25. jul. 2011

Glöym mannen, hugs handlingane. Vi treng ikkje forsöke å forstå.

Han önskte å bli ein europeisk helt, men er ikkje lenger önska i det norske samfunnet. Les Mona Lövlien sin bloggpost "Til deg som planla og drepe datteren min".

Han ville gjere sitt navn kjent, men eg har ikkje tenkt å bidra til dette, verken med fotos eller namn.

Hans namn vil aldri bli nevnt på min blogg.

Den hardaste straffa for gjerningsmannen, gitt hans syke fantasiar om heltestatus og omtale i historiebökene, er å bli glömt og ignorert. Vi kan hugse grusomhetene i hans manifest. Vi kan hugse kva han har gjort og mot kven. Vi kan hugse fölelsen av avsky mot slike handlingar, mot slik ein vonskap, mot slike vrangoppfatningar av samfunnet og verda rundt oss.

Det vil ikkje bli mulig å glöyme, men vi kan oversjå mannen bak.

Han vil aldri bli ein helt. Han er ein antihelt, ein patetisk person som ikkje var i stand til å kome seg fram i samfunnet på ein normal måte. Der finst ingen unnskyldning, ingen formildande omstendigheter for slike handlingar, for slik vondskap. Det kan kanskje seiast at der finst forklaringa på hans handlingar, men eg vel å sei at det er uforståeleg. Vi må ty til psykologien, ikkje til politikken, for å forklare dette, som så ofte för i verdshistoria. Personlege eigenskapar har også för hatt stor betydning for hendingar og avgjerder. Det må vere eit stort innslag av psykologiske mekanismar, langt frå berre politiske tilstandar, som har drive fram desse handlingane vi no har vore vitne til.

Det er lett å hate i ei slik stund. Det er lett å kjenne på hatet som boblar under overflata og ein får lyst til å kaste noko hardt i veggen. Ein kjenner fortsatt på sjokket. At ein er prega. At sinnstemningen er påverka, at noko har hendt. Ein blir forbanna, får lyst til å grine. Eg tenker, ligg vaken om natta og tenker. Handlingane er ufattelege. Det er vondskap, sa Jens Stoltenberg, og eg er einig. Vondskap, vondskap, vondskap, gjentok han, og der oppsummerte han mykje. Her sat eg trygt på mitt kontor medan ein mann med våpen trampa rundt på eit holetak ute på ei öy og plaffa ned ungdommar som om dei var fuglar. Inne i hola sat andre ungdommar, vettskremde, og höyrde drapsmannen gå medan dei såg lik ramle i vatnet.

Kva gjer ei slik oppleving med eit menneske?

Korleis makta dei å halde ut? Korleis overlevde dei den intense angsten eit menneske må föle i möte med det vanvittige, ulogisk handlande mennesket som ikkje bryr seg om anna ein sine eigne idear, og som aldri vil gi deg ein sjanse til å spele etter normale reglar, som gjekk i dialog ved å ringe opp ungdommane og spörre kvar dei var med våpen i hand, og som henretta skada mennesker som låg på bakken.

På same måte som dialog med drapsmannen på Utöya var umulig, er det umulig å forstå hans handlingar. Og vi treng ikkje forstå dei. Kvifor skal vi? Der finst inga årsak.

Til og med dei han påberopar seg som sine venner i högreekstreme miljö, avviser og tek avstand frå han.

Kan det vere at han oppnår det motsette av det han önsker seg? Istadenfor å bli ein helt blir han ein urörleg, ein kastelaus, ein som ingen vil ha noko med å gjere.

Eit anna spörsmål er dette: er han eit menneske? Eg ser han sit i bilen på veg til höring. Han ser ut som eit menneske, han er blond som meg, men eg föler ingen likhet. Eg föler avsky. Intens avsky. Far hans sa i eit intervju i dagens utgåve av Expressen at han ikkje lenger föler seg som hans far. Det kan eg forstå.

Kva er det som gjer oss til mennesker? Kvifor kallar vi drapsmenn ofte for monster? Er det fordi vi ikkje lenger greier sjå at dei har menneskelege sider?

Men heller enn hat vel eg avsky. Eg avskyr handlingane. Og eg vel ordet "patetisk" om gjerningsmannen bak. Patetisk, tåpeleg. Eg forstår han ikkje og kjem aldri til å gjere det. Og der finst heller inga årsak til at eg, eller vi som folk, skal pröve å forstå. Ein person som er patetisk kan vi ikkje ta på alvor. Den kan vi velge å oversjå.

Han er relevant i den grad at han skal stillast for retten og bli dömt. Utover dette har vi hans etterlevningar i form av eit manifest og to tragiske hendingar. Lat han så forsvinne i skugganes glöymsle. Vi treng ikkje mannen. Vi treng debatten om högreekstreme bevegelsar, innvandring, rasisme, religion, demokrati, frihet, samfunnsutvikling utan vold. 

Eller? Er det vår rett å snakke om han og bruke hans namn og bilete så masse vi vil? Fordi vi kan og fordi vi er eit demokrati? Er det vår måte å gjere dette på: omtale og hugse han slik som vi vil. Ikkje som ein helt, men som ein patetisk antihelt. Ein som feila, og som feila grundig og grotesk. Ein vi tek total avstand frå. Eit eksempel som ingen vil assosiserast med.

Kan handlingane hans ha motsatt effekt av å bygge eit heltebilete? Altså bygge eit antiheltbilete?

Eg veit ikkje heilt. Eg kan ikkje nok om högreekstreme miljö. Men eg vil ikkje måtte läre meir om avskyeleg vold utfört av patetiske mistilpassa individ som forklarar sine syke handlingar med politikk. For det verkar som om terror ofte er nettopp dette: psykologien kom för politikken.

Handlingar som vi avskyr, kan vi distansere oss frå.

Derimot kan vi pröve å forstå vårt eige samfunn enda betre, vise at vi vel demokratiet og ikkje-voldelege handlingar som löysing på utfordringar. Vi vel dei vegane som eksisterer, og som er kraftfulle, langt meir kraftfulle for den som önsker å oppnå noko, enn å sprenge ei bombe eller drepe unge menneske.


22. jul. 2011

Those who try to impose distrust and fear on the people of Norway will not succeed

Kvifor eksisterer det ein så enorm flora av god feministisk litteratur...

... og gode romanar som problematiserer kvinners rolle i Sverige, men ikkje i Norge? Ligg heile forklaringa i at Norge er eit lite land (som også blir brukt som forklaring på at svenske forfattarar ofte er av eit heilt anna kaliber enn norske) eller handlar det om at ein rett og slett har eit meir ambisiöst forhold til litteratur? Dette spekulerer eg i medan eg les meg gjennom ein del dungar med svensk romankunst.

Av ypperste klasse sjelden litteratur vil eg trekke fram Helena Henschen: "Hon älskade" og "I skuggan av ett brott". Ikkje oversett til norsk, merkeleg nok, all den tid dette er ei form for komplett litteratur: både sjeldent hög litterär kvalitet, innhald, karakterar og historie med sjeldent kaliber. Eg savner slike böker utgitt i Norge.

To be continued.

18. jul. 2011

Eit hundeliv

Guds ord står over Mattilsynet. / Ein må stille strengare krav til hobbydyreeigarar.

Denne kommentaren stod på trykk lördag 16.juli 2011 som Signert-artikkel i Klassekampen. Link til artikkelen i PDF.

“Meldingene om kritikkverdige forhold for norske kyllinger er blitt så mange at Mattilsynet i år vil inspisere kvar fjerde slaktekyllingprodusent”. Dette skriv Aftenposten. Det er eit bra tiltak, men det er ikkje berre kylling- og pelsprodusentar som treng ein inspeksjon. Vi må utvide horisonten og inspisere dei delar av dyrehaldet som er omgitt av positiv storytelling, ikkje berre det vi frå för av veit er ille fatt. Det er på hög tid å stille strengare krav til dei som held hobbydyr.

Det er ein menneskerett å shoppe ein kanin på dyrebutikken, som ein så let sitte einsam i eit bur, lar ungane herje med, gir feil mat så den blir sjuk, för den til slutt stryk med. Utad er du ei god mor eller far, men det er ikkje heile sanninga. Du er også ein dyreplagar.
Å halde hest, hund og katt er i praksis noko alle som kan gjere. For det meste nöyer folk seg med småskala dyremishald som å la hunden stå i band heile året utanom jaktsesongen, la hesten gå med for lange höver, bli stokk halte og avmagra utan at eigaren i det heile tatt kan sjå det. Magesår er ikkje forbeholdt mennesker.

Litt mishald av dyr er noko vi kan tillate oss. Dette er det mange som nyttar seg av meir eller mindre utan å vite om det. Av kompetansemangel, av mangel på empati eller fordi dei meiner dyr utelatande eksisterer for vår glede. Anten som selskap eller som mat. Dyr er ein eigedom på linje med ein stol eller ein lampeskjerm. Det er ein religiös tankegang der ein set mennesket over naturen. Så religiöse er mange dyreeigarar at dei meiner det er galskap å påpeike dyreplageriet. Dei kan bli sinte, beint fram rasande. ”Det er då eit dyr? Og den hesten er ikkje halt.” Det er som å påpeike for ein kristen at gud ikkje finst. Du krenkar retten til fri religionsutöving, eller retten til å halde eige dyr slik ein sjölv har kome fram til at er det beste. Fordi dyret eksisterer for deg. Ein fråskriv seg rett og slett ansvaret, og påberopar seg retten til godhjarta kompetanselöyse.

Eg har ofte tenkt på dette bibelverset: «Vær fruktbare og bli mange, fyll jorden og legg den under dere! Dere skal råde over fiskene i havet og fuglene under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorden!»” (1.Mosebok, kapittel 1, vers 28).

Går ein tur i Oslo, treng ein ikkje gå langt för ein möter den förste halte hunden. Å väre halt er som kjent vondt. Men dyreeigar skjemst ikkje. Eventuelt bryr dei seg ikkje med hundens ve og vel så lenge hunden held dei med selskap i tjukt og tynt, eller fungerer som accessories i Sofienbergparken. Men du er ikkje mykje mann om du må halde ein bullterrier i strupeband.

Kvifor har dei dyr? Fordi dei kan. Ein skulle vurdert å innföre sertifikat for hald av husdyr, både hund og katt. Särleg hund, og iallefall hest. På same måte som ein stiller töffare krav til pelsnäringa, skulle ein stille töffare krav til dei som skaffar kjäledyr. Noko anna er i grunnen dobbeltmoral når vi veit kor ståa er.

Det skal ikkje vere greit å gå inn i ein butikk og handle seg ein pose fisk fordi det er fint med ein fisk til pynt. Det er lenge sidan forskninga dokumenterte at fiskar kan föle stress og smerte. Fiskebolle er like ille som oppdrettsanlegg, men ikkje like synleg fordi det er privat, småskala dyreplageri. Dessutan ödelegg det ikkje fjordbotn.

Det virkar som om det er eit kriterie for å påpeike mishald av dyr, at ein skal tjene pengar på dyra. Dette er ei myte.
Vaksne kjöper hest til barna. Hestar dei verken kan stelle eller handtere. Dette kallast for ”gode foreldre” og barn med sunne fritidsaktivitetar. Men der finst gode grunnar til at mange av dei flinke hesteeigarane vel å avlive hesten framfor å selge til ein ukunnig fjortis.

Ein skal ikkje skjere alle hobbydyreeigarar over ein kam, ei heller alle som kjöper hest, men der er mange svarte får. Dei dekker seg godt. Blant anna klagar dei på at veterinärane er for dyre. Dei vil hesten sin så vel, men det er så dyrt, så dyrt å betale for at nokon reparerer det dei ofte sjölv har ödelagt. Men har ein ikkje råd til å betale for helsehjelp til hesten, skal ein ikkje ha ein hest. Det same gjeld ei rekke smådyrseigarar.

Dyremishald i hobbydyrehaldet er oftast tildekt under historia om sunne dyreeigarar som ivaretek eiga helse, barn og kulturlandskap.

Ein bör vurdere å innföre krav om sertifikat og eller personleg kunnskapstest för hald av dyr blir tillate. Lobbyen mot dette forslaget vil vere massiv. Essensen i 1. Mosebok, kapittel 1, vers 28 er framleis mektigare enn Mattilsynet.
 

11. jul. 2011

Litterär luksus.

"Spill. En dam­roman" av Sigrid ­Combüchen: litterätur av sjelden klasse.

Den som föredrar raka linjer eller billiga poänger bör visserligen välja något annat. Spill – en damroman kategoriseras nog bäst under den sorts litterära lyx, som inte tillåter något slarv och är högst medveten om sig själv.

Les heile omtalen.



Otvivelaktigt är Sigrid Combüchen en av samtidens mest avancerade författare – stilistiskt, tekniskt och tematiskt. Det visar hon med ett fantastiskt eftertryck i sin nya roman ”Spill. En damroman”, som är så formfulländad att den lämnar snart sagt all dagens prosa bakom sig.

Les heile omtalen.



"Spill" är en osedvanligt begåvad och tankeväckande roman, en gripande berättelse om en ung kvinna i 30-talets Sverige och samtidigt en bok om en författare i vår egen tid - den är framför allt oavbrutet fängslande i sin sinnrikhet och skarpsinnighet.

Les heile omtalen.

Desse omtalene er så gode og treffsikre, at eg treng ikkje föye til så mykje. Du vil ganske raskt merke at dette er litteratur av sjeldent kaliber: treffsikkert språk, god handling, gode observasjonar, imponerande og krevande skifte mellom scener, karakterar, tid og rom, stor kunnskap og stor klokskap. Her er både litteratur, innhald og handling. Altfor mange böker har kun det siste, og knapt nok det.

Boka kan anbefales på lydbok, på svensk. Det er ei veldig god opplesing. Prövehöyr her.

3. jul. 2011

Smittsame sjukdommar, ei handelshindring

Det nyanserte svaret:

Rognliens kunnskapslöyse

Jon Rognlien bommer i sin Dagbladet-kommentar lördag: sjukdommar kjem först og fremst ikkje frå fattige land, men frå intensivlandbruket, skriv han. Han kritiserer min signert-artikkel frå Klassekampen 18.juni der eg var kritisk til Kaare M Bilden i si nye bok, Mat er makt.
Eg skreiv: "Boka har så og sei droppa alt som omhandlar økologi, medisin og praktiske utfordringar knytt til til dømes smittsame sjukdommar, sjølv om dette høyrer til blant verdas viktigaste praktiske handelshindringar og utfordringar knytt til klima, helse og handel."

Spörsmål: kvar finn Rognlien at eg påstår smittsame sjukdommar kjem frå fattige land? Ingen stad. Ingen med kunnskap om feltet ville påstå noko slikt. Det er like upresist som å påstå ta dei fleste dyresjukdommar kjem frå industrilandbruket. Det krev stor kunnskapsmangel for å tolke meg slik Rognlien gjer.

På den eine sida: ei rekke sjukdommar som fattige land kjempar mot, har vi også i industrilandbruket i store delar av verda, men ei rekke sjukdommar som fattige land slit med, har vi i större grad utrydda frå ei rekke industrialiserte land. Eksempelvis Munn og klauvsjuke. På den andre sida: ei rekke sjukdomar har betre kår i industrilandbruket fordi her ofte er större populasjonar. Ei rekke smittsame sjukdomar har betre kår i utviklingsland fordi her er dårlegare kontroll, eksempelvis manglande vaksinering og utstyr for diagnostisering. Biletet er nyansert.

Vi kan slå fast: Smittsame sjukdomar er eit utfordrande problem internasjonalt ved forflytting av mennesker, dyr og mat. Men også nasjonalt og lokalt innanfor statsgrenser eller fylkesgrenser for den del. Det handlar ikkje om fattige versus rike land (Rognliens upresise inndeling), men om kvar smitten finst.
Det er ikkje berre mellom "fattige" og "industrialiserte" land at smittsame sjukdommar er ei handelshindring, slik Rognlien trur. Og hindringa går ikkje berre ein veg, men begge. Det er også ei hindring innad i statar. Eit eksempel frå EU: det er restriksjonar på flytting og handel med storfe innad i europeiske statar visse tider på året for å hindre spreiing av blåtunge-viruset. Det er også strenge reglar for salg av dyr frå ein gard med tuberkolose til ein annan, altså heilt lokale handelshindringar. Tuberkolose smittar frå dyr til menneske. Det var eit eksempel. Der finst tusental.
Der finst handelshindringar i form av restriksjonar mellom land i EU, samt karantenetider, avhengig av eksportlandet sin smittestatus på tidspunktet for import, både for mat og dyr til matproduksjon, uavhengig av om avsendarlandet er det Rognlien omtaler som ”fattige land”. Fordi det påförer verdssamfunnet, over alt, enorme kostnader og helsemessig negative konsekvensar, eventuelt også död. Dei detaljerte restriksjonane slår ut som handelshindringar, lokalt og internasjonalt.
Rognlien må lese seg opp på handel. Debatt basert på kunnskap er langt meir interessant enn debatt basert på openbar kunnskapsmangel.


Det bloggete svaret:

Jon Rognlien bommer i sin Dagbladet-kommentar igår: sjukdommar kjem först og fremst ikkje frå fattige land, men frå intensivlandbruket, skriv han. Han kritiserer min signert-artikkel frå Klassekampen eit par veker tilbake der eg påpeiker at Kaare M Bilden i si nye bok, Mat er makt, overser ei rekke handleshindringar, blant anna smittsame sjukdommar.

For det förste: kvar tar han det frå at eg seier at smittsame sjukdommar först og fremst kjem frå fattige land? Det har eg aldri sagt. Det er Rongliens tolkning. Det skal stor kompetanselöyse til for å tolke meg dithen av den enkle årsak at ingen med kunnskap om tema ville påstått noko slikt.

Eg skreiv: "Det siste utskottet på lista over neglisjering av naturvitskap er boka «Mat er makt» av Kaare M. Bilden. Boka har så og sei droppa alt som omhandlar økologi, medisin og praktiske utfordringar knytt til til dømes smittsame sjukdommar, sjølv om dette høyrer til blant verdas viktigaste praktiske handelshindringar og utfordringar knytt til klima, helse og handel."

Korleis greier han å tolke meg som han gjer? Jo fordi han kun kjenner til mytene om at vi har handelsrestriksjonar med fattige land, blant anna på grunn av smittsame sjukdommar. Han kjenner ikkje til resten av biletet, det vil sei fakta. Han veit ikkje at smittsame sjukdommar også er handelshindringar både innad i EU, innad i Norge og innad i Sverige for den del. Han manglar vesentleg kunnskap og vil forsvare ein kompis si bok. Han tolker utfrå fordommar.

Men her må Rognlien halde blåtunga beint i munnen. Rognlien liker ikkje industrilandbruket, han vil ha kjöt frå Afrika. Det er greit. Eg er enig i det. Men ein får ikkje meir kjöt frå Afrika av å fornekte fakta. Vi må våge å face the facts og ta debatten på premisser som ikkje er slik vi hadde önska dei, der fakta er annleis enn Rognlien önsker seg. Det ER nemlig ei rekke sjukdommar som ein ikkje har kontroll over i ei rekke afrikanske land og som gjer handle vanskelig. Å forenkte fakta fordi dei ikkje passer inn i kritikken av Rognliens kompis si bok, blir litt kjedelig. Og irrelevant. For kven er Bilden og Rognlien i den store debatten om mat dersom dei kun mekker si eiga verd og utelet det som ikkje passer inn?

Svaret er innlysande, og det er: nobodies.

Vel, det er upresist og bygd på fordommar å påstå at dei fleste dyresjukdommar kjem frå industrilandbruket på same måte som det er upresist å sei at alle smittsame sjukdomar kjem frå fattige land. Men kven er det som påstår slikt da? Ingen. Kun dei som ikkje aner kva ståa er.

Og kva sjukdommar er det Rognlien skriv om? Han veit sikkert ikkje det sjölv. Kanskje tenker han på nokre labratoriesjukdommar han har lese om i ein sci fi-roman. Og kva meiner han med "kjem frå"? Meiner han "spres frå" eller "oppstår i"? Vanskelig å vite. Han veit det neppe sjölv. Rognlien ser ut til å tilhöyre sjiktet som trur at svineinfluensa oppstod blant genmanipulerte grisar. Genmanipulerte grisar eksisterer som kjent ikkje. Ei heller er Rognliens argumentasjon presis, men det er han vel ikkje så nöyen med. Når ein bedriv litteraturkritikk på lågt nivå, er fakta ikkje preferanse nummer ein. Middelmådige skribentar har vi mange av, men det er ei anna sak.

Ei rekke sjukdommar som fattige land kjempar mot, har vi også i industrilandbruket i store delar av verda, men ei rekke sjukdommar som fattige land slit med, har vi utrydda frå ei rekke industrialiserte land. Ei rekke sjukdomar har betre kår i industrilandbruket fordi her er större populasjonar. Men ei rekke sjukdommar kjem også frå hundar og kattar som vi flyttar over grensene, og som så smittar husdyr. Du får heller ikkje, utan vidare, ta med deg ein hund heim frå Namibia eller Thailand eller USA for den del. Det er også slik at vi som mennesker må vise dokumentasjon på at vi har tatt visse vaksiner, eksempelvis gulfeber i Uganda, når vi skal krysse grenser.

Så her må vi halde tunga beint i munnen. Ein liten faktasjekk for Rognlien för han trykker print hadde ikkje skada. Ordet "kontekst" kling bra.

Munn og klavsjuke er eit eksempel på ein sjukdom som plagar ei rekke fattige land, blant anna ei rekke afrikanske land, men også India der den er ute av kontroll og ödelegg helse og ökonomi for ei rekke småbönder. Dette er ingen sjukdom som har oppstått som ei fölge av industrilandbruket. Det er ein sjukdom ein på död og liv vil halde vekke frå industrilandbruket, men som ein likevel har fått inn og no pröver å halde i sjakk. Difor har ein blant anna reglar for forflyttelse av dyr. Dette gjeld også blåtunge, eller bluetounge. Ein får ikkje flytte dyr utanfor områder i EU når myggbestanden kjem over eit visst nivå. Årsaka er at myggen er ein smitteberar.

Og kvar kjem denne sjukdommen frå? Den kjem frå illegal import av kjött: "Smugling av infiserte kjøttvarer vurderes som den største risiko for introduksjon av smitte til land som Norge. Noen av de største utbruddene av MKS i Europa de senere år, slik som de to siste i England, har startet hos gris som følge av smitte fra ikke steriliserte matrester fra infisert, illegalt importert kjøtt. Smitten kan deretter spres raskt til storfe og småfe." kilde

Meiner Rognlien no at ein skal fritt importere kjött frå land med endemisk Munn- og klauvsjuke? Det som då kan skje, er smitte til industrilandbruket, og utbreiiing av sjukdommen. Önsker Rognlien seg dette? Ser slik ut. Eventuelt er han ikkje klar over, og dette kan ein anta, at smitte kan kome frå importert kjött.

Tuberkolose er ein vanleg sjukdom i ei rekke afrikanske land. Den smittar til mennesker. Den er også eit problem som ein forsöker å bekjempe i nokre EU-land, blant anna Storbritannia. Meiner Rognlien at tuberkolose er ein bagatellmessig sjukdom som vi ikkje skal snakke om? Meiner han at denne kjem frå industrilandbruket? Seriöst, det blir for dumt. Men ja, ein slik sjukdom spreier seg lettare i store populasjonar. Men store populasjonar, uvaksinerte, har vi også på andre kontinent og i andre husdyrhald enn det europeiske. Veit Rognlien dette? Ein kan anta at svaret er nei.

Storfetuberkulose ble erklært utryddet i Norge i 1963. Fremdeles undersøkes det rutinemessig for tuberkulose i norske slakterier. Kilde..

Rognlien meiner kanskje også at vi i Norge skal slutte å sjekke om dyr har tuberkolose. Siden vi ikkje skal snakke om at sjukdommen kjem frå fattige land. Det gjer den nemlig. Også. Men den kjem også frå enkelte områder i EU. Dette er fakta som hadde vore lett for Rognlien å sjekke, om han ikkje berre var ute etter å forsvare debatten, avslå viktigheten av presisjon i debatten og smöre eigne venner. Kjedelig når debatten forfell til eit slikt kompisnivå.
Det som först og fremst er problemet i industrilandbruk er at ein har store populasjonar på mindre areal, hög tettleik gjer det lett for smitte å spreie seg, og antibiotikaforbruk gjer at resistens utviklar seg. Men det er ikkje slik at nye smittsame sjukdomar oppstår her. Dei har berre betre vilkår her fordi populasjonen er större. Dette er basal naturvitenskap.

Fugleinfluensa oppstår eksempelvis i områder der dyr og mennesker lever tett på kvarandre. Gris, fuglar (höner) og folk. Og kvar gjer dei det? Jo i fattige områder, ikkje i industrilandbruket. Og kvar blei folk sjuke? Jo der folk levde tett på dyr. Jo visst blir folk også sjuke frå sjukdommar i industrilandbruket, men det er langt fleire fattige menneske på verdsbasis som blir ramma av sjukdommar som smittar frå dyr til menneske, enn det er her i vesten med industrilandbruket. Fordi vi har det meir kontrollert. På verdsbasis, og dette hadde vore lett for Rognlien å sjekke. WHO påpeiker at dei negliserte zoonosene (zoonose er ein sjukdom som smittar mellom menneske og dyr) er eit stort problem. Neglisjerte fordi dei i stor grad ikkje er så synlege, fordi dei ikkje blir diagnostisert fordi dei finst i områder der ein manglar tilgang til skikkelig diagnostisk utstyr:

At least 61% of all human pathogens are zoonotic, and have represented 75% of all emerging pathogens during the past decade. Except for the newly emerging zoonoses such as SARS and highly pathogenic avian influenza H5N1, the vast majority are not prioritized by health systems at national and international levels and are therefore labelled as neglected. WHO.


Det er millionar av menneske som kvart år vert ramma av sjukdommar som kjem frå dyr. Det er desse sjukdommane, blant anna, som gjer at ein har strenge handelsrestriksjonar. Meiner Rognlien dette er feil? Meiner han desse sjukdommane skal ein halde kjeft om? Skal ein ikkje påpeike at dei eksisterer? Det er enorme kostnader, samt humane og animalske lidingar knytt til denne typen infeksjonssjukdommar på verdsbasis.

Eg seier ikkje nei til handel. Gjerne ja til handel med mat, og gjerne kjöt frå Afrika, men vi må före debatten på skikkelige, opplyste premisser. Ikkje basert på fordommar, gårsdagens kunnskap og visjonar utan bakkekontakt. Hard science er at smittsomme sjukdommar er idag ei stor handelshindring, og ja, dei kjem frå fattige land. Ei rekke sjukdommar er viktige å halde ute, eller forsöke å halde på eit så lågt nivå som mulig gjennom destruering, nedslakting og omfattande saneringstiltak, vaksinering og strenge rutiner. Å flytte kjöt og mat over grenser uten kontroll förte Munn og klauvsjuke til England i 2001 der nedslakting av 4 millionar storfe vart resultatet. Dette er kjedelig. Det er dyrt, og det er samfunnet som må ta kostnaden.

Er dette noko Rognlien har tenkt over?

I min kvardag, no som veterinär ute i felten, ser eg smittsame sjukdommar. Vi byter kleder, vaskar og desinfiserer og kan ikkje ta utstyr frå ein fjös til ein anna. Fordi vi har lokal smittekontroll, og den er ganske så streng. I Norge får ein feks ikkje flytte sauer over fylkesgrensene av frykt for å spre scrapie, ein hjernesjukdom alla kugalskap, men på sau. Meiner Rognlien dette er teit? meiner han at norsk sauehald er industrilalisert? Om så er, har Rognlien utdefinert seg frå debatten. Han bygger nemlig retorikken sin på ganske omfattande kunnskapsmangel.

Det er ikkje berre mellom "fattige" og "industrialiserte" land at smittsame sjukdommar er ei handelshindring. Det er også ei hindring innad i både fattige og rike. I Botswana eksporterer ein kjöt frå dyr som lever i smittesoner, ikkje frå dyr som går utanfor og som ikkje er kontrollert. Det er omfattande rutiner igangsatt for å hindre spreiing av sterkt smittsame sjukdomar og zoonoser. Innad i Norge har vi forbod mot flytting av sau over fylkesgrense, i Sverige får ein ikkje lov å selge storfe nordover frå enkelte regionar pga smittefare. Ein får ikkje lov å flytte storfe innad i EU visse tider på året for å hindre spreiing av blåtunge-viruset.

Så det er ikkje berre mellom fattige og rike land, eller kva det er Rognlien trur, at sjukdommar er ei handelshindring. Get a grip.

Og fornye debatten? Ärleg talt. Bilden fornyer ingenting. Hans argument er relevante nok, men mangelfulle, og han ligg langt bakpå, tilsynelatande, kunnskapsmessig. Dette er påpeikt i fleire omtaler, blant anna Torgrim Eggens i Dagens Näringsliv.

Når debatten om ei bok, blir ein debatt der kompisane til Bilden forsvarer han, og fagfolk og andre kritiserer han, så blir det komedie. Har ein ingen ambisjoner med prosjektet?

Det er ikkje slike mennesker som beveger verda, dei som sit fast i sine fordommar og trur at desse representerer kunnskap. Skal ein utvikle seg, må ein lytte til andre enn sine kompisar.

Nei folkens, det er på tide å heve debattnivået rundt matproduksjon. Det er også bra å vite at kommentarer av typen Rognliens replikk til min signert-artikkel i Klassekampen, er av null betydning. Dei har ingen innflytelse og er kun trykksverte på papir. Kvifor? Fordi dei ikkje forheld seg til fakta, men fornekter denne, lever i si eiga boble og baserer seg på fordommer.

Some figures on the impact of neglected zoonotic diseases. Kilde WHO.


In today's world the rural poor represent 911 million people, of which 411 million are poor livestock-keepers (almost half in south Asia and one-third in sub-Saharan Africa).

At least 55 000 people are dying of rabies in Asia and Africa, and expenses related to the prevention and control of this disease is estimated at US$ 590 million annually on these two continents.
The total cost of an average rabies post-exposure prophylaxis course is US$40 in Africa and US$49 in Asia. This amounts to a substantial fraction of per capita Gross National Income (5.8% in Africa and 3.9 % in Asia).
The annual societal cost (agriculture and health) of porcine cysticercosis/taenosis is estimated at about US$150 million in India alone.

On the Tibetan plateau, the annual combined human and animal losses due to echinococcosis equate to approximately US$3.47 per person or 1.4% of per capita gross domestic product.
Echinococcosis in Tunisia causes significant direct and indirect losses in both humans and animals of between US$10 million and US$19 million annually. The reported incidence in humans is 1.5 to 2.05 cases per 100 000 inhabitants and between 12% and 17 % of the cattle at slaughter is found to be infested.
Disability-adjusted life years (DALYs) and monetary losses resulting from human and livestock cystic echinococcosis have been calculated at the global level assuming substantial under-reporting. The estimated global human burden of echinococcosis may be as high as 1 009 662 DALYs - or an annual loss of US$ 763 980 979. A maximum annual livestock production loss of US$ 2 190 132 464 is also estimated.

More than 50 000 cases of human brucellosis were diagnosed in only eight countries located south and east of the Mediterranean Sea in 2003.

2. jul. 2011

Flukta frå agurkane

Eg var när ved å bli kvalt av ensformigheten i Oslo-media, brukte eg sommarferien på å arbeide som veterinär i Sverige.

Denne artikkelen stod på trykk i Bergens Tidende sommaren 2010 som kommentar i lördagsbilaget.

Avstanden mellom media og folket er stor. Det heile minnar tidvis om eit svært show. Vi veit jo alle at publikum sit adskilt frå scena. Når showet er over, går dei heim. Det meste ein har sett, vil snart bli gløymt.

Slik sat eg ein gong i vår og tenkte på ein röd skinnstol ved respatexbordet i min minimale, sterkt overprisa vintagekåk på Grünerlökka i Oslo. Halve kretsen sat heime og las Knausgård, alle Facebook-debattar dreide seg om Knausgård, alle aviskommentarar dreide seg om Knausgård og eg gjespa meg gjennom spaltane. Det heile minna om ein parodi.
Ein vakker dag var det nok. Eg var lei av innesnödde mediefolk viss einaste kilde til idear såg ut til å vere Facebook, og sidan eg tilfeldigvis er utdanna dyrlege sökte eg på förste og beste sommarjobb som kuveterinär i Sverige, takka ja, donerte bort Min kamp 1 til betre trengande, sa opp internett og la i veg.



31. mai 2010 ankom eg Sverige etter fleire sövnlause netter. Eg har inga erfaring som veterinär og var den siste veka för avreise hardt ramma av mareritt der hestar som banka meg gul og blå når eg forsökte å kastrere dei. Overgangen frå Oslos medieboble til livet som landsbygdveterinär kan i korte trekk kallast eit slags kvantesprang.
Klokka er ni om kvelden. Disen ligg over kornåkrane, himmelen er lilla.


Om ei purke var vanskelig fekk den ein liter sterköl og 10 centiliter sprit. Då slutta den og ete ungane sine.

Bonden står lent over gjerdet utanfor ein fjös som husar trehundre kyr. Eg står ifört grön heildekkande veterinärfrakk av tjukk plast med termometeret i handa og blod i trynet og lurer på kva eg kan sei eller ikkje sei når eg er ute på jobb. Litt av moroa med å ha sommarjobb som veterinär er muligheten til å preike med alle slags folk. Ikkje på eit teoretisk ideplan, men på eit praktisk plan. Drit i teoriutvikling rundt by og land, her snakkar vi praktisk realitet.
Den svenske stat importerer kjöt frå fikserte danske purker medan det er forbod mot fiksering av purker med ungar i Sverige, seier bonden.


Det er paradoksalt. Staten lagar reglar og bryt dei sjölv, seier han og ristar på hovudet. Han har lagt ei heil ku i naboens fryseboks. Ho var halt.

Eg er einig.

Det finst vel få felt som er så underbelyste i media enn landbruk. Alle kan meine noko om mat, vi treng mat alle saman, men få i media kan mykje om landbruk, seier eg.
Det er lyse natta. Veien har gått rake vegen over slettene, og eg har drege ut min förste kalv. Sånt skjer alltid om natta. Etter mitt syn var kalven gigantisk og eg hadde kopla saman utstyret fullstendig feil. Kalven kom ut likevel, no ser kua ut som om den skal stryke med og bonden snakkar om det ökologiske regelverket som krev doble karanstider ved behandling av sjuke dyr med skulemedisin.

Han ristar på hovudet.

Idioti, seier han.

Eg ristar på hovudet.

Idioti, seier eg.

Vi drikk kaffe og et kake medan sola står opp. Kjökkenet er dekorert med kyr av tre.

Eg er utdanna dyrlege i Norge der vi alle er hjernevaska til å tru at Norge er verdas beste land for husdyr og produksjon av mat. Ingen tvil om at dette langt på veg er bullshit, tenker eg.


Det er ikkje berre overgangen frå livet som journalist og skribent til livet som veterinär som er stort. Skilnadane på norsk og svensk landbruk er store. Langt större enn venta. Eg hadde kanskje håpa å finne ut at norsk er best, men må diverre sei at det ikkje alltid stemmer.
Frå norske deltidsbönder viss viktigaste inntektskjelde ofte er ein ikkje-landbruksrelatert jobb, har eg i sommar jobba med profesjonelle svenske fulltidsbönder med fjösar store som idrettshallar.

Kvifor har de odelsrett? spör bonden.

Rein nostalgi, seier eg, og vidare: Den utspelte si rolle for langt over hundre år sidan, men vi greier ikkje gå vidare. Mange stader ligg halve bygda brakk slik at det obstanasi odelsrettsfolket med kåk i byen skal kunne komme og parkere flesket sit i ein solstol på tunet ei veke kvar sommar. Du veit at alle nordmenn er födde med ski på beina og ein gard på landet. Det skulle berre mangle. Det er liksom ein rett vi har. Det ligg i genene.

Bonden ristar på hovudet. Eg tek det som eit sunnheitsteikn. Logikken er ganske annleis her enn i Norge. Bonden har lyst til å flytte til Norge. Ikkje på grunn av odelsretten. På grunn av subsidiene.
Eg liker meg i Sverige. Det er meir intressant å bruke sommaren som veterinär her enn å gå mellom deltidsböndene i Norge, kastrere grisungar, vaksinere purker og inseminere kyr. Mange svenske bönder utförer dette urkjedelige arbeidet sjölv, og det er ingen tvil om at det faglig sett er langt meir interessant å jobbe som storfeveterinär her borte enn blant knöttsmå deltidsgardar med tretti sau bak ei steinröys tretti mil frå folk ein stad i Norge. Det fristar heller ikkje å ligge på hjul på smale Vestlandsvegar. Her borte er det motorvegar, bak skogen ligg sandstrendene og det er ingen som pratar om Knausgård.

Det er langt til Sverige.

Sommar! I Sverige!

Som enkelte sikkert har merka seg, er eg treg med å oppdatere bloggen no i sommar. Det har seg slik at eg er i vårt vakre naboland Sverige og arbeider som veterinär. Då blir det litt mindre tid til blogging. Dessutan er det finare å vere ute no i kokande sol enn å sitte inn framfor ein pc. Og eg likar betre praktisk arbeid og sosialt liv enn kontorarbeid. Men eg kjem sterkare tilbake.

