24. apr. 2012

Tips til andre nybegynnarar som ønsker å skrive skjønnlitterært

Da har eg omsider skrive ei bok. Det var ein interessant prosess og om eg skal gi eit par råd til andre som skal skrive ei bok, vil eg, som nybegynnar i faget, gi desse:

- Ha planen for plottet og historia nokolunde klart før du startar. Altså ei prosjektskisse. Dette hadde ikkje eg heilt på plass, berre delvis, og det førte til at eg måtte rekke opp igjen historia, klippe og lime. Det tok ekstra tid og for min del var det dette som tok tid. Skrivinga gjekk kjapt. Plottfiksinga tok tid. Så bruk god tid på å lage eit plott, ei story, eventuelt ei kapitteloversikt eller noko slikt. No snakkar eg om roman.

- Du kan teikne historia på eit ark. Eksempelvis lag eit kart og teikn inn kvar handlinga foregår. Dermed kan du visualisere for deg sjølv. Skriv for eksempel inn på kartet kvar ulike episodar foregår, kvar karakterane held til og korleis handlinga forflyttar seg i terrenget reint geografisk. Dette kan også hjelpe deg med å sjå nye muligheter i handlinga eller terrenget.

- Ha karakterane dine klart føre deg slik at dei handlar i tråd med seg sjølv. Då blir dei truverdige.

- Research. Dette er svært viktig: Les deg opp på sjangeren. Skriv du barnebok, les masse barnebøker. Les og les, sjekk inngang på kapittel, avslutningar på kapittel, karakterskildringar, korleis dialogar er skrivne, sjå etter kva du liker og ikkje liker med dei ulike bøkene. Lær av dette. Skriving er eit handverk. Dropp bøker du ikkje liker, finn ei ny.

- Dette er også viktig: Få ein lese- og eller skrivekyndig kompis til å lese manus for deg, be om kritiske, ærlege innspel. Gi gjerne instruksar på kva du vil ha slags innspel. Du lærer mykje raskare av innspel enn av å sitte i eit vakuum og skrive aleine. Å skrive må nemlig lærast. Det er ikkje medfødt. Det finst ei rekke teknikkar, både fortellermessig og reint språkleg som er kjekt å kunne. Og om du viser manus til folk kan dei kome med innspel du ikkje sjølv hadde tenkt på. Men pass deg for kompisar som er ekstremt negative og nådelause. Det kan verke mot si hensikt. Velg dine testlesarar med omhu. Om du mistenker at dei vil vere nådelause, be dei tenke på korleis dei formulerer seg. Det er ikkje meininga dei skal drepe manuset, men hjelpe deg.

- Unngå klisjeaktig språk. Tenk sjølv.

- Gjer research. Altfor mange bøker ber preg av dårleg research. Det skjemmer manus.  Lesaren er ikkje dum.

- Skriv, skriv, skriv. Stol på deg sjølv.


- Ikkje vent på den rette dagen for å skrive. Skriv. Ellers blir du potensielt aldri ferdig. Start med å skrive, brått sit du og skriv effektivt og kjapt på ein dag der du tenkte at i dag går det iallefall ikkje. Og ikkje alle dagar er like bra skrivedagar. Skriv likevel. MEN: står du bom fast, ta ein pause frå manus og legg det vekk. Bruk tida til å for eksempel sette deg betre inn i sjangeren, les masse, gjer research, oppsøk stader eller miljø. Dette er også ein del av ein skriveprosess. Målet er at boka skal bli bra. Men målet er også at det skal bli ei bok, så ikkje lat vere å skrive kvar gong du føler at dette er ein dårleg dag for skriving.

Ja, då gjenstår det å sleppe boka ut på marknaden. Det blir spennande. Inntil vidare kan eg ikkje sei noko meir om kva manus inneheld, men det kjem, antagelegvis i løpet av ikkje altfor mange vekene, ut meir informasjon om kva dette er slags bok. Så da håper eg folk vil lese den.

Norsk kylling - søppel i alle ledd.

Godt norsk.

Det er godt, det er norsk. Punktum.

Men er det eigentleg det?

Høyr på Her og Nå på NRK P1 idag ca halv seks. Tema: kylling med saltvatn i. Underteikna deltar.

Lat oss kikke på norsk søppelmat nummer ein, kylling. Kylling er dyr som vert behandla dårleg i  alle ledd, frå dei er klekt til dei hamnar på ditt fat. Kylling er det nærmaste vi kjem levande søppel.

Produsenten av kyllingar og avlsdyr som skal bli kyllingar produserer dyr som lir av kronisk svolt, veks frå organa sine og ikkje tåler eit liv i det fri. Dei er, kan vi enkelt sei, ødelagt av avl. Svoltkjensla er forstyrra.

Bonden produserer levande søppel med låg dyrevelferd.

Dårleg beinkvalitet, brannskader på kroppen grunna dårleg strø, bukhinnebetennelse som gjer at betennelsesvæska sprutar deg i ansiktet når du opner buken på den. Norske kyllingar er også avhengige av å få antibiotika i foret fram til eit par dagar før slakting. Dette kan skape resistens som i sin tur vert overført til den som et kjøtet eller dei som omgås dyra.

Nortura køyrer kyllingtransportar der hundretals frys ihjel og tusentals frys fast i underlaget i kontainerane i lastebilane. Dei som lever etter å ha blitt hakka laus frå isen når transporten når slakteriet, blir til mat for deg. Dette er eit vinterscenarie. Om sommaren blir kyllingar kvalt medan dei ventar på lessing ved slakteriet. Kvifor? Dårleg tilpassa transportbilar.

Matvarekjedane ønsker også å selge deg billeg søppelmat. Kylling som først er ødelagt av avl, deretter levere eit liv som sjuk, nesten dør under transport for så å bli pumpa full av saltvatn og solgt. Lat oss kalle det "vått norsk søppel".


Men det er billeg. Vi ser eit klasseskille i matfatet: kvalitet til dei med pengar og bevisste matvalg, søppel til dei med dårleg råd.

Føles dette som god mat? Eller godt norsk? Ja, norsk er det, om ein ser bort frå at avlsmaterialet til kyllingane er importert og at foret deira kjem frå Brasil, mellom anna.

Etikken er på ville vegar i kyllingproduksjonen.

23. apr. 2012

Større skala på norsk landbruk er ikkje eit problem. Vi må bytte ut ordet skala med relevante ord som klima, driftsform og kompetanse.

I Norge er "skala" eit vanleg brukt ord i debatten om landbruk. Vi vil ha vårt "småskala" landbruk, og ja norsk landbruk er småskala, over heile fjøla, i ein internasjonal kontekst.

Vi er veldig skeptiske til å øke skalaen, altså få større og færre gardar. Eg er ikkje skeptisk til dette i det heile utfrå tanken om kvalitet og dyrevelferd.

Og kvifor det?

Fordi dyrevelferden er best på store gardar. Dette er ei erfaring veterinærar i felt fortel om. Altså: jo større gardar, jo betre er dyrevelferden. Sjølvsagt finst der unntak. Og kvifor er det slik? Jo fordi på større gardar er garden hovedfokuset, ikkje jobben ved sida av. Dette er også mi eiga erfaring.

Det er ein grunn til at ein svensk kollega, og spesialist på melkekyr, sa at det er flott når deltidsbøndene legg ned. Og kvifor er det flott? Fordi det hevar nivået på dyrevelferden når bonden blir større og er bonde på heiltid.


Før eg sjølv fekk praktiske erfaringar frå felt, og før eg sjølv fekk eit nettverk av kollegaer som jobba i felten som veterinærar, var eg heilt sikker på at småskala var best. Eg argumenterte hardt for småskala landbruk og hardt mot storskala, sjølv i norsk målestokk. Men etter at eg fekk innblikk i virkeligheten og praksis, er det heilt klart at eg tok skikkeleg feil: småskala er ikkje betre når det kjem til dyrevelferd. (Det er dyrevelferd og kvalitet i produksjon som er mitt fokus).

Men at skala er irrelevant for dyrevelferden er vanskeleg for folk å ta inn. Ein trur at stort er fælt, heilt automatisk. Og kvifor er det slik? Jo, fordi det høyrest verre ut. Ein forestiller seg at masse kyr har det fælt, medan få kyr har det bra.

Og så har vi retorikken som er ført rundt matproduksjon politisk: for å kunne forsvare norsk landbruk er ein avhengig av å gni inn i folk historia om at småskala er det beste. Skala er eit ord som blir gjenteke og gjenteke i debatten om norsk mat.

Problem: skala er irrelevant for kvalitet på produksjon.

Skala blir tøyla av lover og forskrifter. Store gardar vil ikkje automatisk bli meir vill vest enn små. Dei driv etter same reglar. Dei vil heller ikkje automatisk ha meir smitte og sjukdom. Dette kjem an på kompetanse og klimatiske forhold rundt garden.

Det handlar om klimatiske forhold.

Det er ikkje grunna liten skala at vi ikkje har Bluetounge i Norge, altså Blåtunge. Det er på grunn av avstand til kontinentet. Myggen som ber viruset finst her, men smitta mygg greier ikkje flyge heile vegen til Norge. I tillegg kjem restriksjonar på handel med dyr.

Det handlar om handelsrestriksjonar:

Det er ikkje liten skala som gjer at vi ikkje har munn- og klovsjuke i Norge. Det skuldast harde handelsrestriksjonar og strenge krav til grensepasseringar og handel med dyr og kjøt.

Det er ikkje storskala hønsehald som er mest plaga av sjukdom når det gjeld fjørfe. Det er småskala hobbyhald fordi desse dyra blir kjøpt og solgt meir tilfeldig.

Kontrollert kjøp og salg av dyr er svært viktig i eit smitteperspektiv. Å kjøpe inn eit sjukt dyr, kan innføre smitte i ei ellers frisk premiebesetning. Dette er det mange som har brent seg på. Å ha smittsame sjukdomar i besetningen, for eksempel klauvspalteeksem på ku, betyr ikkje at du er ein dårleg bonde eller at du driv stort og industrielt. Det kan kort sagt bety at du har vore uheldig og kjøpt inn ei ku som bar smitten med seg.

Dessutan spreier dette seg raskare i besetningar der kyrne går ute, altså på beite, enn om dei står på bås.

Ville den norske skattebetalar vore like villeg til å støtte store statlege overføringar dersom han var klar over at skala er irrelevant? At ein like godt kunne hatt store gardar og fått den same kvaliteten på maten, samt også betre dyrevelferd? Og like lite sjukdom?

Kanskje ikkje. Difor verkar det vere viktig å oppretthalde den retoriske myta om at småskala er best, i møte med forbrukar.

Men det er ikkje skala det er snakk om. Det er driftsform. Høner, kylling og kalkun som får gå på beite ute er betre enn høner, kylling og kalkun som står inne i hallar/ bur. Ei høne i innreidd bur vil ha nøyaktig like liten plass om ho lever i eit hønsehus med 2000 eller 2 millionar høner. Skala er for denne høna irrelevant. Den får også same mat, ha same lysregulering og same krav til kva som skal til for å halde ei høne, uansett om den er ei av 2000 eller ei av 2 millionar.

Skala er i beste fall ein skivebom. Men skala er viktig retorisk for å halde oppe støtta til norsk landbruk. Men beklager, forbruker og andre. Det er irrelevant og eit tåkeargument.

Skala bør erstattes med ord som: driftsform, kompetanse og interesse.

Men kvifor er vi i Norge så redde for større gardar? Vår skala når aldri opp i den størrelsen ein finn på kontinentale Europa eller i USA. Hormoner og vekstfremmande midler er forbode i Norge og EU.

Jo, fordi mykje av retorikken rundt kva som er bra eller ikkje bra i matproduksjon er bygd på myter. Vi trur for eksempel at det er viktig at bonden har mykje tid per ku. Men kor mykje tid per ku har ein bonde med ti kyr som bruker dagen på ein lærarjobb? Lite.

Kollegaer fortel om gardar med ville kyr, små gardar, der bonden går ut i jobb ved sida av garden. Når veterinæren kjem, er ingen bonde heime. Men kyrne er der og dei er redde for folk. Og kvifor er dei det? Jo, fordi den småskala bonden nyttar så lite tid i fjøset. Utamme dyr er eit dyrevelferdsproblem.

Til samanlikning kan du sei at ein bonde med hundre kyr har mindre tid per ku den tida han er i fjøsen. Kanskje kan vi sei det. Men på den andre sida så er denne bonden totalt i fjøsen eit langt høgare antal timar enn ein bonde med ti kyr. Og det er dette som avgjer kor tam ei ku vil bli: kor van er den med at det er folk rundt henne. Samt korleis bonden ter seg. Ein bonde som stressar dyra sine vil stresse dei uansett kor få eller mange han har.

Det er ikkje skala som avgjer kvaliteten på ein gard. Det er heilt andre parameter: kompetansen til bonden, interessa hans. Det er svært mange avgjerande kriterier for kvalitet som ligg hos bonden. Ikkje i systemet.

Vi treng fulltidsbønder, skala er likegyldig. Det er tid, kompetanse og interesse som i stor grad avgjer kvaliteten på ein gard.

Eg meiner dette må tas høgde for i debatten. Ein debatt basert på realitetane, ikkje på retoriske myter, er langt meir matnyttig når ein skal stake ut framtida for norsk matproduksjon.

19. apr. 2012

Det er ei tåpe som sit tiltalt i Oslo. Og det var greit å sjå.

I dag drog eg i retten på publikumsplass for å få med ein dag av saken mot ABB. Det var ei surrealistisk oppleving. Veit ikkje heilt kva eg hadde venta meg, men det var uansett absurd. På same tid, som meg og min kompis var einige om etterpå: det var i grunnen greit å dra og sjå. Det var greit å sjå med eigne auge.

Det er ein patetisk mann som knapt greier føre eit ressonement. Som bruker ei rekke fine ord og vendingar men snublar avstad som ramlar han ned ei trapp når han skal forklare seg. Unntatt når han med fynd og klem snakkar om henrettelsane han planla. Då er det entusiasme og innleving.

Det er ikkje meg gitt å stille diagnose, men at dette var ein person utanom det vanlege treng ein ikkje vere psykiater for å sjå. Empati var fråverande. Det var påfallande korleis han med fynd og klem snakka om henrettelsar, ikkje drap, om motorsykkelraid gjennom Oslo der han skulle ha plaffa ned journalistar og blitzarar. Det var interessant å sjå kor han er på defansiven, angstbitersk, patetisk arrogant nektar han å forklare aktor kva ein flammekastar er. Det er ein tåpe som sit tiltalt i Oslo. Ein real klovn. Og det var greit å sjå.

Det gjer noko med oppfatningen av saka å få eit bilete av kva slags menneske det er som står bak. Den totale mangelen på følelsar, den ekstreme egoismen. For meg framstår han som rykande gal. Publikum rista på hovudet og tidvis lo dei av det mannen presterte lire av seg. Så ille er det at det er vanskelge å tru at nokon i fullt alvor kan framføre slike synspunkt og meiningar.

Ivirig forklarer han at han til Utøya tok med seg bajonett og kniv for å halshogge Gro Harlem Brundtland. Dette skulle han filme medan han las opp ein eigenskriven tekst. Så skulle han laste filmen på web medan han venta på å bli tatt. Men ABB sitt kamera hadde gått tom for batteri, difor hadde han det ikkje med til Utøya. Og for det andre, aksjonen hans mot regjeringskvartalet og Utøya var fleire timar forsinka. Og kvifor? Fordi ABB ikkje orka stå opp tidleg, han var så trøtt stakkars. Dessutan måtte han kople opp eit modem før han drog og sprengde bomba i regjeringskvartalet. Han hadde heller ikkje, i løpet av lang lang tid, greidd å kjøpe seg ein Iphone.

Han meinte han (eller "dei militante nasjonalistane i Europa, som han omtalte dei som - "dei" er antegeleg ein fantasi i ABBs hovud) var tvinga til å gjennomføre skytinga på Utøya fordi EU og systemet gjer det så vanskeleg å få tak i innhaldet til bomber, altså kunstgjødsel. EU og systemet har også gjort kunstgjødselen dårleg eigna som sprengstoff fordi den inneheld femten prosent kalk. Om aktor trudde at "militante nasjonalistar" syns det var kult å plaffe ned folk? Nei, nei, dei foretrakk bomber - og var eigentleg mot vold - men fordi det var så vanskeleg å få tak i kunstgjødsel til bomber, var dei tvinga til å gjennomføre skyting av mennesker.

Og utgangspunktet for alle ABBs tankerekker, det som ligg i bånn, er at han måtte gjere noko. At det blei skyting av mange unge menneske på Utøya, skuldast at det var "så vanskelig å få tak i innhald til, og å lage bomber". Som eit slags forsvar eller forklaring på kvifor han drog til Utøya..

ABB snakka om at han har rekognisert i regjeringskvartalet. "Rekogniseringa" gjekk ut på at han raskt gjekk forbi bygget, kasta eit blikk opp og gjekk fort vidare. Han våga ikkje meir enn det. For å ikkje vekke merksemd, hadde han med seg ein plastpose frå ein butikk. Det var ein smart strategi, meinte han.

Han drog til Praha for å kjøpe våpen utan kontakter, og gjekk bort til folk som såg kriminelle ut og spurde om dei hadde kalashnikovs å selge. "Såg kriminelle ut"...

Han skulle gjerne sprengt ei bombe på Youngstorget 1.mai, (på "kommunistanes dag" som han kalte 1.mai) fordi på denne dagen var heile Norges kommunistiske elite samla der. Dette seier litt om ABBs fantasi.

Han skulle også gjerne drept heile regjeringen på ein gong. Dette skulle utførast ved å sprenge ei bilbombe i regjeringskvartalet under mandagsmøte. Problem: regjeringen har ingen mandagsmøte.. Han anser byråkratar for politiske aktivistar, og rota frykteleg med aktivistbegrepet. Virka ikkje som han hadde kontroll på verken begreper eller kva han meinte.

Manifestet var ein kladd, uferdig, og ABB står ikkje inne for alt der sjølv. "Dei" ville at han skal skrive dette manifestet. "Dei" eksiterer antageleg i hovudet til ABB.

ABB vil ikkje drepe ungar, men planla å plaffe ned alle på Blitzhuset. Blitzhuset er tilhaldsstad for ei rekke ungdomar som er under både 18 og 16 år.

ABB hadde ikkje tenkt å skyte folk under 18 år på Utøya, og trudde der berre var ungdomar i alderen 16-18. ABB skulle kun skyte dei over 18. Han skulle alderssortere dei utfrå ansiktstrekk. Men uheldigvis for ABB funka dette ikkje så bra då ungdomane sprang sin veg og alderen var vanskeleg å bedømme bakifrå. Han sa forøvrig at planen var å skyte for å skremme dei på svøm og at dei så skulle drukne. (Kvar vart det av alderssorteringa?) Han rota også med sine kategori A, B og C-forrædarar.

I det heile var det ein patetisk person som framstod i retten. Så latterleg gal framstod ABB at det for min del var greit å få sjå det. Sjå at dette er eit forstyrra menneske uten allmennkunnskap som knapt greier føre eit ressonement. Om han er tilregneleg eller ikkje, verkar for meg vere eit ope spørsmål. Han framstår som patetisk, paranoid og forvirra. Som ein fascist og ekstrem egoist.

Folk burde få sjå rettssaken og sjå gjerningsmannen sjølv, ikkje silt gjennom media. Høyre ressonementa framført og høyre kor patetisk det er. Det er litt lettare å forholde seg til denne saka når ein ser at mannen bak er ganske sprø. Om han er syk, gjenstår å sjå, men eg held iallefall alle dører opne.

7. apr. 2012

Tabloidmediene jagar lesarar over i nisjemedier


Ved å vere populistiske og overflatiske, jagar tabloidene høgt utdanna lesarar over i nisjemedier og halvoffentligheter.

Vi treng ei sosialt inkluderande offentlighet, og det er ingen grunn til å tru at dette inneber ein vulgær og uinformert debatt i eit land med eit så høgt utdanningsnivå som Norge, står det i innleiinga til antologien Demokratiet før og nå som kom ut i august.
Tar vi eit kjapt blikk på dagens medieoffentlighet, ser vi at påstanden er naiv. Eit eksempel på ei sak som har skapt myke liv i pressa siste vekene er saka om Trond Giskes sjåfør som køyrde i 140 kilometer i timen i 100-sona.

Utdanning polariserer

Eg er ikkje ein av dei som påstår at alt var betre før, og fekk, då eg kritiserte Dagbladets Tjostolv Moland-framside «Se hvor syk han er» på Ikveld på NRK2, høyre at eg var «for ung til å vite korleis ting var før». Men ein treng verken bli eldre eller samanlikne bakover for å sjå at det sirkulerer ei mengde banale nyhendesaker i dag.
På samt tid er eit faktum at det norske folk, og ergo også journalistar, har høgare utdanningsnivå enn før. Det underlige er at dette ikkje avspeglar seg i nyhendebildet. Kanskje avspeglar det seg i opplagstala. Nisjemedier aukar, medan dei landsdekkande tabloidene går ned. Utdanningsnivået speglar seg uansett i den politiske høgre-venstre polariseringa i Danmark. (Eit liknande studie er ikkje utført i Norge).

Utdanningskløft

I «The Education Cleavage: The Socio-Structural Foundations of Culture Wars» (Utdanningskløfta: det sosiostruktruelle grunnlaget for kulturkrigar) peikar den danske professoren Rune Stubhager ved Universitetet i Aarhus, på korleis grupper med høg versus grupper med låg utdanning i Danmark identifiserar seg med andre som tilhøyrer same gruppe og utdanningssjikt. Samtidig opplever dei konflikt med grupper med eit anna utdanningsnivå.
På kvar si side av utdanningskløfta ser ein at folk med høg versus folk med låg utdanning inntar motsatte posisjonar i typisk kulturkrigsaker, som immigrasjon. Dei med låg utdanning plasserer seg på høgre fløy, og dei med høg på venstre. Stubhager peikar på at ei utdanningskløft er i ferd med å erstatte dei forvitrande klasseskillelinjene.

Høgt og lågt utdanna lesarar

Denne utdanningskløfta kan tenkast å spegle seg i ei todeling av medias høgt- og lågt utdanna lesarar og lyttarar. Ei vulgariseringa av tabloidmediene i stadig meir forenkla og populistisk retning bidreg til å dyrke fram ei deling eller polarisering av offentligheten der «elitane» (eg liker ikkje ordet «elite», men det er illustrerande for poenget) forlet tabloidmediene og lagar seg eigne heil- og halvoffentligheter der dei kan bruke dei orda dei ønsker og snakke så lenge dei vil.

Dette gir ei deling i offentligheter, og i sin tur deling av lesarane. Til nisjemedier som Klassekampen, Morgenbladet og Dagens Næringsliv, debattmøter og tenketankar flyktar «elitane» med høgare utdanning som ikkje er så opptatt av kosereportasjer om Jenny Skavlan sleikar is av Maria Skappel.

Her kan dei lese saker og debattere med kvarandre i fred, medan «folk flest» blir «underhaldne» med saker av typen «Giskes sjåfør» i vekesvis gjennom tabloidmediene utan ein gong å kjenne til kvar elitane held seg, om ein ser bort frå at dei held seg i bilbakseter. Slik held ein folk med sirkus og brød (bygger opp under politikarhat: fæle politikarar som hevar seg over lova, samt følelsen av avstand: politikarar gjer som dei vil medan vi må følge lova), og grev i grøfta mellom «elitar» og «folk».

Stubhager viser at dei med lite utdanning i større grad enn dei med høg utdanning var skeptiske til den andre gruppa. Jo mindre ein kan identifisere seg med dei som sit på makta, jo større blir mistrua, og jo større blir avstanden og følelsen av «oss» og «dei».

Trash versus nisje

Demokratiets oppgave er å fordele makt til dei som ikkje har det, men ved å servere trash til «folk flest» og nisje og nettverk til «makteliten», står ein i fare for å utvikle og underbygge sterke «klasseskiller» blant lesarane. Polariseringa av samfunnet aukar, ikkje som klasseskiller men som «intellektuelle utdanningsskiller». Og ironisk nok: bak både trash og nisje står dei høgt utdanna.

Trashmediene serverer trash om Giskes sjåfør, medan dei chattar med Giskes venner på twitter. Dei bryr seg ikkje om fartsbøter. Dei byter sjåfør.

5. apr. 2012

Visste du at norske slaktekyllingar får antibiotika i maten...

kvar dag fram til eit par dagar før slakting?

Kvart år dør 25 000 menneske i Europa som ein følge av antibiotikaresistens.

Nam nam.

Her ser du to gamle høner med ekstrem flaks. Den brune her skulle egentlig blitt burhøne og slaktast etter rundt 70 veker i bur. Istaden blei den hagehøne og levde nesten ti år, samt hadde eigne kyllingar. Den har personlighet så det ryker etter og eigne meiningar om alt. Og nei, eg trur ikkje at dyr er mennesker, men moderne vitenskap viser oss at dyr kan ressonere og lære, altså kan dei tenke.



Her ser du ein anna slags påskekylling. Nemlig ein påfuglkylling. Den et kokt egg. Påfuglkyllingar veks ekstremt sakte og bruker to år på å bli vaksne. Men så får dei inga antibiotika i maten og er heller ikkje avla fram for å skaffe billeg kjøt. Tippar at det første som hadde blitt gjort om ein skulle omdanne påfugl til industrifugl, var å avle vekk halen. Halen krev altfor mykje energi å gro, og det ville vore altfor dyrt å importere store mengder kraftfor til Norge frå Brasil berre for å avle fram lange halar.



God påske.

3. apr. 2012

Indisk kyllingindustri,


Ein indisk kyllingfarm ved Hyderabad i Andhra Pradesh, såkalt contract farming.





Foto: meg, 2009.

2. apr. 2012

Norske legar bekymra for antibiotikaresistens

Norske almennlegar har pøst på med antibiotika mot ein relativt ufarleg epidemi. Dei negative konsekvensane kan verta store.

les artikkelen frå Dag og Tid her.