28. nov. 2011

Magisk vikingepos om møte mellom norrøne menn og Afrika

Det er noko skummelt magisk over Havjervens segling innover i det djupaste av Afrika. Så skummelt magisk at ein ser seg litt ekstra om etter skuggar på kvelden. Er det peisen som slår gneistrar? Eller er det nokon andre her... Ånder? Ute er det storm. Det passar dårleg når ein les Hard er mitt lands lov. Det vert enda skumlare. Mørket heng tungt over vikingskipet på veg frå Roma, nedover Afrikas kyst, innover i jungelen. Over vikingane som i veker vandrar over stepper, høgsletter og gjennom jungel.

Samlaget omtaler boka som "eventyrleg", men det er feil. Ordet er magisk vikingepos. Cathrine Krøger meiner språket er arkaisk, men det er det ikkje. Språket er eit verk verdig. Skildringane inngåande, innlevelsen sterk. Ordbildet er ein vesentleg del av denne forteljinga frå det svartaste av Afrika der over hundre norrøne viktingar slit seg fram. På jakt etter gull? På jakt etter hemn?


Hard er mitt lands lov er eit verk i ordets rette forstand. Eit verk som vassar i kunnskap, detaljar, små stikkhistorier som via omvegar blir vesentlege. Ulvejakt på Grønland, løvejakt i Afrika, falske tolkar, drap og innvollar. Magi og gamle gudar, løver som jagar bøflar, verda sett frå ville dyrs perspektiv.
Lat magien heller henge i lufta.