15. des. 2011

Nisselue i bedehusland

Da eg var lita og solgte julehefte for Norsk Barneblad før jul, fekk eg eit lengre foredrag av to eldre bedehuskvinner. Dei prenta meg inn i skallen at jula handlla ikkje om nissar, troll og smørbukk, men om bibelen sin bodskap. 

Her i bedehusland blir muligens nisseluene sett på med like stor skepsis som i enkelte muslimske kretsar. Du skal danse rundt juletreet som var det det siste du gjorde, men plukk av deg nisselua, for guds skuld.

Eit av mine favorittsitat frå bedehusland er dette: "på søndagsskolen var stemningen like kjærlig som på massemorderes minglefest".

Fritt etter ein engelsk tv-serie om ein pastor som skal omvende ein haug med ekskristne.