Gå til hovedinnhold

Større skala på norsk landbruk er ikkje eit problem. Vi må bytte ut ordet skala med relevante ord som klima, driftsform og kompetanse.

I Norge er "skala" eit vanleg brukt ord i debatten om landbruk. Vi vil ha vårt "småskala" landbruk, og ja norsk landbruk er småskala, over heile fjøla, i ein internasjonal kontekst.

Vi er veldig skeptiske til å øke skalaen, altså få større og færre gardar. Eg er ikkje skeptisk til dette i det heile utfrå tanken om kvalitet og dyrevelferd.

Og kvifor det?

Fordi dyrevelferden er best på store gardar. Dette er ei erfaring veterinærar i felt fortel om. Altså: jo større gardar, jo betre er dyrevelferden. Sjølvsagt finst der unntak. Og kvifor er det slik? Jo fordi på større gardar er garden hovedfokuset, ikkje jobben ved sida av. Dette er også mi eiga erfaring.

Det er ein grunn til at ein svensk kollega, og spesialist på melkekyr, sa at det er flott når deltidsbøndene legg ned. Og kvifor er det flott? Fordi det hevar nivået på dyrevelferden når bonden blir større og er bonde på heiltid.


Før eg sjølv fekk praktiske erfaringar frå felt, og før eg sjølv fekk eit nettverk av kollegaer som jobba i felten som veterinærar, var eg heilt sikker på at småskala var best. Eg argumenterte hardt for småskala landbruk og hardt mot storskala, sjølv i norsk målestokk. Men etter at eg fekk innblikk i virkeligheten og praksis, er det heilt klart at eg tok skikkeleg feil: småskala er ikkje betre når det kjem til dyrevelferd. (Det er dyrevelferd og kvalitet i produksjon som er mitt fokus).

Men at skala er irrelevant for dyrevelferden er vanskeleg for folk å ta inn. Ein trur at stort er fælt, heilt automatisk. Og kvifor er det slik? Jo, fordi det høyrest verre ut. Ein forestiller seg at masse kyr har det fælt, medan få kyr har det bra.

Og så har vi retorikken som er ført rundt matproduksjon politisk: for å kunne forsvare norsk landbruk er ein avhengig av å gni inn i folk historia om at småskala er det beste. Skala er eit ord som blir gjenteke og gjenteke i debatten om norsk mat.

Problem: skala er irrelevant for kvalitet på produksjon.

Skala blir tøyla av lover og forskrifter. Store gardar vil ikkje automatisk bli meir vill vest enn små. Dei driv etter same reglar. Dei vil heller ikkje automatisk ha meir smitte og sjukdom. Dette kjem an på kompetanse og klimatiske forhold rundt garden.

Det handlar om klimatiske forhold.

Det er ikkje grunna liten skala at vi ikkje har Bluetounge i Norge, altså Blåtunge. Det er på grunn av avstand til kontinentet. Myggen som ber viruset finst her, men smitta mygg greier ikkje flyge heile vegen til Norge. I tillegg kjem restriksjonar på handel med dyr.

Det handlar om handelsrestriksjonar:

Det er ikkje liten skala som gjer at vi ikkje har munn- og klovsjuke i Norge. Det skuldast harde handelsrestriksjonar og strenge krav til grensepasseringar og handel med dyr og kjøt.

Det er ikkje storskala hønsehald som er mest plaga av sjukdom når det gjeld fjørfe. Det er småskala hobbyhald fordi desse dyra blir kjøpt og solgt meir tilfeldig.

Kontrollert kjøp og salg av dyr er svært viktig i eit smitteperspektiv. Å kjøpe inn eit sjukt dyr, kan innføre smitte i ei ellers frisk premiebesetning. Dette er det mange som har brent seg på. Å ha smittsame sjukdomar i besetningen, for eksempel klauvspalteeksem på ku, betyr ikkje at du er ein dårleg bonde eller at du driv stort og industrielt. Det kan kort sagt bety at du har vore uheldig og kjøpt inn ei ku som bar smitten med seg.

Dessutan spreier dette seg raskare i besetningar der kyrne går ute, altså på beite, enn om dei står på bås.

Ville den norske skattebetalar vore like villeg til å støtte store statlege overføringar dersom han var klar over at skala er irrelevant? At ein like godt kunne hatt store gardar og fått den same kvaliteten på maten, samt også betre dyrevelferd? Og like lite sjukdom?

Kanskje ikkje. Difor verkar det vere viktig å oppretthalde den retoriske myta om at småskala er best, i møte med forbrukar.

Men det er ikkje skala det er snakk om. Det er driftsform. Høner, kylling og kalkun som får gå på beite ute er betre enn høner, kylling og kalkun som står inne i hallar/ bur. Ei høne i innreidd bur vil ha nøyaktig like liten plass om ho lever i eit hønsehus med 2000 eller 2 millionar høner. Skala er for denne høna irrelevant. Den får også same mat, ha same lysregulering og same krav til kva som skal til for å halde ei høne, uansett om den er ei av 2000 eller ei av 2 millionar.

Skala er i beste fall ein skivebom. Men skala er viktig retorisk for å halde oppe støtta til norsk landbruk. Men beklager, forbruker og andre. Det er irrelevant og eit tåkeargument.

Skala bør erstattes med ord som: driftsform, kompetanse og interesse.

Men kvifor er vi i Norge så redde for større gardar? Vår skala når aldri opp i den størrelsen ein finn på kontinentale Europa eller i USA. Hormoner og vekstfremmande midler er forbode i Norge og EU.

Jo, fordi mykje av retorikken rundt kva som er bra eller ikkje bra i matproduksjon er bygd på myter. Vi trur for eksempel at det er viktig at bonden har mykje tid per ku. Men kor mykje tid per ku har ein bonde med ti kyr som bruker dagen på ein lærarjobb? Lite.

Kollegaer fortel om gardar med ville kyr, små gardar, der bonden går ut i jobb ved sida av garden. Når veterinæren kjem, er ingen bonde heime. Men kyrne er der og dei er redde for folk. Og kvifor er dei det? Jo, fordi den småskala bonden nyttar så lite tid i fjøset. Utamme dyr er eit dyrevelferdsproblem.

Til samanlikning kan du sei at ein bonde med hundre kyr har mindre tid per ku den tida han er i fjøsen. Kanskje kan vi sei det. Men på den andre sida så er denne bonden totalt i fjøsen eit langt høgare antal timar enn ein bonde med ti kyr. Og det er dette som avgjer kor tam ei ku vil bli: kor van er den med at det er folk rundt henne. Samt korleis bonden ter seg. Ein bonde som stressar dyra sine vil stresse dei uansett kor få eller mange han har.

Det er ikkje skala som avgjer kvaliteten på ein gard. Det er heilt andre parameter: kompetansen til bonden, interessa hans. Det er svært mange avgjerande kriterier for kvalitet som ligg hos bonden. Ikkje i systemet.

Vi treng fulltidsbønder, skala er likegyldig. Det er tid, kompetanse og interesse som i stor grad avgjer kvaliteten på ein gard.

Eg meiner dette må tas høgde for i debatten. Ein debatt basert på realitetane, ikkje på retoriske myter, er langt meir matnyttig når ein skal stake ut framtida for norsk matproduksjon.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys