25. aug. 2011

Minkfarm hadde levende mink i frysekonteiner/ Mattilsynet fant to levende mink i en frysekonteiner sammen med mange døde mink.

Når pelsböndene på farmen no påstår dei mistenker sabotasje på anlegget, fortel det oss ein ting: dei manglar oversikt over eigen farm, dei kjenner ikkje til forholda på eigen farm, dei veit ikkje kva som foregår der. Dei lyg til pressa og stiller seg sjölv i eit, om mogeleg, enda dårlegare lys.

Uanmeldte besök frå Mattilsynet er effektive: då får ikkje pelsböndene göymt unna dårleg dyrehald, avliva sjuke dyr som dei held i live men ikkje vil bruke pengar på å veterinärbehandle. Dei får heller ikkje dumpa döde dyr som ligg og sleng. Ja til fleire uanmeldte besök. Det er einaste måte å få fram dritten i pelsnäringa på.

Les saka hos Nationen.

Sei nei til pels. Still pelsböndene til ansvar. Det er i Norge ingen som er tvinga til å hente inntektene sine frå dyreplageri. Dei som vel dette, bör svare for sine etikk i möte med forbrukarane.

24. aug. 2011

Litterär LUX

Sigrid Combuchen ”Spill – en damroman”, Norstedts 2010 (svensk)

Det er sjeldan ein kjem over böker alla ”Spill”. Dei mellommenneskelege relasjonane er litterär luksus, språkfölelsen sjeldan og det er lett å kaste seg på hylningsbölga som löfter fram Combuchen som ein av vår samtids mest avanserte forfattarar, stilistisk, teknisk og tematisk. Dama bedriv litterär utklassing. Hennar tematikk er kvinneroller, gode historiske skildringar, konflikter, mannsroller, yrke og utdanning, rolla som mor. I fascinerande miljömessig konstekst får ein presentert ein karakter bygd rundt konflikter og valg. Har ein kasta vekk livet eller tatt dei valga ein kunne?

Den er så beint fram jävlig god at du får frysningar på ryggen, men dette er inga Linda Olsson-bok for deg som vil skru av hjernen. Her forflyttar vi oss mellom ulike tidsepokar, fiktive og relle personar, ein fortellar som sjölv er oppdikta, brevvekslingar og ein fiktiv roman. Men komposisjonen sit som eit skot. Det er tidvis komplisert, men ambisiös litteratur skal kreve litt av sin lesar. Lydboka kan også anbefalast.


Litterär nytelse

Fleire kvinnelege svenske forfattarar leverer sjelden litterär kvalitet og innlevelse i historiske kvinneromanar med feministisk tilsnitt. Dei briljerer mellom notid og dåtid, fakta og fiksjon, og resultatet er rein litterär nytelse. Ein av desse er Helena Henschen, enda ikkje oversett. För ho döde i januar, rakk ho dessverre berre å gi ut to böker, ”Hon älskade” (2004) og ”I skuggan av ett brott” (2008). ”Hon älskade” handlar om Signe Thiel, rikmannsdottera frå Stockholm som ferdast i kretsen rundt Ellen Key og hadde eit livslangt forhold til den tyske (og gifte) hjerneforskaren Oskar Vogt. Thiel var Henschens farmor.

”I skuggan av ett brott” tar for seg eit av dei mest oppsiktsvekkande morda i svensk historie, ”De Sydowska morden”, drapet på politikaren Hjalmar von Sydow og hans to tjenestejenter i Stockholm i 1932. Vi fölger Hjalmars son og drapsmann, Fredrik, og hans kjäreste, den vakre Sofie, som Fredrik også tek livet av. Den drepte Hjalmar var Henschens morfar. Felles for begge Henschens böker er fascinerande karakterar og sterk evne til skildring av mellommenneskelege relasjonar basert på fakta versus fiksjon. Henschen har ei sjeldan litterär finkjensle, noko som gjer bökene til komplette lesaropplevingar for ein kresen lesar. Her er det ingenting som manglar. Henschen bör klonast, snarast.

Dama til Strindberg

Lena Einhorns bok ”Siri”, Norstedts 2011. ”Mamma, jag är inte skapad för ett stilla hem med frid och rosendoft. Jag behöver strid för att bli lycklig”. Siri von Essen skilde seg for å leve saman med August Strindberg, men alt gjekk ikkje heilt etter planen.

Filmskapar og skribent Lena Einhorn hoppar i ”Siri” mellom to tidsepokar, parets möte i 1875 og deira skillsmisseforhandlingar i 1890, mellon den unge forelska August som ville ha eit likestilt forhold, og den eldre August, paranoid og omvandla til kvinnehatar av rein irritasjon over den litteräre konkurrenten Henrik Ibsen. Vi möter Siri når ho förste gong inviterer August heim til seg, maken og dottera, og når ho seinare söker seg bort med dei tre barna ho fekk med Strindberg. Strindberg er ein usexy, uvaksen dud med tynt hår og enorme karriereambisjonar, medan Siri er den vakre, gifta kvinna som mot alle odds får jobb som skodespelar ved teateret i Stockholm. Ei bok om frilynt liv, og korleis frilynt liv kan krasje.

22. aug. 2011

Valgkamp oppdatering

Det er ikkje riktig, slik NRK pröver å formidle, at eg har trekt meg frå valgkampen. Eg befinn meg utomlands og har her fått fast arbeid. Eg vel fast arbeid utomlands framfor valgkamp ettersom desse to no har krasja. Dei gröne var på förehand informert om at dette kunne kome til å skje (at eg fekk jobb utomlands som krasja med valgkamp). Likevel önskte dei meg som listetopp. Det sa eg ja til.

Så får vi sjå om media greier forholde seg til ein kandiat som er utomlands, eller om dei framleis trur eg har trekt meg. Eg kan delta via media, men kan ikkje möte opp fysisk på live debattar i fylket.

NRK nekter meg iallefall å delta i utspörring av förstekandidatane for partia. Det er deira valg, eine og aleine. Eg har sagt eg kan stille, via telefon.

20. aug. 2011

Bönder som vel fjörfe som inntekstkilde må stillast til ansvar for sitt valg

Kvifor önsker ein bonde å drive med fjörfe?

Det er i dagens samfunn ikkje slik at ein er tvungen til å drive med fjörfehald for å overleve. Det er eit aktivt valg ein kvar kan ta. Ein kvar bonde kan ta eit aktivt valg med tanke på etikk i eigen produksjon. Ein fjörfebonde er ein bonde som har teke eit aktivt valg om hald av dyr som har elendige liv. Han har teke eit aktivt valg om å mishalde tusenvis av dyr. Det er ingen som har påtvunge han dette. Han har valgt det sjölv.

Ein kan ikkje skulde dette på forbrukarar eller på myndigheter som tillet produksjonen. Det er for lettvint. Ein må også spörre seg om enkeltmenneskets etikk i dyrehald.

Vi veterinärstudentar reagerte med avsky når vi besökte kalkunoppdrett. Skabbete fjörlause dyr i hallar der ein knapt får puste. Stöv. Luft som står stille. Kvelande varme.

Hög varme gjer at dyra brukar mindre energi på å halde kroppstemperaturen oppe. Ergo bruker dei meir energi på å vekse og bli feite. Ergo bruker bonden mindre pengar på fôr, og det blir meir peng i kassa. Dyra kan sendast tidlegare til slakting. Mange kalkunar sit mykje. Dette skuldast betennelse i ledd som igjen förer til smerte ved bevegelse.


Fjörfenäringa er i ferd med å bli utåleleg. Dei fleste som går ut frå veterinärhögskulen, avskyr näringa. Eg vil tru at om ikkje mange år er näringa like utåleleg som pels. Nye generasjonar fagfolk er på veg inn, samfunnsetikken er i endring. Det vil bli stadig fleire som vågar snakke högt om kor groteske fjörfenäringane er, om korleis dei vemmes over skabbete verpehöns, sjuke kalkunar og kyllingar som vert trampa ihjel.

Per idag er det mange som sit på verdifull informasjon som ikkje går ut med denne. Dette gjeld også andre delar av landbruket. Veterinärane er dei som ser mest, som veit mest og som har mest kunnskap. Dessverre er dei altfor sjeldan ute i offentleg debatt. Eg vil tru dei fryktar for jobb og inntekter.

Uetisk, bör haldast under oppsikt. Jävlig. Forferdelege forhald å arbeide under.

Beskrivelsane er toppen av eit isfjell som avdekker vår tids verste landbruksproduksjonar. Meir vil kome ut. Det er snakk om tidsspörsmål.

Vi et ikkje fjörfe. Snart vågar fleire sette foten ned.

Av og til stiller eg meg dette spörsmålet: Kven er det som önsker å tjene pengar på aktivt mishald av dyr?

Eit spörsmål til: korleis föles det å kvar dag stelle dyr som har det dårleg? Som lever elendige, verdilause liv? Slik som fjörfebonden som vart intervjua i Morgonbladet for nokre månader sidan sa det: han trampar ihjel kyllingar for kvart steg han tek i hallen. Så tett står dei. Likevel er han stolt av det han driv med.

Korleis föles det å ha dyr som ein berre kan trampe ihjel på den måten, fordi det er berre slik det er? Kva slags etikk har denne bonden?

Kva fortel det oss om han? At han har fjörfe fordi han kan og vil. Dette må i sin tur bety at han meiner det aktive mishaldet er ok.

Bönder som vel denne typen drift som inntektskjelde må få og må tåle röff kritikk, langt röffare enn den er per idag. Dei må stillast til ansvar for valget dei har tatt: å drive med dyremishald som inntektskilde. Dei må konfronterast med at vi ikkje aksepterer jävelskapen dei driv med.

Spörsmål: kva slags sjölvrespekt har ein som menneske når ein tjener pengar på mishaldne dyr?
Kva slags etiske parameter opererer ein etter? Det har eg ofte lurt på. Ordet etikk kan ikkje nyttast om fjörfehald. Ei heller dyrevelferd.

Mange bönder er dyktige, men det er også mange som ikkje er det.

Fjörfeböndene er nokre av dei som misheld dyr i stor skala, som tjener pengar på mishald av dyr, og som forsvarer sin rett til å gjere det.

Det er på tide å sette fingeren på enkeltbondens önske om eit etisk dyrehald. Det er ikkje lenger nok å snakke om "tjene pengar". Ein må snakke om enkeltindividets haldningar. Enkeltbonden må tåle at vi ikkje tåler det han driver med, at vi ikkje respekterer hans önske om å drive med det.

Det går ikkje an å sei noko anna enn dette: hald av verpehöner, kylling og kalkun er dyreplageri. Det går ikkje an å omtale dette dyrehaldet på andre måtar. Ordet "dyrevelferd" er utan verdi, og dette er dei klar over, dei som driv med det. Med mindre dei manglar fullstendig all empati. Og ja, mange som driv med industrialisert dyrehald, manglar empati med dyr. Dei ser på dyr som ting. Ting som må behandlast slik ting kan behandlast: röft, hardhent, utan hensyn til tingen sjölv.

Dei misheld dyr av gamal vane. Men tidene er i endring.

Merk dykk mine ord. Dyreplageri som inntekstkilde og livsstil vil bli slått stadig hardare ned på.

19. aug. 2011

Om å ta eigne valg, eller om å flytte ut på bygda

Sverige er eit fint land. Dei svenske nordområda er vakre, og her treff eg mange svenskar som har evakuert frå sör. Ein evakuerte fordi kona elska garden högare enn mannen. Han krangla med svigerdottera, og pakka til slutt sekken. No bur han på småbruk i Jämtland.

Ein annan sakna snö om vinteren. Det var så mörkt i sör. Han deppa, sa opp jobben og drog mot nord på jakt etter eit betre liv, men ting vart ikkje betre. No får han angst av jobben, angst av tanken på å sei opp jobben og går til psykolog. Så har du dei som ikkje vil snakke om årsakene til at dei forlot Stockholm, Malmö, Göteborg og flytta til Jämtland, Härjedalen, Norrbotten, Västerbotten. Eg spör heller kor mykje dei betalte for garden, kva rase er hesten, korleis fann dei denne staden som ligg vakkert med utsikt over Storsjöen, den raude solnedgangen, storsjöormen, kirka som Olav den Heilages frendar bygde. Det angår i grunnen ikkje meg kvifor dei bur her.

Forklaringane er mange på kvifor dei har flytta mot nord. Eg har ofte lurt på kor mange av dei som skulle ha brote opp, som faktisk gjer det. Ein ting er at folk ikkje vil forklare kvifor dei har flytta. Eg har også ofte lurt på kvifor så mange mennesker skammar seg slik over sine valg.



Kor hög andel av oss folk faktisk vågar å velge sitt eige liv. Mange som vel sjölv, verkar slite med store mindreverdskompleks eller forklaringsproblem. Mange droppar å velge sjölv. Det er kanskje lettast slik. Eventuelt bruker dei ekstreme mengder energi på å forsvare sine valg.

18. aug. 2011

Valgkamp - orientering

Eg har hört at både Firda og NRK har hatt saker på at eg ikkje kan delta i valgkampen i Sogn og Fjordane. Eg har ikkje lese eller sett sakene, men påstanden er, slik eg har oppfatta den, i og for seg riktig. Det som derimot er feil, er at ikkje skal drive valgkamp. Det er ikkje rett.

Årsaken til at eg ikkje fysisk kan delta i valgkampen, er at eg har arbeid her i Sverige som veterinär. I valget mellom jobb og ein svärt begrensa valgkamp, var det ikkje så vanskelig å velge.

Ettersom skulevalgkampen er avlyst, gjenstår det ganske få live debattar der De Grönne er invitert. Eg fann det då litt uaktuelt å velge ein veldig begrensa lokalvalgkamp framfor ein interessant jobb med gode kollegaer her i Sverige. Eg må også sei eg er ganske lei av flisespikkeriet i Sogn og Fjordane, det evige turistmaset og den grovt manglande sjölvinnsikten i utviklingstrekka som föreligg blant ein del forgubba lokalpolitikarar. Gubbefaktoren gjorde valget desto lettare. Eg ser ärleg talt ikkje på Sogn og Fjordane som ein särleg spennande arena, for meg. Den evige sjukehusstriden, det evige maset og kjaset om at ein er så neglisjert av Oslo. Det heile endar opp som uinterssant toskeskap. Ein kvar som har budd utanfor fylket veit at det tek minst like lang tid å kome seg til legen i Oslo som det tek i Sogn og Fjordane. Ein kvar veit også at i Oslo kan du risikere å sitte timesvis på legevakta, medan du i Sunnfjord kan ringe til kontoret, få ei tid, köyre dit og kome til så og sei på ein gong. Det er ikkje nödvendigvis slik at fordi du har legekontoret innom ti minutts gangtid, så kjem du til på flekken. Likevel jamrar og skrik ein som stukne grisar over dårleg legetilbod. Det er latterleg.

Ein må slutte å klage og syte og jamre seg. Ein framstår som fullstendige heimfödringar. Og det er vel også det ein framviser at ein er, når ein innbiller seg at sjukehus- og legetjenester er så mykje verre i Sogn og Fjordane enn andre stader, eksempelvis Oslo.

Og kvar er Sogn og Fjordane om femti år? Er det eit samfunn eg tenker engasjere meg i? Usikkert. Eg har begynt å tenke på ein ny teori. Teorien om A-samfunn og B-samfunn der bygda er B. Og det er ikkje for å vere kjip, men det er eit faktum av bygdesamfunn i stor grad, og for mange menneske, ikkje kan tilby det dei etterspör. Sogn og Fjordane kan ikkje tilby meg det eg etterspör. Det kan derimot tilby meg ei masse saker som eg visstnok skal vere nögd med. Eksempelvis bomvegsbetaling for å köyre på smale, svingete vegar, dårleg internett og flott natur. Flott natur finst over alt. Det er ikkje unikt for Sogn og Fjordane. Så kva kan ein då tilby som er så unikt?

Å leve i eit B-samfunn, slik som mange bygdesamfunn i Sogn og Fjordane er, inneber til dels at du bur på dugnad. Du må akseptere at du ikkje får dei tilboda du hadde fått i ein större tettstad, til eksempel, eller i ein by. Du har bra tilbod på barnehage, kanskje skule, samt lett tilgang til lege, men det er så mange andre ting du ikkje får. Eksempelvis eit godt kulturtilbod. Du får kanskje eit heilt greit eit. Desssutan må du skatte like mykje som om du bur i eit samfunn med betre tilbod over heile fjöla. Det er kanskje på tide å innföre lågare skatt i fjordfylket. Vi får trass alt ikkje det vi betaler for. Verken kollektivtilbod eller skikkeleg internett. Kan ein reklamere på tjenestene?

Påstand: bygda er tilpassa for barnefamiliar med små barn i vanlege jobbar.

Men vidare:

De Grönne var på förehand orientert om at det kunne bli slik at eg fekk jobb utomlands, og at ein difor risikerte at eg ikkje praktisk kunne vere tilstades i fylket under valgkampen, så det kom ikkje på partiet som noko sjokk. Dette vart dei informert om alt i april, samt gjeninformert om no i sommar. Eg var til og med på jobbintervju utomlands då dei spurde om eg kunne stille på topp.

Det er sjölvsagt litt dumt at eg ikkje kan delta. Det er dermed ikkje sagt at eg ikkje kan uttale meg, eller delta via media, nett eller andre kanalar som ikkje krev at eg fysisk stiller opp. Det er cirka 80 mil herifrå til Förde. Kontakt meg gjerne likevel.

God valgkamp!

14. aug. 2011

Kvinnemakt: slå ein mann, anmeld han så for å ha slått deg.

Ein gong sat eg på kjøkkenet hos ein kamerat og tok ein øl. Klokka var tolv på kvelden, ute var det mørkt. Vi brygga oss ein kopp te. Alt var stilt og roleg, men det varte ikkje lenge. Brått kom eksdama. Ho gjekk rett inn, utan å banke på. Først såg ho stygt på meg, så skjelte ho ut han etter notar fordi eg var der. Ho var rasande galen og alkoholpåverka.

Så skubba ho til han. Så slo ho han med flat hand i hovudet så hardt ho klarte. Så slo ho ein gong til. Etterpå tok ho fleire store glasboksar frå kjøkkenet, fulle av kaffe og te, og kasta i veggen. Ho kasta for å treffe, men han dukka. Det var glas over alt.

Så gjekk ho. Men først ein trussel: om han hengte med andre damer, skulle ho melde han til politiet for å ha slått henne. Ho skulle melde han uansett.

Uflaks for henne at han hadde eit vitne. Meg. Eg såg jo kven som slo.

Resten av natta ringde ho og trakassera både han og meg. Ho kom også tilbake og slo ned ein annan mann. Ved begge tilfella av vold vart poliet oppringt, men dei kom ikkje.

Var det fordi det var ei kvinne som slo og utførte vold? Ansåg dei det då som mindre farleg? Mindre viktig?

Er det høgare terskel for å tru ein mann som blir slått av ei kvinne, enn for å tru ei kvinne som blir slått av ein mann?

Kva om ikkje eg hadde vore der og sett alt, der eg sat skrekkslagen på ein stol og sa ho måtte roe seg? Eg tok også opp på band på min telefon. Vi har bevis.


Ho har trakassert denne mannen over lengre tid, med vold og trugsmål, på same tid som ho set ut rykter på bygda om at det er ho som blir slått.

Det er kvinnemakt på ein negativ måte.

Ufrie kvinnevalg - Familie er feil, karriere er feil.

”Men så en dag fikk jeg barn. Morsinstinktet bråvåknet og jeg valgte rett og slett, og frekt nok, å hoppe av karusellen og heller være hjemme med familie og barn en periode av mitt liv.” Dette skriv Lill May Vestly i innlegget ”Kjäre feminister! Jeg er husmor på Sörlandet... ” på bloggen ”Skapt til mann og kvinne”. Innlegget stod på trykk i Fedrelandsvennen for eit år sidan og skapte mykje reaksjonar.

Vestly skriv at ”det har vært en lang prosess å stå i mot den massive politisk korrekte tankegangen, holdningene og verdiene hvor man blir målt etter materialisme og titler, og føle et forklaringsbehov fordi man ønsker å være en tilstedeværende mamma for sine barn.” Teksten flyt over av mindreverdskompleksa ho ber på iforhold til det ho meiner er andre menneskers syn på hennar valg. Retorikken er i stor grad bygd på jantelovas punkt 3: ”Du skal ikkje tru at du er klokare enn oss”, samt punkt fire, fem, seks, åtte og ti. Vestly meiner at likestilling er ein parantes i menneskets historie, og at det er kvinna som skal vere heime med barna til dei er to år. Ho er ein moralist, og moralistar finst det nok av i likestillingsdebatten.

Fordi ho oppfattar andre som intolerante, reagerer ho sjölv med intoleranse. Hennar sjölvrealisering blir markert via avstand til dei som vel annleis. Ho går i den same fella som ho sjölv fordömmer, og meiner likestilling er ein parantes i menneskets historie.

”Bitterfittan” av Maria Sveland er eit eksempel på ei bok som utan å moralisere problematiserer mesterleg utfordringar rundt familie, barn og likestilling. Boka handlar om Sara på 30 år som föler konstant skuldkjensle overfor barnet når ho reiser bort, om ho prioriterer jobb, og fordi ho föler skuldkjensle og har så dårlig samvit, er barnet sint på henne når ho kjem att. Barnet föler at det har rett til å vere sint når Sara openbart har dårlig samvit. Tolkninga tilhöyrer Saras mann. Sara står i spenn mellom familie og jobb. Det er eit kjent dilemma, men der Vestly meiner at kvinner må velge å vere heime, vel Sara ein likestilt mann.

”Ibland kan det som hindrar kvinnor från att uppnå lycka vara två gulliga barn och en trevlig man”. Sitatet er henta frå Bang 1/ 2011 der Sveland beskriv lykka som oppstår når ein innser at ein vågar og kan endre sitt eige liv, her via ei skilsmisse. Igjen forklarar ho utfrå eige valg og eigne kjensler, ikkje via angrep på andres valg. Svealand illustrerer ypperleg, via god litteratur, dilemma som moderne kvinner med jobb og familie står overfor.
Men ho er også kontroversiell. Forfattaren meiner ho blir ei betre mamma av å ha barna annankvar veke. Då har ho tid for seg sjölv, og er frisk og opplagt når ungane er hos henne. I höst kjem ho, ilag med Katarina Wennstam, med boka ”Happy happy – en bok om skilsmässa”. Ho fortel om lykka ved å skilles, lykka ved å ha mange ulike elskarar og over å ha tid til seg sjölv. Sveland beskriv det som å flytte ut av den skuggefulle underetasjen, opp til toppetasjen og til sola, annakvar veke med ungane, ingen mann.

Ho kjem heilt sikkert til å möte moralistar, eller kvinner som ber på mindreverdskompleks for valga dei har tatt om å vere heimeverande. Kanskje blir dei også sinte fordi dei har valgt å bli i eit ekteskap for barna si skuld, kanskje fordi dei meiner at skilsmisse ikkje er noko som gjer folk lukkelege, dei vil kanskje påstå at Svealand er kald. Kanskje er dei ekte bitterfitter som angrar sine valg og ser Sveland som ein trussel mot si livslögn som kvinner: du har ansvar for hus og heim, ellers skal du plagast av dårleg samvit og skuldkjensle. 

”Produktion av intellektuella och kulturella ting kan vara viktigare än reporduktion, både för individen och samhället. Det vore önskvärt om bara de som verkligen vill leva med barn söker sig till det, och att andra får ägna livet åt att producera det de finner värt att producera”. Sitat Lena Andersson, forfattar.

Kvinner som vel bort reproduksjon med ei slik radikal forklaring, vil også föler på stigmatisering.
Sveland er ikkje så radikal, ho har ikkje valgt bort reproduksjonen, men ho vil ikkje ofre seg for familien. Og kvifor skal ho? Det er berre så 1960 å ikkje velge sjölv. Moderne kvinner vel sjölv, utan å spörre naboen kva naboen måtte meine. Slik burde det ha vore, slik er det ikkje alltid. Kvinner har for mange kvaler.

12. aug. 2011

Blant rein og finhakka björnar

Denne sommaren har eg budd på eit toetasjes stabbur ved Storsjöen i Jämtland. Rundt stabburet, som er frå 1700-talet, går det hestar, solnedgangane er magiske og landskapet eventyrleg vakkert. Her jobbar eg som veterinär. Det er underbart.

Sidan mange distriktspraktiserande veterinärar i Norge for det meste står med handa i rumpa på ei ku og inseminerer, fann eg ut at det var betre å forlate landet. Livet er for kort til å levast i ein kutarm. Dessutan hadde eg ingenting imot å krysse grensa. Sverige er eit flott land, språket poetisk vakkert, og ein del ville nok blitt paff over kor mykje töffare ein del reglar for hald av husdyr er i vårt blågule naboland.

I Sverige er mange veterinärar, også eg, ansett i Jordbruksverket. Vi held til på veterinärstasjonar med alt utstyr, har mange kollegaer og köyrer raude veterinärbilar. Vi inseminerer ikkje.

Bileta her er frå merking av reinsdyr i Härjedalen i juli. Vi måtte stå opp klokka to om natta for å drive reinane inn i dei runde gjerda der dei spring rundt og rundt, og der kalvane blir fanga med lasso og merkte. Drivinga inn i gjerda föregår med firhjulingar, motorsyklar og helikopter. Når reinane har kome inn i gjerda, er alle med, små som store, og kastar lasso. Lappane har med seg ungane heilt frå babystadiet. Dei köyrer cross og snöscooter, og kan til og med flyge med propellar på ryggen alla Karlson på taket. Av og til krasjar dei og dett ned. Då ber det rett på sjukehuset.

Foto: driving med firhjulingar. Ein ser flokken på åsen nedanfor.


Bilde: her held ein oppe eit gjerde i tilfelle reinsflokken snur og spring tilbake.

Kvar natt driv ein fleire hundre nye reinsdyr inn i dei runde gjerda for å merke kalvane. Totalt er her mange tusen dyr. Slik driv dei på i over ei veke. Det er ein årleg happening og ein fantastisk opplevelse.

Bilde: her er ein i det runde gjerdet. Ungar og vaksne kastar lasso.

Rovdyrplaga er stor, og under halvparten av kalvane greier seg fram til dei er vaksne. Her i området er det både björn og ulv, og fleire bönder fortel om björn som jagar kyrne nattestid. Ein bonde fortalde meg at lenger nord kastar dei skotne björnar i elva, gjerne så dei flyt inn i eit vassverk og vert finhakka. Radiomerka jerv sender ein med bussen. Eventuelt sprenger ein dei vekk med dynamitt. Kva veit vel eg, men slik blir det altså sagt å vere.

Arikkelen står på trykk i Firda 13.august 2011.

Tar konsulentoppdrag: roman - dokumentar

for forlag og privatpersonar. Har gode referansar. Ta kontakt viken.anne att gmail.com

10. aug. 2011

Kle deg som eit mannfolk!

Ein veterinär vaska av seg neglelakken på jobb. ”Kvifor gjer du det,” spurde ein kollega. ”Fordi det ser useriöst ut at ein veterinär har neglelakk”, var svaret. ”Öyreringar, fine klede og sminke er også useriöst. Du får ingen respekt hos böndene om du sminkar deg”, sa ein annan kvinneleg veterinär. Ho brukte dette som forklaring, altså utsjånaden, på kvifor ein kvinneleg kollega fekk klager på seg frå böndene. Sminken hennar, ikkje kompetansen, var problemet. Vask trynet, dra på deg stövlane og kle deg som ein arbeidskar.

Det er hardt å vere tjei. ”Som kvinne vil du för eller seinare få problemer ute i feltet. Du er blond, nyutdanna og utlending. Men först og fremst: du er dame.” Sitat mannleg veterinär.

”Som ung kvinne i felten, som også ser yngre ut enn alderen tilseier, er det vanskeleg å sette seg i respekt”. Sitat kvinneleg veterinär som snakkar av erfaring.

Du skal tilpasse deg rolla som kvinne i eit yrke med maskulin kodex for korleis du skal sjå ut. Du skal altså gå i störst mogeleg vernestövlar, gi deg i kast med ville oksar, vere usminka, upynta, sterk som ein björn og gjerne svömme på kryss og tvers i ein gjödseltank om du får sjansen. Badebasseng er for pingler, du fangar lett ein vill stut med berre hendene og kan stappe inn eit gigantisk livmorframfall på under fem minutt.

Ein kan bli provosert av mindre. Heldigvis er det, ifölge mi erfaring, ikkje like ille ute i felten som sitata kan tilseie. Sitata seier oss nok mest om kva syn enkelte har på eige yrke og korleis ein meiner eigne kollegaer skal framstå for å bli tatt seriöst.

Den som bedömmer ein kvinneleg veterinär på neglelakken, bör skaffe seg eit liv og ein hobby.