Gå til hovedinnhold

BLURB!! om å skrive bok

Så skal ein leite opp nokon som kan blurbe om ei bok, altså få betalt for å sei noko tøft om boka di som du kan trykke på omslaget. Men kven skal ein velge?? Nokre gir slagsider ein ikkje vil ha. Og kven vil selge sjela si for å sei noko pent om boka? Eg har pirka fram nokre namn og er i ferd med å spørre fleire.

Og så skal ein ha testlesarar. Nokre pirkar på komma, andre kan ikkje lese. Lese som i "lese", ikkje som i å kunne sette saman bokstavar til ord. Å finne gode lesarar er ikkje lett. Du merker asap om du har ein god lesar på hand. Har du ein god lesar, er det gull, gull og atter gull verdt.

Og så skal ein vite at boka er bra nok til at ein tørr sleppe den ut på markedet. Ein vil liksom ikkje havne mellom dei bøkene ein sjølv meiner eignar seg best som peisved. Og det er ikkje lett å vite. Og så skal ein tenke på lesaren, og ikkje tenke på lesaren, og så skal ein ikkje legge to fingrar mellom men ikkje framstå som ein løk. Og så skal ein gjerne late som om ein er løk men ikkje vere løk (blondinetrikset). Og når kan ein stole på at redaktøren din har god nok dømmekraft når ein ser på alt det rare som kjem ut av bøker.

Dessutan har eg gått forfatterskole. Det vil eg ikkje på nokon måte anbefale. Det tek eit par år å vaske ut bissnisstankegangen av hovudet. Skal skrive meir om dette seinare. Men den skulen skulle eg gjerna ha vore utan. Tipper den forsinka mi første bok med kanskje to år. Det same hende med Knausgård som ikkje skreiv på ti år etter forfatterskolen i Bergen. 

Og så skal ein ha eit omslag og ein illustratør og ein teatersjef som vil lage teaterstykke av boka di, helst før den er gitt ut.

Det er mykje å tenke på, gitt.

Og så skal ein kunne skrive, og så skal ein nå deadline og når ein har nådd deadline skal ein overleve korrekturlesinga og så skal ein skrive korrekt nynorsk ellers får ein juling av dei som har patentert nynorsken. Det er i grunnen ganske slitsomt å forsøke å skrive ei bok, gitt. Men det er ganske morsomt også, når det funker. Eg forsøker meg på nynorsk i denne omgang, men blir det for mykje bråk, er det over og ut. Eg skriver for å skrive, ikkje for å høyre på innavla skribentars jamring over ordvalg i eit demokratisk land.

Og så skal ein jo helst gi ut ei bok som folk leser da, for det er faktisk også ganske viktig å bli lest. Kvifor ellers finst bøker? Nokre bøker blir lesne av ingen, andre av nokre få. Mange kjem aldri ut i paperback fordi dei ikkje når høge nok opplagstal. Andre igjen blir glømt før dei er gitt ut, andre får ikkje omtale i det heile. Ein del bøker er så begredeleg dårlege eller intetsigande at ein bruker fleire veker på å tenke på kvifor dei er gitt ut. Heldigvis er dette mindretalet. Dei orginale skribentane er det derimot langt mellom, veldig langt.

Men om ein tenker på antal lesarar, burde ein forbli bloggar til evig tid. Ein blogg treng ein heller ikkje korrekturlese. Eller ein treng sikkert, men ein gjer det ikkje. Og eg forsøker meg på litteratur fordi eg har lyst. Fordi eg kan og fordi eg har fått muligheten til det. Den muligheten tok eg.

Så eg skriver om natta og jobbar om dagen. Det er i grunnen ganske greit. Bok blir det:D

Så får vi sjå om det blir vår eller høst 2012.

2012 skal det iallefall bli. Og så er det på tide å starte på neste bokprosjekt!! Moro!!

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys