17. sep. 2011

OKSYGEN!! Om å skrive roman

Når ein skal skrive bok, skal ein lage kunst. Det er viktig. Ein skal vere ekstremt opptatt av å skrive og av å skrive bra, og ein skal flikke på ord og setningar og mekke plott og stories, og ein skal ditt og datt og hist og pist og til slutt har ein da altså laga kunst. Ein skal vere dedikert. Så dedikert at ein går frå vettet, krasjar bilen og helst begynner på speed. Det er liksom så kjedelig å vere ein eller anna krøllete forfattar som berre sit og skriv i hettegenser, liksom. Forfattar, bohem, boms, bloggar, poet. Her skal det gå unna minst ein heil kasse Camelar per dag, to dunkar rødvin i timen og tretten liter kaffe per døgn.

Og så skal ein gi ut boka, den skal trykkes og nokon skal slakte den, terningkast skal tatoverast over heile kroppen og du skal vinne ein Nobelpris, kanskje to. Etterpå skal ein haug folk skal vere rasande for at du fekk for mange prisar, dei skal trass alt fordelast likt til absolutt alle ellers er det grusomt forferdeleg. Og så skal ein klage over at ein ikkje får statslønn, eller statsstipend i lange nok periodar. Det er då Anne B Ragde ut og seier at den som ikkje har fått eit forfattarskap på beina på tre år, kan gå og skalle hovudet i ein bergvegg.

Etterpå skal ein drikke for å drikke seg full, aldri skrive i fylla, skrive til blodet renn nedover veggene du har skalla hovudet altfor hardt i, og så begynner korrekturlesinga. Du skal byte ut annakvart ord, bøye verb, kutte avsnitt, drepe karakterar, sette inn andre og ta bort alt som har med sex og vold å gjere. Du skal tolerer konsulentar, redaktørar, deadlines og forlagsfestar. Du skal drikke litervis av gratis øl, snakke på ei scene, danse med gamle gubbar, prate med ein poet.

Så skal ein velge fortellerperspektiv. Hovedpersonen er tre år, fortellaren tretti år og forfattaren ca like gamal. Så skal ein late seg inspirere, men ikkje av feil bøker. Ein skal velge, selektere og handplukke litteratur som ein så les seg gjennom, tenker at slik skal eg også gjere det, før ein gløymer kva ein hadde tenkt gjere, mister greper, får tilbake grepet, mister det igjen, drikk ein kald pilsner og surfar på Twitter. Så skal ein prøve å halde kjeft om at folk ein kjenner skriv møkkabøker som helst skulle vore brent på eit bål, men sidan bokbrenning er teit, skal ein heller rulle terning, drikke sprit og sei at, ja, fin bok. Har du vurdert å kjøpe deg ein hund? (Endring av tema). Eg vurderer å kjøpe meg ein siberian, alaskan, lapplandsk husky.

Etterkvart vurderer ein å anmelde redaktøren sin til dyrevernet for dyreplageri. Det kan da umulig vere så fryktelig vanskelig å korrekturlese romanen sjølv?? Joda, det er dødsvanskelig. Det er så og sei umulig, og denne deadlinene er kjempeviktig, og no må vi drepe den karakteren din, skrive om starten, skrive på slutten, ta ut scena der sauene eksploderar som bomber bortover parkeringsplassen og legge inn eit snøskred i staden. Lat aldri kyr galoppere på starten av ei bok, og hugs at du ikkje dreg Euro Bonus kort. Euro Bonus er eit rabattprogram, ikkje eit visakort! Og slik går no dagane.