28. nov. 2011

Magisk vikingepos om møte mellom norrøne menn og Afrika

Det er noko skummelt magisk over Havjervens segling innover i det djupaste av Afrika. Så skummelt magisk at ein ser seg litt ekstra om etter skuggar på kvelden. Er det peisen som slår gneistrar? Eller er det nokon andre her... Ånder? Ute er det storm. Det passar dårleg når ein les Hard er mitt lands lov. Det vert enda skumlare. Mørket heng tungt over vikingskipet på veg frå Roma, nedover Afrikas kyst, innover i jungelen. Over vikingane som i veker vandrar over stepper, høgsletter og gjennom jungel.

Samlaget omtaler boka som "eventyrleg", men det er feil. Ordet er magisk vikingepos. Cathrine Krøger meiner språket er arkaisk, men det er det ikkje. Språket er eit verk verdig. Skildringane inngåande, innlevelsen sterk. Ordbildet er ein vesentleg del av denne forteljinga frå det svartaste av Afrika der over hundre norrøne viktingar slit seg fram. På jakt etter gull? På jakt etter hemn?


Hard er mitt lands lov er eit verk i ordets rette forstand. Eit verk som vassar i kunnskap, detaljar, små stikkhistorier som via omvegar blir vesentlege. Ulvejakt på Grønland, løvejakt i Afrika, falske tolkar, drap og innvollar. Magi og gamle gudar, løver som jagar bøflar, verda sett frå ville dyrs perspektiv.
Lat magien heller henge i lufta.

26. nov. 2011

Talent for lykke

Det har blitt gitt ut ei rekke bøker om korleis skrive god litteratur. Kast dei i peisen. Les Ari Behns "Talent for lykke", ei lærebok i litterær briljanse. Dra ditt visakort i nærmaste bokhandel. Les den så tre gonger.


Veterinærar i samfunnsdebatten

Veterinærar er ei faggruppe som er så og sei usynleg i norsk samfunnsdebatt. Kvifor er det slik? Ikkje godt å sei. Synd er det uansett då faggruppa har mykje relevant informasjon å kome med.

No har studentar ved Norges Veterinærhøgskule tenkt å gjere noko med saka. Dei har starta Fagpolitisk Forum som arrangerer livedebattar med panel og publikum ved NVH, opent for alle. Blant tema som står på planen er hundeavl (forje møte), kyllingproduksjon og tja, kanskje også: dei tause veterinærane.

Sjekk ut deira Facebook-gruppe og følg med.


25. nov. 2011

Kvinner må no ta ansvar for at menn ikkje kan te seg. For nokre menn vi har i dette landet!

Ber kvinner drikke mindre.

Kvinner skal drikke mindre fordi menn ikkje greier å te seg som folk.

Kva blir det neste? At kvinner må läre menn å snakke, drikke av kopp og kle på seg? Kanskje vi må läre dei å bruke såpe, sjå skilnad på högre og venstre sko, samt ikkje pisse på golvet også? Ting som er på samme basic nivå som at ein faktisk ikkje overfaller kvinner på open gate.

Er virkelig menn så dumme som politiet vil ha det til? At dei ikkje greier forhalde seg til alkoholpåverka kvinner utan å forgripe seg? Det er litt av nokre menn vi sliter med i dette landet, gitt. Om vi skal tru politiet i Drammen.

Menn som overfaller kvinner, er ikkje menn. Dei er scum.

Trygg helg.

24. nov. 2011

23. nov. 2011

Marit Eikemo, Samtale ventar

Bokanbefaling. Marit Eikemo skriv latterleg bra og posisjonerer seg som ein av dei mest interessante kvinnelege forfattarane i Norge. Skreiv eg kvinneleg? Ja, for eg er mest begeistra for kvinner som skriv om andre kvinner. Som eksempelvis Ebba Haslund og Vigdis Hjorth, eller på svensk Sara Stridsberg og Sigrid Combuchen, eller for den del Helena Henschen, ein personleg favoritt, men Henschens sjanger er ein miks av fiksjon og dokumentar. Og når eg les Eikemo tenker eg at vi har faktisk like gode forfattarar på norsk. Eikemo er langt betre enn Hjorth. Der Hjorth mister grepet om lesaren, held Eikemo grepet med suveren språkføring. Det er noko solid over Eikemos språk. Det er kort sagt godt. Ikkje ein einaste gong treng ein irritere seg over dårlege formuleringar.




Første boka til Eikemo, Mellom oss sagt, minnar om Samtale ventar. I begge bøkene finn ein kvinner på tretti pluss, utan mann, utan familie, som jaktar på nærheit og anekjennelse, gjerne hos ekskjærestar eller menn dei tilfeldig møter. Ingen av desse mennene vil ha dei, og kvinnene snublar vidare. I Mellom oss sagt ordnar mykje seg. Det går ikkje like bra i Samtale ventar.

Eg vil påstå begge bøkene kretsar rundt same tema, men med vidt forskjellege innfallsvinklar, og eg tippar Eikemo kan skrive enda ei bok om same tema, og enda ei, utan å gå tom for stoff, settingar, situasjonar og karakterar: søken etter nærleik og anerkjennelse. Eikemo skriver jævlig bra, ironisk, bestialsk, rått og direkte. Her er det krydra med små scener, handling og karakterar med djupne, og av ein eller annan grunn er Eikemo sin måte å framstille det heile på, alltid interessant. Mykje ligg i språket. Det er presist, ingenting overflatisk og settingen er heile tida bestemt av hovedpersonen, Elisabeth Brenner, si oppfatning av røynda. Framstilt med Eikemos språk, blir det bra. Denne historia kunne blitt skikkeleg platt og klein utan Eikemos finurlige, direkte framstilling som munnar ut i ironi, humor, galgenhumor og pinlege scener.


Alle karakterane skil seg frå kvarandre. Dei går ikkje i surr. Til det er dei for interessante, kvar for seg, presentert slik som dei er: gjennom handlingar og dialog, festar dei seg hos lesaren og blir verande. Dei har sine ulike problem, ulike famileforhald og ulike reaksjonsmønster, utanom eit: alle vil dei betru seg til Elisabeth Brenner. Kanskje utanom Christine. Alle går dei inn på margen av eigne liv: tapte arbeidsplassar, alkoholisme, ein mann som aldri er heime, einsemd. Dei utleverer seg til tider voldsomt når Elisabeth forsøker intervjue dei. Skreiv eg Elisabeth? Det føles unaturleg å omtale henne utan etternamn. Årsak: om hovedpersonen sjølv veit vi veldig lite.

Vi veit ho har hatt ein elskar ei helg for ti år sidan, ein abort og at ho har ein leilegheit i Bergen, er uføretrygda journalist og 38 år. Single. Tilsynelatande familielaus. Ingen ringer eller sender sms til Elisabeth Brenner. Vi er veldig nær henne, men på same tid er ho ein ukjent karakter vi aldri blir godt kjende med. Kanksje er det litt av dette som skaper driven i historia: den store avstanden vi har til Elisabeth Brenner gjennom den manglande informasjonen, på same tid som vi har djup tilgang til henne gjennom alle hennar handlingar, tankar og reaksjonar.


Ho er nevrotisk, ekstremt nærverande, impulsiv og har tidvis ganske låg sosial intelligens. Eller er ho berre så stressa og usikker at ho tippar over og ter seg desperat? Ho er kanskje eit menneskeleg vrak, eller berre ekstremt einsam. Ho er kanskje psykisk ustabil, eller ho er berre på randen på grunn av einsemd og miljøet rundt seg. Ho er vanskelig å kjenne seg att i, men på same tid lett å interessere seg for, då vi alle har opplevd enkelte av desse situasjonane. Situasjonar ein kanskje forsøker dekke over, ikkje snakke om, eller forhalde seg til som om det aldri har hendt. Vi fortel iallefall ikkje om det. Men i bokform får vi tilgang til alle Elisabeth Brenners fadeser, indre tankar og følelsar. Ho slepp ikkje unna vårt blikk, og igjen og igjen tenker ein: nei, ikkje gjer det.

Men det er for seint.

Elisabeth Brenner er 38. Ein kan tenke: stakkars, single damer på tretti pluss. Utan ein skikkeleg plan for karrieren, utanfor arbeidslivet og utan mann. Oppfyller ingen av standardkriteria til middelklassens vellukka familieliv. Da eg var tjue tenkte eg på damer på tretti pluss som gjekk på byen og var single, som skikkelig, tja, gamle single damer. Sitte på pub på Bryggen i Bergen og drikke pils, bli med tilfeldige typer heim, ikkje ha fast jobb.

Eikemo presenterer fordommar mot distrikts-Norge, gjennom Elisabeth Brenner og andre karakterar. Kvifor kjem dei, som har så god utdanning, til Einvik for å bu og arbeide? Kva vil dei her? Ho tek opp kaffeproblematikken: alle må stader trur dei blir urbane med ein gong dei aukar kaffeutvalget. Då kan ein le. Eikemo skriv ærleg og redeleg om å vere på bygda. Om ungdomar som vil reise derifrå. Det er ganske greit i grunn, og litt fordomsfullt. Det må vere litt digg å vere fordommsfull mot bygda via ein karakter, tenkte eg då eg las, men så tenkte eg: beklager, Eikemo. Skal ikkje forveksle deg med din hovedkarakter!


Samtale ventar minnar også om Edvard Hoems bok Ave Eva, også den om ein person frå Bergen som kjem til bygda for å leve og arbeide. Det går som det må gå. Bygda tar og bygda gir. Også Ave Eva held deg fast frå side ein til du motstrebande legg den frå deg og den er slutt. Kanskje er det noko fascinerande over bygdas verknad på folk? Det vesle miljøet, alle ser alle og alle er redde for å avvike. Avvik du, blir du eit offer. Desperate handlingar, underlege dialogar, forventa undergang.

Ingen av trådane i Samtale ventar blir nøsta opp. Dei forsvinn i mørket. Ein får heller følelsen av at historia blir avsnørt. Avsnørt som ein svart søppelsekk. Smala inn, attbunden med tape. Ting forsvinn rundt Elisabeth Brenner. Nettverket, husverten, strømmen. Ingenting finst att. Berre mørke. Snart er det jul.

Deilig er jorden,
prektig er Guds himmel,
Skjønn er sjelenes pilgrimsgang!
Gjennom de fagre
riker på jorden
Går vi til paradis med sang

Eg kastar terning seks for Eikemo.

Alle foto og omslag: Samlaget.

19. nov. 2011

Kvifor skal det alltid vere valkar og strekkmerker når kvinner blir framstilt som legitimt naturlege?

Når Marianne Aulie poserer naken, blir folk forbanna. Når Helle Vaagland med sine valgar og flesk poserer uten kler, er det morsomt. Fordi Vaagland liksom er så naturleg. Flesk og valker er naturleg.

No flasher Vestforld Bygdekvinnelag puppa.  Det gjer ingenting å vise fram strekkmerker og valker. Greit nok. Men når skal det bli lov å vise fram pene kroppar utan å bli beskulda for å skape kroppskompeks eller vere kroppsfokusert/ pornografisk? Det er like kroppsfokusert å vise fram rynker, flesk og strekkmerker. Fokuset er jo på kropp. Og kropp uten fleks og strekkmerker er like naturleg som kropp uten.

Bonde og småbrukarlaget meiner for eksempel at den østerikske bondekalendaren er pornografisk. Det kan neppe henge saman med anna enn at det er unge, pene mennesker ein viser fram. Dei er også meir påkledde enn Vestfolk Bygdekvinnelag. Ikkje ein pupp viser. Logikken er: unge, pene lettkledde mennesker er pornografisk. Gamle er det ikkje, sjølv om dei viser meir kropp. Unge er unaturleg, gamle naturleg.

Den naturlege kvinna er kvinna med valkete, falma og feit kropp. Gjerne med litt strekkmerker. Godt brukt. Litt slitt.

Det finst eit stort segment av damer som verken har feite valkar, hengevom, slappe lår og strekkmerker. Dei er også naturlege. Men om dei kaster kleda, er det pornografisk.

Å vere slank og pen er ikkje unaturleg. Ein treng ikkje vere modell for å sjå ut som ein modell. Ein treng  ikkje verken silikon eller personlig trener for å ha ein flott naturleg kropp.

Kvinneidealet i vår tid er merkelig. Det er jo politisk ukorrekt å vise fram naturleg, flott kropp. Det er usunt. Har du ingen valker, bør du faktisk kle på deg. Lat dei tjukke damene kaste kleda. Det skaper ingen kompleks. Det skapar ingen beskuldningar om pornografi. Dei med strekkmerker og valkar etter eit naturleg liv. Vi andre får beholde kleda på. Så får gutta seg ein positiv overaskelse når dei ser korleis naturlege kvinner faktisk ser ut.

18. nov. 2011

Kåringa "Årets unge bonde": eit langt gjesp/ "er det ikkje litt harry at brekk utnevner sine eigne lokalpolitikarar til årets unge bonde"?

Dessverre tyder denne kåringa på at landbruket snakker til koret/ menigheten, ikkje til publikum.

Årets unge bonde er ikkje i tvil om kva som var høgdepunktet i høve kåringa.
– Det var utruleg kjekt å få kome til Brekk sitt kontor i lag med dei andre kandidatane. Det er veldig bra han tek seg tid til oss og høyrer på innspela me har, seier ho. (Nationen 18.november 2011).  Kandidaten heiter Elisabeth Holand (31).


Det er koseprat og enda meir koseprat når Lars Peder Brekk, Mc Donalds og Bygdeungdomslaget kårar årets unge bonde. Juryens leiar er sjølvsagt Brekk. Kanskje ikkje så rart det vert koseprata. Ein har jo, trygt og godt, kåra ein av sine eigne. Ein Sp-politikar. Det er feigt, det har slagside og det framhevar det vi mistenker frå før: her er det lite rom for politisk spekter og nytenkning. Brekk har løfta fram ein av sine trauste våpendragarar. Landbruket er satt lite nytenkande. Ein får ikkje inntrykk av innovasjon, nytenkning og spreke utspel. Ein får inntrykk av at det å vere satt og tradisjonell, er det som av landbruket blir ansett som ungt og lovande. Ein som følger partipisken og som går i opptrakka løyper utan å brøyte nytt.

Men nei, vi er ikkje overraska. Norsk landbruk er ikkje kjent for å tenke nytt. Ei heller har dei mot til å fronte andre enn dei tradisjonelle. Ein vågar ikkje løfte dei fram, og ein  maktar ikkje handtere sine kritikarar med anna enn kontant avvisning.

Kvifor vann ikkje kandidaten Tore Jardar Johannessen Wirgenes? Kanskje fordi han offentleg har meldt seg ut av Bondelaget og kritisert Brekk. Ein slik kandidat vågar ikkje Brekk å kåre. Vi kjenner Brekk. Vi veit han ikkje tåler uenighet eller å bli motsagt. Johannessen Wigrenes som driv med frittgåande grisar og er representant for Miljøpartiet de Grønne, ingen traust Sp-gubbe. Som i intervjuet med Nationen sa at han diggar Svenn Arne Lie. Det kom sjølvsagt ikkje på trykk.

Feigt. Traust. Kjedeleg. Tannlaus. Slik er kåringa av årets tøffel-bonde.

Nei, Johannessen Wirgenes er for spesiell. For nyskapande. For trendy, for eigenrådig og for kritisk til landbrukspolitikken og sittande gubbevelde. Men medan vinnaren bringer med seg gufs frå sekterismen i landbruket, står blant andre Johannessen Wirgenes for nisje og nytenkning.

Forakt for slik feigheit.

Sjekk Brekks svar til mitt spørsmål i Nationens nettmøte med Brekk:

Skapte engasjement (saka Brekk fekk sterk kritikk, Nationen 18.november 2011):

Nokre av spørsmåla skapte spesielt stort engasjement hos ministeren. Viken: «Hvorfor kåret Brekk Årets unge bonde, en senterpartipolitiker? Man mistenker jo ganske raskt at denne kåringen har politiske føringer, samt at den avdekker sneversynet i landbruksdebatten. En våger ikke fremheve de mer utradisjonelle bøndene med andre politiske standpunkt, men heier frem de enige og konvensjonelle, ikke de nytenkende».
Brekk: – Det er ganske utrolig at du på denne måten snakker ned vinneren av Årets unge bonde. Vi har vært mange i juryen, og det har vært fl ere gode kandidater. Jeg kjenner ikke de enkeltes partibakgrunn. Jeg synes at du på et feilaktig grunnlag systematisk omtaler landbruket og matproduksjonen i Norge på en negativ måte. Foreslår at du kobler av autopiloten, svara Brekk."

Brekk svarer ikkje på min kritikk, men går på defansiven. Svaret står seg svært godt som symbolikk.


Men tilbake til høgdepunktet for årets unge bonde, lat oss ta det igjen: det var å kome til Brekks kontor.

Og lat oss gjenta eit anna sitat: Det er veldig bra han tek seg tid til oss og høyrer på innspela me har, seier ho. 

Det er veldig bra at han tek seg tid til å høyre på oss! Dette er sånne sitat ein forventar seg frå ein skuleelev på ekskursjon i hovudstaden, ikkje frå ein representant som vert løfta fram som Årets unge bonde. Men slik blir det vel når ikkje kritisk samfunnsdebatt er målet, men koseprat. Kåringa er i grunnen totalt uinteressant utover at den segmenterar at landbruket er traust, tradisjonelt og ikkje særleg nytenkande. Det mest interessante er at avsendarane ikkje ser det sjølv.

Kåringa gir motsatte signal av kva som var tanken: å auke rekrutteringa.


Ås (NTB): Elisabeth Holand fra Vestvågøy kommune i Lofoten ble onsdag kåret til årets unge bonde.
31-åringen driver gård med produksjon av melk, storfekjøtt og poteter. Hun har flere tillitsverv i landbrukets organisasjoner, er varaordfører i Vestvågøy, styremedlem i Nordland Senterparti og alenemor til fire barn.

- Holand er et sunt forbilde som representerer en ny generasjon bønder. Hun kombinerer et spennende yrkesvalg med et aktivt familieliv og betydelig samfunnsengasjement, sier landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp).



Eit betydelig samfunnsengasjement i Senterpartiet. Sikkert også forhenverande i Bygdeungdomslaget. Supert å møte minstern, super å kikke inn på kontoret. Gode kaker, ja takk ei til.

Skuffelse. Er dette alt unge bønder har å by oss på? Er virkelig juryen så kjedelege som dei gir inntrykk av? Kåringa ber preg av koseprat, kaffe og vaflar. Kva er då poenget med kåringa? Eit PR-stunt for næringa? Muligens, men med eit par slagsider: Den utkåra bonden skal utdanne seg til pedagog. For å ha fleire bein å stå på ved sida av garden.

God reklame, folkens. Du kan ikkje leve av å vere bonde i Brekks kongerike. Du må ha ein ekstrajobb. 

Men dette blir ikkje sett på som eit teikn på den dårlege økonomien. Det blir, underleg nok, vurdert som handlekraft. Sjølvsagt. Men handlekraftig? Det er jo eit faresignal: dumpa inntektsnivå.

Men målet med kåringa er trass alt koseprat. Men koseprat er kjedelig, like dørgande kjedeleg som sakene med den utkåra i Nationen. 

I bondeyrket blir det ansett som handlekraft å jobbe 18 timar i døgnet, bruke billeg arbeidskraft og rydde kulturlandskapet for luselønn. Attpåtil skal ein ha jobb på si. Då tek ein ansvar.

Jada.

Handlekraft? Nei, det minnar mest om det motsette. Skal ein virkelig måtte ha to yrker for å overleve som bonde? Har ein akseptert landbruket som ei venstrehandsnæring? Ei næring der ein tjener dårleg og må forsørge seg på andre måtar, utanfor garden? Eventuelt der ein må kutte ned på forbruk for å greie seg? Ikkje alle er villege til å godta desse premissa. Difor legg mange ned. 

Tenk om dei i (den fiktive) serien om årets veterinær fortalde at han/ ho no skulle utdanne seg til sjukepleiarar for å ha fleire bein å stå på. Veterinærjobben gjekk nemlig ikkje an å leve på. For nokre signal å sende ut. For ei god reklame for veterinær som yrke: fin utdanning, artig jobb, men du kan ikkje leve av denne jobben.

Hurra hurra! Årets unge bonde er reklame for partitruskap, dobbeltarbeid og vaffeljern! Skal du bli bonde: skaff deg ei ekstra utdanning. Å leve av garden kan du berre gløyme. Meld deg inn i Sp, bli traust og oppfør deg som ein skuleelev når du kjem til Oslo. WOW, for eit kontor du har, Brekk!!!! Bønder i byn, ass.

Arbeidet mot media er viktig, sa årets unge bonde i eit av sine svar frå nettmøtet med henne hos Nationen.

Det er eit svært godt poeng. Dessverre tyder denne valg av vinnar på at landbruket snakker til koret/ menigheten, ikkje til publikum. Dei kommuniserer innover, ikkje utover. Det er feil strategi om næringa ønsker å auke rekrutteringa.

Gjesp.

17. nov. 2011

Flådde pelsdyrskrottar. Pelsen av, kroppane skal kastast.

Er dette etisk?? Og bør det finansierast av støtte frå norske skattebetalarar?


I november pågår "pälsningen" på svenska minkfarmer. En månad då 1,2 miljoner minkar dödas, bara i Sverige, för människans fåfänga. Du kan göra skillnad för djuren. Bli aktiv.

Trykk på biletet og det blir stort og tydelig.

Les kronikken Ikkje berre eit dyr i Aftenposten: Lytt til fagmiljøas bekymringsmeldingar: Forby pelsdyroppdrett og gjer det no!

Les artikkelen Kva føler du no rev? frå Klassekampen. Det er ikkje dyrevernsekstremisme å snakke om at dyr har følelsar. Det er eit uttrykk for høg fagkompetanse.

Sei nei til pels.

12. nov. 2011

Det er greit at vi halal-slaktar i Norge. At nokon ber ei bøn for ei ku som skal bli biff, skadar ingen.

Fakta: halalslakt i Norge er akkurat som anna slakting. Einaste skilnaden er at ein ved halalslakt ber ei bøn. 

Les Mattilsynets orientering. 

Det er greit at vi halal-slaktar i Norge så lenge det foregår med bedøving først, slik som i dag. At nokon ber ei bøn for ei ku som skal bli biff, skadar ingen. 

Les debatt rundt dette innlegget hos Verdidebatt (Vårt Land) og Nye Meninger (Dagsavisen). 

Når ein slaktar dyr ved slakteri, blir dei først bedøva. Dette kan, heilt enkelt forklart, skje med boltepistol i hjernen (storfe, hest), strøm gjennom hjernen (sau), gass (gris, kylling, kalkun) eller elektrisk bad (kylling). Argon og CO2 er gasser som blir brukt. Argon skaper mykje uro og er nok ein svært ubehagelig bedøvingsmetode.

OBS: bedøving i denne samanheng er som ein "narkose", ikkje som ei lokalbedøving. Bedøvinga (boltepistol, gass, strøm) før avliving gjer at dyret fullstendig taper bevissthet. Dyret kan altså verken oppleve eller føle avlivinga. Ordet "bedøving" er dermed noko upresist. 

Etterpå stikker ein kniv i halsen så dyret avblør (storfe, hest, sau, gris) eller kappar av hovudet (fjørfe). Vi er pålagt å stikke etter bedøvinga når dyret er bevisstlaust. Det er det som er poenget med bedøvinga: dyret skal vere bevisstlaust når det blir avliva (stukke).

Dyr kan både i teori og praksis vakne opp att etter bedøving med bolt, gass eller strøm. Difor er det viktig at ein også stikk/ avblør slik at dyra ikkje vert slakta levande (kan føle og oppleve slaktingeprosessen). Ved å først bedøve sikrar ein at dyret er bevisstlaust før ein avlivar (stikk), og ved å stikke etter bedøving, sikrar ein at dyret er dødt før det vert slakta. 

Ein del bedøvingsmetodar er betre enn andre. Det finst slakteri i Norge som ikkje bedøver skikkelig, og som i praksis slakter levande fjørfe, utan at dette har noko med halal å gjere. Det handlar om slakteri som har fritak frå forskrifter om dyrevern og slakteri. Dessverre. Slik kuttar ein kostnader, på bekostning av dyrevelferden. Ein kan også spørre seg om transporten av kylling og kalkun, der høge prosentandelar dør, er noko betre enn tradisjonell halal der ein knivstikk utan bedøving.

Når ein godkjenner denne forma for grotesk transport, der dyra frys ihjel eller dør av mangel på luft fordi bilane manglar godkjende luftesystem, kan ein kanskje like godt godkjenne tradisjonell, ekte halalslakting i Norge.

Mange fjørfe som skal halalslaktast, dør av bedøvinga (gassinga), opp mot tjue prosent, ifølge Aftenpostens artikkel Dør på feil vis.  I følge halal skal dyret dø ved stikking, altså ikkje alt vere dødt når det blir stukke. Det er inga overrasking at opp mot tjue prosent av fjørfe dør av gassinga. Eg er i grunnen overraska over at talet ikkje er høgare. Der finst mange måtar å gassbedøve fjørfe på, og ikkje alle er like humane. Nokre fører til eksistering og tydelig stress/ angst hos dyra når dei blir ført inn i gasskammeret.

Der finst folk som ikkje stikk etter bedøving, og dyret vil som regel dø uansett. Det tek berre lenger tid. Men dette er ikkje ein godkjent avlivingsmetode.

"Ekte halalslakt" foregår utan bedøving først. Det vil sei kun ved stikk i halsen. Dette er ikkje lov i Norge, heldigvis. Då eg var i Uganda på reportasjereise for å skrive om Norturas mislykka forsøk på å etablere ein kjøteksporterande sektor i landet, fekk eg ikkje vere med inn når dei slakta. Der slaktar dei tradisjonelt halal og det var visst for sterk kost for meg, meinte dei.

Les reportasjen her. 

Greit nok, mitt poeng er ikkje å samanlikne Uganda og Norge, men å forklare korleis dette tradisjonelt blir gjort. Ein held dyret fast, stikk det i halsen, og så ligg det på golvet og forblør. Det er, etter vår målestokk, ein grotesk måte å slakte på. Ein har ved slakteriet eg skriv om, Top Cut, forsøkt å innføre boltepistol før stikking av storfe, men fordi mange trur at bedøving med boltepistol er lik avliving, vil ein ikkje nytte boltepistol. Ein held på tradisjonell halalmetode med kun stikking.

Vi godtek ikkje denne forma for slakting, ergo er ikkje dette kjøtet godkjent for eksport til Norge.

No er det sjølvsagt ei rekke andre faktorar som fører til at dette kjøtet ikkje er godkjent for eksport: slakting på golvet, munn- og klauvsjuke, tuberkulose osv, men halalslaktemetoden er også eit moment. Skal dei eksportere, må dei gå bort frå såkalt "ekte halal".

Det er greit at vi halal-slaktar i Norge så lenge det foregår med bedøving først, slik som i dag. At nokon ber ei bøn for ei ku som skal bli biff, skadar ingen. 

Eg er meir skeptisk til at ordinær slakting kan foregå utanfor reglar og dyrevelferd: av hensyn til at ein skal spare pengar og difor slaktar fjørfe regelrett levande. Eg er også meir skeptisk til den høge transportdødeligheten og det legitimerte dyreplageriet som foregår i produksjon av gris og fjørfe.


6. nov. 2011

Er det eit likestillingsproblem at kvinner som fortel om sine erfaringar med trakassering frå utlandske menn, blir kalt rasistar?

 - Vi må kalle en spade for en spade. Det er ikke noe tvil om at så å si alle overfalls- og gjengvoldtekter de siste ti årene i Norge har blitt begått av innvandrermenn. Og muslimske menn er overrepresentert, sier Abid Raja. De som voldtar, de voldtar egentlig hele innvandreromdømmet.

Les artikkelen.

Ikkje skyt budbringer.

Siste dagane har det vore debatt om voldtekter i Oslo. Sjølv har eg aldri blitt voldtatt, men fotfulgt og hatt ein del ubehagelige opplevingar. Dette har eg  skrive om. Mange blir rasande når ein skriv om sine erfaringar. Dei meiner at å fortelle at ein blir trakassert på gata i Oslo av utlandske menn, er stigmatiserande for innvandrarar. Nokre trekk rasismestrået.

Les om mine erfaringar, Farlege Oslo, i Morgenbladet.  Artikkelen er også lagt ut hos Verdidebatt.no (Vårt Land) og Nye Meninger (Dagsavisen). Trykk på linkane og sjekk ut debattane.


Det er noko alvorleg gale om ein ikkje kan omtale sine erfaringar frå Oslo utan å bli møtt med angrep av typen: du stigmatiserer minoriteter, du er rasist, du generaliserer. Dine erfaringar er irrelevante fordi dei ikkje er statestikk, men eigne opplevingar.

Denne typen retorikk kan, sjølv om det kanskje ikkje er intendert, oppfattast som forsvar for overgriparane og mennene som trakasserer kvinner. Heller enn å rette kritikk mot overgripar, rettar ein kritikk mot den som fortel om sine erfaringar med overgripar. Det er i grunnen eit nytt overgrep mot kvinner.

Hadde ein sett same retorikk dersom det var menn som blei utsatt for voldtekter og trassering? Menn har skrike høgt ut om at dei føler seg trakassert av horer på Karl Johan.

Mediefokuset er overdrive, meiner enkelte. Sosiolog Marianne Sætre forsøker i ein kronikk å dysse ned fokuset på overfallsvoldtektene. Kan du vere Norges fremste voldtektforsker og ikkje kommenterer (men benekter) åpenbare sider ved eige materiale (slik Jan Arild Snoen, og nå Kjetil Rolness påpeker om bruken av landbakgrunn)? Har Sætre ingen forståelse for at frykten ikkje er medieskapt aleine, men også basert på at kvinner faktisk blir voldtatt, samt at mange andre blir utsatt for trakassering i Oslo? 

Det er fra før vel kjent at nesten alle overfallsvoldtektene i Oslo har utenlandsk gjerningsmann.  Dette blir ignorert av Sætre. Er det mulig å løse eit problem når ein ikkje vil innsjå problemet?


Eg synest denne arrogansen som Sætre viser i møter med kvinners frykt, er drøy. Det er faktisk ikkje berre mediadekningen som gjer kvinner redde. Det er personlige, gjentatte erfaringer. Teori + praksis er ein undervurdert disipling. Common sense is not as common as we like to think. Kanskje har Sætre brukt for mykje tid på sitt materiale og for lita tid på å lytte og forstå virkeligheten for kvinner i Oslo.

Greit nok at voldteker er eit tabloid fenomen som mediene skriv om, men det går ikkje an å stikke under ein stol at det kan ramme kven som helst, sjølv om det kun rammer eit fåtal. Derfor er kvinner redde. Dette må tas på alvor. Det er eit faktum at dette kan skje deg, sjølv om du er klin edru. Og trakasseringa på open gate, har ingenting med alkoholforbruk å gjere, jamfør min artikkel i Morgenbladet og Marta Breens blogg, sjølv om mange virker forsøker å bortforklare overfallsvoldtekter med kvinners alkoholkonsum. Det er edru damer på gata som blir utsatt for sjikanerande åtferd, som i sin tur er trugande, og som i sin tur kan utarte til feks voldtekt. Difor er vi redde. Har vanskelig for å skjønne at det er så veldig interessant å bruke tid på å liksom bortforklare frykten for overfallsvoldtektene, eller dysse den ned. Debatten er interessant, men realiteten er viktigare enn debatten: det kjennes ikkje trygt å vere kvinne i Oslo. Lat det ikkje forsvinne i ein virrvarr av analyser frå alle som ønsker å meine noko om saka. Syns i vei, men behold gangsynet.

Enkelte forsøker også å bortforklare kvinners erfaringar som rasisme. Det er risikabelt å påpeike det enkle faktum at ein blir trakassert av utlandske menn. Det er ganske spesielt at kvinners erfaringar på denne måten skal usynleggjerast. Hadde ein gjort det same med menns erfaringar? Nedvurdert dei? Det er underleg å høyre andre kvinner sei at mine erfaringer ikkje er relevante, fordi desse andre kvinnene ikkje har gjort seg slike erfaringar sjølv. Ulike kvinner, ulike erfaringar, men ikkje ulik relevans. 

Kvifor blir ulike kvinner utsatt for sjikane på open gate i ulik grad? Eg veit ikkje, men det kan handle om faktorar som utsjånad, klesstil, kva gate ein går i. Det blir spekulasjonar. Tilfeldigheter? 

Er det eit likestillingsproblem at kvinner som fortel om sine erfaringar, blit kalt rasistar? Blir menn som fortel om trakassering frå horer beskulda for det same? Eller dei som blir rana? Er kvinners erfaringar rasisme? Eller er rasismestemplinga ein hersketeknikk som nedvurderere kvinners erfaringar? Det virker som om enkelte kappes om nettopp å nedvurdere kvinners erfaringar i denne saka. Ein har lov å fortelle deler, men ikkje heile sanninga: det er farga som trakasserer oss. Ikkje svenskane som jobbar i Oslo. Face it.

Som Abid Raja seier: De som voldtar, de voldtar egentlig hele innvandreromdømmet.

Det er mennene som voldtar, som bidrar til stigmatisering av innvandrarar, ikkje kvinnene som fortel om mennene som trakasserer og voldtar dei. 


Heller enn å skyte på bodberar, burde ein forsøke å definere problemet, blant anna via personlige historier frå kvinner i Oslo, og så i andre omgang løse det. Å skubbe fakta under ein stol, hjelper ingen. Få det fram i lyset: utlandske menn trakasserer og voldtar kvinner. Det er uakseptabelt, og det er dette som er saka.

Det er litt av nokre produkt vi forbrukarar etterspør, om vi skal tru Brekk: slaskekylling og sjuk kalkun. Skulle nesten tru vi ikkje hadde noko valg.


Bøndene må levere det forbrukarane vil ha, sa Lars Peder Brekk (Sp) på landsmøtet i Småbrukarlaget. Les saka her.

Forbrukarane vil altså ha billeg kylling og sjuke kalkunar med leddproblem, kyllingar som blir kvalt i lastebilane medan dei venter på å bli slakta fordi bilane manglar gode lufteanlegg, eller som frys ihjel under transport om vinterene fordi ein skal spare pengar og dermed droppar oppvarming i bilane.

Forbrukarane vil ikkje finne seg i at vi politikarar skal bestemme kva folk skal ha på tallerken, sa Brekk.

Nå, kjære Brekk. Vi har ikkje så stort valg enn å innfinne oss. Kva vi skal ha på tallerken, kan vi knapt nok velge sjølv. For kvar er det mogeleg å få tak i kylling og kalkun som ikkje er produsert under forholda beskrivne? Kvar får ein tak i kvitt kjøt produsert under etisk akseptable forhold? Knapt nokon stad. Ein må produsere det sjølv. 

Og kven si skuld er det? Er det forbrukarane som bestemmer produksjonsforholda? Nei. Og er det forbrukarane som bestemmer at etisk skal vere dyrt og uetisk billeg? Nei. Er det nokon som legg til rette for produksjonen kan få ein høgare standard? Nei. Og kven får skulda? Forbrukarane. Det er for lettvint. Kvifor går ikkje Brekk inn og finansierer etisk produksjon av kvitt kjøt? Fordi han meiner dagens kyllingproduksjon er god, norsk standard.

Å behalde eit norsk markedsmonopol på kylling og kalkun, noko som fører til at forbrukarane stort sett berre får tak i søppel, er ikkje noko forbrukarane bør finne seg i. Men har vi noko valg?

I tillegg spelar Brekk på forbrukaranes kunnskapsløyse: «- Eg meiner det er openbart betre at produksjonen skjer innanfor trygge og gode rammer med norske krav til dyrevelferd, noko som også fører til innanlandsk sysselsetjing og arbeidsplassar, enn at produksjonen skjer i utlandet, sa Brekk.»

Norsk produksjon av kylling og kalkun har ikkje betre rammer for dyrevelferd enn den ein finn utanfor grensene. Det er same shit, different wrapping. Men det er lett for Brekk å lyge. Debatten er i stor grad mytebasert, ikkje faktabasert. Det er eit faresignal. 

Internasjonal kontekstkunnskap er mangelvare. Produsentane av norsk kvitt kjøt kappast om å påberope seg den beste etikken. Det er gjørmebryting på botnnivå. Dødeligheten stig, kvaliteten synk. Produsentane ropar hurra.

Som Brekk sjølv seier: forbrukarane vil ikkje akseptere at politikarar skal bestemme kva vi skal ha på tallerkenen. Godt poeng: Om Norge ikkje sjølv greier produsere etisk akseptabel mat, må vi opne grensene og importere den frå nokon som maktar. Eventuelt må ein auke produksjonen av kvalitet på heimebane.
«Landbruksministeren sa at vridinga i kjøttforbruket er ein konsekvens av endra matvaner, og at det er betre at den kraftfôrkrevjande kjøttproduksjonen skjer i Norge enn i utlandet.»

Dette er usanning. Vridninga skuldast i stor grad ei politisk styrt dreining i norsk kjøtproduksjon.

For per idag er det litt av nokre produkt vi forbrukarar etterspør, gitt. Slaskekylling og sjuk kalkun. Skulle nesten tru vi ikkje hadde noko valg. Lurer på kva det neste blir.

4. nov. 2011

Du er ei hore! Farlege Oslo: om å bli trakassert av utlandske menn i Oslo- min artikkel i vekas Morgenbladet

Eg har måtta hoppe ut av taxiar og finne meg i å bli fotfulgt natt etter natt. Er dette akseptabelt? NEI.

Farlege Oslo, les heile artikkelen her. 

Utdrag:

Gjekk eg oppover gata, kom dei kryssande frå andre sida. Om eg ikkje snakka når dei snakka til meg, fortsatte dei å mase. Om eg svarte, fulgte dei etter. Eg har blitt fotfulgt frå Torggata til Birkelunden fleire gonger. Anten tett på, eller på andre sida av gata. Sjølv når eg har hatt følge, har eg blitt fotfulgt.

Avslutning:

Å sei at innvandrarmenn plager kvinner, er ikkje å sei at ingen etnisk norske gjer det. Å påpeike at innvandrarar plagar kvinner, er ikkje det same som å sei at alle innvandrarar plagar kvinner. Det burde vere unødvendig å påpeike. Å legge fram erfaringar, er ikkje eit bidrag til stigmatisering av minoritetar sjølv om enkelte forsøker å få det til å framstå slik.

Når ein diskuterer overfallsvoldtekter som problem, treng ein ikkje vise til at dei fleste voldtekter skjer i heimen. Det er avsporing. Det er ikkje voldtekter i heimen som gjer Oslos gater farlege. Det er overfallsvoldtektene. Det er kvinnene som vert ramma vi må ta hensyn til. Ikkje ein politisk korrekt diskurs.

Les også Marta Breens artikkel om tilsvarande opplevingar: du ser jo ut som ei hore

Som Breen påpeiker, eit kompliment på gata er ikkje eit kompliment, men ein trussel.

Som M. Lien påpeiker i artikkelen "Korte skjørt og mørke menn", må problemet snakkes ihjel, ikkje ties ihjel. Ingressen hennar lyder slik: "Jeg fnøs av naboene og deres frykt da vi leide ut hybel til en somalier. Helt til han kom opp i leiligheten vår og overfalt meg."

Les også Jan Arild Snoens artikkel hos Minerva der han viser fram korleis medier blir forsøkt sensurert når dei påpeiker kven det er som utfører voldtektene.  "Flere lesere har gjort meg oppmerksom på at Aftenposten i går ettermiddag hadde postet en helt annen versjon av denne artikkelen, med nettopp hovedfokus på gjernningsmennenes opphav. Alt dette er strøket i den versjonen som nå ligger ute, (,...)" 

Ein må starte med å innsjå problemet, før ein kan løyse det. Sensur er ikkje vegen.

Trygg helg!