12. okt. 2011

Fjørfenæring på ville vegar

Per Olaf Lundteigen har vore ute fleire gongar og refsar norske kyllingprodusentar for å produsere sjuk og usunn slaskekylling. Då mobilserer bønder, Bondelaget og politikarar frå Senterpartiet mot Lundteigen. Det er viktig å halde dette hemmeleg. Forbrukarane skal ikkje vere klar over korleis produksjonen foregår. 

I vår skreiv eg ein kommentar om dette i Klassekampen basert på ny forskning.
No har NRK laga ein dokumentar som viser det same, Rødt kjøtt er sunnare enn kvitt, basert på den same forskninga.
David Koht-Norbye, leiar i Fjørfelaget, skriv på lesarbrevplass i Nationen sist veke: «Når hun (Viken) skriver om «stadig aukande burbasert produksjon av kjøt (fjørfe)», avslører hun fullstendig mangel på kunnskap om norsk produksjon av kylling og kalkun.» Fjørfelaget vil forsvare den uetiske fjørfenæringa med nebb og klør.

Lesarbrevet var eit svar på min kronikk om sekterismen i Bondelaget og korleis ein forsvarer og dekker til kritikkverdige forhold i norsk landbruk. Les den her i uredigert fullversjon.

Eg kan berolige Koht-Norbye. Eg er fullstendig klar over korleis norsk fjørfe lever. I kronikken «Fråbeite til bur», Aftenposten 17.februar 2011, skriv eg dette: «Norsk landbruksproduksjon vert i stadig større grad flytta frå dyr som blir slept på beite, til dyr som lever heile livet i bur eller i oppvarma innandørs hallar, frå gras og lokale forressursar til importert kraftfor. Eg snakkar om kylling, kalkun og verpehøns.»

Når Koht-Norbye skriv «skal fortsette å ha hele sitt liv på en stor flate i et godt inneklima tilpasset fjørfeet!» er det grunn til å spørre seg kven som driv vranglære.
Lat meg sitere ein bonde frå fjørfenæringas eigne rekker. I artikkelen «Leve, for å vokse», Morgenbladet, 8.april 2011, blir det beskrive korleis kyllingar står så trangt at dei vert trampa ihjel når ein går gjennom hallen.

Vi veit at kalkun i fangenskap slit med ødelagde og degenererte hofteledd. Ein har avla fram broilerkyllingar som berre kan få lov til å ete førti prosent av det dei hadde sett til livs om dei fekk fri tilgang til mat. Dei går konstant svoltne.

I Norge køyrer ein fraktebilar med kyllingar i islagde kassar i 25 grader minus utan varme på, der høge prosentandelar dør før dei kjem til slakteriet. Om sommaren dør kyllingane i bilane medan dei ventar utanfor slaktehusa. Bilane manglar godkjende luftesystem.
«Så lenge forbrukerne bestemmer menyen selv, er viktig at norsk landbruk streber etter å levere det kundene vil ha», skriv Koht-Norbye.
Men metoden fjørfenæringa har valgt for å levere, samsvarer betre med dyreplageri enn dyrevelferd uansett kor mykje næringa forsøker å dekke til fakta. Det handlar om ei næring som i stadig større grad fråskriv seg etikk og samfunnsansvar.
Og ikkje nok med dette. Det viser seg at kjøt frå kyllingar som kun er fora på kraftfor, er skadeleg for helsa di. Det er kvitt kjøt framavla på ein naturleg diett som er bra for deg. 
Det er på tide forbrukarane forlanger ein sunn kylling produsert under etisk akseptable forhold.