Gå til hovedinnhold

Er vi klar over kva det er vi ber om når vi ber om billeg mat?


Aldri før har verda produsert mat på ein så gjennomindustriell, samlebandsaktig og etisk betenkeleg måte som det vi gjer idag. Vi har aldri hatt høgare kompetanse, men heller aldri lågare etikk i matproduksjon. Dette medfører ei rekke risker for konsument.
Mennesket har ei nøkkelrolle i matproduksjonen. Det er menneske som står bak regelverk, etikk og produksjonsmåtar. Det er mennesket som er nøkkelaktøren for med sine verdiar kunne få til endring og legg premissa for korleis mat skal produserast. Når ein kjenner til kva som er i ferd med å skje, kan ein lure på kva slags etikk og verdigrunnlag som råder grunnen hos dei som legg føringar for korleis norsk mat blir produsert i dag. Ein kan også stille seg spørsmål ved om det er slik den norske forbrukaren ønsker at billeg mat skal produserast.

Det skal gjerast billeg. Vi kjenner til at Nortura køyrer kyllingtransportar der hundrevis av kyllingar frys ihjel på vegen til slakteriet og tusenvis frys nesten ihjel og må brytast laus frå islaget ved ankomst til slakteriet. Vi veit at slaktetransportar som transporterer sau er i så dårleg stand at dyra riv av seg beina på veg til slaktehuset. Norske kyllingar et GMO-soya produsert i Brasil under forhold brasilianske myndigheter omtaler som slaveliknande forhold. Men dårlege dyretransportar og billeg soya er eksempel på kva som er med på å halde kostnadane i norsk matproduksjon låge. Men Norge er på ingen måte unike. Slike eksempel er med på å halde kostandane låge også globalt.

Norge er ingen verken besting eller versting, men vi må starte med oss sjølv: kva slags verdigrunnlag er eigentleg norsk matproduksjon tufta på?

Globaliseringa gir nye roller til bønder, forbrukarar og matvarekjedar. Før heitte det «from farm to fork», no heiter det «from fork to farm». Makta er flytta til andre sida av bordet, frå bonde til supermarknader og forbrukar.

Dyrevelferd og personleg helse får stadig meir fokus i konsum og produksjonsrelaterte avgjerder. Forbrukar sin livsstil er ei sterk påvirkningskraft for kva supermarknadane sel og kva utvalg dei tilbyr. I Norge har produksjonen av kylling gått sterkt opp og er stadig aukande. På same tid som vi vert meir og meir opptekne av at dyr skal ha det godt og at maten vi et skal ha ei historie vi kan identifisere oss med og stå inne for, dumpar etikken i matproduksjonen nedover.

Vi kan diskutere tollbarrierer og subsidier til vi blir grøne i trynet, men eit enkelt faktum må vi forhalde oss til: det er ein grunn til at mat vert billeg. Det kjem av sosial dumping, låg etikk og låg kvalitet. Pengar spart for supermarknadane og konsumentar. Men vi skal vere forsiktige med å plassere skuld hos forbrukaren. Forbrukaren har for liten kunnskap til å ta stilling i debatten om mat og landbruk.

Reklamen menneskeleggjer industrielt foredla produkt vi ansikt og bilete. Vi har ikkje lenger kontakt med matproduksjonen og har ikkje lenger ein bestefar på landet.

Vi et stadig meir kjøt. Nina Sundquist, kommunikasjonsdirektør i Nortura har sagt det slik: «det har vært en eventyrlig vekst i forbruket av kylling». Avdelingsdirektør Henriette Øyen seier at «dette er en veldig ønsket utvikling». Vi har vore vitne til ei kjøttifisering av kostholdet, skriv landbruksforskar Svenn Arne Lie og journalist Espen Løkeland-Stai i boka En nasjon av kjøtthuer som kom i vår. For å halde oppe vårt kjøtkonsum i verdstoppen per forbrukar, beslaglegg vi enorme areal utanfor norske grenser for å produsere nok kraftfor som vi i andre omgang importerer. Kyllingen kallar vi for norsk.

Lars Peder Brekk har påpeikt at landbruket må produsere det forbrukaren etterspør. Markanden og forbrukaren er i følge Brekk den viktigaste drivkrafta for kva slags mat landbruket skal produsere. Men etterspør den norske forbrukaren kyllingar som frys ihjel på veg til slakteria, er oppfora på GMO-soya produsert under slaveliknande forhold i Brasil og et antibiotika i maten kvar dag?Kyllingane som knapt overlevde transporten, kom fram til slaktehuset i nær daud tilstand, vert slakta og solgt til deg. Dette er ingen fleip. Det er dessverre virkeligheten.

Kvar er forbrukarmakta? Matproduksjon er ikkje demokratisk. Forbrukarane har liten kunnskap. Vi blir mata fulle av myter, klisjear og villeiande reklame. Liten kunnskap gir lita makt. Forbrukar kjenner kun til det vakuumpakka sluttproduktet, ikkje produksjonsprosessen. Dei fleste er ikkje klar over at norske kyllingar får antibiotika i maten kvar dag fram til eit par dagar før slakting (Narasin, ionofor-polyeter antibiotika, også omtalt som koksidiostatika), det får den også i EU. Ein finn resistente bakteriar på stadig fleire kyllingskrottar. Mange av medisinane som vert nytta på dyr, har dei same verksame substansane som det du blir behandla med om du sjølv hamnar på sjukehus. Det er eit faresignal. Får du i deg resistente bakteriar frå ein kyllingfilet, kan det føre til at du sjølv vert resistent. Kvart år dør 25 000 menneske i EU som ei følge av antibiotikaresistens. Og nei, dette er ikkje eit skrekkscenarie. Dette er konsekvensane av billeg matproduksjon.

I USA er det 300 000 tilfeller av pesticid-forgiftningar kvart år, altså forgiftningar som er ei følge av sprøytemiddelbruk. Sprøytemiddel gjer det mogeleg å produsere store mengder effektivt og billeg på mindre areal.

Forbrukarane må få informasjon, ikkje berre om helseeffektane av å det dei et, men om korleis produksjonen faktisk foregår og kva konsekvensar det på sikt kan få for dei sjølv. Forbrukarmakt bør ikkje berre inkludere kva du kjøper i butikken, men å kunne vite korleis produksjonsprosessen foregår. Eg trur ikkje forbrukarane er klar over kva dei ber om når dei ber om billeg mat.

Forbrukarane må få tilgang til informasjon om korleis mat blir produsert, så kan dei ta stilling. Er det dette vi ønsker oss? Om svaret er ja, rop høgare på billeg mat. Lev så med konsekvensane.

Anne Viken, veterinær.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb