Gå til hovedinnhold

#FaktaSjekkMat - faktafeil blir servert forbrukarane frå Tine, melk.no og Matprat.no om økomelk og egg


Sommaren 2010 køyrde Tine ein reklamekampanje der dei påstod at alle norske kyr går ute. Dette var, til og med ifølge Tines eigne tal, ein faktafeil. Tretti prosent av alle norske kyr i lausdrift, er aldri utanfor fjøsets fire veggar. Les om saken her.

Her om dagen fekk eg tips om ein ny link hos Tine. Tittelen var «Økologisk melkeproduksjon». Teksten går slik: «Derfor er regelverket for oppstalling av økologiske melkekyr strengere enn ved vanlig drift. Det betyr blant annet krav om:»

«Daglig lufting av kuene.» Dette er ein faktafeil.

Fakta: Det er ikkje krav om dagleg lufting av økokyr. Det er krav om lufting to gonger i veka, og dette er kun for økokyr i båsfjøs. Det finst ingen krav om lufting av økokyr i lausdrift.

«Større arealkravkrav til dyra både innom og utom hus.» Dette er ein faktafeil.

Fakta: Det stilles ikkje større krav til areal for økokyr, verken inne, eller ute, samanlikna med konvensjonelle kyr.

«Strengere krav ved bruk av medisinsk behandling av dyra». Dette er ein faktafeil.

Fakta: Ingen skilnad i krav til medisinsk behandling utover at økobønder har ei unødvendig dobbel tilbakehaldelsestid på produkta som ikkje kan begrunnast verken medisinsk eller fagleg. Argumentet er at ein må ha «reglar som skil øko frå konvensjonell».

Sjekk reglane sjølv hos Debio.

Kva er det Tine driver med i grunn?


Å drive denne typen feilinformasjon på forbrukarretta nettsider, slår beina under forbrukaren sitt beslutningsgrunnlag. Skal dei kjøpe øko eller skal dei velge konvensjonelt? Det er ikkje lett for ein vanleg forbrukar utan detaljkunnskap om regelverket å sjå gjennom Tines faktaslurv. For er det slurv, eller er det bevisst feilinformasjon?

Sjølv om det ettertrykkeleg, hausten 2010, vart påvist faktafeil i Tines reklame der dei påstod at alle kyr går på beite, heldt dei på sitt og forsvarte kampanjen. Stikk i strid med eigne tal, heldt dei fast på at alle norske kyr går ute. Kva skal då forbrukar tru? Og kan dei stole på merkevara?

Men det stansar ikkje her. Eksempla er mange. Det er ikkje berre Tine som forvirrar forbrukarane.

Også melk.no driv med desinformasjon. Dei skriv at økologiske husdyr har tilgang til utegang heile året. "Dyrene har tilgang til utegange hele året". Dette er ein bløff.  Link til nettsida. 

Økokyr som står i lausdrift har ingen krav på utegang i vinterhalvåret, og økokyr på bås har krav på lufting to gonger i veka.

Sjekk reglane sjølv hos Debio.

Eg skal ta med eit frå Matprat.no sine nettsider.

Under tittelen «Egg: Tall og fakta» står det at høner lever i 70 veker. Deretter blir dei slakta og solgt som høns.



Fakta: Kun ein mindre andel av norske verpehøner blir slakta og solgt som høns. Resten blir gassa og brent. «Ved avliving av et større antall dyr benyttes gassing med blåsyre eller CO2
«Døde og avlivede dyr er definert som animalsk høyrisikoavfall i det offentlige regelverket. Høyrisikoavfall skal ifølge dette regelverket behandles i godkjente steriliserings- eller forbrenningsanlegg.» Kilde: Fagsenteret for fjørfe.

I Norge er det ca. 3,8 millioner høner som produserer 6 000 tonn egg, noe som dekker vårt nasjonale behov. (Kilde Animalia, Kjøttets tilstand 2011) I tillegg ville hønenen leve langt lenger enn 70 veker om dei fekk leve naturleg.

Men blåsyre og CO2 er kanskje ikkje noko ein skriv om, om ein vil selge egg. Men kvifor ikkje? Det er slik virkeligheten er.

Sjekk antal høner vi har i Norge, mot antal høner slakta her hos Animalia.

Men det stansar ikkje her: vidare skriv Tine: «Økologisk husdyrhold er basert på regler som skal sikre at alle dyr har mulighet til bevegelse med vekt på dyra sin naturlige adferd.»

Fakta: Når EU sette krav om lausdrift for økologiske kyr fra 2011, sette Norge seg seg på bakbeina. 1. februar 2008 fastslo Landbruks- og matdepartementet at lausdriftskravet ikkje gjelder for besetninger under 35 melkekyr i økologisk mjølkeproduksjon. Lausdriftskravet gjeld derimot for alle kyr i konvensjonell drift. Dette betyr at økokyr har mindre mulighet til bevegelse og utøving av naturleg adferd, enn konvensjonelle. Ein kan halde økokyr på bås, medan dette ikkje lenger blir lov for konvensjonelle frå 2024.

Sjekk ut regelverket sjølv.

Grunnpillaren i merkevarebygging er at fortellinga skal vere sann.

Spørsmål: korleis skal forbrukarane kunne orientere seg om kva mat dei skal kjøpe når mat og landbruksprodukt er markedsført med faktafeil? Ikkje alle bryr seg, men mange har eit bevisst forhold til kva dei vel i butikken. Når dei støter på denne typen desinformasjon, blir det ikke lett å vite kva ein skal velge. Forbrukermakta blir underslått. Kunnskap er som kjent makt, på same måte som kunnskapsløyse er eit maktmiddel.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys