Gå til hovedinnhold

Flukta frå agurkane

Eg var när ved å bli kvalt av ensformigheten i Oslo-media, brukte eg sommarferien på å arbeide som veterinär i Sverige.

Denne artikkelen stod på trykk i Bergens Tidende sommaren 2010 som kommentar i lördagsbilaget.

Avstanden mellom media og folket er stor. Det heile minnar tidvis om eit svært show. Vi veit jo alle at publikum sit adskilt frå scena. Når showet er over, går dei heim. Det meste ein har sett, vil snart bli gløymt.

Slik sat eg ein gong i vår og tenkte på ein röd skinnstol ved respatexbordet i min minimale, sterkt overprisa vintagekåk på Grünerlökka i Oslo. Halve kretsen sat heime og las Knausgård, alle Facebook-debattar dreide seg om Knausgård, alle aviskommentarar dreide seg om Knausgård og eg gjespa meg gjennom spaltane. Det heile minna om ein parodi.
Ein vakker dag var det nok. Eg var lei av innesnödde mediefolk viss einaste kilde til idear såg ut til å vere Facebook, og sidan eg tilfeldigvis er utdanna dyrlege sökte eg på förste og beste sommarjobb som kuveterinär i Sverige, takka ja, donerte bort Min kamp 1 til betre trengande, sa opp internett og la i veg.



31. mai 2010 ankom eg Sverige etter fleire sövnlause netter. Eg har inga erfaring som veterinär og var den siste veka för avreise hardt ramma av mareritt der hestar som banka meg gul og blå når eg forsökte å kastrere dei. Overgangen frå Oslos medieboble til livet som landsbygdveterinär kan i korte trekk kallast eit slags kvantesprang.
Klokka er ni om kvelden. Disen ligg over kornåkrane, himmelen er lilla.


Om ei purke var vanskelig fekk den ein liter sterköl og 10 centiliter sprit. Då slutta den og ete ungane sine.

Bonden står lent over gjerdet utanfor ein fjös som husar trehundre kyr. Eg står ifört grön heildekkande veterinärfrakk av tjukk plast med termometeret i handa og blod i trynet og lurer på kva eg kan sei eller ikkje sei når eg er ute på jobb. Litt av moroa med å ha sommarjobb som veterinär er muligheten til å preike med alle slags folk. Ikkje på eit teoretisk ideplan, men på eit praktisk plan. Drit i teoriutvikling rundt by og land, her snakkar vi praktisk realitet.
Den svenske stat importerer kjöt frå fikserte danske purker medan det er forbod mot fiksering av purker med ungar i Sverige, seier bonden.


Det er paradoksalt. Staten lagar reglar og bryt dei sjölv, seier han og ristar på hovudet. Han har lagt ei heil ku i naboens fryseboks. Ho var halt.

Eg er einig.

Det finst vel få felt som er så underbelyste i media enn landbruk. Alle kan meine noko om mat, vi treng mat alle saman, men få i media kan mykje om landbruk, seier eg.
Det er lyse natta. Veien har gått rake vegen over slettene, og eg har drege ut min förste kalv. Sånt skjer alltid om natta. Etter mitt syn var kalven gigantisk og eg hadde kopla saman utstyret fullstendig feil. Kalven kom ut likevel, no ser kua ut som om den skal stryke med og bonden snakkar om det ökologiske regelverket som krev doble karanstider ved behandling av sjuke dyr med skulemedisin.

Han ristar på hovudet.

Idioti, seier han.

Eg ristar på hovudet.

Idioti, seier eg.

Vi drikk kaffe og et kake medan sola står opp. Kjökkenet er dekorert med kyr av tre.

Eg er utdanna dyrlege i Norge der vi alle er hjernevaska til å tru at Norge er verdas beste land for husdyr og produksjon av mat. Ingen tvil om at dette langt på veg er bullshit, tenker eg.


Det er ikkje berre overgangen frå livet som journalist og skribent til livet som veterinär som er stort. Skilnadane på norsk og svensk landbruk er store. Langt större enn venta. Eg hadde kanskje håpa å finne ut at norsk er best, men må diverre sei at det ikkje alltid stemmer.
Frå norske deltidsbönder viss viktigaste inntektskjelde ofte er ein ikkje-landbruksrelatert jobb, har eg i sommar jobba med profesjonelle svenske fulltidsbönder med fjösar store som idrettshallar.

Kvifor har de odelsrett? spör bonden.

Rein nostalgi, seier eg, og vidare: Den utspelte si rolle for langt over hundre år sidan, men vi greier ikkje gå vidare. Mange stader ligg halve bygda brakk slik at det obstanasi odelsrettsfolket med kåk i byen skal kunne komme og parkere flesket sit i ein solstol på tunet ei veke kvar sommar. Du veit at alle nordmenn er födde med ski på beina og ein gard på landet. Det skulle berre mangle. Det er liksom ein rett vi har. Det ligg i genene.

Bonden ristar på hovudet. Eg tek det som eit sunnheitsteikn. Logikken er ganske annleis her enn i Norge. Bonden har lyst til å flytte til Norge. Ikkje på grunn av odelsretten. På grunn av subsidiene.
Eg liker meg i Sverige. Det er meir intressant å bruke sommaren som veterinär her enn å gå mellom deltidsböndene i Norge, kastrere grisungar, vaksinere purker og inseminere kyr. Mange svenske bönder utförer dette urkjedelige arbeidet sjölv, og det er ingen tvil om at det faglig sett er langt meir interessant å jobbe som storfeveterinär her borte enn blant knöttsmå deltidsgardar med tretti sau bak ei steinröys tretti mil frå folk ein stad i Norge. Det fristar heller ikkje å ligge på hjul på smale Vestlandsvegar. Her borte er det motorvegar, bak skogen ligg sandstrendene og det er ingen som pratar om Knausgård.

Det er langt til Sverige.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb