Gå til hovedinnhold

Innhenta av fortida (bokmelding Firda 2.oktober 2006)

AnneViken-blog
Gunnar Staalesen
Roman: Dødens drabanter
Gyldendal Norsk Forlag AS
365 sider

Anne Viken

I 1859 forlet Trodals-Mads Angedalen for å sone Noregs lengste dom. 42 år seinare vende han tilbake frå Akershus festning.
136 år seinare vert privatetterforskar Varg Veum innhenta av fortida. Året er 1995 og Veum står på drapslista til ein etterlyst fengselsfugl i Oslo. Veum byrjar nøste opp ein tråd som tek oss tilbake til Bergen i 1970 då han som sosionom i barnevernet henta ein apatisk baby frå ein skiten leiligheit og ei alkoholisert mor. I Angedalen nesten femten år seinare smell rifleskota som piskeslag rundt øyra på Varg Veum der han balanserar på dei glatte steinane i Trodalen. Eit kaldblodig mord skal oppklarast, og historia om Trodals-Mads vert spunnen inn i handlinga.
Etterkvart vert eit nettverk av uoppklarte drap, løgnar og ødelagde liv henta fram frå sjebnen sitt blodige arkiv. Sunnfjord er åstad for ein spritsmuglarliga med internasjonale kontaktar, og for sprit og marknad må liv og andre si lukke vike. Fortida innhentar eller har sett sitt sterke preg på dei aller fleste av karakterane. Dei lever sitt liv i tråd med den starten skjebnen har gitt dei og få, om ingen, kjem seg av dette dødelege sporet.

Som vanleg er privatetterforskar Veum upopulær hos politiet som helst ønskjer å drive etterforskninga si sjølv. Politiet framstår som udugelege, den raudhåra Firda-journalisten som ein komande stjernereporter og Førde som eit kaotisk gatekryss.
I kjend Gunnar Staalesen-stil slentrar språket framover. Folkeleg og lett tilgjengeleg spinn han eit nett av hendingar, eit komplekst persongalleri og mellommenneskelege spenningar rundt lesaren. Kanskje var det på grunn av dette Varg Veum vart kåra til tidenes mest populære norske krimhelt av Dagbladet sine lesarar i 2004? Som privatetterforskar bevegar Varg Veum seg mellom ulike grupperingar og sjikt i samfunnet. Ved bruk av kriminalromanen som medium trer samfunnet sine svake fram frå skuggane.
I god krimsjangerstil vert lesaren halden fast i ei vekslande kurve av bratte action-passasjar og roligare parti der Staalesen sin poetiske realisme gjev seg utslag i svært levande naturskildringar og personkarakterestikkar, blant anna karakterane sitt kjærleiksliv. Med eit malerisk, poetisk språk beskriv han hendingar som like godt kunne ha vore reelle. Varg Veum har fått tildelt James Bond sitt blikk når han beskriv kvinnene han møter på sin veg, og i tråd med Veum leiar alle vegar til baren på Sunnfjord Hotel der den etterkvart XX år gamle privatetterforskaren tilbringer mange fuktige kveldar.
Handlinga heng god saman og og har ein fulgt godt med, er det mogeleg å peike ut gjerningsmannen rundt hundre sider før slutten. Dette var kanskje ein strek i rekninga? Spenninga flyt i stor grad på Staalesen sitt store persongalleri, der karakterane sin sjebne, uforutsigbare trekk og vilje til å utføre ekstreme handlingar, føle og delta i sitt eige liv grip deg i eit kikkergrep. Personane sine individuelle trekk skapar spenning på linje med handlinga.
Staalesen viser god kjennskap til Sunnfjord og historisk korrekte beskrivingar av blant anna Førde, Dale og Trodalen gjer Dødens drabanter til ei truverdig lesaroppleving. Handlinga her ein gnistrande driv som held deg i spenntak til siste side, og på slutten sit ein att med ein følelse av å ville vite meir. Korleis kan menneske ta slike skjebnetung val og la andre ta skulda? Ei forklaring står att: Som månen kretsar rundt jorda er vi dødens drabantar i eit system vi ikkje slepp unna.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb