30. jul. 2012

Ostelaging på sæter i Härjedalen, glimt frå praksis


Dette er meg. Eg blir litt utydeleg når det regnar.


På veg til pasientbesøk, møtte eg på eit par kyr. Det viste seg at desse kyrne melkar for eit sætermeieri.


Her er eit klassisk sætermeieri.


Eg kjeik inn døra.


Der var det ostelaging på gang. Eg fekk lov å ta litt fotos, og sidan dagens sæterku var min siste pasient, tok eg meg god tid til å drikke kaffe med bonden som kokte ost, samt fekk meg ein leksjon i alt om ostelaging på sæter.


 25 liter melk vert først varma til 33 grader, så tømmer ein i slikt magisk ostestoff og let det stå i 45 minutt før ein kokar det opp og let det koke til halvparten er att. Så let ein det stå og modne i eit døgn. vips, et! held seg to tre veker i kjøleskap eller kan frysast ned. heime kallar vi det for mylse. her kallar ein det grynost


No kokar melka. Under gryta er det ved.


her er ein an type ost som ligg og modnar, av kumelk, laga på sætra. kumelk frå sætra har høgare feittinnhald enn melk frå vinter-kraftfor-ku, og difor betre for ost. dessutan har den luftkontakt. da får ein rett bakterieflora. osten skal modne på trefjøl, og denne trefjøla er nesten hundre år gamal. etterpå skal den modne vidare i jordkjellar til den har eit tjukt lag av pelssopp over heile seg i alle slags fargar. Nokre sel osten med pelsen på, andre vaskar den av med vatn før salg. Tipper Mattilsynet ville elske ost med pels på ♥ I do


i denne forma trykker ein ned ostemassen, men først legg ein eit handkle i botn. sjekk årstalet. forma er over 150 år gamal. gjennom krossen renn overflødig melk ut. slike gamle former vil dei ha pga i treet sit smak og bakterier. difor lappar dei forma med gaffatape.



I denne sæterfjøsen står kyrne om natta sommarstid.


 Her er båsane dei ligg på.


Klassisk fjällko med klassisk temperament og velutvikla sprøyteskrekk.


 

Bak denne grinda går dei på beite heile sommaren. Sånt blir det god mat av!

25. jul. 2012

Korleis kan vi vere mot tyrefekting når vi gaflar i oss industrikylling, egg frå burhøns og flesk frå gris på betong?

Er det i grunnen så mykje verrre å bli spidda i ein sirkel til underholdning for folk, enn å leve heile livet på betong og i bur? Dei same folka som kallar tyrefekting for galskap, stappar i seg søppelkylling, egg frå burhøns og flesk frå gris som lever på betong. Det er det ein kallar sofamoralisme.

Oksen dør i ringen. Kyllingar blir frakta timesvis på transport, gassa og slakta. Same med gris. Men i motsetning til oksen som lever ute på beite, har verken kylling eller gris nokon sinne sett dagslys.

Folk er vulgære.


Photo: Occopy Europe Animals.

18. jul. 2012

Norske kyr skal ut på beite! Ja/ nei, ja/ nei. Norge har så vanskelig natur at vi passer ikkje for matproduksjon?! Ja/ nei osv

Tine køyrde i 2010 romantiske reklamefilmar på tv der dei påstod at alle norske kyr går på beite i åtte veker. Dette er rein bløff då Tines eigne tal viser at tretti prosent av alle kyr i lausdrift aldri er utanfor fjøsets fire veggar. Likevel heldt Tine på sitt. I skrivande stund (medio juli 2012) er eit nytt tema på dagsorden. Frå og med 2013 er det nemleg eit krav at alle norske kyr, inkludert lausdriftskyr og ikkje berre båskyr slik kravet er i dag, skal få kome ut og lufte seg sommarstid. Protestane let, som forventa, ikkje vente på seg og det er bøndene sjølv som protesterer høgast. Bonden XXX frå partiet Krf protesterer særleg høgt då han vel argumenterer i tråd med at mennesket er sett til herre og gud over kloden og ergo kan legge opp drifta slik det passer ein sjølv og lommeboka. Galskap er det å sleppe kyr ut, seier han. Ja, tenke seg til, dyr ute i naturen. Vi kunne jo risikere at dei fekk betre helse. Dessutan er kjøt frå beitedyr sunnare for oss. På den andre sida har du dei som forsvarer luftekravet. Men dei snakkar ikkje om luftekrav. Dei snakkar om at beite er bra og at beitekrav må innførast. Her finn vi Ap og Sp. På denne måten får dei det til å høyrast ut som om det er eit beitekrav som vert innført i Norge frå 2013, men det er det ikkje. Det er eit luftekrav, og lufting kan foregå i betongdekte luftegardar. Nyord og retorikk har blitt stadig viktigare i presentasjonen av landbruket. Er ikkje virkeligheten framvisbar, mekker ein eit ord som får den til å virke fin. I andre land skriv dei vitenskaplege artiklar om korleis ein kan utforme gangvegar frå fjøset til beite slik at kyrne ikkje blir halte, og vegen ikkje gjørmete, medan norske kyr greier tydelegvis ikkje gå denne distansen om vi skal tru motstandarane av beitekravet. Det blir så langt, så langt og det er alt ein greier snakke om. Tenk om kua må gå ein halv kilometer. Ja, ein kunne jo risikere at den vart i betre form, og fytterakkern for eit slit. Og her i Norge har vi trass alt eit så vanskelig klima, miljø og ein så vrang natur at alt som ein får til i andre land, er komplett umogeleg. Skal ein tru retorikken, er i grunnen Norge heilt ueigna for melkeproduksjon. På den andre sida påstår vi at vi er best eigna for matproduksjon i heile verda, ja heile universet. Og fordi alt er så vanskelig for oss i Norge, ligg vi ganske langt bakpå dyrevelferdsmessig, men det vil vi sjølvsagt ikkje vedkjenne oss. Antageleg veit vi det heller ikkje då kompetansen stort sett stoppar ved fylkesgrensa, skal ein tru ein del av debatten. Eg jobba ei tid som veterinær i ein robotfjøs med to tusen storfe. Det var i Sverige, og robotfjøs er ein fjøs der det er robotar som melkar kyrne, ikkje folk. Ti melkerobotar var det der og ei mengd med kviger, kalvar og kyr i alle stadium av laktasjon. Desse kyrne gjekk på beite kvar dag utan større problem, men i Norge snakkar ein om at det er forferdeleg vanskeleg, ja sannsynlegvis på grensa til komplett umogeleg, å sleppe ut kyr som står i robotfjøs. Det blir litt latterleg når ein veit at dette fungerer i andre land og fjøsar med hundrevis av melkekyr. Norske besetningar er skrekkeleg små om ein samanliknar oss med EU, men samanlikne skal ein helst ikkje gjere då Norge er så unikt at ingenting kan vi lære av andre. Ja, slik går retorikken. Desse svenske kyrne hadde fire månaders beitetid. Og ja, dei hadde gangvegar til og frå beite, det finst i alle land sjølv om det visst er vanskeleg å få til i Norge med vår ekstremt ville natur, men desse gangvegane var konstruert slik at kyrne ikkje sakk ein meter i gjørme, og landbruksrådgivarane som rådga denne bonden då dei bygde, lot neppe vere å snakke høgt om at det er eit beitekrav her i Sverige. Dette har norske landbruksrådgivarar tydelegvis ikkje fått med seg då dei rådga bygging til Innovasjon Norges store samdriftsfjøsar som poppar opp som troll av eske utover bygdene. Kompetanse er som kjent noko svineri. I EU-landet Sverige har det vore to til fire månaders tvungen beitetid for kyr i mange, mange år. Merk deg beitetid, ikkje lufting. Her er det ikkje nok med ein betongdekt luftegard slik norske kyr får krav på frå 2013, her skal kyrne ut og gå på grøne beiter. Og så i EU da, som er så forferdeleg for landbruket. Nei fysj, for eit elende. Glad vi er utanfor EU så vi slepp slik beitegalskap og slike krav til dyrevelferd. I Norge kan ein mure opp ein luftegard, sleppe kyrne ut i den og etterpå banke seg på brystet med at no går kyrne våre sanneleg ute. Men fytterakkern så dyrt det er for oss med detta kravet, og for ei frykteleg belastning det er å sleppe kyr utanfor veggane. Pur lidelse, er det, stakkars oss. Kravet må utsettast, blir det sagt, og det sjølv om kravet har vore på trappene i så mange år at ein har hatt tid til å bygge om heile bygda i mellomtida. Men lat oss til slutt berre seie det som seiast må i denne saka: Greier ikkje norske bønder, ikkje ein gong dei som stemmer KrF, sleppe ut kyr på same vis som bøndene i andre land greier det, bønder med lågare inntekter og større buskapar i eit tøffare økonomisk klima, ja då er ikkje detta landet eigna for melkeproduksjon. Det er i grunnen så enkelt. Slepp kyrne ut, eller legg ned. Og nei, det komande «luftekravet» er ikkje godt nok. Skal vi kunne vaie fana som deltakar på pallen over best i verda på dyrevelferd, må vi også innføre eit beitekrav, ikkje berre late som om det er det ein er i ferd med å gjere. Retorikk kan fordekke virkeligheten, men endrer den ikkje: Norge er og blir beitesinker. Det er eit ukledeleg faktum.

12. jul. 2012

Hamburger Trail - søppelmat langs norske turistvegar

Når ein køyrer langs norske vegar, blir ein av og til svolten. Naturen er fantastisk flott og ein stoppar for å ete litt. Men kva får ein servert? Jo hamburger. Sjå på biletet under. Det er frå fagre Fjærland. Og kva ligg på tallerken? Jo, ein minimal burger til ein drøy pris. Det er ein stor mismatch mellom natur og kva mat ein får. Langs vegen går kyr og sauer på beite, men når ein skal kjøpe mat er det pølser og burger. Er det pølser og burger som vert produsert i vakker norsk natur? Søppelmat frå rein og pen natur? Det er i tilfelle ein tragisk måte å forvalte ressursar på: omskape dei til søppel.


Er det desse fine kyrne som har blitt kverna om til burger? Skammelig er det i tilfelle. Fjærland kunne ha vore ein hot spot for luksusturisme, men då må service og matkvalitet opp mange hakk.



 Her er breen i Fjærland. Matcher den ein hamburger??


Hadde det ikkje vore triveligare å ete lokal kvalitetsmat i denne naturen, enn ei svidd pølse med ketsjup?


Her er eg på veg ned til Skjåk. Ein mann står og pissar bak hjørnet og det står skilt om lokal mat på veggen.


Masse lokal mat som ser veldig god ut.


Men så kjem skiltet som proklamerer BURGER. HAMBURGER av elg. Elgkjøt frå flott norsk natur er omdanna til kjøtdeig og servert som burger ilag med frensh fries og cola. Søppel.


Ja, som du ser: frensh fries og cola står på borda. Er vi avhengige av dette, slik at alle etestader må tilby oss burger, eller har etestadane så dårleg fantasi og så dårlege kokkar at burger er det einaste dei får til?



Bileta under er frå Boknatti i Fjærland i juni i år. Litteratur og kultur i fantastisk natur, men kva mat får ein servert? Jo pølser og svidde kotelettar pluss ihjelkokt fiskesuppe. Sjekk utvalget av ketsjupflasker.


Her står folk i kø for svidd kotelett med potetsalat og litt grøn salat.


 Og her sit folk og et søpla medan fine kyr går på pene beiter rundt hjørnet.


Så kva skal ein stakkar gjere? Jo, eg tek faktisk med meg niste når eg køyrer på norske vegar. Å betale blodpris for mishandla kjøt iført ekkel pølse- og burgerform betaler eg ikkje for.


Heimebakt brød med heimelaga kaffe på Strynefjellet.


Så kan vi tenke oss litt om. Er det virkelig søppelmat vi skal servere langs norske vegar? Søppelmat laga frå dyr på idylliske norske beiter? Eg har eit forslag til Innovasjon Norge: heller enn å arrangere konferansar om turisme og overnattingsdøgn, hald kurs i service og kokkekunster.  Problemet ligg oppe i dagen: maten er søppel og det er også servicen langs vegane.

5. jul. 2012

Livet i praksis: ulike ting som plagar kyr

Eg har ein del kupasientar, og så ein del hestar. Det betyr at eg dagen lang køyrer rundt i ein stor firhjulstrekkar full av ting og tang, og fiksar store dyr. Helst ikkje kattar og hundar. Kattar og hundar må andre ta seg av, så langt det går. Sau er her lite av. Geitepasientar har eg vel knapt sett i mitt liv, og berre tidvis får ein grisar til behandling. Like greit. Grisefjøs er så varme, klamme og dyra står så tett at det er eit lite mareritt å vere der. Kufjøs er langt betre.

Ei  diagnose du kan få på ku, er løpemagedislokasjon. Det vil sei at ein av kuas fire magar, løpemagen, er full av gass og har flytta seg til feil side i kuskrotten. Dette er ein venstresidig løpmagedislokasjon. Det finst også høgresidig, men dei er sjeldnare. Symptoma på at ein slik diagnose foreligg, er at kua er sløv og gjerne et dårleg og melkar lite. Då kjem eg ut, knipsar kua på venstre sida medan eg lyttar med stetoskopet, og høyrer ping ping -lydar som om ein knipsar på ei tom stålbøtte. Desse lydane er lydane av gass. Der ein høyrer lydane på sida av kua, bak skinnet der befinn det seg ein gassfylt løpemage ute av posisjon. Då gjeld det å få ut gassen og få magen litt betre på plass.

For å få til dette, kan ein rulle kua. Ein legg tau på kua og drar henne ned. Det høyrest brutalt ut, men det er ikkje så gale. Ein legg tau bak frambeina og framfor juret, og over ryggen i eit finurlig system, og så trekk ein i tauet og kua legg seg. Den skal legge seg på høgre side. Så bind ein saman frambeina for seg, og bakbeina for seg, og rullar den over på ryggen medan ein pressar mot løpmagen som ligg på venstre sida. Når kua ligg på ryggen med beina til vers, lyttar ein under buken på den for å finne løpmagen. Ping-ping, og der det pingar, stikk ein inn ein trokar med ein tråd med mothake på. Mothaken kjem inn i løpemagen, så når ein trekk ut trokaren, heng stinget att. Så set ein inn ein ny trokar med eit nytt sting med mothakar. Når dette er gjort, heng to lange trådar, eller sting, ut av bukskinnet på kua. Desse to knyter ein i hop. Og kva har ein no oppnådd? Jo, å fortøye løpemagen til bukveggen under kua, samt punktere den slik at gassen kjem ut.

Etterpå rullar ein kua mot venstre til ho ligg på sida, tek av ho alle taua og reiser henne opp. Fiks ferdig.

Dette kalles "å rulle ku", eller på svensk "å pinne ko".

Andre diagnoser på kyr er forfangenhet. Det betyr at kua har vondt i alle klauvene sine og har vanskelig for å røre seg. Kua rører seg stivt, og vil gjerne ikkje røre seg eller ligge. Av og til har ho kryl rygg i tillegg. Ofte er det kyr som melkar masse som får forfangenhet og vondt i beina. Av og til blir dei forfanga i kombinasjon med livmorinflamasjon, altså pyometra. Livmora er inflamert, og toksiner går frå livmora ut i blodet og ned til klauvene så kua blir forfanga. Livmorinflamasjon får kyr av og til av vanskelige kalvingar, eller uhygienisk fødselshjelp. Ei ku med vanskelig kalving er også meir utsatt for jurbetennelse enn dei med lett kalving.

