3. jul. 2011

Smittsame sjukdommar, ei handelshindring

Det nyanserte svaret:

Rognliens kunnskapslöyse

Jon Rognlien bommer i sin Dagbladet-kommentar lördag: sjukdommar kjem först og fremst ikkje frå fattige land, men frå intensivlandbruket, skriv han. Han kritiserer min signert-artikkel frå Klassekampen 18.juni der eg var kritisk til Kaare M Bilden i si nye bok, Mat er makt.
Eg skreiv: "Boka har så og sei droppa alt som omhandlar økologi, medisin og praktiske utfordringar knytt til til dømes smittsame sjukdommar, sjølv om dette høyrer til blant verdas viktigaste praktiske handelshindringar og utfordringar knytt til klima, helse og handel."

Spörsmål: kvar finn Rognlien at eg påstår smittsame sjukdommar kjem frå fattige land? Ingen stad. Ingen med kunnskap om feltet ville påstå noko slikt. Det er like upresist som å påstå ta dei fleste dyresjukdommar kjem frå industrilandbruket. Det krev stor kunnskapsmangel for å tolke meg slik Rognlien gjer.

På den eine sida: ei rekke sjukdommar som fattige land kjempar mot, har vi også i industrilandbruket i store delar av verda, men ei rekke sjukdommar som fattige land slit med, har vi i större grad utrydda frå ei rekke industrialiserte land. Eksempelvis Munn og klauvsjuke. På den andre sida: ei rekke sjukdomar har betre kår i industrilandbruket fordi her ofte er större populasjonar. Ei rekke smittsame sjukdomar har betre kår i utviklingsland fordi her er dårlegare kontroll, eksempelvis manglande vaksinering og utstyr for diagnostisering. Biletet er nyansert.

Vi kan slå fast: Smittsame sjukdomar er eit utfordrande problem internasjonalt ved forflytting av mennesker, dyr og mat. Men også nasjonalt og lokalt innanfor statsgrenser eller fylkesgrenser for den del. Det handlar ikkje om fattige versus rike land (Rognliens upresise inndeling), men om kvar smitten finst.
Det er ikkje berre mellom "fattige" og "industrialiserte" land at smittsame sjukdommar er ei handelshindring, slik Rognlien trur. Og hindringa går ikkje berre ein veg, men begge. Det er også ei hindring innad i statar. Eit eksempel frå EU: det er restriksjonar på flytting og handel med storfe innad i europeiske statar visse tider på året for å hindre spreiing av blåtunge-viruset. Det er også strenge reglar for salg av dyr frå ein gard med tuberkolose til ein annan, altså heilt lokale handelshindringar. Tuberkolose smittar frå dyr til menneske. Det var eit eksempel. Der finst tusental.
Der finst handelshindringar i form av restriksjonar mellom land i EU, samt karantenetider, avhengig av eksportlandet sin smittestatus på tidspunktet for import, både for mat og dyr til matproduksjon, uavhengig av om avsendarlandet er det Rognlien omtaler som ”fattige land”. Fordi det påförer verdssamfunnet, over alt, enorme kostnader og helsemessig negative konsekvensar, eventuelt også död. Dei detaljerte restriksjonane slår ut som handelshindringar, lokalt og internasjonalt.
Rognlien må lese seg opp på handel. Debatt basert på kunnskap er langt meir interessant enn debatt basert på openbar kunnskapsmangel.


Det bloggete svaret:

Jon Rognlien bommer i sin Dagbladet-kommentar igår: sjukdommar kjem först og fremst ikkje frå fattige land, men frå intensivlandbruket, skriv han. Han kritiserer min signert-artikkel frå Klassekampen eit par veker tilbake der eg påpeiker at Kaare M Bilden i si nye bok, Mat er makt, overser ei rekke handleshindringar, blant anna smittsame sjukdommar.

For det förste: kvar tar han det frå at eg seier at smittsame sjukdommar först og fremst kjem frå fattige land? Det har eg aldri sagt. Det er Rongliens tolkning. Det skal stor kompetanselöyse til for å tolke meg dithen av den enkle årsak at ingen med kunnskap om tema ville påstått noko slikt.

Eg skreiv: "Det siste utskottet på lista over neglisjering av naturvitskap er boka «Mat er makt» av Kaare M. Bilden. Boka har så og sei droppa alt som omhandlar økologi, medisin og praktiske utfordringar knytt til til dømes smittsame sjukdommar, sjølv om dette høyrer til blant verdas viktigaste praktiske handelshindringar og utfordringar knytt til klima, helse og handel."

Korleis greier han å tolke meg som han gjer? Jo fordi han kun kjenner til mytene om at vi har handelsrestriksjonar med fattige land, blant anna på grunn av smittsame sjukdommar. Han kjenner ikkje til resten av biletet, det vil sei fakta. Han veit ikkje at smittsame sjukdommar også er handelshindringar både innad i EU, innad i Norge og innad i Sverige for den del. Han manglar vesentleg kunnskap og vil forsvare ein kompis si bok. Han tolker utfrå fordommar.

Men her må Rognlien halde blåtunga beint i munnen. Rognlien liker ikkje industrilandbruket, han vil ha kjöt frå Afrika. Det er greit. Eg er enig i det. Men ein får ikkje meir kjöt frå Afrika av å fornekte fakta. Vi må våge å face the facts og ta debatten på premisser som ikkje er slik vi hadde önska dei, der fakta er annleis enn Rognlien önsker seg. Det ER nemlig ei rekke sjukdommar som ein ikkje har kontroll over i ei rekke afrikanske land og som gjer handle vanskelig. Å forenkte fakta fordi dei ikkje passer inn i kritikken av Rognliens kompis si bok, blir litt kjedelig. Og irrelevant. For kven er Bilden og Rognlien i den store debatten om mat dersom dei kun mekker si eiga verd og utelet det som ikkje passer inn?

Svaret er innlysande, og det er: nobodies.

Vel, det er upresist og bygd på fordommar å påstå at dei fleste dyresjukdommar kjem frå industrilandbruket på same måte som det er upresist å sei at alle smittsame sjukdomar kjem frå fattige land. Men kven er det som påstår slikt da? Ingen. Kun dei som ikkje aner kva ståa er.

Og kva sjukdommar er det Rognlien skriv om? Han veit sikkert ikkje det sjölv. Kanskje tenker han på nokre labratoriesjukdommar han har lese om i ein sci fi-roman. Og kva meiner han med "kjem frå"? Meiner han "spres frå" eller "oppstår i"? Vanskelig å vite. Han veit det neppe sjölv. Rognlien ser ut til å tilhöyre sjiktet som trur at svineinfluensa oppstod blant genmanipulerte grisar. Genmanipulerte grisar eksisterer som kjent ikkje. Ei heller er Rognliens argumentasjon presis, men det er han vel ikkje så nöyen med. Når ein bedriv litteraturkritikk på lågt nivå, er fakta ikkje preferanse nummer ein. Middelmådige skribentar har vi mange av, men det er ei anna sak.

Ei rekke sjukdommar som fattige land kjempar mot, har vi også i industrilandbruket i store delar av verda, men ei rekke sjukdommar som fattige land slit med, har vi utrydda frå ei rekke industrialiserte land. Ei rekke sjukdomar har betre kår i industrilandbruket fordi her er större populasjonar. Men ei rekke sjukdommar kjem også frå hundar og kattar som vi flyttar over grensene, og som så smittar husdyr. Du får heller ikkje, utan vidare, ta med deg ein hund heim frå Namibia eller Thailand eller USA for den del. Det er også slik at vi som mennesker må vise dokumentasjon på at vi har tatt visse vaksiner, eksempelvis gulfeber i Uganda, når vi skal krysse grenser.

Så her må vi halde tunga beint i munnen. Ein liten faktasjekk for Rognlien för han trykker print hadde ikkje skada. Ordet "kontekst" kling bra.

Munn og klavsjuke er eit eksempel på ein sjukdom som plagar ei rekke fattige land, blant anna ei rekke afrikanske land, men også India der den er ute av kontroll og ödelegg helse og ökonomi for ei rekke småbönder. Dette er ingen sjukdom som har oppstått som ei fölge av industrilandbruket. Det er ein sjukdom ein på död og liv vil halde vekke frå industrilandbruket, men som ein likevel har fått inn og no pröver å halde i sjakk. Difor har ein blant anna reglar for forflyttelse av dyr. Dette gjeld også blåtunge, eller bluetounge. Ein får ikkje flytte dyr utanfor områder i EU når myggbestanden kjem over eit visst nivå. Årsaka er at myggen er ein smitteberar.

Og kvar kjem denne sjukdommen frå? Den kjem frå illegal import av kjött: "Smugling av infiserte kjøttvarer vurderes som den største risiko for introduksjon av smitte til land som Norge. Noen av de største utbruddene av MKS i Europa de senere år, slik som de to siste i England, har startet hos gris som følge av smitte fra ikke steriliserte matrester fra infisert, illegalt importert kjøtt. Smitten kan deretter spres raskt til storfe og småfe." kilde

Meiner Rognlien no at ein skal fritt importere kjött frå land med endemisk Munn- og klauvsjuke? Det som då kan skje, er smitte til industrilandbruket, og utbreiiing av sjukdommen. Önsker Rognlien seg dette? Ser slik ut. Eventuelt er han ikkje klar over, og dette kan ein anta, at smitte kan kome frå importert kjött.

Tuberkolose er ein vanleg sjukdom i ei rekke afrikanske land. Den smittar til mennesker. Den er også eit problem som ein forsöker å bekjempe i nokre EU-land, blant anna Storbritannia. Meiner Rognlien at tuberkolose er ein bagatellmessig sjukdom som vi ikkje skal snakke om? Meiner han at denne kjem frå industrilandbruket? Seriöst, det blir for dumt. Men ja, ein slik sjukdom spreier seg lettare i store populasjonar. Men store populasjonar, uvaksinerte, har vi også på andre kontinent og i andre husdyrhald enn det europeiske. Veit Rognlien dette? Ein kan anta at svaret er nei.

Storfetuberkulose ble erklært utryddet i Norge i 1963. Fremdeles undersøkes det rutinemessig for tuberkulose i norske slakterier. Kilde..

Rognlien meiner kanskje også at vi i Norge skal slutte å sjekke om dyr har tuberkolose. Siden vi ikkje skal snakke om at sjukdommen kjem frå fattige land. Det gjer den nemlig. Også. Men den kjem også frå enkelte områder i EU. Dette er fakta som hadde vore lett for Rognlien å sjekke, om han ikkje berre var ute etter å forsvare debatten, avslå viktigheten av presisjon i debatten og smöre eigne venner. Kjedelig når debatten forfell til eit slikt kompisnivå.
Det som först og fremst er problemet i industrilandbruk er at ein har store populasjonar på mindre areal, hög tettleik gjer det lett for smitte å spreie seg, og antibiotikaforbruk gjer at resistens utviklar seg. Men det er ikkje slik at nye smittsame sjukdomar oppstår her. Dei har berre betre vilkår her fordi populasjonen er större. Dette er basal naturvitenskap.

Fugleinfluensa oppstår eksempelvis i områder der dyr og mennesker lever tett på kvarandre. Gris, fuglar (höner) og folk. Og kvar gjer dei det? Jo i fattige områder, ikkje i industrilandbruket. Og kvar blei folk sjuke? Jo der folk levde tett på dyr. Jo visst blir folk også sjuke frå sjukdommar i industrilandbruket, men det er langt fleire fattige menneske på verdsbasis som blir ramma av sjukdommar som smittar frå dyr til menneske, enn det er her i vesten med industrilandbruket. Fordi vi har det meir kontrollert. På verdsbasis, og dette hadde vore lett for Rognlien å sjekke. WHO påpeiker at dei negliserte zoonosene (zoonose er ein sjukdom som smittar mellom menneske og dyr) er eit stort problem. Neglisjerte fordi dei i stor grad ikkje er så synlege, fordi dei ikkje blir diagnostisert fordi dei finst i områder der ein manglar tilgang til skikkelig diagnostisk utstyr:

At least 61% of all human pathogens are zoonotic, and have represented 75% of all emerging pathogens during the past decade. Except for the newly emerging zoonoses such as SARS and highly pathogenic avian influenza H5N1, the vast majority are not prioritized by health systems at national and international levels and are therefore labelled as neglected. WHO.


Det er millionar av menneske som kvart år vert ramma av sjukdommar som kjem frå dyr. Det er desse sjukdommane, blant anna, som gjer at ein har strenge handelsrestriksjonar. Meiner Rognlien dette er feil? Meiner han desse sjukdommane skal ein halde kjeft om? Skal ein ikkje påpeike at dei eksisterer? Det er enorme kostnader, samt humane og animalske lidingar knytt til denne typen infeksjonssjukdommar på verdsbasis.

Eg seier ikkje nei til handel. Gjerne ja til handel med mat, og gjerne kjöt frå Afrika, men vi må före debatten på skikkelige, opplyste premisser. Ikkje basert på fordommar, gårsdagens kunnskap og visjonar utan bakkekontakt. Hard science er at smittsomme sjukdommar er idag ei stor handelshindring, og ja, dei kjem frå fattige land. Ei rekke sjukdommar er viktige å halde ute, eller forsöke å halde på eit så lågt nivå som mulig gjennom destruering, nedslakting og omfattande saneringstiltak, vaksinering og strenge rutiner. Å flytte kjöt og mat over grenser uten kontroll förte Munn og klauvsjuke til England i 2001 der nedslakting av 4 millionar storfe vart resultatet. Dette er kjedelig. Det er dyrt, og det er samfunnet som må ta kostnaden.

Er dette noko Rognlien har tenkt over?

I min kvardag, no som veterinär ute i felten, ser eg smittsame sjukdommar. Vi byter kleder, vaskar og desinfiserer og kan ikkje ta utstyr frå ein fjös til ein anna. Fordi vi har lokal smittekontroll, og den er ganske så streng. I Norge får ein feks ikkje flytte sauer over fylkesgrensene av frykt for å spre scrapie, ein hjernesjukdom alla kugalskap, men på sau. Meiner Rognlien dette er teit? meiner han at norsk sauehald er industrilalisert? Om så er, har Rognlien utdefinert seg frå debatten. Han bygger nemlig retorikken sin på ganske omfattande kunnskapsmangel.

Det er ikkje berre mellom "fattige" og "industrialiserte" land at smittsame sjukdommar er ei handelshindring. Det er også ei hindring innad i både fattige og rike. I Botswana eksporterer ein kjöt frå dyr som lever i smittesoner, ikkje frå dyr som går utanfor og som ikkje er kontrollert. Det er omfattande rutiner igangsatt for å hindre spreiing av sterkt smittsame sjukdomar og zoonoser. Innad i Norge har vi forbod mot flytting av sau over fylkesgrense, i Sverige får ein ikkje lov å selge storfe nordover frå enkelte regionar pga smittefare. Ein får ikkje lov å flytte storfe innad i EU visse tider på året for å hindre spreiing av blåtunge-viruset.

Så det er ikkje berre mellom fattige og rike land, eller kva det er Rognlien trur, at sjukdommar er ei handelshindring. Get a grip.

Og fornye debatten? Ärleg talt. Bilden fornyer ingenting. Hans argument er relevante nok, men mangelfulle, og han ligg langt bakpå, tilsynelatande, kunnskapsmessig. Dette er påpeikt i fleire omtaler, blant anna Torgrim Eggens i Dagens Näringsliv.

Når debatten om ei bok, blir ein debatt der kompisane til Bilden forsvarer han, og fagfolk og andre kritiserer han, så blir det komedie. Har ein ingen ambisjoner med prosjektet?

Det er ikkje slike mennesker som beveger verda, dei som sit fast i sine fordommar og trur at desse representerer kunnskap. Skal ein utvikle seg, må ein lytte til andre enn sine kompisar.

Nei folkens, det er på tide å heve debattnivået rundt matproduksjon. Det er også bra å vite at kommentarer av typen Rognliens replikk til min signert-artikkel i Klassekampen, er av null betydning. Dei har ingen innflytelse og er kun trykksverte på papir. Kvifor? Fordi dei ikkje forheld seg til fakta, men fornekter denne, lever i si eiga boble og baserer seg på fordommer.

Some figures on the impact of neglected zoonotic diseases. Kilde WHO.


In today's world the rural poor represent 911 million people, of which 411 million are poor livestock-keepers (almost half in south Asia and one-third in sub-Saharan Africa).

At least 55 000 people are dying of rabies in Asia and Africa, and expenses related to the prevention and control of this disease is estimated at US$ 590 million annually on these two continents.
The total cost of an average rabies post-exposure prophylaxis course is US$40 in Africa and US$49 in Asia. This amounts to a substantial fraction of per capita Gross National Income (5.8% in Africa and 3.9 % in Asia).
The annual societal cost (agriculture and health) of porcine cysticercosis/taenosis is estimated at about US$150 million in India alone.

On the Tibetan plateau, the annual combined human and animal losses due to echinococcosis equate to approximately US$3.47 per person or 1.4% of per capita gross domestic product.
Echinococcosis in Tunisia causes significant direct and indirect losses in both humans and animals of between US$10 million and US$19 million annually. The reported incidence in humans is 1.5 to 2.05 cases per 100 000 inhabitants and between 12% and 17 % of the cattle at slaughter is found to be infested.
Disability-adjusted life years (DALYs) and monetary losses resulting from human and livestock cystic echinococcosis have been calculated at the global level assuming substantial under-reporting. The estimated global human burden of echinococcosis may be as high as 1 009 662 DALYs - or an annual loss of US$ 763 980 979. A maximum annual livestock production loss of US$ 2 190 132 464 is also estimated.

More than 50 000 cases of human brucellosis were diagnosed in only eight countries located south and east of the Mediterranean Sea in 2003.