Og så har eg klart meg ca eit par veker utan Facebook, og det kjennes digg. Sosiale medier er greit å ha, men dei kan også bli stressande, og eg merker at eg savner ikkje Facebook eit dugg. Ei heller Twitter.

No for tida bur eg på eit stabbur ved ein stor sjö med flott utsikt, gröne marker og fiskevatn. Utan innlagt vatn, utan dusj, men med kran like ved. Utan internett, men med ström. Det er skikkelig digg. Stilt og roleg. Stor hage, kaffe, lokal pils, ei bra bok. Av og til haglar det hagl store som bordtennisballar, og av og til skin sola brennheit. Så drar vi på dans eller på travlöp (nei, ingen görrkjedelige hagefestar med fulle c-kjendisar), ein har god tid til å lese gode böker, sjå film, sjekke ut Kjartan Slettemark-utstilling i Östersund eller campe. Til helga skal eg vere med på fjellet her og merke reinsdyr.

Bokanbefaling: Harens år av Arto Paasillinna. Den er skambra. Ein mann, ein hare, eit utal episodar og hendingar. Med fokus på hendingar. Ingen indre monologar og lange tankebaner. Berre handling, handling og atter handling. Eg höyrer den på lydbok i bilen, og det er virkelig ein ny oppdagelse: lydböker. Har hört lite på det för, sikkert fordi eg aldri ellers köyrer bil. Höyrer på den på svensk. Svensk er eit vakkert språk, og no forsöker eg läre meg å snakke svensk. Svorsk i förste omgang, men på sikt skal det bli bra. Skrive også. Det er meir komplisert, men når ein har knekt eit par av dei ulogiske gåtene, går det straks ein smule lettare.

Omgitt av svenskar, med journalföring på svensk, svensk radio, svenske lydböker, svensk tekst på filmar og svenske böker.. Svensk er eit vakkert språk med masse fine ord, og det ein merkar seg er at svensk framleis har masse av dei orda som også finst på norsk, men som vi har slutta å bruke. Altså tilsynelatande gamle norske ord. Dei er i full sving her, og det er veldig vakkert. Nesten litt poetisk, slik som folk seier om nynorsk. Kjem ein til ei ny lita bygd er dialekten plutselig fullstendig annleis og minnar skikkelig om dialektar på Toten eller ein stad i Tröndelag.

Ei bok som er veldig vakker på svensk er Darling River av Sara Stridsberg. Her skriv ho blant anna om sommarfuglar, og ordet for sommarfugl på svensk er FJÄRIL. Det er eit utruleg vakkert ord, og mitt favorittord på svensk. Stridsberg kan ein anbefale uavhengig av språk. Drömmefakulteten er fabelaktig og storymessig mykje betre enn Darling River, sjölv om Darling River også er veldig spesiell, särlig på grunn av Stridsberg fantastiske fortellarstemme. Her om dagen la eg beslag på ein selgar i ein bokbutikk i Östersund og fekk med meg eit lass gode svenske böker i pocketformat heim. Det som er så fint her, er at pocket er billeg. 69 per bok, betalte eg denne gongen.

Kjartan Slettemark-utstillinga på Jamtli i Östersund var ganske bra. Den kan anbefales til alle nordmenn som farter hitover i sommar. Jamtli har forövrig live utstilling, Historieland, med utkledde folk som snakkar om tidstru saker og har inntatt roller i forskjellige tidsepokar og settingar. Banken i 1865, butikken i 1895, ein gard i Härjedalen, 1797, ein husstand i Jämtland 1942, ei tömmerhoggarkoie frå 1943 eller ei systue frå 1885 der damene les August Strindberg og blir forarga over kvinnesynet hans, men ikkje enda har hört om Selma Lagerlöf. I avisa frå 1865 stod det forresten at andelen analfabetar var högare i Norge enn i Sverige, og at den höge andelen ikkje-lesekunnige nordmenn trakk ned andelen lesekunnige i den svensk-norske unionen.

Länsmannen frå Härjedalen las forresten opp desse sitata frå Salomos böker i bibelen:

"Som ein gullring i eit grisetryne er skjönnhet hos ei kvinne som saknar vett".
"Ein mann må heller bu på taket enn i hus med ei kjerring som berre grälar/ kranglar."
Og i Härjedalen betalte dei osteskatt: all uskumma melk som bondens kyr gav på ein dag i beste melketida skulle ystast til ost. Osten blei så delt i tre like store delar: ein til kyrkja, ein til kruna (kongen) og ein til soknepresten. Den presten må ha fått mykje ost. Dessutan betalte dei skatt per vindauge, ein slags luksusskatt, samt per pipe på huset. Kvart år måtte også kvar husstand dyrke ti stengelar med humle, også dette til kongen/ kruna.

Ei lita historie eg la merke til var om dei sju soldatane som i 1719 fraus ihjel på eit stabbursloft fordi kvinnene i huset var aleine heime og ikkje våga sleppe dei inn. Ein fann dei dagen etter.

Dette var nokre få av mine observasjonar siste få dagane. Det kjem garantert fleire. Blant anna har eg klappa tamme elgar i Moose Garden. Dei lagar faktisk papir av elgskiten der. Ein lagar også papir av pandaskit i Kina som del i eit bevaringstiltak.

Det vil bli publisert kommentarartiklar og blogginnlegg framover, men ikkje like ofte og tett no i sommar som ellers.

Ha ein fin sommar!!