Gå til hovedinnhold

Slaktekylling skal få "betra velferd" gjennom å stå stadig trangare, seier Fjørfelaget


- Vi skal forbedre dyrevelferden i fjørfenæringen, seier leiar i Fjørfelaget, David Koht Nordbye, og argumenterer i same andedrag for å auke antalet kilo levandevekt kylling per kvadratmeter frå dagens 34 til 39. Kyllingen skal med andre ord få betra velferd gjennom å stå stadig trongare. Les kommentaren her.

Det er ingen andre enn fjørfenæringen som ser logikk i ein slik argumentasjon: mindre plass per dyr gir auka velferd, og få andre enn næringen sjølv som vil påstå at kyllingar har god dyrevelferd.

Det er ikkje vanskeleg å sjå at fjørfenæringens mål på dyrevelferd i grunnen handlar om økonomi.

Det er tomme ord og dobbelmoral når Koth argumenterer for betre velferd i produksjonen av stadig meir påskekyllingar til folket. Lat oss slå det fast med ein gong. Dyrevelferd er eit ord utan innhald i fjørfenæringen. No skal det tømmast ytterlegare. Og argumentet, ja det er dyrevelferd.

Ein bør vere klar over at forskrifter for hald av fjørfe ikkje er utarbeidde av hensyn til dyrevelferd, men som eit kompromiss med kva fjørfenæringen har råd til å tilby fjørfeet, utan at det går utover økonomien deira. Slik er det i alle husdyrnæringar, men i fjørfe er det spesielt tydelig at alt snakket om dyrevelferd er lite anna enn snakk.


Eg meiner det er på høg tide å sette fokus på bonden som driv med fjørfe. Vi må slutte å fokusere på forskrifter og krav, og få fokus over på mennesket som driv denne produksjonen. Kva slags etikk har folk som lever av oppdrett av kyllingar med beinproblem, kronisk svolt og bukhinnebetennelse? Rasen Ross som vert nytta i norsk kyllingoppdrett veks så raskt at beinbygnad og organ ikkje held følge med kroppen. Dei er så ødelagde av avl at det er eit dyrevelferdsmessig stort problem å nytte desse dyra i produksjon av kylling. Likevel blir det gjort, og norske fjørfebønder kallar det i tillegg for god dyrevelferd.

Norske slaktekyllingar er ikkje så norske som vi liker å tru. Rugegga er importerte frå England, klekt ut i klekkeri i Norge og deretter kjørt ut til kyllingoppdrettarane der dei lever fram til slakting. Maten kyllingar et, er hundre prosent kraftfor. Norge importerer rundt 700 000 tonn kraftfor per år frå blant anna Sør-Amerika og Øst-Europa, Kashakstan. 

Kyllingproduksjon i Norge kan ikkje seiast å vere særleg norsk. Verken kyllingane, som kjem frå England, og foret, som er importert, er norsk. Foreldredyra til kyllingane lever i England, og fordi avlen har gjort dei store, sjuke og overvektige, kan dei ikkje pare seg naturleg. Dei må inseminerast. Fordi avl har ødelagt svoltkjensla kan dei aldri få lov til å ete så mykje som dei ønsker. Om dei får fri tilgang til mat, et dei seg ihjel. Ergo lever dei på restriktiv diett, under konstant svolt, heile livet. Dette er etisk sterkt betenkelig.

Så kva slags etikk frontar i grunnen norske kyllingbønder når dei omtaler dette som god dyrevelferd?

Vil du lese meir, kan du sjekke ut veterinærstudentenes fagpolitiske forum om kylling. Heldigvis er mange, eller dei fleste, veterinærar obs på at fjørfe er ei etisk sterkt betenkeleg næring. Men sjølvsagt, enkelte vil forsvare næringen utfrå økonomiske perspektiv. Etisk og dyrevelferdsmessig er den derimot umogeleg å forsvare utfrå eit fagleg perspektiv.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb