Gå til hovedinnhold

Marit Eikemo, Samtale ventar

Bokanbefaling. Marit Eikemo skriv latterleg bra og posisjonerer seg som ein av dei mest interessante kvinnelege forfattarane i Norge. Skreiv eg kvinneleg? Ja, for eg er mest begeistra for kvinner som skriv om andre kvinner. Som eksempelvis Ebba Haslund og Vigdis Hjorth, eller på svensk Sara Stridsberg og Sigrid Combuchen, eller for den del Helena Henschen, ein personleg favoritt, men Henschens sjanger er ein miks av fiksjon og dokumentar. Og når eg les Eikemo tenker eg at vi har faktisk like gode forfattarar på norsk. Eikemo er langt betre enn Hjorth. Der Hjorth mister grepet om lesaren, held Eikemo grepet med suveren språkføring. Det er noko solid over Eikemos språk. Det er kort sagt godt. Ikkje ein einaste gong treng ein irritere seg over dårlege formuleringar.




Første boka til Eikemo, Mellom oss sagt, minnar om Samtale ventar. I begge bøkene finn ein kvinner på tretti pluss, utan mann, utan familie, som jaktar på nærheit og anekjennelse, gjerne hos ekskjærestar eller menn dei tilfeldig møter. Ingen av desse mennene vil ha dei, og kvinnene snublar vidare. I Mellom oss sagt ordnar mykje seg. Det går ikkje like bra i Samtale ventar.

Eg vil påstå begge bøkene kretsar rundt same tema, men med vidt forskjellege innfallsvinklar, og eg tippar Eikemo kan skrive enda ei bok om same tema, og enda ei, utan å gå tom for stoff, settingar, situasjonar og karakterar: søken etter nærleik og anerkjennelse. Eikemo skriver jævlig bra, ironisk, bestialsk, rått og direkte. Her er det krydra med små scener, handling og karakterar med djupne, og av ein eller annan grunn er Eikemo sin måte å framstille det heile på, alltid interessant. Mykje ligg i språket. Det er presist, ingenting overflatisk og settingen er heile tida bestemt av hovedpersonen, Elisabeth Brenner, si oppfatning av røynda. Framstilt med Eikemos språk, blir det bra. Denne historia kunne blitt skikkeleg platt og klein utan Eikemos finurlige, direkte framstilling som munnar ut i ironi, humor, galgenhumor og pinlege scener.


Alle karakterane skil seg frå kvarandre. Dei går ikkje i surr. Til det er dei for interessante, kvar for seg, presentert slik som dei er: gjennom handlingar og dialog, festar dei seg hos lesaren og blir verande. Dei har sine ulike problem, ulike famileforhald og ulike reaksjonsmønster, utanom eit: alle vil dei betru seg til Elisabeth Brenner. Kanskje utanom Christine. Alle går dei inn på margen av eigne liv: tapte arbeidsplassar, alkoholisme, ein mann som aldri er heime, einsemd. Dei utleverer seg til tider voldsomt når Elisabeth forsøker intervjue dei. Skreiv eg Elisabeth? Det føles unaturleg å omtale henne utan etternamn. Årsak: om hovedpersonen sjølv veit vi veldig lite.

Vi veit ho har hatt ein elskar ei helg for ti år sidan, ein abort og at ho har ein leilegheit i Bergen, er uføretrygda journalist og 38 år. Single. Tilsynelatande familielaus. Ingen ringer eller sender sms til Elisabeth Brenner. Vi er veldig nær henne, men på same tid er ho ein ukjent karakter vi aldri blir godt kjende med. Kanksje er det litt av dette som skaper driven i historia: den store avstanden vi har til Elisabeth Brenner gjennom den manglande informasjonen, på same tid som vi har djup tilgang til henne gjennom alle hennar handlingar, tankar og reaksjonar.


Ho er nevrotisk, ekstremt nærverande, impulsiv og har tidvis ganske låg sosial intelligens. Eller er ho berre så stressa og usikker at ho tippar over og ter seg desperat? Ho er kanskje eit menneskeleg vrak, eller berre ekstremt einsam. Ho er kanskje psykisk ustabil, eller ho er berre på randen på grunn av einsemd og miljøet rundt seg. Ho er vanskelig å kjenne seg att i, men på same tid lett å interessere seg for, då vi alle har opplevd enkelte av desse situasjonane. Situasjonar ein kanskje forsøker dekke over, ikkje snakke om, eller forhalde seg til som om det aldri har hendt. Vi fortel iallefall ikkje om det. Men i bokform får vi tilgang til alle Elisabeth Brenners fadeser, indre tankar og følelsar. Ho slepp ikkje unna vårt blikk, og igjen og igjen tenker ein: nei, ikkje gjer det.

Men det er for seint.

Elisabeth Brenner er 38. Ein kan tenke: stakkars, single damer på tretti pluss. Utan ein skikkeleg plan for karrieren, utanfor arbeidslivet og utan mann. Oppfyller ingen av standardkriteria til middelklassens vellukka familieliv. Da eg var tjue tenkte eg på damer på tretti pluss som gjekk på byen og var single, som skikkelig, tja, gamle single damer. Sitte på pub på Bryggen i Bergen og drikke pils, bli med tilfeldige typer heim, ikkje ha fast jobb.

Eikemo presenterer fordommar mot distrikts-Norge, gjennom Elisabeth Brenner og andre karakterar. Kvifor kjem dei, som har så god utdanning, til Einvik for å bu og arbeide? Kva vil dei her? Ho tek opp kaffeproblematikken: alle må stader trur dei blir urbane med ein gong dei aukar kaffeutvalget. Då kan ein le. Eikemo skriv ærleg og redeleg om å vere på bygda. Om ungdomar som vil reise derifrå. Det er ganske greit i grunn, og litt fordomsfullt. Det må vere litt digg å vere fordommsfull mot bygda via ein karakter, tenkte eg då eg las, men så tenkte eg: beklager, Eikemo. Skal ikkje forveksle deg med din hovedkarakter!


Samtale ventar minnar også om Edvard Hoems bok Ave Eva, også den om ein person frå Bergen som kjem til bygda for å leve og arbeide. Det går som det må gå. Bygda tar og bygda gir. Også Ave Eva held deg fast frå side ein til du motstrebande legg den frå deg og den er slutt. Kanskje er det noko fascinerande over bygdas verknad på folk? Det vesle miljøet, alle ser alle og alle er redde for å avvike. Avvik du, blir du eit offer. Desperate handlingar, underlege dialogar, forventa undergang.

Ingen av trådane i Samtale ventar blir nøsta opp. Dei forsvinn i mørket. Ein får heller følelsen av at historia blir avsnørt. Avsnørt som ein svart søppelsekk. Smala inn, attbunden med tape. Ting forsvinn rundt Elisabeth Brenner. Nettverket, husverten, strømmen. Ingenting finst att. Berre mørke. Snart er det jul.

Deilig er jorden,
prektig er Guds himmel,
Skjønn er sjelenes pilgrimsgang!
Gjennom de fagre
riker på jorden
Går vi til paradis med sang

Eg kastar terning seks for Eikemo.

Alle foto og omslag: Samlaget.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb