vil eg dette? Vil eg bli veterinär? For eg legg ikkje fingra imellom. Legge fingra imellom er Trude Mostue sin jobb. Det er ikkje mykje neglelakk å spore når ein må rykke ut på motorvegen til ein smadra bil og ein knust hestehengar midt på natta. Då må du vere av Elise-kaliber. Elise er min hovedperson. Elise kjem til å bli rektor på veterinärhögskulen når ho blir stor. Denne boka er verken rå eller brutal, men boka skildrer ein realitet som eg ikkje kjenner til andre barneböker som skildrar, innpakka i eit mysterie, legender og gamle eventyr. Veterinären er ein karakter som har så mange spennande sider, og eit yrke med så mange nyansar at det ikkje kan bli overlatt til pusekattklappande glam babes å presentere oss. Vi treng litt realisme utover koseprat og kjendisdyrlegar som sleper lam med seg på fest.

Korleis pregar din bakgrunn som veterinær handlinga i Elise og mysteriet med dei døde hestane?
 
Den preger den masse. Eg bruker mine eigne pasientar frå felten som kasus for Elise, onkelen hennar Kalle og den pensjonerte dyrlegen Gamle-Mathias. Både Kalle og Gamle-Mathias bygger på virkelige, og svärt dyktige, dyrlegar eg har mött. Eg bruker reelle samtalar mellom dyrlegar til å belyse etiske og praktiske problemstillingar. Kalle er veterinär og gjer seg mange av dei same erfaringane som eg sjölv har gjort meg som ny veterinär i felt. Både tabbar og erfaringar med alt frå superflinke bönder, til dei verste slaskane bondestanden kan oppdrive. Mistenksame bönder som ikkje har tiltru til andre enn den eine veterinären som skriv ut antibiotika-resept i same tempo som andre pustar. Og så fleire typa hesteeigarar. Og masse flotte hestar har eg med, drivande flinke bönder og heidundrande töffe kyr. Her er litt av alt. Dette er ei bok frå bygda med alt det inneber. Blant anna eit kuslepp og tidenes barskaste bjelleku. Töffe bjellekyr må ein ha med.

Kven passar boka for?

Alle, også vaksne som vil ha eit blikk inn i det faktiske livet som dyrlege i ein moderne praksis. Eksempelvis dei som önsker å vite kva dyrlegen faktisk tenker om bönder og hesteeigarar, ikkje kva du trur dei tenker. Og den passar både gutar og jenter. Elise er jente, men ho kunne like godt ha vore ein gut, så dette er ingan typisk jentebok. Det er ei unisex-bok

Kven vil du helst ete ein betre sommermiddag med?

Hanne Skartveit. Kunne tenke meg ein fast spalte i VG. Dei treng meg. Dei har berre ikkje skjönt det enda.

8. aug. 2012

Hesteböker på ekte

Veterinærer er ikke dumme bimboer uten fagkompetanse. Forfatter og veterinær anne viken vil gi et realistisk alternativ til hestebøkene.

Les intervju med meg og sak om heltar og forbilder i barneböker i Dagsavisen 8.august.

Utdrag: "Veterinærstanden blir ofte brukt som underholdning. Jeg liker ikke dette imaget, og det har jeg prøvd å ta et oppgjør med i denne boken. Veterinærer er ikke dumme bimboer, uten fagkompetanse, eller billig medieunderholdning. De er også psykologer, tar etisk krevende beslutninger, snakker med folk i krise, må ut på trafikkulykker der hester er involvert og kan bli utsatt for trusler. Dette er virkeligheten (...)."

Bestill boka i nettbutikk.


Foto: Samlaget

7. aug. 2012

Kvifor ei rekke menn taper på kjønnsmarkedet: taparar har eksistert til alle tider, og dei eksisterer framleis. Kvinner/ likestilling kan ikkje ta skulda for det. Her: mine eigne erfaringar


I den siste tida har det gått ein debatt i norske medier, eg har ikkje fått med meg alt, men ein del. Og det går på kvinneforakt på nett, voldtekt som ein legitim reaksjon på likestilling og ein del anna idioti som at menn er dyr, og dermed må få te seg som dei dyra dei er.

Kikk på dette biletet. Kilde


Er det dette som er kvinners dominans over kjønnsmarkedet, at vi ikkje vil ha tapermenn? Just asking, for det er jo tapermennene som skrik opp om at likestilingen har gått for langt og at menn ikkje lenger kan tilby kvinner noko. Dette seier mest om avsendar og lite om mottakar. Looser-menn kan ikkje forvente seg å få ei bra dame, just face it.

No More Mr Nice Guy, skriv bloggaren BadKitty. Og det kan nok mange damer signere på. Eg tenkte ta opp tema her, for vi har, mange av oss, møtt Mr Nice Guy som er alt anna enn ein Nice Guy når det kjem til stykket. Eg skal dra nokre private eksempel.

BadKitty skriv om menn som viser henne interesse, ho avslår, dei hevner seg. For korleis kan ho turn down ein mann som er tilsynelatande bra? Ho må jo vere sprø. EG syns den bloggposten var svært god, for den treff spikern så det syng. Difor følger eg den opp her og skal dra tre eksempel på menn eg har møtt, skygga unna og fått kjeft av. For det er min feil at dei ikkje har sjans. Ikkje ein augneblink ser dei seg sjølv i det heile. Desse mennene meiner at kvinner har for mykje makt, og at dei sjølv kan te seg nett som dei vil og vi skal tolerere det. Dette er sånne menn som kaller kvinner for horer. Slike menn taper, og dei meiner, sjølvsagt, at likestilingen har gått for langt. Ikkje eit sekund ser dei seg i spegelen. Eg har møtt ei rekke veldig bra menn i mitt liv, kompisar, kollegaer etc, men eg har også møtt nokre tullingar, og det er desse som er omtalt her.

Mann 1: Er ein typisk Mr Nice Guy, veldig interessert i frøken V, men frøken V er ikkje det minste interessert og har ikkje skjønt at Mann 1 er interessert. Og kvifor har ho ikkje skjønt det? Jo, fordi klassiske Mr Nice Guys, som framstår som hyggelige og snille menn, ikkje alltid uttrykker sin interesse på ein slik måte at ein fatter at dei er interesserte. Dei mangler også ein del sosiale antenner, noko som i sin tur fører til at dei trur at det at du i det heile vil prate med dei, betyr at du er keen. Og så akselerer situasjonen. Mr Nice Guy uten sosiale antenner erklærer sin kjærlighet og får avslag på grått papir. Da forandrer Mr Nice Guy seg og blir sint. Kjempeforbanna, så forbanna at ein må ta beina på nakken og kome seg unna. For under overflaten er dette en Nice Guy som faker grei. Han er eigentleg ein idiot, ein reell idiot som ikkje tåler eit avslag og ikkje greier spele etter normale sosiale rolle. Han forblir single, men den som får kjeft, er frøken V. Frøken V er vanskelig, umulig å sjekke opp og har ei rekke mindre positive eigenskaper. Det er på grunn av frøken Vs forferdelege eigenskaper at Mann 1 ikkje har sjans. Han respekterer ikkje at ein velger sjølv kven ein vil vere ilag med. Han respekterer ikkje frøken V. Kvinner er eit helvete. Mann 1 går så langt at han slenger eit glas øl i trynet på frøken V på byn, slenger henne full i drit i alles påsyn og føler seg sikkert nøgd med seg sjølv. (For ordens skuld. Eg data aldri denne fyren, han trudde han data meg fordi vi drakk kaffe ved eit par anledningar).

Mann 2: Er ein Mr Nice Guy. Ganske kjekk, men V er ikkje interessert. Mann 2 tyr kjapt til anklager av typen: du er redd for forhold, redd for forpliktelser, ja til og med kukredd. Prippen, vanskelig, sannsynlegvis umulig å ha eit forhold til, iskald osv. Ja, med denne framgangsmåten har Mann 2 gjort det fullstendig umogeleg å like seg sjølv. Han får sjølvsagt avslag på grått papir, og blir sur. Så sur at han erklærer at frøken Viken er heilt på jordet. Han vil aldri meir snakke til frøken Viken. Det skal liksom vere ei straff, men for Frøken Viken føles det heilt greit. Kvinner er eit helvete, dei kontrollerer verden, samfunnet, ja til og med verdensrommet. Menn har ingenting dei skal ha sagt, seier Mann 2, for kvinner kontrollerer universet. Ikkje eit sekund tenker Mann 2 over korleis han sjølv ter seg. Skulda ligg hos dagens kvinner: jævla pripne, vanskelege og krevande. (For ordens skuld: eg data aldri denne mannen, men budde i nabolaget. Kva han trudde, veit eg ikkje heilt).

Mann 3: Er ein Mr Nice Guy og frøken V går nesten fem på, men stikker i tide. Alt skal skje no. Kan vi ikkje ha det litt moro? Frøken V er ikkje riktig vel bevart som ikkje liker Mann 3, for Mann 3 gjer alt han kan for Frøken V, inkludert sender henne tretti sms i timen for å forklare henne kva han tenker, men da har Frøken V avslørt Mann 3 som den idioten han er. Men Frøken V er vitterlig ei dame Mann 3 kunne tenke seg på trofehylla, berre synd ho ikkje føyer seg som eit blad i vinden etter Mann 3 sine vanvittige innfall. Ho stikker istaden. Synd Frøken V er så steinhard og står på krava. Ho er til og med så frekk at ho trekker seg frå ein avtale. Da er Frøken V ei jævla hore. For dagens kvinner er, ja vi ha sagt det før, eit helvete. Og Mann 3 kan ikkje forstå at Frøken V ikkje vil vere kompis med han, så hardt som han ha lagt seg i selen. Han har til og med spandert middag. No vil han ha penga tilbake. Ja, er det rart Mann 3 er single? Er det rart han kaller frøken V ei hore? Det må ho da tåle. Han blir trass alt så frustrert. Men nei, det tåler ikkje frøken V. Frøken V forakter menn av dette kaliberet. Det er ho ikkje aleine om. Difor er slike menn svært lite attraktive. Kanskje dei heller skal skaffe seg katt?

Mann 4: Sender massevis av mails til frøken V. Frøken V ber Mann 4 slutte. Da ber mann 4 frøken V dra til helvete.

Denne typen menn ter seg som idiotar, men kven er det som får skulda? Jo, dagens kvinner.

Let them loose. Denne typen oppførsel har ingenting med oss kvinner å gjere, og det må vi forstå. Det handlar fullt og heilt om menn utan sosiale antenner. Å bortforklare idiotmenns åtferd med at likestillingen har gått for langt, at dagens kvinner er umulige eller at menn er undertryk, er tøys. Vi må sei det som det er: taparar har eksistert til alle tider, og dei eksisterer framleis. Kvinner kan ikkje ta skulda for det.