Her om dagen hadde eg ein kupasient med livmorinflamasjon, forfangehet og jurbetennelse på ein gong. Eg vil tru alt har utgangspunkt i livmora, og så har det spreidd seg til jur og bein.

Det var dagens leksjon. Slik er livet i praksis og eg skal gjerne fortelle litt meir.

3. jul. 2012

Kva er det artigaste oppdraget å få som dyrlege i felten?


TJA. Eg liker å utrede hestar. Kolikk er ein ganske interessant diagnose der du får gjort ei heil bråte med medisin. Andre interessante kasus er hestar med mystiske symptom på eit eller anna underleg der ein må vri hjernen litt for å finne ut kva det kan vere for noko. For eksempel feber som svingar, stive bein og andre underlige saker som ikkje alltid er heilt lett å direkte påpeike årsaka til. Blant anna hadde eg ein gong ein hest som på dag ein fekk kolikk, på dag to vart blind i eit døgn, og på dag tre fekk synet tilbake. Vanskelige tilfeller, men svært interessant. Om enn sjølvsagt svært kjedelege for eigaren.

Men diagnosen frå helvete er utan tvil livmorframfall på ku. Alle som har sett korleis det ser ut når livmora ramlar ut på ei ku, veit at dette er eit lite lekkert syn. Den er ei bråte med kilo tung. Har den lagt ute av kua lenge, kan den vere tørr. Den kan ha blitt porøs, den kan sprekke og gå hol i når du tar i den. Er du riktig heldig ligg livmora i ein dam med vatn og kua er nedkjølt. Nokre gonger har kua i tillegg til livmorframfall også melkefeber, eller "kalkmangel". Då greier den ikkje reise seg, og kan etterkvart gå i koma og dø om den ikkje får kalk i blodet.

Av og til er livmora alt hol i når du kjem fram til garden. Då er det ikkje mykje å gjere med mindre holet sit på ein slik stad at livmoramputasjon er eit reelt alternativ. Ut av slike hol kan det også etterkvart ramle tarmar. Dessutan må du passe på at urinblæra ikkje kjem med når du amputerer livmora. Det er litt dumt å utføre ein kombinert livmor- og urinblæreamputasjon. Utan urinblære blir ein kjapt litt redusert.

Diagnose nummer to frå helvete, er å ta blodprøvar på mengder av purker på same dag. Det er ikkje ein diagnose, meir eit oppdrag, men det er ei fæl oppleving. Det er steikande varmt i grisefjøsar, støvete, trangt og eit skrekkeleg lydnivå når titals purker skrik og hyler fordi dei har på seg reim rundt nasen og blir haldne fast medan ein stikk dei i halsen i eit forsøk på å dra ut blod til blodprøvar. Du blir så sveitt, så døv, så nedstøva og får eit detaljert innblikk i grisens kjeft. Grisar har kjeftar som låvedører smekk fulle av tenner som du ikkje i din villaste fantasi ville ha klappa rundt ein fot eller arm. Det er reine krokodillegapa, og med ein gong ein slepp nasebandet av grisen etter at blodprøven er teken, så smeller dette digre grisehovudet til sida med gapet fullt av tenner. Då gjeld det å stå ein annan stad.

Eg har ingenting imot griser, men å ta blodprøver av tett samanstua grisepurker i slike varme og støvete fjøsar, er ikkje spesielt kult. Årsaka til at eg har fått denne erfaringar, er at nokre av mine kollegaer skydde oppgava som pesten. Den ramla då på meg. Og ja, det var pur lidelse, rett og slett.

Andre vanvittige diagnoser som kan nevnast er livmoromdreining på ku som kan vere noko kjedeleg å kome utfor klokka tre natt til søndag, typisk på ein gard som ligg mange mil inne i svartaste skogen.

Men dette var dei kjipe diagnosene. Dei fleste andre er langt kjekkare og greiare, difor er det gøy med jobb.